Bilde ID: 07127_00 |
Bildetekst: 28/3-2014. Muren etter gardfjøsen på bruk 82/3 Solvik. Vegard Solheim fortel: Vi hadde gardfjøs litt inn og opp i marka. På dette bildet står far min, Lars Solheim framfor murane på vår gardfjøs. Eg hugsar at gardfjøsen stod på 70-talet, det var ein fint lafta fjøs. Eg hugsar besta fortalde at denne fjøsen tidlegare fungerte som sauefjøs heime på bruket. Då far hennar, min oldefar Lars Kobberstad, kjøpte bruket, stod det ei gamal lade omlag der den "nye" står no og inne i den stod denne bygningen og vart nytta som saudefjøs. Foto: Vegard Solheim |