Diverse artiklar i Fjordingen og andre stader 2010-2011

1. Hundre år. Synneve Hogrenning Tunold. Fjordingen 26.03.2010

Av Inge Fænn. (inge.fenn@fjordingen.no)


Synneve Tunold og ordføraren.

Dette e' noke te felheit. Eg trur eg ryme te' fjells. Synneve Tunold er eit einaste stort smil når vi tjuvstartar hundreårs-feiringa med blomar frå kommunen, kake frå Fjordingen og litt av næraste slekta rundt kaffibordet.

Eg har til og med fått helsing frå han Harald, seier ho og festar augo på brevet frå Kong Harald der han sender sine hjartelegaste gratulasjonar i høve hundreårs-dagen. Den helsinga skal i glas og ramme på veggen. Synneve Tunold budde heime på Tunold til ho fylte 98 år, og no får ho godt stell på alders- og sjukeheimen. Høyrsla har svikta, men tanken er klar. Ho ser fjersnyn og får med seg kva som skjer i bygda, gjennom Fjordingen. Eg høyrer det eg vil høyre, seier ho med ein god blink i augo når dotra hjelper oss med spørsmåla.Takk og lov for ei god helse. Eg har ikkje hatt ein sjuke dag, seier kvinna som knapt har vitja doktor og tannlege. Dei er mine alle 32, smiler ho med ei vakker tannrad.

Innfødd Lodøl

Synneve er frå Hogrenning i Lodalen.Det spenner vidt i tid når ei kvinne på hundre minnest tilbake på kva bestemora Dorthe frå Bødal på nitti, fortalde då ho sjølv var småjente.

Skumringstimen før vi kveikte oljelampa var forteljartime. Det var ei stor oppleving. Ho sat også på ein krakk og fortalde medan eg mjølka, fortel Synneve. Sjølv starta Synneve livet som budeie då ho var åtte år.Eg stod opp klokka 04.00, gjekk på sætra, mjølka og bar eit tiliters hølkje på ryggen heim. Eg var så trøytt at eg skole i knea. Mor sa eg måtte kvile, og så vart det ei stund i høystålet, fortel ho.

Miste broren

Livet kunne vere hardt i veglause Lodalen sjølv om det ikkje rasa frå fjellet. Det blinkar ei tårei augo når ho fortel om broren Mons. Han fekk ein voldsom mageverk. Næraste doktor var på Sandane. Dei saga føtene av ei seng og brukte ho som båre ned i båten. Det nytta ikkje å gå stranda.

Den sjuke låg på båra medan dei rodde ned vatnet, og tok seg ned bygda til motorbåten som venta. Båten gjekk for full maskin mot Måløy i von om å nå Hurtigruta, men ho var reist. Motorbåten måtte gjere vendereis ved Stad og gå mot Bergen, men då var livet slutt for Mons.

Mange år seinare etter at ho kom til Tunold, fekk ho oppleve angsten og spenninga medan ho venta på nytt om kven som var omkomne og kven som hadde overlevd Lodalsulukka i 1936. Ho kjende dei alle.

Eg arbeidde både i Nesdal og Bødal i ungdomen. Raka, hesja og baka flatbrød. Vi fekk ei krone og tjuefem øre for dagen. Det var så mykje pengar at vi visste ikkje kvar vi skulle gjere av det, ler ho.

Eit langt liv på Tunold

Synneve kom til Tunold som tenestejente i 1933, og der vart ho kone på garden. Ho og mannen Oskar fekk sju born. Etter kvart har det blitt 12 borneborn og 18 oldeborn.Ho fortel lett og fengjande om farne tider.

Du og du for en pene kar, ler ho og flørtar med ordføraren når han kjem med blomar.

Ei fantastisk dame, seier Janne Vonheim som er aktivitør, og har litt av kvart å fortelje om jubilanten. Ho er med på alt som går føre seg,mellom anna fellestrimmen sjølv om ho sit på ein stol. Ho går ikkje glipp av ein einaste fredagsbingo og ikkje ei einaste songstund eller andakt, fortel ho. Songen hadde Synneve med seg heimanfrå. Ho stod i kor i Lodalen i den tid Arne Loen var dirigent, og ho har songe all si tid. Bordversa etter bestemora har fylgt henne til no, og ho viftar dei vekk med handa når dei kjem med songbok. Dette kan ho.

Det gode med Synneve er at ho er flink til å seie ifrå. Ikkje kritikk, men ho veit korleis ho vil ha det. Ingen trur at ho er hundre år, fortel aktivitøren.Jammen det er eg, kjem det frå jubilanten som høyrer kvar som vert sagt.

I dag og i morgon skal ho feirast. Ho som sjølv har vore vertinne for så mange, skal få god servering sjølv. Ho hadde alltid stort hushald. 17 brød for veka måtte til og 100 flatbrødleivar varde ikkje lenge. Ho hermetiserte både frukt og kjøt. Hadde alltid noko på lager. Middagspanja vart forlita kor store ho va', smiler hundreårsjubilanten og reknar med at det er tinga nok til alle som vil vere med for å markere den store dagen. Ho rømer ikkje til fjells. Det var i ungdomen ho sprang på Skåla.

2. Har kjøpt 30 dekar i Lovik

Av Harald Vartdal. (harald.vartdal@fjordingen.no)


Prosjektleiar Ottar Vinstygg viser korleis Nordfjord Kjøtt har tenkt å utvide verksemda i Lovik

Nordfjord Kjøtt har erverva 30 dekar med tanke på utviding av verksemda i Lovik. Prosjektleiar Ottar Vinsrygg forstår ikkje at det skal forringe verdien på eigedomane i bustadfeltet.

Det aktuelle utvidingsarealet ligg lenger vekke enn dagens fabrikk. Vi har heller ikkje tenkt å bruke området nærast bustadfeltet til industriføremål. Eg kan såleis ikkje forstå at våre planar skal vere negative for huseigarane i Lovik. Dei vil tvert imot få fordelar ved at vegen vert lagt utanom industriområdet, seier Ottar Vinsrygg til Fjordingen.

Nordfjord Kjøtt søkte primært om dispensasjon for å kunne bygge fryseri på areal som er regulert til jordbruksføremål. Dette vart avslege. Dermed må det køyrast full reguleringsprossess før det eventuelt vert opna for meir industriutbygging i Lovik.

Avtale med fire grunneigarar

Nordfjord Kjøtt har kjøpt eigedomane til Vegard Solheim, Asle Loen, Ragnhild Opheim og Marie Loen.

Har de vurdert å byggje fryseriet i fjell?Ja, men det blir svært kostbart og vil omfatte eigedomar som vi ikkje har hand om. Så det er ikkje aktuelt tema. Kva med å flagge ut deler av anlegget? Det er ikkje enkelt å flytte ei bedrift med 35.000 kvadratmeter, der alle deler av produksjonen hengi hop. Bakgrunnen for at vi ønskjer å utvide anlegget på andre sida av vegen, er å gjere det heile meir rasjonelt.Samstundes får vi lagt om vegen på ein måte som vil tene både oss og dei andre som held til i Lovik, hevdar Ottar Vinsrygg.

Matlukt sidan 1978

I tilsvaret som gjeld luktproblema, viser Nordfjord Kjøtt til at dei har produsert mat i Lovik sidan 1978.Eit eventuelt problem med matlukt er etter vår meining ikkje av ny dato, påpeikar Ottar Vinsrygg. Som skisser tre konkrete tiltak: 1. Dei gamle røyk-/ kokeovnane vil bli tekne ut av drift når NK startar det nye anlegget ca 1. mai. 2. Forsetje med god dialog mellom lokalbefolkning og bedrifta. 3. Fortløpande vurdere kva teknologi/ løysingar som er tilgjengelege innanfor dei ulike produksjonsprosessar.

Avslutningsvis vil vi seie at Nordfjord Kjøtt er bevist på at all produksjon ved bedrifta skje ved hjelp av framtidsretta teknologi, som gjev optimale løysingar på miljø, kvalitet og effektivite. Det er vår nye fabrikk er eit klart bevis på, hevdar Ottar Vinstygg.

3. Minneord om Rolv Faleide.

Rolv Faleide døydde 21. mai, få dagar før han fylte 84 år.

Rolv var fødd i Innigard Faleide, og det vart tidleg klart at han skulle bli lærar. I den turbulente utdanningstida før det vidaregåande skuleverket vart etablert, vart det framhaldsskule i Innvik og realskule både i Hornindal og Stryn før han sette kursen mot Volda og gymnas.

Han prøvde både Tysklandsbrigaden og skulemeistarjobb i Finnmark og Loen før han gjekk lærarskulen på Stord. Han ville ha skikkeleg utdanning i yrket som skulle bli livsvegen hans. I Loen møtte han også Ingrid som skulle bli ei god støtte gjennom 47 år.

Første lærarposten etter avslutta utdanning kom i heimbygda Markane, og elevane minnest dei to åra med glede. På same måten som elevane kom frå grendene kring skulen kom Rolv frå Faleide til fots, gjennom snø og regn, og så tørka vi sko i felleskap ved ein glovarm vedaovn medan frosten spraka i vindauga mot utenomverda.

Dei som kritiserer dei små skulane har aldri opplevd to år i skulestova med Rolv Faleide. og dei føringane han la for livet vidare.

Snakk tydeleg. Hugs at det er ikkje alle som høyrer like godt. Dei les på lippene, var ein del av undervisninga som ikkje var bokførd, men som kom til nytte seinare.

Han skapte ein venskap med mange av oss, som varde livet ut.

Skulemannen Rolv for vide før han slo rot for godt i Loen og vart lærar på Olden skule.Barndomsheimen til kona Ingrid vart heimen for både dei to og fire born.

