Litteratur.
Avisutklipp 2013

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2013

1. Glennegrova
2. Gardfjøsen i Lovik
3. Ny båt på Lovatnet
4. Rake skule nedlagt 1988
5. Kjenndal II i Loen
6. Bergit Loen Hatlenes
7. Asgeir og Sigrun Loen
8. Millionluksus i Loen
9. Kjenndal II har landa
10. Folkebad i Loen 1958
11. Den store cruisedagen
12. Asylmottak i Loen ??
13. Sande camping utvida 1988
14. Loen hotel for tilsette
15. Skålatårnet tetta
16. Mats Solheim i Kalmar
17. Ny bru i Kjenndalen
18. Hengebru - Jølmunna
19. Lene Auflem
20. Hengebrua snart ferdig
21. Hengebrua åpna
22. Skålatårnet-formål
23. Rake skule er historie
24. MB Kjendal takkar for seg
25. Planta ut nær 800 tre
26. Taubane til Hoven

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2013

Til dokumentstart

1. Glennegrova må sikrast

Publisert i Fjordingen 16.januar.2013.

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Sikring av Glennegrova er eit vilkår for å gjennomføre områdereguleringa i Lovik. Det går fram av vurderinga til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

I samband med at det skal leggjast til rette for industriføremål, bustader, masseuttak, fritids- og turistføremål, parkering, veg m.m. i Lovik, peikar NVE på behovet for sikring av Glennegrova som renn på baksida av fryserianlegget til Nordfjord Kjøtt.

I samband med reguleringsplan for industriareal for Nordfjord Kjøtt vart det gjennomført ei skredfarevurdering. Denne konkluderte med at Glennegrova måtte sikrast for at deler av planområdet skulle vere sikkert i høve til tryggleiksklasse 3 i Byggteknisk forskrift. Sidan skredfarevurderinga vart gjennomført, er krava blitt skjerpa. NVE rår difor til at det vert gjennomført ei ny faresonekartlegging i samsvar med gjeldande tryggleikskrav. Vi ser også at den skredfarevurderinga som er utført tidlegare, har klåre manglar i høve til det som kommunen i dag bør forvente som dokumentasjon på reguleringsplannivå, påpeikar NVE.


Glennegrova på baksida av Nordfjord Kjøtt sitt nye fryseri.

Til dokumentstart

2. Gardfjøs i Lovik
Må vurdere riving på sjølvstendig grunnlag

Publisert i Fjordingen 28.januar.2013.

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Sogn og Fjordane fylkeskommune ber Stryn kommune ta ei grundig vurdering av den gamle gardfjøsen i Lovik før det eventuelt vert gjeve løyve til riving.

Den gamle gardfjøsen som står bak fryseriet til Nordfjord Kjøtt, vart i 2010 sett på som eit verdfullt kulturminne i Loen. Tilstanden endra seg etter at orkanen Dagmar tok fatt på rivingsarbeidet. I samband med at det no vert søkt rivingsløyve, har fylkeskommunen gjeve fylgjande uttale:

Vi tilrår at kommunen på sjølvstendig grunnlag vurderer tilstanden til gardfjøsen opp mot gjeldande lovverk og tiltak som det er mogeleg å få til. Dersom Stryn kommune vel å gje løyve til-riving, vil vi be om at eigar vert oppmoda om å ta vare på dei bygningsdelar som kan nyttast i samband med restaurering av andre bygningar i distriktet. Før løyve til riving vert utsteda, bør det gjerast ein enkel dokumentasjon av bygningen, heiter det innspelet frå fylkeskommunen.


Orkanen Dagmar gjorde stor skade på den gamle gard fjøsen i Lovik.

Oppfølgjing av saka. Fjordingen 11.2.2013

Rådmannen innstiller på at det vert gjeve løyve til å rive den gamle gardfjøsen i Lovik.

Nordfjord Kjøtt søkjer om å få rive bygningen som vart påført store store skader under Dagmar sine herjingar. Rådmannen meiner at teknisk utval bør imøtekome søknaden. Eitt av vilkåra er at dei delane av bygget som kan nyttast i samband med restaurering av andre bygningar i distriktet, bør takast vare på.

Til dokumentstart

3. Ny båt på Lovatnet

Publisert i Fjordingen 13.februar.2013.

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Ein ny båt med plass til 100 passasjerar skal styrke grunnlaget for turistsatsinga i Lodalen. — Kjenndal II går sin første tur 1. mai, opplyser Jan Ove Hogrenning til Fjordingen.

Eigaren av Kjenndalsstova, Jan Ove Hogrenning, har kjøpt ein 24 meter lang og 4,40 meter brei 1996-modell rundspantbåt som skal erstatte M/B Kjendal (49 plassar). Den nye båten på Lovatnet er av typen som det finst tusentals av på kanalane i og kring Amsterdam.

Vi måtte til Nederland for å finne ein båt som kan gå i det grunne farvantnet gjennom sundet ved Rampefjell og kaiene (maks 1 meter djupgang). No gjenstår det å få alle papira i orden. Største utfordringa er at europeiske båtar ikkje fylller krava til Sjøfartsdirektoratet, og såleis må klassifiserast på nytt. Dette er ein omstendeleg prosess som vi reknar med å ha sluttført i månadsskiftet mars/ april, fortel Jan Ove Hogrenning.

Vere eller ikkje vere.

Familien Hogrenning kjøpte Kjenndalsstova i 2007. Etter at Lodalen båtlag året etter avvikla drifta, hadde dei ikkje anna val enn å ta over M/B Kjendal.

Persontrafikken har stupt dei siste åra. Det skuldast hovudsakleg finanskrisa i Europa. For å kunne satse vidare, er det nødvendig å auke volumet. Kjøpet av ny båt var eit vere eller ikkje vere for turistsatsinga i Lodalen, slår Jan Ove Hogrenning fast.

2,9 millonar kroner

Båtprosjektet har ein prislapp på 2,9 millionar kroner.

Vi får ein båt med oppvarming, toalett og alle fasilitetar. Det er plass til 100 under tak. I fint ver kan 70 av dei sitje ute. Så dette blir noko heilt anna enn det vi kunne tilby ombord i M/B Kjendal, seier Jan Ove Hogrenning.

Korleis skal Kjenndal II transporterast frå Amsterdam til Lovatnet?

Båten kjem med biltransport til Bergen. Vi har inne søknad om dispensasjon for å segle opp til Loen. Derifrå blir det spesialtransport til i Lovatnet.

Toler fire meters bølger

Korleis er sjødyktigheita til denne båttypen?

I Nederland er han godkjent for opp til fire meters bølgehøgda. Slike forhold har vi aldri i Lodalen.

Kva slags turistar er det de ønskjer å nå med denne båtruta?

Målgruppa er tredelt; bilett-passasjerar, bedrifter/ møte/ kongressgrupper og cruiseturistar. Vi ønskjer å legge til rette for at flest muleg skal få oppleve båtturen på Lovatnet, sluttar Jan Ove Hogrenning.


Denne satsinga var vere eller ikkje vere for drifta av Kjenndalsstova, seier Jan Ove Hogrenning. (Foto: Ove Sveen).


Denne båten skal gå i rute på Lovatnet.

Til dokumentstart

3. Rake skule nedlagt 1988

Publisert i Fjordingen 27.mars 2013 (for 25 år sidan).

Ved Inge Fænn

Eit samrøystes formannskap går inn for at Rake skule vert nedlagt frå sommaren. Dersom kommunestyret sluttar seg til framlegget, vil det seie at elevane frå Rake vert overført til Loen skule frå og med hausten 1988. Når det gjeld dei andre skulane på «dødslista» vil deira framtid bli vurdert i samband med sektorplanen. Inn til den ligg føre rår formannskapet til at kommunen yter dei turvande tilleggsløyvingane.

Til dokumentstart

5. Båten som skal berge drifta

Publisert i Fjordingen 5.april 2013.

Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myklebust@fjordingen.no)

Etter å ha blitt frakta med skip frå Nederland til Bergen, og deretter gått for eiga maskin til Måløy og Loen, er Kjenndal II klar for siste etappe til Lovatnet. Der ventar ei viktig oppgåve for den tidlegare kanalbåten.

Ingvill Tronrud gledar seg til å sjå Kjenndal II i bruk.

Ein del vegfarande har nok registrert den noko spesielle båten som har lege til kai ved Hotel Alexandra siste veka. Etter fleire etappar med bil, båt og for eiga maskin, er det kun ein liten transportetappe som står att. Men den blir kanskje den mest strebasiøse av dei alle.

Det blir nesten unntakstilstand i Lodalen når båten skal fraktast opp til vatnet, flirer Ingvill Tronrud. I lag med sambuaren Jan Ove Hogrenning driv ho Kjenndalstova, og er med på den spenstige båtinvesteringa til 2,9 millionar kroner.

