Loktest
Etablert:1.3.2021
Bli kjent med systemet
Eigar/brukar liste
Familieside
Kjeldeside
Utveksling av slektsdata
Oppslag via sokn, gard og bruk
Start med
Loen sokn
Loktest har same funksjonalitet som Loen.Lokhis. men har med berre ein liten del av datainnhaldet. Det er ikkje med opplysningar om nolevande personar.
Loen.Lokhis er ein bygdebase som omfattar dei 15 gardane i Loen kyrkjesokn. Loen.lokhis blir brukt som ein privat slektsdatabase, inneheld også nolevande personar og er ikkje tilgjelgeleg for andre enn dei som har etablert databasen. "Loen.lokhis" omfattara alle gardar og bruk i Loen kyrkjesokn. Av bustadeigedomar er det med alle som var etablert før 1960. Basert på offentlege arkivkjelder skal alle personar som har budd i Loen i perioden 1750-1940 ha kome med. Meir tilfeldig er det med personar tilbake til 1600 talet og fram til daga dato. På denne måten har det kome med 8.500 eintydig identifisete personar. Desse persoane er tilsaman registrert 21.800 gonger i arkivkjelder (kjeldepersonar)
Loktest har 2 formål.
1. Bli kjend med systemt ved å slå opp eksempel på dei viktigaste skjermbilda som blir generert.
2. Utveksle data . I og med at det ikkje er tilgang til sjølve slektsdatabasen, kan dei som har konkrete problemstillingar få lagt ut data på Loktest. Dette vil ikkje omfatte detaljopplysningar om nolevande personar.
Lokhis-basen har opplegg for satsvis generering av alle aktuelle skjermbilde. Det er derfor ferdige skjermbilde som blir kopiert til Loktest. Skjermbilda for alle gardar og bruk i Loen sokn (og som inngår i Lokhis) har blitt overført til Loktest med liste over eigarar /brukarar. Det er intensjonen at skjermbilda for alle personar fødde før 1920 kan leggjast ut på Loktest. I og med at fødselsår manglar for ein del personar er dette tidkrevjande. Iinntil vidare blir dette gjennomført berre ved forespørsel. På denne måten kan det etter kvart kome med skjermblde for ein stadig større andel av historiske personar.
Loktest er berre til eigen bruk i eigen slektsgransiking. Loktest har ingen organisassjonsmessig forankring og det må reknast med at den innan kort tid og utan varsel kan bli sletta frå nettet.