Han var ein akta lærar, men interessa spende mykje vidare. Han var språkmann. Brann for nynorsk, og streka tjukt og raudt der han såg slurv.

Under vegs i lærargjerninga fylte han på med utdanning. Språkkunnskap fekk han tidleg frå ein far som hadde vore i Amerika. Det kom godt med når pensjonisten vart guide med stor forteljargleda om det distriktet som han hadde eit varmt hjarte for, heile livet.

Skulen kravde sitt, men interessa nådde så mykje vidare. Han var samfunnsengasjert. Samfunnsansvar fekk han i blodet då han var mellom dei som trekte i uniform i 1945, for å vere med på sikring av freden. Det var eit engasjement som fylgde han livet ut gjennom mållag, helselag,trekkspelklubbb og også ei hand med på farsgarden. Han vaks opp med hardt arbeid, og såg verdien av det opp i alders år.

Vi fekk nokre gode samtalar i lag siste åra. Med tjukke og sterke slektsband tok han meg med attende til ei tid eg gjerne ville vite meir om. Rolv visste at med den sjukdomen han hadde levde han på tilmålt tid, men han ville gjerne gjere det beste ut av den tida både for seg sjølv og dei som vardest han til. Han ausa raust av ei historisk kjelde. Vel vitande om kor viktig det var for ettertida.

Rolv Faleide var lærar av den gamle skulen. Ein fargerik person som vi minnest i aktsemd.

Fred---- Inge Fænn

4. Nekrolog Gunnar Undertun

Sist helg kom meldingen om at Gunnar Underthun var død 86 år gammel.

Med ham er en god og kjær kollega gått bort. Gunnar Underthun arbeidet i A/S Hjemmet i 41 år og varen markant lederskikkelse i bedriften. Gjennom de mange år i bedriften var han både en kulturbærer og en miljøskaper.

Fra han ble ansatt som driftsassistent på Hjemmets Trykkeri i 1948 til han gikk av som trykkeridirektør i 1989, stod han i spissen for en rivende teknisk utvikling. Han var alltid en pådriver for innføring av ny teknologi.

Utstyret var i starten sterkt preget av krigens tid, men Gunnar Underthun var en våken og fremskrittsvennlig trykkerileder, sterkt opptatt av at Hjemmets Trykkeri skulle ha det mest moderne utstyr, noe som bidro til at bladene kontinuerlig kunne forbedre trykkvaliteten, og dermed tilfredsstille lesernes krav.

Gunnar Underthun var et varmt menneske. Mange tillitsmenn i klubbstyret vil nok tidvis ha opplevd ham som en stabukk og prinsippfast motpart, men samtidig så de på ham som en verdig og svært respektert leder.

Han var usedvanlig arbeidsom og alltid interessert i de ansatte, deres arbeidsplasser og tekniske utstyr.

Gunnar Underthun hadde stor glede av sitt arbeid, og var svært stolt av trykkeriet han ledet - og selskapet han var en viktig del av.

Vi som fikk oppleve ham som kollega, vet å verdsette hans faglige og menneskelige kvaliteter. Vi husker alle hans blide og vennlige vesen. Han var lett å komme i kontakt med og lett å bli glad i.

Vi vil ta vare på de mange gode minnene, og er ham stor takk skyldig.

ERIK AMLIE

5. Bendikt Sæten. I teneste for Loen kyrkje i over 70 år

Fjordingen 24. desember 2010. Tekst: Olav R Faleide. Foto: Vegard Solheim

Som seksåring var Bendikt Arnold Sæten for første gong med og drog i taua som får kyrkjeklokkene i Loen til å kime. Sidan har han stått til teneste for Lo-kyrkja mesteparten av livet.

Det raude huset like sør for kyrkja i Loen har alltid vorte kalla «Tambur» fordi det var tenestebustaden til underoffiseren med same tittel. Anders A. Mykland hadde komme frå Kandalen i Breim som tambur. Han fekk seinare kjøpe huset saman med kona Synnøve frå Haugen i Loen, og der budde dei så lenge dei levde. Den eldste av dei tre døtrene deira heitte Eli, og ho gifte seg med Anders Sæten frå Jørn-bruket på Sæten. I tillegg til å vere slaktar, snikkar, røyrleggjar og elektrikar, var Anders også kyrkjetenar og ringar i Loen.

Holten er namnet på staden der det vesle, grå-rosa bølgjeblikkhuset står, heilt øvst og nesten ute i Loelva. Det vart bygd av Noregs første elektrikar, Truls Rasmussen Sande då han kom heim att for godt i 1913 etter å ha budd og arbeidd i både England og Sør-Afrika sidan har var ein ung mann. Eli og Anders overtok huset etter han, og her vart Bendikt Arnold Sæten fødd i 1932. Truls hadde bygd verkstaden sin på austsida av huset, og då flodbølgja slo nedover Lovatnet tidleg om morgonen den 13. september 1936 vart verkstadbygningen velta og liggjande som ein «plog» ut frå «Blikkhuset» - det redda livet til fire år gamle Bendikt og foreldra hans. Bendikt sjølv hugsar ikkje denne hendinga, det har han heller aldri gjort, for slike traume klarar eit så ungt barnesinn å fortrengje. Men Bendikt ser ikkje bort frå at det likevel har prega han heile livet, for han har fått det gjenfortalt tallause gonger. Etter ulukka flytta den vesle familien inn i «Tambur» og vart buande der saman med Kristensti, eine søstera til Eli.

I mellomkrigsåra var Halfdan Loen frå Isak-bruket ringar i Lo-kyrkja. Ingen har drege så mykje i desse klokketaua som han, og når han skulle ringe til samkomer i kyrkja; det vere seg messe, bryllaup eller gravferd, gjekk vegen hans praktisk tala over Tambur-trappa. Der sit 6 år gamle Bendikt julaftan klokka fire når Halfdan kjem forbi og seier til guten; «No, Bendikt i Holta, no må du vere med borti kyrkja så vi får kime!» Bendikt blir med, klatrar i stigar loddrett oppetter veggen frå loftet og to etasjar til opp i tårnet og tek til å dra tungt i dei taua som får fram den vakre, særeigne klangen i dei to klokkene i Lo-kyrkja. Det skulle han kome til å halde fram med i meir eller mindre 70 år.

Då faren døydde i 1968, var det heilt naturlegat det var Bendikt som tok over som kyrkjetenar etter han. I tillegg har bilar og andre mekaniske innretningar alltid fanga merksemda til Bendikt. 140 år var han tilsett på verkstaden til Karstad og Co i Stryn, først med VW som spesialfelt, seinare også Mazda og Toyota. Når du skulle ta førarkort i 50-, 60- og 70-åra var det mest praktisk å ta øvings-køyringa om ettermiddagen og kvelden, så med eit ekstra pedalsett i dei raude VW-boblene sine var Bendikt sjåførlærer i indre Nordfjord. I1997 fekk han Bilbransjeforbundets 40-års medalje høgtideleg overlevert under 75-års jubileet til arbeidsgivaren, etter å ha vorte pensjonist eit år før på grunn av vanskar med helsa.

Men tru ikkje at det har hindra han frå å utøve ei viktig vertskapsrolle i kyrkja i Loen. Kvar einaste dag, tre månader i året, opnar og stengjer han kyrkja klokka ti føremiddag og kveld og passar på kulturverdiane bak ei opa kyrkjedør, pratar litt med turistane og ser til at alt er i orden. Saman med Olaug og Gjertrud gjer han ein av dei viktige pensjonistjobbene i bygda.

Hørselsvern var det ingen som hadde høyrt om den gongen Bendikt begynte å kime med klokkene - ikkje anna verneutstyr heller, for den del. Det har sjølvsagt sett sitt preg, men det hemmar ikkje ein god samtale om lokal kyrkjehistorie og interessante omvisingar.

Som pensjonist bur Bendikt framleis i Tambur. Sjølv om helsa ikkje er like sterk i hans 78. år, køyrer han dagleg bil- i allslags ver og på all slags føre og han har ikkje hatt eit uhell til dags dato. Men av alt eit menneske kan oppleve, har Bendikt også opplevd det som gjer mest vondt; nemleg å måtte følgje eitt av borna sine til grava. Eldste sonen hans omkom i ei motorsykkelulukke i 1986 - Anders jr. vart 19 år gammal. Bendikt sin yngste son, Martin, bur i Oslo men er stadig på besøk hos faren i heimbygda. Vi som er busette i Loen Sokn har hatt glede av tenestevilje til Bendikt i over 70 år og gleder oss over at han har lova å halde kyrkja opa om somrane så lenge han klarar å gå over kyrkjebakken.


Bendikt Sæten som framleis bor i det raude Tamburhuset like sør for kyrkja.

6. Steinar Sande 90 ar

Fjordingen 19.1.2011. Inge Fænn

Ein pionerande i den lokale reiselivsnæringa, Steinar Sande fyller 90 år i morgon. Steinar Sande har alltid hatt varmt hjarte for heimbygda og ikkje minst Lodalen og vegen fram til Kjenndalsbreen. Seinast i fjor fekk vi gå på stien inn mot bretunga saman med den gamle kjempekaren. Han var kritisk til vedlikehaldet der flaumen hadde grave nye spor.

Vedlikehaldet av vegen fram til breen er ei kampsak han stadig vender tilbake til.

Steinar har vore ein føregangsmann innan turisme og bygdeutvikling.

Etter folkeskulen i Loen gjekk han snikkerlinja i Holmøyane og seinare jordbrukskuls på Mindresunde. Deretter vart det gardsarbeid på Sunnmøre, i Leikanger og i Loen.

I 1941 sykla han til Løten der han byrja på Løten meieri. Seinare gjekk han over til skogsdrift på Hedemarken, og i 1948 gifta han seg i Løten.