Det blir mange i sving denne dagen. Vi treng to kranbilar og spesialtransport, og både polliti og vegvesen vert kopla inn sidan vegen lyt stengast ein periode når dette pågår, seier Tronrud

Ei nødvendig investering

Tronrud fortel at ho og sambuaren ikkje såg anna utveg enn å ta denne investeringa, dersom vidare drift av Kjenndalstova og båtrafikk på Lovatnet skulle halde fram. Den gamle båten vart for dårleg både med omsyn til kapasitet og tidsbruk, og dei viktige gruppebestillingane frå cruisetrafikken stupte siste åra på grunn av dette. No merkar dei allereie resultat av båtkjøpet med auka interesse frå cruiseselskapa. Førehandsbestillingane indikerer at årets sesong kan bli god, fortel Tronrud. Også direktør ved Hote Alexandra, Richard Grov, applauderer kjøpet av båten.

Dette har eg stor tru på og eg er veldig glad for at dei vågar satse på denne måten. Eg meiner det er ei heilt riktig investering, og fartstid og kapasitet som tidlegare var eit ankepunkt, løyser seg no med den nye båten. Den kan fort bli eit viktig produkt inn mot våre bussgrupper ved hotellet, seier Grov.

Registrertfor 100 personar

Den tidlegare kanalbåten har fått namnet Kjenndal II. Tronrud meiner det er viktig å halde på historia og ikkje minst byggje opp under kjenndalsnamnet. Båten vil i tillegg til dei 100 sitjeplassane innandørs få 40 nye på taket. Såleis vil Kjenndal II ha ein kapasitet på heile140 personar. Men på grunn av eit omfattande regelverk og krav frå Sjøfartsdirektoratet, har eigarane bestemt seg for å i første omgang registrere den for 100 personar.

Det passar fint i høve to bussgrupper, og lettar søknadsprosessen fram mot godkjenning og registrering. Så får vi heller tenkje utviding etter kvart, seier Ingvill Tronrud. Båten som har atskilleg betre fasilitetar enn den gamle, med både toalett og varme, er også utstyrt med heis med tanke på rullestolbrukarar. No er eigarane mest spente på kor raskt dei kan få båten på Lovatnet.

1. mai har vi inne ei bestilling. Eg må innrømme eg er litt spent på om isen er vekke innan då, men vi får krysse alt vi har og håpe det beste, smiler Tronrud, som gledar seg stort til den store flyttesjauen er over og båten er i drift.


Den tidlegare kanalbåten veg 30 tonn og vil kreve to kranbilar og spesialtansport i samband med flyttinga til Lovatnet


Ingvild Tronrud gledar seg til å sjå Kjenndal II i bruk.

Til dokumentstart

6. Bergit
Er hun Seljes kvinnelige svar på "Snåsamannen" ?

Publisert i Hjemmet. nr 18, 8. april 2013.

Tekst: Nina M. Rambøl (nina.rambol@egmonthm.no)
Foto: Jørn Grønlund og private bilder

Bergit Loen Hatlenes liker det ikke, men like fullt blir hun ofte omtalt som det kvinnelige motsvaret til Snåsamannen, den gamle healerhøvdingen i Nord-Trøndelag som har vunnet respekt blant så mange. Bergit vil ikke bli sammenlignet med noen, aller minst «Snåsa-mannen». Ikke desto mindre ei det en kjensgjerning at hun gjennom årene har healet hundrevis av mennesker. Det er mange som mener at Bergit hat hiulpet dem til et bedre liv.

-Jeg er den jeg er født til å være, sier hun.

Til vanlig sitter latteren løst hos den vitale 83-åringen. Selv om hun utfører en gåtefull gjerning, er det ikke noe vagt eller hemmelighetsfullt ved henne. Blikket under den hvite luggen er skarpt og direkte. Ordene triller ut kjappere enn fra en munnrapp tenåring. Tankesprangene gjør byks som en vestlandsk fjellgeit, og med jevne mellomrom glimter det til i en vilje av stål. At denne damen besitter mer kraft og krefter enn folk flest, virker ikke usannsynlig. Bergit er kjent for å være både synsk og ha healende krefter.

De to tingene henger ikke automatisk sammen, understreker hun. - Ofte går det i arv. Synskheten har jeg fra mors familie og healerevnene fra farssiden. Det er mye humbug i min bransje. For eksempel har jeg ingen tro på at healing kan læres på kurs, det må være medfødt. Heller ikke har jeg mye respekt for healere som sier at de ikke forlanger penger, men at folk «kan gi dem noe hvis de ønsker». Maken til tåkeprat! Selv ser jeg på meg selv som en behandler, og som sådan tar jeg honorar, ferdig med det.

Bergiss foreldre skjønte tidlig at hun hadde sjeldne evner, men prøvde å dysse det ned.

-Da jeg var cirka ett år gammel, jeg hadde så vidt lært å gå, kom en gammel tante på besøk. «Der er min etterkommer,» sa hun idet jeg kom stabbende inn. «Det sier du ikke et ord om!» sa far.

Som barn på gården i Loen så Bergit syner av hendelser som lå frem i tid. Hun kunne fornemme når folk i bygda skulle dø og var i stand til å finne bortkomne gjenstander. «Let bak låven», sa hun. «Se i den øverste skuffen». Ikke sjelden fikk hun rett, men familien ville ikke ha noe oppstuss rundt det. Selv om veslejenta mange ganger følte trang til å legge hendene sine på folk som hadde smerter, gjorde hun det ikke. Noe i henne holdt det tilbake. Spesielt bestemoren, som var en ivrig kirkegjenger, mente at det stred mot kristen tor.

Jeg tror de gjorde klikt i å overse disse tingene. Jeg var for liten til å forstå rekkevidden av evnene mine, og slapp belastningen av å få oppmerksomhet rundt dem. Det hendte jeg kunne bli skremt av disse synene mine, men jeg følte meg aldri annerledes, jeg trodde alle så det jeg så.

Da Bergit var fire år, fikk moren tuberkulose. Etter å ha vært inn og ut av sanatorier i to år ble hun erklært frisk og sendt hjem. De voksne var glade og lettet, men selv følte jeg at mor kom til å dø fra oss. Tre uker etter hjemkomsten døde hun mens hun sov. Dagen etter viste hun seg for meg på låvebroen. Jeg så henne i en hvit kjole og hørte stemmen hennes inni meg. Hun sa at hun hadde det godt og at jeg ikke skulle sørge. En dag skulle vi møtes igjen, men først måtte jeg leve en god stund. "Jeg er med deg bestandig", sa hun.

Den onde stemoren

Bestemoren trådte nå inn i mammarollen. Hun tok seg godt av jentene, lærte Bergit å sy og innprentet henne at hun måtte lese Fadervår hver kveld. Savnet etter moren var sårt, men Bergit holdt det for seg selv.

Når jeg var lei meg, kjente jeg nærværet til mor, særlig hvis jeg var ute i naturen, og spesielt oppe på fjellet. Slik er det fortsatt. Naturen er min «kirke" Det er der jeg merker samhørigheten med mor og dette «noe» som er større enn oss selv. Jeg vet ikke hva det er som venter oss, jeg kan ikke se det, men jeg har bevart barnetroen, og jeg ber Fadervår hver kveld, slik jeg lovet bestemor. I kirken føler jeg ikke noe nærvær av Gud, der får jeg bare hodepine.

Tre år etter morens død, døde bestemoren. Nok en gang mistet to småjenter fotfestet. Et par år senere giftet faren seg på ny. Bergit var 11 år da den nye stemoren, et troll av en kjerring,kom til gårds. At unger måtte hjelpe ti gårdsarbeidet i gamle dager var ikke uvanlig, men når det gjaldt Bergit og søsteren, drev stemoren regelrett rovdrift på dem. Lillesøsteren tok igjen med henne, mens Bergit tidde for husfredens skyld. Selv om hun på mange måter var et forsømt barn, var hun også en livlig jente med stor fantasi. Drømmen var å bli sangerinne. På skolen sang hun høyest av alle, men kanskje ikke nett rent.

Skolelæreren ba meg ta det litt forsiktig i sangtimene, så da bestemte jeg meg for å øve i fjøset i stedet. Jeg stilte meg i et hjørne og stemte i for full hals, og tenk: Da sluttet kuene å spise, de sto bom stille. «Dette går veien!» tenkte jeg og ga på enda litt til. «Nå får du gi deg», sa far til slutt, «ellers får jeg ikke melken ut av kuene». Så der sluttet min sangkarriere.

Bergit og søsteren forlot barndomshjemmet så snart de kunne etter at de var blitt konfirmert. Palma tok jobb som tjenestejente og Bergit flyttet til en tante, der hun hjalp til på gården. Senere begynte hun på en skjortefabrikk i Selje

De overnaturlige evnene holdt hun for seg selv til langt opp i voksen alder. Som 19-åring traff hun den kjekke snekkeren Anders Hatlenes, og ikke lenge etterpå var de gift. Anders ville ikke høre snakk om hverken klarsynthet eller helbredende hender. Han trodde bare på det han kunne se og ta på.

Jeg syntes ikke det gjorde så mye. Vi hadde mer enn nok med å etablere oss i voksenlivet.

