Dette dokumentet innheld hovedsakleg klipp frå spalten om gamalt nytt i Fjordingen. Dette dokumentet vart starta 1. november 2014. Før den tid vart slike notisar tekne med i utklippsdoumentet for det året dei vart publisert.
Publisert i Fjordingen 31.oktober 2014.
Eit steinras gjekk laurdag over vegen i Lodalen. Raset gjekk over vegen midt mellom minnetavla og Kjenndalstova. Det var berre sekundar som skilde traffi- kantar frå å få stein over bilane sine.
Det låg ein del stein, både små og store, i vegbana då eg passerte på veg oppover, fortel Eivind Haugen. Eit par minutt etterpå steig han ut av bilen sin ved Kjenndalstova. Då høyrde han eit voldsomt drønn og raset kom. Heldigvis blei ingen treft av raset.
Vegen til Kjenndalen blei stengd der det er eit høgt stup rett i Lovatnet. Fleire bilar vart innesperra i Kjenndalen. Etter 3-4 timar blei vegen mellombels opna slik at desse kom seg forbi rasstaden.
Vegen til Kjenndalen er no stengd og blir ikkje opna før til våren.
Publisert i Fjordingen 29.september 2014.
Arbeidet med den 600 meter lange gang- og sykkelvegen gjennom Lovik er i gang. Støypearbeid ved brukara og fjerning av 2000 kbm jord mellom Loen Hotel og krysset opp til Nordfjord Kjøtt, står for tur. Den totale kostnaden er på nær 6 millionar kroner, og arbeidet skal vere sluttført 15. desember. Eit skår i gleda er at det ikkje finst midlar til å fullføre ei trygg kryssing inn på gang og sykkelvegen frå Loen -skule.
Publisert i Fjordingen 12. november 2014.(For 10 år sidan)
Gang- og sykkelvegen i Lovik skal vere ferdig før årsskiftet, opplyser anleggsleier Jarle Lien i HS Bygg til Fjordingen. Små og store loarar kan dermed sjå fram til ei svært etterlengta julegåve.
HS Bygg som fekk oppdraget med å bygge den 600 meter lange gang- og sykkelvegen, starta straks fiskesesongen var slutt 15. september. Bruene på 15 meter og 40 meter er snart klare til støyping. Også vegbygginga fram til NK-avkøyrsla pågår for fullt. - Utan alt for dårleg ver blir det asfaltering før jul, lovar Lien.
Publisert i Fjordingen 14. januar 2015.
I samband med loo-årsmarkering for den første Lodalsulukka, har Loen Bondelag reist ein trekross på Nesodden akkurat der minnetavla for den første ulukka stod. Den er blitt eit landemerke frå vegen og vatnet.
Den nye krossen i impregnert tre vil bli ståande som eit landemerke både for dei som ferdast på vatnet og dei som brukar vegen mot Kjenndalen.
Publisert i Fjordingen 13. februar 2015 (for 50 år sidan).
Richard Loen, ein av turistferdsla på Vestlandet sine fremste pionerar, er tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Vi skryter ofte av at vi har det største hotellet på landsbygda i Norge, og det er Richard Loen vi kan takke for det. Den høge utmerkinga vart overrekt han under ei høgtid på Manger, og det var Fykesmann Nicolai Schei som stod for utdelinga. Loen fyller 7O år 14. april. Loen var i Amerika og kelner på cruiseskip før han tok over familieverksemda.
Publisert i Fjordingen 20.2.2015 (for 25 år sidan).
Ved lnge Fænn.
Dersom alt går etter planen vil bygginga av den nye restauranten på Kjenndalssanden starte opp like etter påske. Svein Navelsaker kan fortelje at den nye tomta no er oppfylt og ferdig planert. Det skal vere eit miljøtilpassa hus i same stil som dei husa som giekk med i Lodalsulukka i 1936. Huset får ei brutto grunnflate på 235 kvm. Det blir god plass for 6O gjester og det er same talet som M/B Kjenndal er godkjent for. Det blir også opprusting og skilting av vegen.
Publisert i Fjordingen 25.2.2015 (for 50 år sidan).
Ved lnge Fænn.
Willhelm Bødal har vore tre veker i Danmark på talarferd for foreningen Norden. Ikkje mindre en 3O foredrag heldt han på denne korte tida. Det vart også tid til å gjere eit halvtimes opptak med Danmarks Radio. Tittelen på dette progmmmet er "Historien om ein norsk lejesoldat". Mannen han fortel om er Store-Knut Anders frå Lodalen som var leigesoldat i Christian den sjuande sin hær i det glade København i 177O.
Publisert i Fjordingen 8.5.2015 (for 10 år sidan).
30. oktober i fjor vart deler av Kjenndalsvegen øydelagt av steinras. No startar firmaet Trollteam arbeidet nred å reinske og sikre ljellsida. Så snart det er giort, vil Yri Sand ta fatt på utbetring av vegen. Vi har håp om at arbeidet skal vere ferdig til 17. mai. Men det er også mogeleg at det vil ta nokre dagar ekstra før trafikken kan gå som normalt, seier Ieiaren i Kjenndal grunneigarlag, Steinar Nesdal.
Publisert i Fjordingen 2.6.2015.
Harald Vartdal dukkar ned i arkivet til Fjordingen
(harald.vartdal@fjordingen .no)
Omlegginga av vegen gjennom Loen sentrum var avgierande for at Hotel Alexandra kunne utvikle seg til det praktanlegget vi ser i dag. Det har eg Eivind Grov sine ord på.
I 1990 opna Hotel Alexandra den nye parken. Det skjedde i samband med at Loen IL arrangerte VM i bogeskyting. Ein fekk også opparbeidd areal til småbåthamn og eit flott område mot sjøen.
Reguleringsplanen for Loen - der omlegging av elveløpet stod sentralt - hadde brei tilslutning lokalt. Men det kunne fort ha dukka opp nokre skjær i sjøen. Frå naturvernhald vart det nemleg hevda at fyllinga ville øydelegge verdfullt våtmarksområde. Slik eg hugsar det, kom den varsla motsegna for seint til å bli handsama. Noko eg trur alle, inkludert naturvernarar, kan seie seg glade for når dei ser korleis Loen sentrum har blitt pynta opp.
Og endå finare skal det bli. Når ein får realisert planane om pendelbane, vil området mellom hotellet og raudekaio bli ein vakker portal til Loen. Og med sikring av Gjølmunna, er det no fritt fram for å byggje vidare i sentrumsområdet - der Via Ferrata har sitt startpunkt.
Publisert i Fjordingen 6.10.2015.
Sissel Tenden og BrynjuH Nesje er godt i gang med å byggie seg hus i Kvitefell. Stryn kommune ventar svar frå tre andre som har fått reservert tomt i Loen sitt nye bustadfelt. Kvitefell ligg bak bustadfeltet i Lovik. Der er 14 tomter + 6,7 dekar avsett til konsentrert utbygging (16 bueiningar). Per i dag har kommunen selt ei tomt. Vi ventar svar frå tre andre som vurderer å busetje seg i Kvitefiell, opplyser Astrid Sætre Rake til Fljordingen.