I 1957 flytta han og familien heim til Loen. Han tok over eit lite småbruk som han kvart utvikla til ein næringsveg. Ved siden av å jobbe borte med bygningsarbeid begynte han å bygge sine eigne campinghytter.

Han bygde opp det som i dag er Loen-vatn Feriesenter og etter kvart vart Sandeåsen Feriehytter bygd ut i lag med broren Anton. Moderne hytter som vitnar om stor arbeidsevne og tru på framtida.

Vegen inn til Kjenndalsbreen vart ei hjartesak. Vi må berre bli imponert når han fortel om turane på sykkel for å veite bort vatn og halde ettersyn med vegen som på mange måtar kan reknast som ein livsnerve i turisttrafikken til Lodalen. Han let seg ikkje stoppe av uver. Han hadde aldri bil, men sykkel og moped var gode framkomstmiddel.

Ei anna hjartesak var båten og båttrafikken på vatnet.

Mange har nok med det daglege slitet, men Steinar Sande har hatt mange engasjement til beste for bygda. På 1970-talet var han med på å starte Loen Ridesenter.

Han var og ein forkjempar for at bygda skulle få ny skule og nytt bygdehus i lag med eksisterande idrettsanlegg. Dette står i dag som eit praktanlegg i bygda.

Steinar tok etterutdanning i vaksen alder og fikk etter kvart gode kunnskaper innen bygningsarbeid og sprengingsarbeid. Gjennom denne kunnskapen og ein sterk vilje har han mykje på eiga hand utført ei imponerande utbygging av både kafe og hytter.

Når vi ser kafeen, hyttene, campingplassen og vegen som strekkjer seg innover mot breen så er det eit stort arbeid Steinar Sande har lagt ned.

I haust møtte vi han for å snakke om Skåla og Skålatårnet. Første turen dit saman med faren og fleire av syskiva var ei stor oppleving for småguten. Dei tok seg tid til turen mellom slåttonnene. Seinarevart det ikkje så mange turar. Arbeidet tok det meste av tida, Han hadde nok med å vise andre veg til turistattraksjonane og bygge overnattingsplassar så turistane kunne kome til Loen og Lodalen.

Vi ynskjer jubilanten hjarteleg til lukke med dagen.


7. Det gamle Loen og skulehuset

Fjordingen Onsdag 9. februar 2011. Av Brynjulf Loen. Bilda er utlånt av Jon Rasmus Langeset Vik.

I Fjordingen sitt julenummer var m.a. bilde og omtale av dugnadsgjengen som vaska ned ungdomshuset Heimtun i Loen etter den tyske husokkupasjonen sommaren 1940. Fordi det var nemnt at ungdomshuset også var skulehus etter Lodalsulukka 13. september 1936, kan det kanskje vere av interesse for nokre å sjå det gamle skulehuset vi måtte flytte ifrå. Sjølv starta eg skulegangen som einaste nye elev det året og fekk 3 veker der.

Dette første skulehuset sto på nordsida av elva omlag der huset til Else Loen er no.

I første etasje var eitt klasserom og eitt lagerrom pluss gang med trapp til loftet, der eit avdelt rom ga plass til eit lite bibliotek. To-delt skule med 1.-3. trinn i «småklassen» og 4.-7. trinn i «storeklassen» kravde berre eitt klasserom når skuletida var annankvar dag. Storeklassen måndag, onsdag og fredag kl. 9 til 15 og småklassen tysdag, torsdag og laurdag 9 til 14.

I skråninga bak skulen mot elva var 3 kvernhus, 2 slipesteinar, 1 stampe (som stampa/tova ullteppe og anna ullstoff/vadmel) og eit sagbruk med lagerskur, alle drivne av vatn og kvernkallar eller vasshjul. Vatnet vart tilført gjennom kanalen på nordsida av brua. Når stampa var i gang, høyrdest dunkinga godt, særleg frå andre sida av elva. Mellom skulehuset, vegen og brua sto 8-9 sommarfjøs, som vart nytta før og etter at kyrne var på støylen. Alt dette og heile flata nord og vest for skulehuset vart overfløymt ulukkesnatta. Brua, kvernhusa, stampa, slipesteinane og saga med lagerskur vart sopte vekk, medan skulehuset, alle sommarfjøs og eit gardstun m/bustadhus, stabbur og løe-/fjøsbygning (Isakbruket) sto att og måtte flyttast av frykt for nye ras frå Rammefjellet. Og nye ras kom; det siste i 1951. Dei medførte heldigvis ikkje tap av menneskeliv, men brua til Sæten vart riven vekk ein eller to gonger til.

Det gamle skulehuset fekk nytt liv på Rake etter at Sivert Nesdal kjøpte og nytta det som del av bustaden han bygde der. Denne «Siverten» vart ofte kalla «Melke-Sivert», fordi han køyrde mjølka til meieriet i Stryn - og for å skilje mellom han og professor Sivert Nesdal, som og budde på Rake.

Nytt skulehus i 1941

I fem år var kjellaren i ungdomshuset klasserom. Men for å ta att tapt undervisning, vart ein ekstra lærar engasjert nokre veker til småklassen på scena i forsamlingssalen. Begge klassane var då på skulen samtidig. Først til skuleåret 1941-42 var ny skulebygning klar på høgda over Bråvallsgjerane i Hagedalen. Men det var vel verdt å vente ei stund, når resultatet vart så godt som det viste seg å bli. Skulehus med 2 klasserom, lærarrom, gymnastikksal, som innimellom vart brukt som sløydsal, innlagt vatn og dusjanlegg var reine luksusbygget samanlikna med det vi hadde hatt tidlegare. Men behov og krav endrar seg. I 1992 måtte det 51 år gamle byggverket vike for krav om meir areal og betre fasilitetar. Ei naturleg utvikling, men for ein gammal Loar er det litt «artig» å ha gått på skule i alle dei tre husa som no er borte. Har nokon nærbilde av skulehuset i Hagedalen, vil eg vere takksam for ein kopi.





8. 113 nye gravplassar i Loen"

Fjordingen Onsdag 16. februar 2011. Harald Vartdal. harald.vartdal@fjordingen.no

Utvidinga av Loen kyrkjegard vil gje bygda tilgang på 113 nye gravplassar.

Loen sitt behov for gravplassar er stipulert til mellom 95 og 100 i komande 30-årsperiode. Med 113 nye graver vil kyrkjegarden ha stor nok kapasitet til etter 2040.

Utvidinga av Loen kyrkjegard starta i 2010 med oppsetjing av mur og masseforbetring på det nye gravfeltet. Når telen slepp taket, vil arbeidet halde fram. Prosjektet som er finansiert av Stryn kommune med 700.000 kroner, vil etter planen bli sluttført våren 2011, opplyser kyrkjeverje Svein F. Rønne til Fjordingen.


9. Pussar opp gravminne

Fjordingen Onsdag 16. februar 2011. Harald Vartdal. harald.vartdal@fjordingen.no

Alle verna gravminne etter Lodalsulukkene i 1905 og 1936 skal pussast opp. Det vedtok Stryn kyrkjeleg fellesråd.

Frå Lodalsulukka 1936 er det seks større gravminne på kyrkjegarden i Loen, eitt gravminne på Nedstryn kyrkjegard og eitt på Oppstryn kyrkjegard. I Loen er det også gravminne frå Lodalsulukka 1905. Fellesrådet tek ansvaret med å pusse opp desse gravminna. I tillegg skal Loen sokneråd pusse opp minnetavla ved parkeringsplassen i Loen. Som tidlegare omtalt i Fjordngen, er kommunen bedt om å pusse opp minnetavla i Bødal, opplyser kyrkjeverje Svein F. Rønne.


10. Det blomstrar i Loen (50 år som gartnarar).

Fjordingen fredag 6.mai 2011. inge.fen@fjordingen.no

Det er alltid spennande å sjå kva som skjer frå frøet blir sådd til ferdig plante, seier Asgeir Loen (78). Han og kona Sigrun har drive gartneri Loen i over 50 år, og også i år har dei fullt av blomar både i og utanfor veksthusa.

Like sikkert som våren bugnar det av blomar i drivhusa til Asgeir Loen slik det har gjort i meir enn i femti år.

Du veit. Vi må ha noko å henge fin grane i, seier Asgeir Loen (78). Saman med kona Sigrun har han drive gartneri i Loen i meir enn femti år.

Brett etter brett med stemorsblomster bortover i sollyset, og inne i drivhu sa er det blomar nærast frå golv til tak.

Asgeir Loen bestemte seg tidleg for å bli gartnar. Han byrja som lærling, fekk med seg gartnarskulen ved Levanger, og farta litt rundt omkring før han kom heim til Loen. Slagstad Gartneri på Sandane var ein av fleire arbeidsplassar.

Han hadde fått fast stilling som styrar på ein planteskule på Høvik, men så kom spørsmålet om å flytte heim. Broren var ugift og foreldra dårlege til helse.

Eg har aldri angra. Det har blitt nokre turar ut i verda mellom anna for å sjå på blomar, men når eg kjem rundt neset og ser Loen kjenner eg meg heime. Vakrare plass fmn du ikkje, seier han, og kona Sigrun som er frå Sande i Gaular, er ikkje usamd.

Dei to har grøne fingrar, dei har utnytta den vesle jordlappen maksimalt. Garden var ikkje stor nok for husdyrhald, men dei dyrka grønsaker. Store flater med gulerøter, og i tidlegare tider laga han roser, poda rosetre.

Rosene var ein triveleg produksjonen, minnest dei to tilbake.

Men freistar det ikkje å gå av med pensjon ?

Jau, vi har tenkt tanken, men det er interessa som driv, seier dei i kor.