De første 20 årene av Bergits ekteskap ble en omflakkende tilværelse. Anders måtte reise dit byggeoppdragene fantes. Med etter hvert fire munner å mette flyttet familien fra sted til sted. Tidvis måtte de nøye seg med et liv i campingvogn. En periode bodde de i Danmark, senere fulgte noen år på Karmøy, før de omsider landet på gården til Anders i Selje. GjennoM årene hadde det sakte og sikkert gått opp for Anders at det nok var noe med disse evnene til kona. Når hun la hendene på de vonde skuldrene hans, forsvant smertene. Når han fulgte hennes råd, viste det seg å være riktig. Etter hvert ble han hennes mest overbeviste tilhenger.

Oppblomstringen av New Age-bevegelsen på 1980- og 1990-tallet medførte et voldsomt fokus på klarsynte og healere. Alternativmessene florerte og enhver sydde sammen sin egen tro og livsanskuelse. Bergit har aldri latt seg drive med av noen New Age-bølge, til det har hun hatt for mye å gjøre med livet her på jorden; gårdsdrift, mann og barn. I motsetning til Snåsa-mannen, så hevder hun ikke at hun har fått sine evner fra Gud. Hun knytter dem til naturen, og foretrekker å sammenligne virksomheten sin med indianske og samiske sjamantradisjoner. En viktig inspirasjonskilde for henne har vært den samiske sjamanen Mikkel Gaup.

Han hadde nærmest magiske krefter og var i stand til å visualisere seg på steder der han egentlig ikke var. Jeg hadde et lærerikt og godt forhold til ham, og selv om han er død, kommuniserer vi fortsatt.

Forpliktet til å hjelpe

Først i godt voksen alder, etter å ha drevet gardinutsalg i nærmere 30 år, gjorde Bergit alvor av å praktisere evnene sine for fullt.

Med slike evner følger det en viss forpliktelse til å hjelpe folk, mener hun. Anders satte opp et behandlingsbygg til henne på gården, og der har hun mottatt utallige pasienter i årenes løp. Bergit har for lengst mistet tellingen, men mener det er snakk om et tresifret tall.

Mange er blitt helbredet, mange er blitt bedre og noen har jeg ikke kunnet hjelpe. Jeg garanterer ingen ting, bare at jeg skal gjøre mitt beste.

Bergit har også behandlet pasienter gjennom Hjemmets «Healerhjelpen», en artikkelserie som gikk i her i bladet for noen år siden. Der fikk leserne tilbud om behandling av Bergit på gården i Selje, og også der var resultatene overveiende posi-tive. Mange ble helt bra, andre betraktelig mye bedre.

Selv sliter Bergit med vonde knær.-Knebrusken er helt ut-slitt. Jeg tror noe av grunnen er alt slitet jeg måtte igjennom i barndommen, som å løpe opp og ned fra stølen med tunge melkespann. Jeg healer meg selv og klarer å knekke smertene, men brusken kan jeg ikke få til å vokse ut igjen. Jeg er ingen mirakelkvinne heller.

I behandlingssituasjonen åpner pasientene ofte opp for andre plager enn de rent fysiske som de er kommet for. Mang en betroelse har blitt Bergit til del, og mange er de som har fått oppleve at Bergits jordnære råd har bidratt til å få hverdagen deres på skinner igjen.

Det har med livserfaring og intuisjon å gjøre, ikke noe overnaturlig med det, sier Bergit. -Den smerten jeg selv har opplevd her i livet, gjør at jeg gjenkjenner den i andre og ka gi råd ut fra det.

Da boken om Bergits liv, skulle skrives, var det kanskje ingen tilfeldighet at det ble for fatter, journalist og sangerinne Anne-Karine Strøm som fikk oppdraget. Bergit synes den gir et godt bilde av hennes liv og virke og ikke minst liker hun at forfatteren kan synge.

Ja, tenk om jeg hadde kunnet synge som Anne-Karine sier hun med et muntert blik under hvitluggen. -Da hadde jeg gladelig byttet bort både klarsynthet og healerevner.


MORLØSE BARN. Da Bergit var seks år, døde moren. Tilbake satt faren med Bergit, til venstre og lillesøsteren Palma på tre år.


INGEN LYKKELIG FAMILIE: Bakerst fra venstre, Palma og Bergit. I midten, stemoren og faren. Foran, de to halvbrødrene til Bergit. På sine gamle dager, mens hun var på gamlehjemmet, ba stemoren Bergit om tilgivelse for at hun hadde vært så slem mot henne. Jeg sa det var greit, men jeg glemmer ikke.


Mange sammenligner Bergit med Snåsamannen, men selv øsnekr hun ikke å bli sammenlignet med ham.

Til dokumentstart

7. Asgeir og Sigrun
Over 50 år med grøne fingar

Publisert i Fjordingen 26.april 2013.

Av Inge Fænn (nordfj@fjt.no, 57 84 90 00)

Det spirer og gror i drivhusa ved foten av Skåla i Loen også iar. Etter over femti år med grøne fingrar greier ikkje pensjonistane Sigrun og Asgeir Loen å å seie nei til ein ny sesong.

Har vi att for utgiftene er vi nøgde. Arbeidsgleda er det viktigaste. Vi kan ikkje måle alt i pengar, seier Sigrun Loen og byr på kaffi og lefse av eigen produksjon.

Ho og mannen Asgeir har drive gartneri i meir enn femti år.

Gong etter gong har vi fortalt kundane våre at no er det siste sesongen, men det vil ikkje sleppe taket, ler Sigrunn og tek oss med inn i drivhuset der grøne vekstar spirer i kassene.

Vi kom litt seint i gong i år. Det vart februar, men det gjer ingen ting når det blir sein vår, seier ho og nikkar mot ektemannen.

Tok ansvar heime

Det var Asgeir som starta. Utdanna gartnar, og tilbod om jobb som styrar av planteskulen på Høvik ved Oslo då dei tok valet om å bli i Loen.

Det var ansvaret for gamle foreldre, og så er han utruleg heimkjær, seier kona. Ho legg til at dei har aldri angra på valet dei gjorde i 1959, sjølv om det førte til mykje arbeid.Første åra var det både gulrøter, kål og blomkål på leigd jord, men siste tjue åra har det vore berre gartneri på den to måls store tomta ved heimen dei bygde.

Blomane viktigast

Det er kjekt å arbeide, seier dei og forsikrar at det er ikkje lurt å setje seg med hendene i fanget når ein når pensjonsalderen.

Asgeir har køyrt blomsterbil kring heile fjorden og selt poteter og gulrøter på torget i Måløy, men det er blomane som har vore det viktigaste.

Han har ikkje svar på kvifor han vart gartnar, men kona meiner å vite årsaka. Mor til Asgeir var glad i blomar. Ein gong kom em journalist frå Alle Kvinner gjennom tunet. Ho ville vite namn på blomane som stod så vakre i solskinnet.

Loens smil

Besta kom ikkje på namnet, men ho var snartenkt. «Dei heiter Loens smil», sa ho, og det vart dei heitande, fortel Sigrun. Og Loens smil har det blitt mykje av frå Sigrun og Asgeir si hand. Det skal smilast også i år. Roseproduksjonen er det slutt på, men dei fortel gjerne om den tida dei poda rosetre. Spennande, vakkert. Eit teamarbeid.

Eg var ikkje gartnar, men Asgeir lærde meg opp, seier Sigrun som er den ivrigaste no.

Vi har aldri vore arbeidslause, men det har vore kjekt. Det gleder å sjå at det spirer og gror, seier dei to.

Dei legg til at dei har god hjelp av sonen Lars, men dei vil ikkje rå til at nokon skal ta over. Til det er inntekts-grunnlaget for dårleg, men for pensjonistar er det medisin å sjå at det gror.


Held fram: Ekteparet Sigrun og Asgeir Loen har drive gartneri i meir enn femti år. Gong etter gong har vi fortalt kundane våre at no er det siste sesongen, men det vil ikkje sleppe taket, fortel Sigrun. (Foto: Inge Fænn)

Til dokumentstart

8.Millionluksus i Loen
Hotel Alexandra med nye rom

Publisert i Fjordingen 26.april 2013.

Av Gunhild Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Hotell Alexandra i Loen har har i løpet av siste året teke i bruk åtte nye rom og to suiter, den eine i to etasjar. Prislapp: 32 millionar kroner. – Men denne prisen omfattar meir enn berre romma, understrekar administrerande direktør Richard Grov.

Prosessen har også vore ei fullføring av fasadeendringa og ombygginga som starta i 2008, seier Richard Grov.

Ombygginga har også samanheng med energiøkonomiseringsprogrammet til verksemda, der heile hotellet har gått over til vassboren varme produsert ved fjordvarmeanlegg.

32 millionar

Totalt har om- og utbygginga resultert i åtte store, doble rom, ei juniorsuite og ei storsuite, Skåla-suiten, i to etasjar.

Dette er med og gjer tilbodet meir komplett. Vi har no 200 rom på hotellet, fordelt på sju ulike kategoriar, seier Richard Grov.

