Første/ Forrige/ Neste

Bilde-id: 004
CaAar: 1950
Bildetekst:

Frå Solvik og innover er det skogsteigar med eit par hus som ikkje er med på flybilda. Dette bildet viser Loen frå kaia og innover.Første hust på bildet er Strandheim, bruksnr 29. Dette huset er no borte og her ligg fjordstadjone for Loen Skylift. Vidare innover kjem utlaupet av Jølmunna. Den har no blitt sikra med voll mot hotellet. Innafor Jølmunna er huset til Mons Loen, Solstrand, bruksnr 28 .

Vidare innover nedanfor vegen ligg først rekka med naust før ein kjem til Drageset med huset til Asbjørn (Elvebakke, bruksnr 34) heilt nede ved elva og Butikken oppe med vegen.

Bildet viser korleis utlaupet til Loelva då var spridd på fleir laup. Lenger inne ved elva ligg huset til Reinart Føleide (Løken, bruksnr 58), huset til Ingvald Mork (Øyrheim, bruksnr 61) og Loøyra, bruksnr 17 .

Ovanfor vegen ligg Hotel Alexandra (sjå neste bilde). Lenger inne ligg Apalltun, bruksnr 46 . Ein skimtar også Markusbruket som viser betre på eit seinare bilde