Og ikkje berre interessa. Også kontakta med kundane. Dei kjem på tunet. Dei er blide og koselege. Dei klagar aldri, seier Sigrun og byr på kaffi frå kanna som har plass mellom blomane.

Det blir så sosialt. Det er ikkje berre bygdefolk. Dei kjem frå hotellet og kjøper med seg når dei skal heim. Alle campingturistane som skal pusse opp kring vogner og telt. Folk som går tur i området stoggar for å prate og for å sjå på blomane, fortel ho.

Er det nokon som vil ta over ? Nei, då hadde vi nekta. Vi vil ikkje at nokon skal ta til med så mykje hardt arbeid, seier dei, men legg til at det er ei eiga spenning å fylgje med frå dei første frøa kjem i jorda til siste plantane skal ut i slutten av august. Då kan dei kan kvile å slappe av i trygg forvissing om at dei har skapt glede for mange hageeigarar endå ein sommar.




11. Roman med røter i Lodalsulukkene

Fjordingen fredag 17.juni 2011. Inge Fænn. inge.fen@fjordingen.no


Rannveig Marit Mindresunde med boka Glemte minner

.

Rannveig Marit Mindre-sunde (27) debuterer i desse dagar som forfattar med romanen «Glemte minner». Ein roman basert på ei sann i historie med utgangspunkt i Lodalsulukkene i 1905 og 1936.

Eg har alltid likt å skrive, og det som var skrive ned i notisboka til oldemor mi, Synnøve Sæten (1880 - 1974) både greip meg og inspirerte meg, smiler ho litt sjenert og viser fram boka som er så fersk at vi framleis kan kjenne angen av trykksverte.

Det er 106 år sidan første Lodalsulukka, og i år blir det markering av 75 års minnet for den andre. Det Synnøve Sæten skreiv ned har vi sett tidlegare. Ho låg til seng i over tjue år i alderdomen, og ho festa mange minner frå farne tider til papiret. Ved 65 årsmarkeringa for første ulukka viste ho oss korleis ho opplevde ulukka den vakren måneskinskvelden i januar 1905. Klokka gjekk mot midnatt. Ho og ei veninne stod på «Sætabrua» og prata. Like etter at dei gjekk kvar til seg høyrde Synnøve kor det ramla i fjella, men ho gjekk heim og til sengs. Først neste morgon fekk ho vite at flodbølgja hadde sopt vekk både bru, båtar og naust like etter at ho og veninna hadde stått der.

29 år seinare opplevde bestemor til Rannveig, Ragna, ei ny ulukke. Ho var ikkje i Lodalen, men kjende folk og livet der.

Notatar og fortal etter oldemor og besteforeldre har blitt bok i romanform der utgangspunkt er ei verkeleg historie.

Det var under rydding i papir etter besteforeldra Ragna og David Mindresunde at notatane etter Synnøve Sæten dukka fram og sette tankane i sving.

Det er første gongen eg skriv bok, men eg les mykje og eg skriv bokanmeldingar.

Etter at eg fann det ho hadde skrive og også tenkte tilbake på det besteforeldra mine hadde fortalt, måtte eg berre skrive. Det har teke tid, men eg er godt nøgd med forlaget Norske Bøker fordi eg har hatt ei hand med i utvikling av boka. Eg har fått større eigarskap enn berre det å levere frå seg eit manuskript.

Fortalt frå munn til munn i fire generasjonar er grunnlaget. Også faren, Johan, har vore ein flink formidlar av det han fekk frå foreldre og besteforeldre.

Eg har laga nye namn, men i utgangspunktet er det verkelege og ikkje oppdikta personar som er med i romanen, seier ho, Også, Hjørdis Tjugen, som er tanta til far hennar, har vore ei viktig kjelde.

Kvifor skriv du på bokmål? Eg har alltid streva med nynorsk. Det er lettare for meg å bruke bokmål, og så kjem personane litt meir på avstand. At emnet for debutromanen vart Lodalen er naturleg for det er ei historie som alltid har fasinert meg.

Den unge forfattaren er oppteken av historie. Ikkje minst gardshistoria til heimegarden på Oppheim. Ein gard ein som i utgangspunktet var ein plass under hovudbruket.

Arbeidet med romanen starta i 2009. Skrivinga har teke tid, men ho har også anna å stelle med. Matstova er arbeidsplassen, og også vesle Daniel på fire år, og hus og heim i Oppstryn tek tid.

Blir det fleire bøker ? Ja, kven veit, smiler ho litt gåtefull og og er litt spent på kva mottaking boka vil få.

12. Kjenndalsbre Fjellstove (1986)

Fjordingen fredag 11.juli 2011. Inge Fænn: Frå fjordingen for 25 år sidena

Kjenndalsrestauranten er på nytt i full drift sjølv om det er berre deler av huset som no vert brukt. Vertskap er Mariann og Svein Navelsaker. Dei har gjort ein kjempejobb for å skape eit hyggeleg og uneleg miljø. I kafeen er der plass til om lag femti, og der er litt å bite i for ein kvar smak. Det er også oppretta «bussrute» til kaia, slik at dei som kjem med båt slepp å gå dei tre kilometerane inn restauranten. Eller Kjenndalsbre Fjellstove som namnet er i dag.

13. Jubileumsboka om Skåla klar

Fjordingen fredag 12.august 2011. Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no


Stig Roger Eide, Ivar Dårflot og Inge Fænn med den nye boka om Skåla

Torsdag vart praktboka «Skåla - fjellet og folket» lansert i Nordfjordstova pa Hotel Alexandra. Det er journalistane Inge Fænn og Stig Roger Eide som har ført boka, som er utgjeven på Selja Forlag, i pennen. Mange har gjeve sine bidrag i form av bilete og annan kunnskap. Mange var til stades under boklanseringa. Mellom desse 101 år gamle Ivar Dårflot som har vore mange gonger til Skåla og i nærleiken med fotoapparatet. Bileta hans frå Skåla i mellomkrigstida og under krigen, er viktige bidrag til boka.

13.1 - Klouman, ein visjonær mann.

Under lanseringa vart det gjort klart at utan ein visjonær distriktslege på Faleide, Hans Henrik Gerhard Klouman som i 1890 fekk den «galne ideen» om å byggje Kloumanstårnet, ville Skåla neppe vore det merkenamnet det er i dag. Inge Fænn, som har teke føre seg den historiske delen av boka, fortalde om ei tid då mange familiar vart utrydda av tuberkulose og at Klouman såg toppen som eit ypparleg turmål. Han greidde å mobilisere lokal entusiasme, arbeidskraft og pengar til å reise tårnet. Klouman døde året etter at tårnet kom opp, og fekk lite glede av sitt prosjekt.

Fænn gjorde det klart at han i arbeidet med boka har hatt god nytte av Rolf Faleide og Håkon Loen sitt samlearbeid ihøve 100-årsjubileet i 1991. Protokollar og hyttebøker tilbake til 1891, fortel mykje om Skåla-historien.

13.2 - Dårflot fortalde

Ivar Dårflot fortalde under lanseringa frå fleire av sine turar til Skåla. Dette i ei tid då det var meir uframkomeleg enn i dag.

Ein gong skulle eg ha med meg ein kamerat, men han skulle til fest på Eid først, så eg gjekk åleine. Utan svevn kom kameraten etter. Eg venta lenge på han ved tårnet. Han hadde sove undervegs, fortalde Dårflot mellom anna. Seinare kunne adm. dir Richard Grov fortelje at det ikkje var første gongen Skåla vart besøkt av folk som kom rett frå fest. Hotellet hadde hatt generalforsamlingar som var avløyst av festar og seinare turar til toppen. For Dårflot sin del var det mest vanleg å gå til Skåla frå Fosnes, opp Kløvdejølet, over breen og bort på Skåla og ned att i Fosdalen.

13.3 - Over 10.000 tek turen

Den andre forfattaren Stig Roger Eide har teke for seg det andre hovudkapittelet i boka, om Skåla opp, eit arrangement som kom i stand i 2002 etter initiativ frå Alexandra Hotel. Christian Prestegård tok ideen vidare. Han jobbar no med motbakkeløp i friidrettsforbundet og er president i Kondis. Han fortalde under lanseringa av boka, kva Skåla betyr for han.

Eg kjenner ikkje til at det finst ei bok om eit enkelt fjell. Trafikken dit har skote fart etter 2000. Over 10.000 tek årleg turen til Skåla. Ingen fjeller som Skåla. Eg har ikkje vore på nokon plass som har betydd så mykje for meg. Eg kasta ei millionløv på båten og vart motbakkemisjonær på heiltid.

13.4 - Utruleg samarbeid

Prestegård understreka at miljøet i Loen omkring motbakkeløpet er verdens beste arena for sosial kontakt med ein arrangørstab som står på 365 dagar i året. I starten i 2002 var det 4-5 motbakkeløp i Norge. No er det over 140.

Motbakkerørsla er ei masserørsle der eliteløparane er inspiratorar for trimmarane. På Skåla er alle deltakarar, sa Prestegård.

Også stiprosjektet vart drege fram under lanseringa, eit prosjekt Håkon Loen tok initiativet til og som seinare resulterte i søknad om midlar til fylkesmannen. Først gjekk opparbeidinga på dugnad, men etterkvart kom det midlar. Neste år skal prosjektet vere fullført inntil vidare med offentlege midlar.

Mange frammøtte i Loen ser no boka som ein fin måte å profilere Skåla og dristriktet på. Det gjeld både adm. dir. Richard Grov og ordførar Nils P. Støyva. Grunneigar Knut Tjugen takka på vegne av reiselivsnæringa, men poengterte også at arbeidet med stiane aldri måtte stoppe heilt opp.

Anne Mari Aamelfot Hjelle, som har familie og hus på Hjelle, er assisterande generalsekretær i DNT. Ho takka for eit flott bokbidrag og poengterte viktigheita av folkehelse og ein natur som mest mogeleg får vere ekte og utan for store inngrep.