Samla sum for prosjektet er på 32 millionar kroner.

Det blir høg kvadratmeterpris for nye rom?

Prisen er høg, men med denne investeringa har vi også fått ferdiggjering av fasaden både mot aust og nord, vi har fått heilt ny husøkonomavdeling og mange kvadratemeter korridor og veranda langs heile fasaden. Vi har også fått stort, nytt teknisk rom i 7. etasje, heilt nytt luftbehandlingssystem for denne etasjen og utskifting av eldre anlegg for andre deler av huset, seier Richard Grov.

Fjellmotiv

Både rom og korridorar er utsmykka med måleri med fjellmotiv, signert kunstnaren Olav Harald Ulstein frå Sykkylven.

Dette er stemningsbilete frå fjellet, inspirerte frå både Sunnmøre og Nordfjord, både indre og ytre. Vi er stolte av at heile etasjen har hans signatur, seier Richard Grov.

Romma har fått norsk, moderne og tidlaust design, seier han.

Fargane er henta frå naturen rundt oss, og som element i rommiljøet er det nytta stein og tre.I dei doble romma er det svært høgt under taket, godt over fire meter.

Vi ønska å behalde det luftige preget. Samstundes er det vanskeleg å gjere det intimt på den måten. Løysinga vart å dele rommet inn i soner. I inngangsparti er heile høgda nytta, medan senga er bygd inn i parkett. Så kjem avslapsningssona ut mot veranda og luft til slutt, seier Grov.

Lokale leverandørar

Fleire lokale leverandørar har vore inne i biletet, mellom anna Holmøy Trevare, som har laga alt av eikemøbler til dei nye romma, og Escalia som har laga tretrappa i mellom etasjane i Skåla-suiten. Sistnemnde er bygd i nordaustre hjørne. Her var det tidlegare berre eit tak ned på skrå og elles fullt av luftingskanalar.

Det var ein stor jobb å få frigjeve plassen. Men det var kjekt å få det gjort, seier Grov, og viser inn i suiten som har entré med forfriskingsavdeling, gjestetoalett, salong og stor balkong i første etasje og kontoravdeling, badeavdeling, soverom og balkong i andre. Her ligg også løyndomen bak namnet på suiten, i og med at dobbeltsenga vender mot dei store panoramavindauga mot aust:

Når du vaknar i senga her oppe, er fjellet Skåla det første du kastar augene på. Så det namnet gav seg sjølv, seier Richard Grov.


Frå eitt av dei nye romma med naturfargar og norsk preg


Nytt stort teknisk rom er eitt av resultata av ombygginga


Heile etasjen er utsmykka med fjellmåleri signert sykkylvskunstnaren Olav Harald Ulstein. "Nissemøblane" er av italiensk design fortel Grov


Frå inngangspartiet i Skåla-suiten med trappa opp til andre etasje i bakgrunnen

Til dokumentstart

9.Kjenndal II har landa
Frisk satsing på Lovatnet

Publisert i Fjordingen 8.mai 2013.

Av Inge Fænnn (inge.fenn@fjordingen.)

Jan Ove Hogrenning satsar friskt på båtrafikk på Lovatnet. Medan andre kjem frå Holland med tulipanar, kom Jan Ove med eigen båt.Ei investering mellom 3,5 og fire millionar kroner, som går inn i konseptet med Kjenndalsstova der han og sambuar Ingvild Trorud er partnerar. Båten er venta i trafikk frå laurdag, og sesongen lovar godt.Med ny båt blir det plass for to bussgrupper samstundes. I godver kan passasjerane sole seg på taket. I dårleg ver sit dei lunt og godt bak glasvegger.


Jan Ove Hogrenning kan gle seg over at Kjenndal II er komen på vatnet (Foto: Inge Fænn)

Måndag landa «Den flygande hollender» på Lovatnet, og laurdag er han vonleg klar for passasjertrafikk. Turen frå Amsterdam til Lovatnet via lastebåt til Bergen og lastebil frå sjø til ferskvatn, har gått skadefritt. No er det monteringsarbeid og avsluttande skipskontroll som står igjen.

Eg har satsa mellom 3,5 og fire millionar på båtprosjektet, fortel Jan Ove Hogrenning medan fagfolk fester stroppene og kranen løfter båten frå sjø til lasteplan. Kjenndal II og båttrafikken går inn i konseptet Kjenndalsstova der Jan Ove og samboar Ingvild Trorud er partnerar. Kjenndalsstova ei klargjort for nitti sitjeplassar slik at båten og kafeen kan ta to busslaster samstundes, og sesongen lovar godt.Den nye båten med hundre sitjeplassar der 70 kan ta plass i friluft når sola skin over Lovatnet, er ein velkjend båttype for turistar som har vore på kanaltur i Amsterdam, København eller på Rhinen for å nemne nokre av tilboda ute i Europa. At det kjem eit liknande tilbod på Lovatnet blir møtt med stor interesse.

Vanskeleg transport

Dei fleste som kjem frå Amsterdam kjem med tulipanar i handa, men eg kom med båt, smilte den nye skipsreiaren på Lovatnet medan kranfolka gjorde klart for å lyfte båten frå sjøen til lasteplanet. Eigaren fylgde spent med hivet saman med Birger Holmestrand, pensjonist frå Fjord 1, som har gått med båten frå Bergen til Loen. Han skal vere kaptein på Lovatnet også i sommar. Det blir den 6. i rekka

Det gjekk greitt å lyfte båten frå sjø til bil. Andre etappen inn på fylkesveg 60 ved Hotel Alexandra, var den vanskelegaste. Dei måtte skrue bort kassene under lasteplanet for å få klaring mot vegbana, men det gjekk. Trangt også i krysset ved hotellet. Derifrå gjekk det sakte, men sikkert mot Lovatnet. Folk fylgde med i bil, til fots og på sykkel trass i pøsande regnver. Hendinga skulle festast for ettertida med fotoapparat og videokamera.

Etter vel seks timar kunne eigar og kaptein gå ombord etter at båten var plassert trygt i siste restane av issørpe på Lovatnet.

Hektiske dagar

Det blir hektiske dagar framover for å få siste brikkene på plass. Skipskontrollen skal på plass, men det bør ikkje by på store problem. Båten er nesten ny. I dårleg ver kan alle sitje under tak i oppvarma rom, men når sola tittar fram kan mange få plass på taket der det er montert rekkverk og stolar.

Søndag gjekk det fonn langt ut på vatnet, men dei som er lokalkjende seier at det er ingen fare. Ei fonn i fjellsida som lager isroser på vatnet, er berre ekstra krydder i naturopplevinga for turistane.

No i mai blir det meir sporadisk båtopplegg etter kvart som cruisetrafikken melder interesse, men 3. juni opnar Kjenndalsstova. Etterkvart kjem det køyreplan for billetturar i helgane.

Birger Holmestrand fortel at båten er stabil og god. Han stikk heller ikkje djupt i vatnet når dei skal gjennom sundet ved Nesdal.

Det er utvikla eit spennande konsept med Kjenndal II og Kjenndalsstova som grunnpilar, og Ingvild Trorud lovar kortreisa mat. Hjort og kje er hovudinngrediensar i menyen, og for cruisepassasjerane er det vafler i store mengder som skal til.


Turen for Kjenndal II har starta i stroppene på krana (Foto: Inge Fænn)


Det var vanskeleg å få bil og båt inn på fylkesveg 60 (Foto: Inge Fænn)


Folk samla seg ved Lokyrkja for å fotografere (Foto: Inge Fænn)


På veg til Lodalen (Foto: Inge Fænn)


Trangt i svingen for Kjenndal II (Foto: Inge Fænn)


Kjenndal II i fritt svev mot Lovatnet (Foto: Inge Fænn)

Til dokumentstart

10.Folkebad i Loen 1958

Publisert i Fjordingen 8.mai 2013 (for 55 år sidan).

Ved Inge Fænn

I tre rom av kjellaren i Loen skule er det i vår laga ferdig eit folkebad for Loen. Det inneheld dampbad, dusjer og seinare skal det også kome karbad. Badeforbundet har ytt tusen kroner til badet, og Loen Bondekvinnelag har gjev ein liknande sum. Til kommunestyremøtet fredag var det kome søknad om ei løyving på 2.000 kroner. Dette vart samrøystes vedteke slik at ein slepp å ta opp lån. Vi kan elles opplyse at folkebadet alt er teke i bruk.

PS. Audun hugsar dette fordi han i ein kort periode hadde tilsyn med ovnen som varma opp dampbadet og vaska romma etter bruk

Til dokumentstart

11. Den store cruisedagen

«Fjordingen 24.mai 2013.

Onsdag 22. mai skulle bli den store cruisedagen. To gigantiske cruiseskip med i alt ca. 7.000 passasjerar fylte Oldebukta.