14. Brearmane vil smelte vekk

Fjordingen fredag 19.august 2011. Bengt Flaten


Kjenndalsbreen og andre tynne og bratte brearmane vil forsvinne, seier Oddbjørn Bruland t.v., seniorhydrolog i Statkraft og Jon Ove Hagen, professor i glasiologi ved Universitetet i Oslo. Foto: Bengt Flaten


Kjenndalsbreen slik han såg ut onsdag 17. august. Foto: Bengt Flaten

Brearmane som Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen vil forsvinne. Og sommarskisenteret må rekne med kortare sesongar framover. Det seier Oddbjørn Bruland, seniorhydrolog i Statkraft og Jon Ove Hagen, professor i glasiologi ved Universitetet i Oslo.

Dei tynne små og bratte utløpa frå Jostedalsbreen vil bli borte. Sjølv om vi nok kan få meir nedbør vinterstid, vil ikkje dette kompensere for høgare temperaturar om sommaren. Vi ser det og som lite sannsynleg at brearmane som smeltar vekk, vil rykke fram igjen slik vi såg det fram til slutten av 1990-talet, seier Hagen.

Det betyr at dei som driv turistnæring basert på breane må tilpasse seg situasjonen og tenkje alternativt. Det er høgst sannsynleg at til dømes sommarskisenteret på Tystigen må førebu seg på kortare sesong, medan dei som baserer reiselivsprodukta sine på brearmane må tenkje omstilling., seier Oddbjørn Bruland.

Kva bør sommarskisenteret gjere?

Mobildekninga er kanskje ikkje det verste temaet der oppe. Eg ville i alle fall kontakta ekspertar på snø og is og fått ei vurdering på korleis det vil sjå ut om ti år før eg gjekk til store investeringar i skisenteret, seier Oddbjørn Bruland.

15. Eg gløymer aldri då Ramnefjellet kom

Fjordingen fredag 26.august 2011. Inge Fænn. inge.fenn@fjordingen.no

I eine sekundet låg ho trygt i senga. I det neste vart ho skylt med flodbylgja fleire hundre meter opp etter bøane i Bødal. Nesten som ved eit under overlevde den unge tenestejenta frå Breim Lodalsulukka i 1936.-

Då eg vakna såg eg beint oppi blå himmel. Det grydde av dag. Det var vrakrester frå huset rundt meg på alle kantar. Kroppen var mørbanka, men eg fekk hjelp til å kome meg laus og sprang det eg kunne mot ein gardfjøs for å kome i livd. Det var kaldt, men eg fann litt varme i ein bås. Eg hadde ikkje andre kle enn nattkjolen.

Olga Kvile Hvattum er ein av dei få som framleis kan fortelje om den dramatiske morgonen 1936, då heimar i Bødal og Nesdal vart knuste, og 74 menneskeliv gjekk tapt.

Olga blir 95 år like over nyttår. Ho bur i eige husvære i Malmefjorden, nokre mil nord for Molde. Det er 75 år sidan ulukka, men ho kan framleis fortelje i detalj kva som skjedde.

Ein gløymer ikkje noko slikt, seier ho og byr på kaffi og kaker. Seinast i fjor var ho i Nordfjord, og ho vil tilbake til 75 års markeringa.

Det var som om senga lyfte seg. Heile huset riste. Vi høyrde ein tung done. Eg sprang ut på gangen. Vesleguten i huset, Wilhelm Bødal kom frå eit anna rom. Han kneip meg i handa. Spurde kva som skjedde og sa eg måtte passe på han.

Eg kunne ikkje svare anna enn at no måtte vi setje lit til han som har all makt på himmel og på jord.

Mange tilfeldigheiter

Olga skulle vore på sætra den natta Ramnefjellet kom. Ho hadde gått etter kyrne heile dagen. Det var den tida dei skulle flytte frå sætra til gardfjøsane heime. Ho fann ikkje kyrne, og husmora,Ingebjørg, baud seg til å halde fram med leitinga slik at Olga kunne få sove søndagsmorgonen.

Eg gjekk ein tur i finveret laurdagskvelden. Det ramla i Ramnefjellet heile tida. Eg spurde Elias om det var trygt å legge seg, men han sa det var ingen fare. Båra nådde ikkje heimen hans i 1905, og no var husa flytta endå lenger opp.

Dramatikken starta ved femtida om morgonen.Husbonden ropte at ingen måtte gå ut av huset. Sjølv stilte han seg ved vindauga saman med eldste sonen, Johan. Begge omkom og Olga meiner at det var lufttrykket som tok dei. Dei stod ved vindauga fordi dei ikkje trudde båra vil kome så langt. Ho meiner også at det var lufttrykket som førde henne oppover bøane. Sjølve bylgja kom etterpå og knuste huset og la vrakrester over henne.

Første tanken min var at no var livet slutt. Eg tenkte på den store syskenflokken heime. At det ville bli trist for dei og foreldra mine, men så såg eg blå himmel, seier ho med eit vemodig smil når minna kjem tilbake.

Ho må ha vore utan medvit ei stund. Då båra kom var det mørkt, men då ho vakna var det solblank dag.

Meieriet vart sjukehus

Ho hugsar ikkje mykje etter at båra kom, men då ho sprang mot gardfjøsen såg ho ein liten gut som hadde vore i tunet å leika med Willhelm dagen før. Der var liv i guten, men han døydde medan eg stod der, kjem det stilt. Gleda var at Willhelm hadde greidd seg. Han var nærast uskadd og sprang etter hjelp.

Han sende meg julekort så lenge han levde. Det vart knytt eit band mellom oss den natta, seier ho.

Det strøymde til med hjelpemannskap utover dagen. Både skadde og omkomne vart samla i det vesle ostemeieriet, einaste huset som stod uskadd. Alle kjende kvarandre.

Eg låg på nokre plankar. Læraren i bygda, Thomas Sæle, sat på ein stol, og der døydde han. Ingebjørg var komen ned frå fjellet. Ho fann mannen og eldste sonen omkomne i ruinane, men ho hadde fått vite at Willhelm var i live.

Då ho kom inn i meieriet og såg meg slo ho hendene saman, og sa; «Gudskjelov, at du lever.»

Olga kom ikkje til den store gravferda. Ho var mellom dei som var så skada at ho vart sendt med fly til Nordfjord sjukehus.

Vi tenarane misste alt vi hadde, men det var ikkje snakk om forsikring og vederlag for vår del. Det var berre å starte på nytt.

Ei ny tid

Olga reist på husmorskule i Kroken i Sogn, og så måtte ho ut og tene pengar. Ho var terne på Svarstad ein sommar. Seinare vart ho gift med Magnus Hvattum frå Gran på Hadeland.

No etter at han døydde har eg teke i bruk Kvile-namnet i gjen. Det er eit godt namn når ein blir gamle, smiler ho.

Dei pakta gard både på veglause Robjørgane og Svingeset før dei reiste til Møre. Dei kjøpte gard på Eide på Nordmøre, men då ingen av borna ville bli bønder selde dei og flytte til Malmefjorden.

Eg arbeidde som husmorvikar og heimehjelp i kommunen til eg fylte 74 år. Det var eit godt arbeid. Det var godt å kome ut, snakke med dei gamle og stelle for dei. Eg sakna arbeidet då eg slutta, seier ho og byr på nysteikte vafler. Ho var tidleg oppe slik at alt skulle vere klart til vi kom. Når vi reiser er ho klar for den daglege spaserturen i byggefeltet.

Folk brukar føtene altfor lite, seier kvinna som har vore kone på veglaus gard og som overlevde den dramatiske ulukka for 75 år sidan.

Dei fleste av dei som var i Bødal og Nesdal den gongen, er borte, men såret i Ramnefjellet står der framleis.

Eg gløymer det aldri. Det viskar seg aldri bort, seier ho og sender helsing til kjende i Nordfjord.


Olga Kvile. Scanna frå Fjordingen 26.8.2011


Elias og Ingebjørg Bødal framfor heimen som som vart knust av flodbylgja i 1936. (Bildet er utlånt av Erik Bødal. Scanna frå Fjordingen 26.8.2011


Bødal etter ulukka 1936. Scanna frå Fjordingen 26.8.2011


Slik såg det ut i Bødal etter ulukka 1936. Scanna frå Fjordingen 26.8.2011

16.Ballbinge i Loen 2001

Fjordingen mandag 12.september 2011 (Fjordingen for 10 år sidan). Hans Holmøyvik

Loen Idrettslag har investert 400.000 kroner i ballbinge med kunststoffdekke og lysanlegg.

Dette er eit tilbod som kan brukast av alle, seier Alfred Loen til Fjordingen. Den første ballbingen i Nordfjord ligg på området mellom Loen stadion og skulen/barnehagen. Små og store kan boltre seg innanfor eit område på 28 gonger 15,5 meter. Loen IL lanserte sine planar lenge før Norges Fotballforbund og Sparebanken Sogn og Fjordane gjekk ut med tilbod om å byggje ballbinge i kvar kommune. Utbygginga i Loen går såleis ikkje ut over Stryn sin kvote.


Ballbingen kan brukast av alle, seier Alfred Loen. I bak-grunnen ser vi Bjørn Olav Sunde. (Foto: Harald Vartdal 2001)

17.Nytt rørleggerfirma (1986)

Fjordingen mandag 21.september 2011 (Fjordingen for 25 år sidan) ved Inge Fænn

Næringslivet i Olden skyt nye knoppar. Siste tilskot til stammen er Olden Rør AS som offisielt opna førre fredag. Rørleggerforretninga held til i lyse og trivelege lokaler på toppen av Olden Varesenter sitt bygg. Tor Sætren, Magnar Støylen og Alfred Loen står som eigarar av firmaet, og det er Tor Sætren som skal ta seg av butikken. Alfred, Jakob og Lars, alle med etternamnet Loen skal ta seg av rørleggerarbeidet ute i felten.

18.Måtte flytte frå Nesdal

Fjordingen onsdag 14.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

Alle pa Larsbruket, kom fra ulukka i live. At det var garden med størst skyld i Stryn kommune hjelpte ikkje. Dei måtte flytte. I dag har fleire av brørne bygt feriehus, og banda til dalen er sterke.

Vi veit ikkje meir enn det vi har fått fortalt, seier Asbjørn og Sverre Nesdal. Asbjørn bur ved Stavanger og Sverre i Volda, men når sommaren kjem møtest dei i Nesdal der også Trygve har hytte. Broren Jørgen hadde sauer på garden i mange år.

Vi måtte på flyttefot. Far tok med hesten og ei kyr.Vinteren etter ulukka budde heile familien i andre etasje hjå Sakris-Anders, like ved Mølla i Olden. 28. april 1937 flytte dei i ny heim. Ragnvald Nesdal hadde kjøpt gard på Åland.

Vi fekk ikkje bu i Nesdal, men vi slo der er om sommaren. Hesja og tørka høyet, når vinteren kom køyrde vi høylass nedover isen på Lovatnet, tok det vidare med båt til Hopland og så ny hestekøyring opp til Åland. Vi var ikkje redde ein umak i den tid, minnest dei to som var filstades på minnehøgtida søndag.

Dei var seks brør. Tre er borte, men Rasmus som var 13 år då ulukka hende har fortalt litt om det skjedde i boka «Lodalen - Fager og fårleg». Kjellar og stove var fylt med vatn, jord og stein og eine langveggen slegen inn. Alle var i live, men berre så vidt.

Eg hugsar sjølvsagt ikkje at eg låg i vogga. Eg var berre eitt år gamal, men det var visst berre flaks at dei høyrde meg og fann meg, seier Sverre.Faren fekk han ut av vogga og sprang med det vesle barnet i armane opp over bøen saman med resten av familien.

Båra hadde mista litt av makta før ho gjekk til åtak på Larsbruket, men i ettertid takkar dei bestefaren fordi han brukte kraftig tømmer og solide steinar etter ulukka i 1905.

Vi fekk det bra på Åland. Det var eit ektepar utan born som ville selje, og eigaren hadde sagt at vil han Ragnvald Nesdal kjøpe garden, seier eg ja. Men sjølv om vi vaks opp i Randabygda så slepper ikkje kjenslene frå Lodalen taket, fortel dei medan vi skodar over vatnet der hytter og gardar ligger vakkert til mellom trea ved foten av Ramnefjellet Utigardsfossen som står på lista over dei ti vakraste fossane i verda går kvit og kraftig. Sverre set to strek under namnet. Dei som snakkar om Ramnefjellsfossen tek feil.


Brørne Asbjørn og Sverre var smågutar då Ramnefjellet tok heimen deira. Skanna frå fjordingen 14.9.2011

19.Vi gløymer det aldri (Minnemarkering 75 år etter rasulukka i Lodalen)

Fjordingen onsdag 14.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

I går var det 75 år sidan Ramnefjellet tok 74 menneskeliv i Lodalen. Det tragiske hendinga vart markert med gudsteneste ved krossen på Nesodden søndag, blomar ved minnetavla og avsluttande kyrkjekaffi på Kjendalsstova. I går kveld var det samling i Loen kyrkje.

Vi gløymer det aldri, var ord som gjekk att søndag. Ikkje minst frå dei som opplevde ulukka på nært hald, men også frå av mange av dei som misste familie og vener.

Det ser ikkje slik ut i dag som i 1936, sa Olga Kvile Hvattum (94) Saman med sonen og svigerdotra hadde ho teke turen frå Malmefjorden, og med hjelpande hender kom ho heilt til krossen på Nesodden. I dag er det berre namneskilt og åreskog på gardane i grenda der ho hadde arbeidet sitt då båra kom, tidleg morgonen ulukkesdagen. Ho spør etter meieriet der ho låg sterkt skadd på golvet, og minnest at læraren i bygda, Tomas Sæle døydde på stolen ved sida av henne. Ho helsar på kjentfolk og minnest tilbake. Sterke minne, men også gode minne.

I motsetnad til 1905 var det Bødal som fekk hardaste trøkken i 1936, men både Bødal og Nesdal vart ramma.

Inne på Kjendalsstova kjem Anders Bødal (87) med sine minne. Han viser kopi av eit måleri av heimen hans før raset i 1936. Etter raset var det berre han, den vesle guten i nattskjorte som sprang oppover bakkane frå ulukkesstaden og måleriet, som var igjen. Han miste foreldra, fire syskip og også brorkona i ulukka.

Bra med folk

Mange menneske, dei fleste med tilknytning til dalen og dei dramatiske hendingane, fann vegen til Nesodden og «klokketonane» av slag ,på eit spett. Preika var ved prost Rolf Skancke Eikum og sokneprest Kjetil Netland, Lostrupane sette ein ekstra spiss på samlinga. Vergudane var også med. Regnbygene stod i kø heilt til Hogrenning, men på Nesodden kom det varmande solstrålar.

Samlinga på Nesodden skjedde på tiårsdagen for terroren i New York. Dei to ulukkene i Lodalen som raderte ut eit heilt bygdesamfunn og tok 135 menneskeliv, sluttar seg inn i rekka av mange tragediar både med terror og tsunami.

Verdig markering

Søndagen vart avslutta med kyrkjekaffi i ei fullsett Kjendalsstove. Det vart teke fram minne både frå Bødal og Nesdal, Erik Bødal las frå ein artikkel som faren Willhelm Bødal skreiv like etter ulukka, berre 14 år gamal. Artikkelen står no i boka «Lodalen - fager og fårleg», av Sigurd Nesdal. Artikkelen er ei dramatisk, sjølvopplevd skildring frå ein smågut som sprang til Hogrenning etter hjelp. Far fortalde ikkje så mykje til oss. Han likte lite å snakke om det som hende. Eg trur det prega han heile livet, sa Bødal etter at han hadde lese kva faren skreiv.

Knut Tjugen leia samlinga som representant for Loen sokneråd, og ved avslutninga takka Sverre Nesdal på vegne av dei innbedne.

Vi får vere takksame for at vi overlevde, og la til at han var imponert over arbeidet som vart lagt ned for å få til både denne markeringa og andre markeringar. Takk for at vi fekk samlast og minnast, sa Nesdal.


Opplevd ulukka: Anders Bødal, Astrid Nesdal Rake, Olga Kvile Hvattum og Sverre Nesdal. Asbjørn Nesdal var reist då bildet vart teke. Skanna frå fjordingen 14.9.2011

20. Eit eventyr å kome til Lodalen.

Fjordingen onsdag 16.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

Kirsti Bjørkedal fødd Nesdal er ei av dei som miste mange av sien næraste i Lodalsulukka, og som har mange barndomsminne knytta til grendene som vart borte.

Dette var mine folk. Farbror, morsyster, syskinborn, seier ho når vi møter henne på kyrkjegarden under minnemarkeringa. Ho er ei av dei som har ei grav å gå til.

Vi budde på Mo jordbrukskuls der far var lærar den gongen. Vi hadde gjester. Ved middagsbordet sa far at vi høyrde ikkje på nyheitene, men det vart ikkje til at nokon slo på radioen. Vi visste ingen ting, men vi såg fly. Det var eventyr den gongen, men vi visste ikkje kvar det skulle, fortel ho.

Ut på dagen låg den ti år gamle jena under ei busk i hagen og les lekser då ei veninne kom springane og fortalde om ei fæl ulukke. Om lag samstundes møtte faren Sivert, ein lærarkollega som kom med bussen. Kollegaen helsa i handa og kondolerte.

Det var eit sjokk for oss. Far fekk tak i drosje og reiste med ein einaste gong. Eg meiner at den andre læraren vart med, seier ho.

Seinare vart ho med til den store gravferda. Ho minnest Kronprins Olav, men det var ikkje dagen då det var mest fokus på dei kongelege.

Skulle hatt familiesamling

I samband med ulukka har det blitt drege fram mange historier om folk som var der og ikkje skulle vore der, og også folk som skulle vore der, men ikkje var der.

Huset på garden der far kom ifrå brann ned året før. Nytt hus vart reist, og akkurat helga den 13. september skulle det vere stor familiesamling. Eg skulle vore der saman med mor, far og syskina mine, men det vart utsett. Bygningskarane frå Møre var ikkje heilt ferdige. Dei står på lista over omkomne. Vi var på Mo, kjem det stilt.

Ei vakker bygd

Det var eit eventyr å kome i Lodalen. Mange hus, velstelte gardar. Geiter og ikkje minst mange hestar til skyssen i Kjendalen. Eit eldorado for ei lita jente.

Vi tok drosje frå Mo og over Utvikfjellet. Ein gong gjekk vi frå Byrkjelo til Utvik. Sommaren var vi nokre dagar på Haugen i Loen, der mor kom ifrå og så Nesdal.

Syskinbarnet Arnbjørn har fått namnet på gravsteinen i Loen. Kona Gunvor fann dei aldri igjen. Dei gifte seg året før. Eg var brudepike, fortel Kristi og minnest tilbake til ein lukkeleg barndom med stor slekt før Ramnefjellet kom og la slektsgarden øyde. Ein gard som skulle hatt slektssamling den dagen båra kom.