Medan Independence of the Seas på heile 160.000 bruttotonn og 339 meter langt, la seg til kai, vart Queen Elizabeth liggende på tender midt i bukta. Eit staseleg syn! 2.300 cruiseturister reiste på utflukter der Briksdalen, Kjenndalen, Panoramavegen og nasjonalparksenterer var dei mest populære turmåla.


Queen Elizabeth, til venstre og Independence of the Seas i Oldebukta. (Foto: Ove Sveen)

Andre dag på Lovatnet

Ved Lovatnet skulle Jan Ove Hogrenning og skipper Birger Nordstrand ha tre turar med passasjerar til Kjenndalen med nyinnkjøpte Kjenndal II, to av turane frå Queen Elizabeth.

Vi hadde tre turar også tysdag. Faktisk dei første for året. Isen har lege lenge på vatnet. Båten er tipp topp med plass for 102 passasjerar. Utruleg robust med 6,5 millimeter tjukke stålplater og berre 35 centimeter mellom skotta, seier Hogrenning før båten tek ut med kurs for Kjenndalsstova. Der venta vaffelbufe, kaffi og te. Skipperen med mange års fartstid som ferjeskipper og førar av lastebåtar på Nordfjorden rosar farkosten. I kanalbåten reknar dei med å ha turistbåt i fleire tiår.


Passasjerane tek plass på Kjenndal II


Jan Ove Hogrenning og skipper Birger Holmestrand hadde sin andre dag med Kjenndal II på Lovatnet onsdag

Anne Raftevold og Jens Hogrenning er klare for å guide på utflukt.

Til dokumentstart

12. Asylmotak i Loen

I mai 2013 vart det kjent at det kunne bli asylmottak i Loen. Vanlegvis vert det her teke med avisartiklar berre om ting som er realisert. Det er likvel valt å ta med nokre avisoppslag frå denne tidlege fasen (juni 2013) som bakbgrunn i tilfelle planane skulle bli realisert. Det enda imidlertid med at Nordfjord kjøtt og Hotel Aleksandra kjøpte Loen hotel, sjå avsioppslag 17.juni. Nordk Folkehjelp droppa planane om asylmottak no, men bryt ikkej banda med Stryn kommune(Alo)

Etter informasjonsmøte i Innvik

«Fjordingen 5.juni 2013.

Av Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Norsk Folkehjelp har inne søknad om desentralisert statleg asylmottak i Stryn kommune. I første omgang er det snakk om ca 60 bebuarar på Loen Hotel, ca 75 på Langvin og 20 i Urda-huset i Innvik sentrum. Der ligg også inne opsjon på ytterlegare 60 plassar.

Dersom anbodskonkurransen viser at mottak i Loen og Stryn kjem best ut på økonomi og kvalitet, vil vi starte busetjing 1. august 2013, opplyste Sissel Mehammer i UDI Region Vest på folkemøtet i Innvik.

Heile prosessen er forhasta og udemokratisk, hevda stryneordførar Sven Flo. Tilbakemeldinga frå dei 150 frammøtte var eintydig: Så små lokalsamfunn maktar ikkje å ta imot så mange asylsøkjarar.

Under møtet som pågjekk i nærare tre timar, vart det også uttalt sterk misnøye med at det er folk utan bustad i Loen og Innvik som vil leige ut sine bygg til asylmottak.

Her er det berre økonomisk gevinst som tel, vart det sagt.

Alle som leiger ut hus, ønskjer å tene pengar. Så det må vere heilt legitimt, svara Bendix Jørgensen i Norsk Folkehjelp.

Kommunen sett på sidelinja

Ordførar Sven Flo mislikar sterkt at Stryn kommune er sett på sidelinja når det gjeld etablering av statleg asylmottak. Vi har mulegheit til å uttale oss, men ingen styringsrett, slo han fast.

Sissel Mehammer i UDI gjorde det klart at korkje Stryn kommune eller bygdefolket kan stoppa planane dersom anbodsrunden endaropp med at busetjing i Loen og Innvik kjem betre ut enn søknadene i Årdal og Voss.

Det er enno ikkje avgjort om planane i Stryn kommune blir realiserte. Det får vi vite når anbodsrunden vert avslutta i slutten av denne månaden, opplyste Mehammer.

508 underskrifter i Loen

Saka har skapt stort engasjement. Sterkaste protestane kjem frå Loen.For omdømmet til turistbygda Loen vil eit asylmottak vere svært uheldig, hevda Wenche Flølo. Kari Samuelsen Nesdal synte til at bygda frå før har ein høg prosent arbeidsinnvandrer, og at det er prekær mangel på husvære. Sissel Tenden fortalde at det i løpet av to dagar var samla inn 508 underskrifter frå loarar som går imot planane om asylmotak på Loen Hotel. Mellom dei som har signert lista, er også arbeidsinnvandrarar.


Loen Hotel. Her kan det kome ca 60 asylsøkjarar


Wenche Flølo var ein fleire loarar som argumenterte mot asylmottak i ei bygd som frå før har svært mange innvandrar. Vår motvilje skuldast ikkje framandfrykt og manglande vilje til å hjelpe folk i naud, understreka ho.

Maks 30 plassar i Innvik

Det er greit med asylmottak i Innvik, men det må vere uraks 30 plassar, poengterte leiaren av Innvik Utviklingslag, Lars Åge Hilde.

Fleire andre innvikarar som tok ordet, gjorde det klart at ein folketalsvekst på 15 prosent ikkje kan aksepterast.

Bendix Jørgensen forstod at folk stilte spørsmål ved å ta imot så mange asylsøkjarar, men meinte at det er liten grunn til å bekymre seg.

Dette er heilt vanlege mennske som gjer lite av seg. God dialog med lokalmilljøet er sukessfaktor nummer ein, understreka han og hevda at det ikkje er meir kriminalitet mellom asylsøkjarar enn hos andre.

Dette vart imøtegått av Aslak Lefdal. Han las opp ein fersk artikkel i VG der det gjekk fram at kriminelle brukar assylmottak som hotell. Slike opplysningar må takast på alvor, poengterte Lakken.

Gode erfaringar i Jølster

Grete Apalseth som leiar asylmottaket i Jølster, fortalde om gode erfaringar etter tre års drift. Det kom same bekymringer før vi starta opp. Men asylmottaket er blitt veldig godt moteke. Vi har 96 bebuarar og det kjem ikkje ei einaste klage, opplyste ho.

Bendix Jørgensen synte til at asylmottak skaper arbeidsplassar, gjev skatteinntekter og tilfører inntekter til lokalt-næringsliv. I tillegg kjem den sosiale biten med vennskap og auka aktivitet.Asylmottak gjev lokalsamfunna ny energi. Ingen ønskjer at dei blir lagt ned, sa Jørgensen.

Altfor raskt

Denne prosessen har gått altfor raskt. Som ordførar er eg ikkje tilfreds med at asylmottak kan bli oppretta allereie 1. august. Med så kort frist kan ikkje kommunen takle dei utfordringane som ei slik etablering medfører, argumenterte ordførar Sven Flo.

Vi tek med oss det som har blitt sagt på møtet, men det er eit faktum at vi gjennom anbodskonkurransen er pålagt å opprette asylmottak. I slutten av juni blir det avgjort om det skal skje i Stryn kommune, avslutta Sissel Mehammer.

6,5 årsverk

Dersom anbodsrunden endar opp med at det vert oppretta desentralisert statleg asylmottak i Loen og Innvik, vil busetjinga starte 1. august.

Eit mottak i Stryn vil få 6,5 årsverk med bemanning på dagtid. Det blir stilling som mottaksleier, informasjonsansvarleg, barnefagleg ansvarleg, leiar for busetjingsarbeidet, aktivitetsleier, økonomi-ansvarleg og vaktmester, fortalde Bendix Jørgensen.

Det skisserte mottaket vil gje Stryn kommune årleg kompensasjon på 462.700 kroner. I tillegg kjem 4.955 kroner per mottaksplass. Det er også ønskje at kommunen gjev barnehageplass til 4-5 åringer. Her er tilskotet 10.425 kroner per barn per månad.

Massivt nei til asylmottak

«Fjordingen 7.juni 2013.

3 artiklar med tekst og bilde ved Harald Vartdal (harald.vartdal@fjordingen.no)

Går sterkt not asylmottak i Loen


Geir Egil Roksvåg (tv.) og Richard Grov meiner deira bedrifter og bygda Loen har meir enn nok med å ta hand om innvandrarar som allereie bur og arbeider i bygda.

NK-direktØr Geir Egil Roksvåg og hotelidirektør Richard Grov som representerer bedrifter med omsetning på 2,8 milliardar kroner og 450-600 tilsette, går sterkt imot etablering av asylmottak i Loen.Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra er leiande bedrifter i sine bransjar. Begge har stort innslag av utanlandsk arbeidskraft.

Vi er som næringsdrivande positive til arbeidsinnvandring. Dette har vi synt ved våre handlingar. Vi er også positive til å leggje til rette for personar som må søkje asyl av ulike årsaker. Men vi veit at dersom alle partar som må involverast i slike prosessar skal bli nøgde, så må det setjast inn ekstra ressursar. Og dei finst ikkje i Loen per i dag, understrekar Richard Grov, administrerande direktør på Hotel Alexandra og Geir Egil Roksvåg, direktør på Nordfjord Kjøtt.