Kristi Bjørkedal f. Nesdal ved grava til farbroren og familien hans som omkom i Lodalsulukka i 1936. Skanna frå fjordingen 16.4.9.2011

21. Songen «I skuggen av Ramnefjell».

Fjordingen onsdag 16.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

Songen «I skuggen av Ramnefjell» er mykje nytta ved hendingar knytta til Lodalen, både i sorg og glede. Det dei færraste veit er at Jan Nygård har skrive både tekst og melodi.

Nei, det må vere minst 20 år sidan. Eg var mykje der oppe saman med kameraten min, Rune Nesdal, fortel Nygard. Mannen som blir nemnd på namn i songen, Ragnvald Nesdal, var bestefar til Rune. Det var Ragnvald som flytte til Åland med familien, og han var i mange år den einaste som hadde overlevd begge dei dramatiske ulukkene.Etter minnestunda tysdag var det fleire som spurde etter teksten, og her er han.

Høyr vinden som susar mot fjell,
og fossen som kastar seg ned imot grunnen.
Ragnvald han driv med sitt daglege stell.
Rettar seg opp, stryk ei hand over munnen.
Buskapen rautar uroleg på båsen.
Sansar ein fare der oppe bak åsen.
Ellers er alt roleg i kveld
I skuggen av Ramnefjell

Sjå vatnet så stille og blankt
Og fjellet som speglar seg nede i djupet
Folket i dalen bur vakkert, men trangt
Klamrar seg fast inntil foten av stupet.
Såret og smerten vert mindre med åra
Minnet om sist dei vart tekne av båra
Dalen ligg fredfull og vakker i kveld
I skuggen av Ramnefjell

To ungdommar - kinn i mot kinn
I kveld legg dei planer for komande tider
Dansar på vollen med lystige trinn
Men kjem seg i hus og isenga omsider
Lite dei anar om det som skal hende
Lite dei veit om at livet skal ende
For mange den siste dag er på hell
I skuggen av Ramnefjell


Jan Nygård, Bengt Ragnvald Weddegjerde og Torbjørn Lundebrekke framførde I skuggen av Ramnefjell ved minnehøgtida etter Lodalsulukka

22. Verdig minnestund i Loen kyrkje. Lodalsulukka.

Fjordingen onsdag 16.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

Tysdag 13.september på 75 års dagen for Lodalsulukka i 1936, var bygdefolket i Loen og mange tilreisande med røter til Lodalen, samla til minnestund i Loen kyrkje. Det vart lagt blomar ved graver og minnestøtte.

Naturen er vanskeleg å temje, og det er vanskeleg å setje seg inn det som skjedde den septembermorgonen i 1936 då Ramnefjellet utsletta gardar og grender og 74 menneskeliv gjekk tapt, sa varaordførar Anne Margrete Tonning. Ho la blomar på gravene til dei få som dei fann att, og som fekk ei grav på kyrkjegarden i Loen.

Stryn kommune vil heidre og og også minnast dei som gjekk bort. Det er godt å ha ei grav å gå til, sa varaordføraren som understreka at det som skjedde i Lodalen i 1905 og 1936 var naturkatastrofar av dimensjonar. Det er vanskeleg å setje seg inn i kva lidingar dei dramatiske hendingane i Lodalen påførde folket der.

Minnehøgtida vart avslutta ved minnesmerka der namna til alle dei 135 som omkom i dei to ulukkene, er rita inn. Regnet hølja ned, men folk samla seg ved steinane der Astrid Nesdal Rake, la ned kransen. Ho var småjente berre tre år den gongen ulukka skjedde, og ein av dei som overlevde.

Dette skal vere til signing for alle dei som omkom og vart borte, sa ho.

Verdig minnestund

Den timelange minnestunda i Loen kyrkje vart ei verdig minnehøgtid, der forsamlinga reiste seg til eitt minutts stille for å minnast det som skjedde og dei som omkom. Heldig er Loen som har Lostrupane. Det var dei som opna minnestunda etter at klokketonane hadde tagna.

I ord for dagen tok sokneprest Kjetil Net-land utgangspunkt i håpet, illustrert ved blomløkane som vert sette i jorda om hausten, men som vi vonar skal spire til ein ny vår. Han helsa også frå Synnøve Nesdal. Ho er ei av dei som opplevde tragedien på nært hald. I dag bur ho på Stryn omsorgssenter. Helsa sviktar. Ho kunne ikkje kome hit, men ho er med oss i tankane, sa soknepresten.

Etter salmen «Ikke en spurv faller til jorden» las Knut Tjugen diktet «Lodalen» av Rasmus Bødal. Utflytt lodøl som opplevde tragedien i heimbygda frå Austlandet.

Jan Nygård med musikarar framførde «I skuggen av Ramnefjell». Lostrupane framførde song med tekst knytta til bygda og dalen før kyrkjelyden gjekk ut til den avsluttande blomemarkeringa til tonar frå orgelet.


Knut Tjugen og Astrid Nesdal Rake ved minnestøttene der ho la ned krans på sjølve 75-års dagen for ulukka i 1936

23. Vil klatre frå Alex til Hoven.

Fjordingen fredag 23.september 2011. Inge Fænn, inge.fenn@fjordingen.no

Når snø og is er smelta til våren, kan dei som vil ta turen frå Hotel Alexandra til toppen av Hoven etter ei klatrerute sikra for folk flest, som ynskjer ein spektakuler fjelltur.

Namnet på turen til Hoven blir «Via Ferrata, Loen», og i utgangspunktet er dette ein tur for alle, men litt kondisjon må til. Vi har tryggleik, tryggleik og tryggleik som hovudparole så dersom høgdeskrekken ikkje er altfor stor blir dette ei fantastisk oppleving, lovar initiativtakaren, Richard Grov. Totaltkostnaden for prosjektet er nær halvannan million medrekna dugnad- Tysdag skal hovudutvalet for plan og næring i fylket ta stilling til ei løyving på 200.000 kroner til prosjektet.

I første omgang har Hotel Alexandra forskottert det meste. Vi trur at dette er framtidsretta satsing. Ikkje berre for oss, men for heile reiselivsnæringa, seier Grov medan vi ser oppover mot Hoven som rundar av mot himmelen, tusen meter over hotellet.Fjellsida ligg slik ho alltid har lege med hamrar, berg, fjellknausar og skog i haustfargar. Ingen ser løypa, men ho er der.

Vi kan køyre eller gå på skogsbilveg opp til 170 høgdemeter. Derifrå går det sti til 470 meter. Så er det klatring frå 470 til 890 meter før turen rundar av mot toppen.

Klatring er vel ikkje for folk flest?

Jau, det er faktisk det. Vi har lagt ut 850 meter wire, og dei som skal opp sikrar seg i sele. Sjølv reknar eg meg for ei pyse når det blir litt høgde, men eg har prøvd dette i Austerrike. Det er berre fantastisk.

Internasjonal godkjenning

Sist veke var fagfolk frå Austerrike i Loen for å gå over anlegget med tanke på godkjenning. Dei var imponerte. Berre lovord og hauste. Ein av dei som var med gjekk berrføtt. Noko han forklara med å bli betre kjent med fjellet, fortel Grov som understrekar at dei er ikkje ferdige med anlegget. Opninga skjer først til våren. I mellomtida skal dei ha alle tryggleikstiltak på plass.

Planen er at vi skal ha turar med guide opp til Hoven og vidare ned til Oppheim. Det blir ein tur på fire – fem timar, fortel han.

Vi er heldige som har ein fantastisk natur rundt oss, og deter viktig at vi tek den i bruk. Vi skal starte eit selskap for kommersiell drift. Dette blir ein viktig del av infratrukturen til reiselivsnæringa. Visjonen er klar. Innan 2013 skal vi vere førstevalet for natur-, kultur- og opplevingsturisme i Fjord Norge, seier Grov som har nært samarbeid med Naturservice DA ved Rune Holen og Per Helge Bø, som har utarbeidd forprosjektet.

«Tisoler Klettersteig im hohen Norden», seier austerrikarane som har satsa på denne typen turisme med suksess, i mange år.

Namnet er italiensk

Vi stussar litt over kvifor det er italiensk namn på eit norsk produkt, og forklaringa er både internasjonal og historisk.

Når italieneren var i krig gjekk mange liv tapt ved at dei ramle ned når hæren skulle ta seg over bratte fjellpass. For å bøte på dette vart det lagt ut jarn til sikring. Namnet tyder rett og slett å ta seg vidare ved hjelp av jarn.

I dette tilfelle blir jarn bytta med wire og sikringsseler. Vi skal heile tida ha fokus på tryggleiken, seier Grov. Difor legg dei også opp til ei tilbod med guide. Dersom nokon legg ut på eiga hand blir det også på eige ansvar. Det blir klart skilta og markert, seier han og ser fram til ei spennande opningshelg ut på våren.

Vi treng tida fram til då for å bli ferdige, seier han og løyner ikkje at det er «Skåla opp» og merksemda kring det arrangementet, som har inspirert til å gå vidare. Dei har også fleire idear i bakhovudet utan at han vil gå ut med dei no.

Den type tilbod som vi skal presentere har fem kategoriar frå A til E med A som den lettaste. Turen til Hoven er kategori C, utfordrande og eit lite stykke i kategori D, vanskeleg, men ikkje vanskelegare enn at initiativtakarane seier at det er både trygt og spennande samstundes.


Dette blir ruta frå Hotel Alexandra til Hoven. Skanna frå Fjordingen 23/9.2011

24. Opna naturmøteplass i Loen.

Fjordingen onsdag 5.oktober 2011. Ove Sveen, ove.sveen@fjordingen.no

Loen/ Rake 4H og gode medhjelparar opna søndag den nye Naturmøteplassen i Loen.

Opninga skjedde med pomp og prakt, der det vart klipt snorer både ved gapahuken og ved sandvolleyballbanene. Aspirantar heldt snorene, og vaksne karar brukte saksa.