Over 200 arbeids-innvandrarar i Loen

Stryn kommune har sidan 2003 sysselsett 590 innvandrarar.

I løpet av dei fire siste åra har talet auka med 220. Over 200 av arbeidsinnvandrarane er busette i Loen. Å få eit asylmos. tak med 60 bebuarar, vil medføre at det utanlandske innslaget aukar til nærare 40 prosent. Det maktar vi ikkje å takle, seier Grov og Roksvåg.

De viser til mangel på ressursar. Er det reelt?

Ja, i høgste grad. Som næringsutøvarar i Loen har vi per i dag ikkje ressursar til å vere med på tilrettelegging for dei omtala asylsøkjarane. Vi må prioritere dei innvandrarane som bedriftene våre allereie har teke ansvar for. På denne bakgrunn er vi sterkt imot at det vert etablert asylmottak i Loen.

Følgjer plikter med

Asylmottak er eit statleg ansvar. Kvifor då så skeptiske?

Her kan vi vise til UDI si heimeside. Der står at sjølv om staten har ansvaret, så vil eit mottak medføre plikter på denenkelte kommune og at innbyggjarane vert berørt av å ha eit mottak i nærmiljøet. Det betyr med andre ord at eit mottak vil krevje endå meir av innbyggjarane og oss som næringsdrivande. Det ansvaret maktar vi ikkje. Difor må saka om etablering av asylmottak skrinleggjast, sluttar Richard Grov og Geir Egil Roksvåg.

Vil medføre nedlegging av Lo-Vik Camping


Campingplasseigar Kjell Loen vil ikkje ha asylmottak som nabo.

80 prosent av Lo-Vik Camping sine 100 festliggarar har gjeve melding om at dei flyttar dersom det blir etablert asylmottak på Loen Hotel.

Med ein slik reduksjon ser eg ingen anna utveg enn å leggje ned Lo-Vik Camping. Det vil også påføre meg store økonomiske vanskar dersom eg misser inntekter til å betale lånegjelda som fylgje av store investeringar, seier Kjell Loen til Fjordingen.

Er det ikkje å overdrive når du påstår at så mange vil forlate Lo-Vik Camping?

Nei, så godt som alle eg har snakka med, gjer det klart at dei ikkje vil ha asylmottak som nabo.

I følgje UDI er det ingen grunn til slike bekymringer?

Eg høyrer kva dei uttalar. Men situasjonen er nok ikkje så positiv. Gjennom media får vi stadig høyre om problem knytta til slike mottak. Eg kjenner sjølv to som dreiv asylmottak. Den eine av dei avvikla drifta på grunn av bråk og uro, fortel Kjell Loen.

Store investeringar

Lo-Vik Camping vart etablert i 1959. Kjell Loen er tredje generasjon som driv plassen som i dag har 100 fastliggarar og areal til 100 turistar som droppar innom. Etter at eg overtok har vi hatt ei fin utvikling og auka mengde turistar kvart år. Det er investert ca 7 millionar kroner, og planen er å investere like mykje innan få år. Lo-Vik er ein av dei størs te campingplassane på Vestlandet. Eg har per i dag alt for lite areal til camping, då etterspurnaden etter fast plass for campingvogn er stor, opplyser Kjell Loen.

80 prosent vil flytte

Kjell Loen har varsla Stryn kommune om konsekvensane av eit asylmottak på Loen Hotel. På grunn av rykta som går, har fleire fastliggarar sagt opp plassane sine med augeblikkeleg verknad og reist frå Stryn kommune. 80 prosent av gjestene som eg har snakka med, seier at dei vil flytte dersom det kjem flyktningmottak som nabo. Mange av dei har vore her i over 40 år og har born som også er etablerte med eiga vogn. Dei kundane vi misser kjem aldri tilbake, slår Kjell Loen fast.

Allereie overbefolka

Eigaren av Lo-Vik Camping meiner det er feil å plassere 60 asylsøkjarar i ei lita bygd som Loen.

Her er allereie overbefolka med ca 200 utanlandske innflyttarar. Vidare har Loen Hotel eit alt for lite uteareal. Eg er redd for at Lo-Vik Camping må halde areal til desse, avsluttar Kjell Loen.

Loen Hotel ikkje selt

Jan Egil Flo tilbakeviser at han har leigt ut Loen Hotel til asylmottak.

Hotellet er heller ikkje selt, seier han til Fjordingen. Korleis har Loen Hotel blitt aktuell stad for asylmottak?

Sidan november 2012 har eg prøvd å selje hotellet. Tidlegare i år kom ein sunnfjording og var interessert i å kjøpe bygget. Han gav uttrykk for at det var aktuelt å byggje om til leilegheiter. Ettersom hotellet ikkje var selt, sa eg ok. Vi inngjekk så intensjonsavtale med frist til midten av juni.

Du visste ikkje at hotellet var tiltenkt som asylmottak?

Nei, overhode ikkje.

Kva skjer dersom den aktuelle kjøparen ikkje innfrir intensjonsavtalen?

Då blir det ikkje noko av salet, og med meg som eigar blir det heller ikkje aktuelt å tilby hotellet som asylmottak, fastslår Jan Egil Flo.

Til dokumentstart

13. Sande Camping utvida i 1988

«Fjordingen 14.juni 2013 (for 25 år sidan - 1988).

Ved Inge Fænn

Sande Camping ved Svanhild og Sivert Sande i Lodalen tok i bruk nybygget før pinse, og har noe eit større tilbod til gjestene enn tidlegare. Nybygget som inneheld både kafeteria, butikk og fire ferie-leilegheiter har ei grunnflate på over 200 kvm. Sesongen ser ut til å bli bra. Både for juli og deler av august er det fullt belegg i dei tolv hyttene og leilegheitene, fortel Sivert Sande. Det er lagt til rette for pensjon for dei gjestene som ynskjer det.

Til dokumentstart

14.Byggjer om Loen Hotel til husvære for tilsette

«Fjordingen 17.juni 2013.

Av Harald Vartdal (harald.vartda@fjordingen.no)

Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra har kjøpt Loen Hotel.

Opplysninga om at Loen Hotel hadde fått nye eigarar, kom fram under kommunestyremøtet torsdag. I debatten som galdt fråsegn til Norsk Folkehjelp sine planar om å etablere desentralisert asylmottak i Stryn kommune, gjorde Richard Grov det klart at Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra hadde kjøpt hotellet der det var planlagt busetjing av 60 asylsøkjarar.

Loen har stor mangel på bustader. Hotellet vil bli bygt om til bustader for tilsette på Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra, fortalde Richard Grov.

Når blei handelen gjennomført?

Kontrakta vart signert torsdag klokka 14.35. Vi har gjort ein rein handel utan bindingar.I staden for asylmottak vil Loen Hotel bli bygt om til leilegheiter for tilsette ved dei to bedriftene, uttalte Grov til Fjordingen.

På spørsmål om pris, synte hotelldirektøren til at dette er sak mellom kjøpar og selgar.


Richard Grov (t.v.) og Geir Egil Roksvåg har kjøpt Loen Hotel.


Loen Hotel skal byggjast om til husvære for tilsette på Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra.

Til dokumentstart

15.Endeleg er Skalatårnet tetta

«Fjordingen 28.juni 2013.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)


Onsdag morgon letta tåka og Skålatårnet sine vakre omgjevnader kom til syne.

Tre år med arbeid på Skålatårnet er avslutta. No står det 122 år gamle tårnet klart til å ta i mot sommargjestene.

Sidan taket blåste av på Skålatårnet i 2003 har det vore problem med lekkasje på hytta. For tre år sidan starta arbeidet med få hytta tett. Då starta og ei innvendig oppussing.

Det har blitt bytt golv, skifta kjøkkeninnreiing og måla fortel Marit Djupvik som er hytteansvarleg i Bergen Turlag. Neste veke dreg Djupvik til Skåla for å vere med på den årlege Nyttedugnaden.

Då skal den siste finpussen takast. Vi skifter på sengane, fyller på proviant og ved, og pyntar opp litt etter byggjearbei det. Eg gler meg veldig til å sjå korleis det har blitt der oppe, seier ho til Fjordingen.

Folksom veke

Mari Ødegård Hermansen frå Hamar var på Skålatårnet tysdag denne veka. Dette var hennar fyrste besøk på den 1848 meter høge toppen.

Det var ei veldig flott og annleis hytte. Det er bra det står ei hytte der oppe, for turen opp dit var veldig tung. Då er det godt å kome inn og få lada batteria, seier ho.

Hermansen var ikkje den einaste som hadde planlagt tur til Skåla den dagen. Ho blei møtt av ei varm hytte og einstor vennegjeng frå Stavanger.

Eg var ganske klissvåt då eg kom til toppen, då var det godt å kome til oppvarma hytte. Heile vegen opp var det tåke, men morgonen etter hadde det heldigvis letta noko så då fekk eg litt utsikt, fortel ho.

Håpar på rekordbesøk

Lekkasjane dei siste åra har slite mykje innvendig på tårnet. Djupvik seier at det derfor var viktig med ei oppgradering.

Det er viktig fordi gjestene då tar betre vare på tårnet når dei er på besøk. Om det ser triveleg ut når ein kjem, forlet ein det mykje oftare i same tilstand, meiner Djupvik. Talet på besøkjande på DNT-hytta har dei siste åra vore varierande. I fjor skreiv 1200 seg inn i boka og i 2011 var det 1900 betalande gjester. No håpar Djupvik at oppussinga vil føre vil ein oppsving i besøkstala.

Vi håpar om lag 2000 besøkjande. Det hadde vore bra!


Skålatårnet har fått ny kjøkkeninnreiing. Mari Ødegård Hermansen var ei av mange besøkjande denne veka, ho syntest det nye kjøkkenet var flott.

Til dokumentstart

16. Mats Solheim i Kalmar i Sverige
Det virka spennande å prøve noko heilt nytt

«Fjordingen 5.juli 2013.

Av Pierre Eklund (redaksjon@fjordingen.no)


Mats og sambuar Ina-Mari Ulvedal trivast godt i Kalmar som er ein av Sverige sine eldste byar. I bakgrunnen Kalmar Slott. (Foto: Pierre Eklund)

Då Mats Solheim si kontrakt med Sogndal gjekk ut hausten 2011, valde han å flytte til den svenske austkysten og halde fram fotballkarrieren i Kalmar FF. Sesongen 2012 gjekk ikkje som Mats hadde tenkt seg, men i år har Loaren slått til i Sverige sin Øvste divisjon.

Når Mats Solheim sine medspelarar skal sjå tilbake på 2013-sesongen om nokre månader, er det nok ikkje først og fremst sesongpremieren borte mot Syrianska dei vil tenkje mest på. Men for Mats betyr akkurat den kampen mykje meir enn berre tre poeng.

Kjærkomen debut

Sidan heile 2012-sesongen vart spolert på grunn av ein korsbandsskade, blei innhoppet mot Syrianska i det 51. minuttet hans debut i Allsvenskan. Fem minuttar etter innhoppet sleit har. seg laus på eit hjørnespark og nikka inn lagets sitt andre mål, og punkterte med det kampen. Mats si feiring av målet etterpå viste kor mykje det betydde for han.

Det var fantastisk å score. Eg hadde venta så lenge på å få gjere min debut i Kalmar og det kom så mange kjensler etter del målet, forklarar Mats når vi treff han ved renessansslottet Kalmar Slott, som er eit velkjend symbol for byen.

Prøve noko heilt nytt

Som Bossmann-spelar (kontraktfri) og med ein flott sesong i Sogndal bak seg, var Mats jakta av fleire klubbar hausten 2011. Til slutt fall valet på Kalmar FF som vann Allsvenskan i 2008.

Det virka spennande å prøve noko heilt nytt. Eg visste ikkje så mykje om den svenske ligaen, men eg visste at Kalmar hadde eit spelesystem som passa meg og at klubben hadde ein ny fin arena.

Støtte i kjærasten

I forsesongen 2012 imponerte Mats både sine nye medspelarar, fans og trenar Nanne Bergstrand. Han såg lovande ut som laget sin høgreback før sesongpremieren mot GIF Sundsvall. Men i ein treningskamp mot Stockholmslaget AIK skada han altså korsbandet og mista heile fjorårssesongen.

Når du kjem til ein ny klubb og ny liga ønskjer du berre å vere klar til den første kampen, så det var veldig trasig å miste heile sesongen. Eg tenkte ikkje så mykje på at eg kunne miste min plass i start-elvaren, men fokuset var å kome tilbake så sterk som muleg. Det var godt å ha kjærasten min her som støtte. Og sidan eg ikkje kunne spele meir den sesongen, kunne eg i fred og ro ta eit steg om gangen, og ikkje stresse. Det var verdt å vente, seier Mats.

Siktar på plass i Europa League

Etter debuten i Allsvenskan mot Syrianska, spelte Mats frå start i 12 av dei 13 påfølgjande kampane. Samstundes har laget fått ein mykje betre start på sesongen samanlikna med 2012. Svensk media har med bakgrunn i spelestil og den låge snittalderen på 22 år, samanlikna klubben med Borussia Dortmund.

Det er vel å ta litt i, men vi er meir produktive i år og har eit betre pasningsspel og betre speleforståing. Vi tapar nesten ikkje og burde no ta sikte på ein plass i Europa League. Eg er framleis ung, men tilhøyrer likevel dei eldre på bana og prøver hjelpe dei yngre ved å prate mykje, seier Mats. Han kjenner seg også veldig bra i kneet.

I forsesongen kjendes det litt merkeleg ut, vanskeleg å forklare, men der var ei mental sperre eg måtte ta meg over, forklarar han.

Mykje likt Tippeligaen

Etter halvtanna år i Sverige og ein halv sesong i Kalmar sin start-elvar, vurderer Mats Allsvenskan og den norske Tippeligaen som ganske like, men at den svenske ligaen har ein meir internasjonal fotball.

I Norge er det meir kamp og lange ballar, her borte er det fokus på å halde ballen på bakken og spele seg ut av situasjonar. I Sogndal spela eg mykje i angrep og på kanten, noko eg har hatt nytte av som høgreback i Kalmar, sidan eg skal følge på framover. Det var lett å kome inn i laget, og eg trivast godt i Kalmar, sjølv om sentrum i byen er ganske lite, seier Mats.

Intellektuell høgreback

Som profesjonell fotballspelar er det mykje fritid mellom treningane og kampane. Men til skilnad frå mange av sine medspelarar eignar ikkje Mats seg til å berre bruke dagane til kafebesøk og TV-spel. Under treningsleiren i La Manga i vår hadde Mats teke med ei bok om apartheid. Dette gjorde at han vart framstilt som ein intellektuell høgreback, etter eit intervju med Sveriges Radio, kanal P4.

Det der vart noko blåst opp. Boka om apartheid var interessant, og eg les gjerne bøker, men ikkje heile tida. I Norge studerte eg økonomi og tanken var å studere vidare heri Kalmar, men dei påstod papira mine ikkje var i orden, noko eg ikkje er einig i. Vi trenar dessutan på dagtid, så eg kan ikkje velje eit studie med mykje obligatorisk oppmøte. Det kunne vore interessant å studere språk, seier Mats.

Svenskane skjønar ikkje norsk

I Kalmar FF er det spelarar frå ulike nasjonar, og i garderoben vert det prata spansk, portugisisk og engelsk, men nesten aldri norsk sjølv om også Jørgen Skjelvik frå Hosle spelar i klubben.

Når Jørgen og eg pratar norsk så skjønar ikkje dei andre kva vi seier og til slutt vart eg lei av å omsetje alt eg sa. Tidlegare forstod eg ikkje kvifor norske handballspelarar prata dansk i dansk TV, men no forsto eg kvifor. Svenskane skjønar ikkje norsk. Vi forstår alt dei seier, men for svenskane er det vansklegare. Det heng kanskje saman med at vi har sett på Ronja Røverdatter og Pippi i vår barndom, ler Mats.

Følgjer med på heimkommunen

Den største ulempa med Kalmar er den geografiske plasseringa. Det tek alt for lang tid å køyre heim til Stryn, og i sør-austlege Sverige er det ingen store flyplassar. Noko som gjer at Mats må reise til Stockholm eller København for å kome seg til Norge. Men sjølv om han ikkje får reist heim til foreldra i Stryn når han har nokre dagar fri, så prøvar han å følgje med på kva som skjer i heimkommunen.

Eg får litt informasjon av foreldra mine, og så følger eg mine gamle lag på internett. Utanom Sogndal følger eg Stryn sine kampar. Eg har dessverre ikkje så god kontroll på Loen lenger, men eg veit at ein av kameratane mine vart kampens beste spelar i ein kamp no i vår, smiler Mats.

Har meir å gi

Han følgjer såklart også med på landslaget sin kvalik til VM i Brasil neste år. I den siste landslagstroppen vart fleire spelarar frå Tippeligaen uttekne, samt Kjetil Wæhler som spelar i Allsvenskan. Mats veit ikkje kor langt unna ein landslagsplass han er, men forteljer at han var nærme å kome med på vinterturneen i Thailand i januar 2012.

Dei valde ein annan til slutt. Eg har vore innom G19- laget og så var eg utteken til ein med U21-landslaget, men Sogndal sin trenar stoppa meg. Å kome med på landslaget hadde vore kjekt, men ikkje noko eg går og tenkjer på. Presterer eg bra her, så opnar det seg mulegheiter. Min draum er å kome så langt eg kan, og eg kjenner at eg har meir å gi, avsluttar fotballspelaren frå Loen.