Det var leiaren i Loen/ Rake 4 H, Anders Sæten som opna festen, og han vart etterfylgt av vakker opningssong frå alle medlemane. Ein song Kamilla Rake hadde dikta. Dei 22 medlemane i klubben som avslutta hovudoppgåva, presenterte seg deretter sjølve, og Frida Dragsund las årsmeldinga. Allereie i april var dugnadsarbeidet i full sving der alle familiane skreiv seg på dugnadslistene.

Fotogruppa ved Frida Drag-sund, Ida Engelsvik Loen og Julie Krogh Sæten hadde laga ein power point-presentasjon som vart vist under opninga før alt vart retta inn mot snorklippinga.

Frammøtet til opningsfesten levna ingen tvil om at loarane har fått eit praktanlegg som mange set pris på.

Det er lagt inn heile 1.500 dugnadstimar i det store fellesprosjektet som også har vore 4H si hovudoppgåve i år. Det er mange å takke, seier klubbrådgjevar, Målfrid Romsøe Sæten.

Det var Gary Tye som foretok den offisielle opninga av gapahuken, der han sjølv har lagt inn god innsats både utandørs og innandørs. Kristian Sandbakk og Otto Nesdal fekk æra av å opne sandvolleyballbanene. Sandbakk har stått i bresjen for gravemaskinarbeid, og Nesdal har vore teknisk leiar for anlegget. Arild Bødal sitt arbeid med økonomien har skapt resultat, og dei vart alle fire symbolsk påskjøna for arbeidet med kvar sin termo 4H-kopp og kaffi.


Gary Tye føretek med hjelp frå aspirantane den offisielle opning av gapahuken. Foto Jonny Sollid. Skanna frå Fjordingen 5.10.2011


Demonstrasjon av bålpiza. Frå venstre: Frida Dragsund, Laura Liptakova og karoline Dragsund.Foto Målfrid Romsøe Sæten. Skanna frå Fjordingen 5.10.2011


Kristian Sandbakk til venstre og Otto Nesdal klipte snora for vollyballbanen. I midten Marius Rauset. Foto Målfrid Romsøe Sæten. Skanna frå Fjordingen 5.10.2011


Anders Sæten og Ingrid Kvåle Faleide med den store sjekken frå Gjensidigestiftelsen. Foto Målfrid Romsøe Sæten. Skanna frå Fjordingen 5.10.2011

25. Spretthopp for bilistar i Loen.

Fjordingen onsdag 12.oktober 2011.

Statens vegvesen har fått på plass 40 km/t-skilt og fartshump i Lovik.

Fartshumpen er plassert ved avkøyrsla til Loen skule, barnehage, bygdehus og stadion. Bakgrunnen er at bilistane i større grad skal ta omsyn til mjuke trafikantar. Dei som ikkje det gjer, får ein skikkeleg luftetur med fare for materielle skader.


Fartshumpen ved avkøyrsla til skule- og idrettsanleget i Lovik. Foto: Harald Vartdal. Skanna frå Fjordingen 12.10.2011)

26. Investerer 30 mill. i nytt fryseri (NK- Loen).

Fjordingen onsdag 10.oktober 2011.Harald Vartdal. Harald.vartdai@fjordingen.no

Nordfjord Kjøtt er godt i gang med oppføring av nytt fryseri i Lovik.

Nordfjord Kjøtt byggjer nytt fryseri til 30 millionar kroner. Vi reknar med å ta anlegget i bruk før jul, seier prosjektleiar Ottar Vinsrygg til Fjordingen.

På grunn av manglande fryserikapasitet i Loen, har Nordfjord Kjøtt i fleire år leigd anlegg hos-Domstein i Måløy. Ei fordyrande og upraktisk ordning for hjørnesteinsverksemda med årsomsetning på eit par milliardar kroner.

Det blir ei velsigning å få vårt eige fryseri som del av anlegget i Loen, slår Ottar Vinsrygg fast.

Huurre Norway har hovudentreprisen på oppføring av det 4.500 kvadratmeter store bygget, der to tredjedelar er fryseri og resten transportgangar for inn- og ut-køyring av frosne varer.


Nordfjord Kjøtt er godt i gang med oppføring av nytt fryseri i Lovik.. Skanna frå Fjordingen 10.10.2011)

27. Lostrupne 2011.

Fjordingen onsdag 26.oktober 2011.Ove Sveen. ove.sveen@fjordingen.no

27.1. Lostrupne til USA"

Lostrupane har gjeve ut ein jule-CD, og i morgon reiser eit følgje på 49 til USA for å spreie den gode bodskapen. Der skal alt skje på 10 dagar.

Vi har reisefeber allereie. Det blir ufatteleg stort, men også travelt. Det blir godt å få fri i tre dagar etter heimkomsten, smilte kormedlem Ingunn Rake. Vi møtte henne og korleiar Sissel Tenden i Loen sist måndag. For første gong har Lostrupane songe inn ein jule-CD. Vakker song med fine stemmer. Først skal CD'en til USA. Deretter kjem han i handelen heime. Vi gjev dei samtykke i at CD'en bør bli årets julegåve i indre Nordfjord.

31 kormedlemmar til USA

Av følgjet på 49 som i morgon lettar frå Gardermoen, er det 31 kormedlemmar, og det er ikkje første gongen songarane reiser over havet. Dei var også på plass med songen då byen Rake i Iowa feira sitt 100-årsjubileum i 2000.

Denne gongen går turen til Sørstatane og først til Nashville, Tennessee. Sightseeing, besøk på Country Music Hall of Fame og eigen konsert i Nashville Nightlife Droner Theatre er blant høgdepunkta i denne byen. På dag tre går turen vidare til Memphis, og høgdepunkta står der i kø. Besøk på BB King Blues Club, miniopptreden i Central Baptist Church og seinare på dagen ein større konsert. Loarane skal rundt på visning i Memphis, sjå på huset der Elvis budde i starten og besøkje Graceland. I tilleggskal dei bli kjende med ei rekkje legendariske artistar gjennom musikken.

Store dagar i New Orleans

Etter fem dagar, reiser Loarane vidare med buss til New Orleans der dei sjekkar inn i French Quarter med gåavstand til det meste. Her blir dei kjende med jazzen si verd. Dei skal halde konsert på hamna og ta hjul-dampar på Mississippi.

På dag 9 skjer det musikalske høgdepunktet for Lostrupane når dei skal delta på opningskonserten for dei skandinaviske dagane i sjømannskyrkja i New Orleans. Ikkje overraskande at dei på den siste kvelden avsluttar med firerettars middag i den kjende restauranten Court of two Bisters.

27.2. Plateslepp i Novenber"

Ein jule-CD har vi tenkt på i mange an Det er eit stort løft for oss som vi er stolte av, seier korleiar Sissel Tenden.

Samlinga består av tradisjonelle julesongar som blir forventa på ein slik CD, men vi har også putta inn songar vi er særleg glad i. Av desse må nemnast «I en natt» som er den siste av 16 songar. Denne har Lo-strupane alltid hatt med seg på julekonsertar, og det var naturleg at CD'en fekk tittel etter denne songen som er arrangert av Henny Koppen, seier Tenden. Lostrupane har elles dyktige solistar i sine rekkjer. Melinda Sørøy er solist i to av songane, mellom anna i den krevande «0 helga natt», og Jan Heggheim viser kvalitet som tenor i «Den hellige stad».

Mykje opptekne

Tenden opplyser at CD'en har vore i tankane i fem år, men at mykje har skjedd i mellomtida, mellom anna to store revyar med sjølvlaga tekstar.

CD'en vart Songe inn i fjor haust og i vår. Dette skjedde i Nedstryn kyrkje og Loen Bygdehus med hjelp frå Øyvind Lied sitt mobile lydstudio (Studio 3) i Volda. Hittel har Lostrupane 1000 eksemplar til sal. Lokalt startar platesleppet opp i Stryn på Kulturnatt 2011, fredag 11. november i Stryn kulturhus. Det store sleppet skjer søndag 20. november med konserten og festen i Loen Bygdehus.

Julekonsertar som før

Lostrupane skal som vanleg halde julekonsertar. Det startar opp i Nedstryn kyrkje 14. desember og held fram i Olden kyrkje 15. desember. På julafta syng Lostrupane alltid heime i Lokyrkja. Då står koret oppstilt og syng medan folk finn sin plass. Då er det sjeldan plassar tome.


Korleiar Sissel tenden og kormedlem Ingunn Rake er stolte av jule-CDen dei skal ha med i bagasjen til USA. Foto : Ove Svven. Skanna frå Fjordingen 26.oktober 2011"

27.3. Desse syng i Lostrpane"


Desse syng i Lostrupane (liste). Skanna frå Fjordingen 26.10.2011


Lostrupane. Foto : Kåre Tonning. Skanna frå Fjordingen 26.10.2011

28. Esso-tankane er vekk (2011)"

Fjordingen mandag 5.desember 2011. Harald Vartdal. harald.vartdal@fjordingen.no

Esso-tankane i Marsåvika som i 72 år har vore eit landemerke på strekninga Loen - Stryn, er no rivne.

Esso Energi AS engasjerte AF Decom til å rive tankanlegget som vart overflødig etter at oljeselskapet i 2010 avvikla båtleveransen til indre Nordfjord.

Dei tre tankane hadde kapasitet til 900.000 liter. Etter det leiinga i Esso Energi AS har uttalt tidlegare, vil eigedomen bli lyst for sal når alt er rydda og reinska.


Esso-tomta i Marsåvika er rivne. Foto: Ove Sveen. (Skanna frå Fjordingen 5.12.2011).


Dei tre tankane var i 72 år eit landemerke på vegen mellom Stryn og Loen. Foto: Harald Vartdal. (Skanna frå Fjordingen 5.12.2011).