Kalmar FF sin trenar, Nanne Bergstrand,om Mats Solheim:

Som person er Mats ein gledesspreiar i garderoben. Han har kome sterkt tilbake etter skaden og har gjort det bra på treningar og i kampar. Som spelar har Mats ei god haldning og ein av hans fremste eigenskapar er løpsstyrken som gjer at han kan bidra både offensivt og defensivt.

Til dokumentstart

17. Ny bru i Kjenndalen

«Fjordingen 8.juli 2013.

Av Harald Vartdal (Harald.vartdal@fjordingen.no)


Torgeir Hauge (t. v.) og Rikard Blindheim avslutta arbeidet fredag ettermiddag.

Utvik Bygg brukte to dagar på å byggje ny bru på vegen til Kjenndalen. Laurdag morgon kunne trafikken gå som normalt.

Vi har skifta ut alt treverket på den 13,5 meter lange brua. Ståldragarane var i så god stand at dei framleis kan nyttast, fortalde Torgeir Hauge og Rikard Blindheim då dei fredag kveld var i ferd med å leggje siste hand på verket.Brua som ligg mellom Kjenndalstova og Kjenndalsbreen, vart stengd torsdag 4. juli.

Etter inspeksjon på brua såg vi oss nøydde til å gjere utbetringstiltak før fellesferien, sjølv om ein helst skulle ha venta til sesongslutt. Utvik Bygg har i løpet av to dagar utført arbeidet som inkluderer nytt rekkverk og ei mindre breiddeutviding, opplyser leiar i Kjenndal grunneigarlag, Steinar Nesdal.

Til dokumentstart

18. Hengebru Jølmunna
Byggjer luftig bru over Loen

«Fjordingen 26.juli 2013.

Av Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)


Mellom desse to markerte punkta skal hengebrua over juvet gå.

Onsdag vart utstyr og mannskap frakta til fjells. Torsdag starta arbeidet med den 100 meter lange hengebrua som skal gå over juvet ved Via Ferrata i Loen.

Denne veka kunne Loen Aktiv endeleg sette i gong arbeidet med brua. Ei 110 meter lang og 30- 35 centimeter brei hengebru skal bli det nye høgdepunktet på Via ferrata-ruta.

Tunge helikopterløft

Brua er laga av eit austerriksk firma, det same som laga Via Ferrataen. Firmaet har sendt opp fire mann som dei neste to vekene skal montere brua.

Onsdag vart seks tonn materiale frakta opp med helikopter, og det vart ved hjelp av helikopter spent opp ei arbeidsline over juvet der brua skal gå, kan Erik Brende-fur i Loen Aktiv fortelje.

Arbeidet med brua har kome i gong litt seinare enn planlagt, men no trur eg vi er i rute og at brua vil stå ferdig om to veker, seier Brendefur. Fjordingen har tidlegare skrive at brua skal vere ferdig til 10. august.

Nær naturen

Hotellsjef på Alexandra, Richard Grov var til stades då alt utstyret skulle løftast til fjells på onsdag.

Dette er ein stor happening og eit veldig spennande prosjekt, seier han til Fjordingen. Hotellsjefen trur brua vil få stor merksemd frå hotellgjestene.

Brua vil bli veldig synleg frå hotellet, og interessa for Via Fer-rata er allereie stor. Eg merkar at vi trekkjer til oss ein anna type gjester enn tidlegare. No kjem det fleire som vil ha ein aktiv ferie nærare naturen, seier Grov

Snorklipping

Erik Brendefur og Richard Grov gler seg til å kunne opne brua.

Vi har ikkje turt å setje ein dato enno, sidan vi ikkje har vore 100 prosent sikre på når brua blei ferdig, men no kan vi snart bestemme oss, trur Brendefur.

Då blir det snorklipping, legg Grov til.


Om lag 20 helikopterløft vart utført for å få alt materiale til fjells.

Til dokumentstart

19. Lene Auflem
Likar å vere sin eigen sjef

«Fjordingen 24.juli 2013.

Av Olga Marie Brathaug (olga.marie.brathaugØfjordingen.no)


Gründer Lene Auflem likar å vere sin eigen sjef, det har ho vore i fire år.

Både den nyetablerte griinderen Malin Wagen Lundebrekke, og den meir erfarne gründeren. Lene Auflem likar ikkje at andre bestemmer over seg. Derfor vart dei like godt sin eigen sjef.

Ein gründer er ein person som har tatt initiativ til å starte eit selskap eller ei verksemd, og som svarar for deler av, eller heile den risiko som er involvert i føretaket. I dagens norsk oppfattast gjerne ein grüiinder som ein som etablerer eller startar opp et føretak. Slik er Wikipedia sin definisjon av ordet "grinder".

Ein gründer må vere arbeidsvillig, modig og motivert. Men kva er det som driv ein gründer til å starte opp for seg sjølv? Kva er motivasjonen? Og korleis er det å jobbe lange dagar og kveldar for å stå på eigne bein?

Fjordingen har snakka med ein erfaren gründer, og ein som er ny i faget. Begge slår fast at dei er sta og likar å ha ting på sin eigen måte, dei likar altså å ikkje ha nokon som bestemmer over seg. Dei har begge jobba lange timer og kveldar for å få foretaket sitt til å gå rundt. Dei klagar ikkje, fordi dei likar det dei driv med.

Lene Auflem smilar og snakkar med kundar, då Fjordingen kjem innom butikken hennar.

Griinder i fire år

Lene har jobba i blomsterbutikk i ti eller elleve år og ho har hatt sin eigen butikk i fire eller fem år.

I byrjinga var ho aleine på butikken og jobba kvar einaste dag i eit heilt år. Ho hadde ingen å setje inn om ho vart sjuk, eller om ungane måtte vere heime frå skulen. Då ho flytta inn i nye lokale, tilsette ho fleire til å jobbe for seg.

No er det ikkje så travelt lenger. Eg har tre tilsette, då kan eg ta meg litt fri av og til. Nokre gonger er det sjølvsagt travelt. Om det er noko som må vere ferdig, blomsterbestillinger til dømes, må eg jobbe heilt til dei er ferdig. Då kan klokka vere halv tolv på natta. I høgtider er det også travelt. Spesielt i jula, då hender det at eg jobbar til 2-3 på natta også må eg opp tidleg morgonen igjen, seier ho.

Skummelt å starte

Kva tenkte du då du starta?

Eg var litt nervøs. Det var allereie to andre blomsterbutikkar i vesle Stryn. Eg synest det var veldig skummelt, men eg hadde bestemt meg. Eg er sta også. Når det er min eigen butikk får eg styre sjølv, og det likar eg, seier ho med eit glimt i auge.

Kva har vore den største utfordringa?

Det må vel vere at sjefen aldri har gitt meg fri. Den største utfordringa har vore det store ansvaret eg har hatt. Alt har stått og falt på meg, seier ho.

Kjekt på jobb

Lene vert motivert av at det er så kjekt på jobb.

Eg likar jobben min. Eg gruar meg aldri til å gå på jobben. Dei tilsette er kjekke og kundane likeins. Det driv meg til å fortsetje, seier ho.

Kva slags tips vil du gi grundarar som vil starte for seg sjølv?

Eg hugsar at då eg starta opp, då brukte eg å spørje sambuaren min om kva slags val eg skulle ta i forskjellige situasjonar. Han svarte at det måtte eg finne ut av sjølv. Det gjorde eg, og det lærde eg veldig mykje av. Også er det viktig å stå på og jobbe mykje sjølv i starten. I tillegg må ein vere imøtekommande mot kundar, seier ho.


Lene Auflem synes det er kjekt å kome på jobb kvar dag.

Til dokumentstart

20. Håpar på bruopning 24. august

«Fjordingen 9.august 2013.

Kaia Johnsen Viki (kaia.johnsen.viki@fjordingen.no)


Det har blitt jobba iherdig dei to siste vekene for å få brua på plass.

Arbeidet med hengebrua i Via Ferrata i Loen går rask framover. Erik Brendefur satsar på at alt er klart til opning 24. august.

Det står ein del att, men eg reknar med at sjølve brua står ferdig til helga. Det fortel Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active, til Fjordingen.

Hengebrua er ikkje langt frå ferdig og dei første personane har allereie tatt turen over. Frå Loen er brua godt synleg, no når dei viktigaste delane har kome på plass.

Før vi opnar hengebrua skal vi lage ei ny Via Ferrata frå andre sida av brua og opp. Dei som går Via Ferrata kan då velje om dei vil gå den vanlege vegen opp, eller krysse brua og gå opp den nye Via Ferrataen seie Brendefur.


Den luftige hengebrua er om lag 30 centimeter brei. (Foto: Loen Active).

Til dokumentstart

21. Åpna hengebru i verdsklasse 24. august

«Fjordingen 26.august 2013.

Kaia Johnsen Viki (redaksjon@fjordingen.no)


Med god hjelp frå Kurt Bubik kunne ein noko nervøs statsråd klippe snora og annonsere Gjølmunnebrua for offisielt opna.

Laurdag vart Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen offisielt opna. Liv Signe Navarsete stod for snorklippinga. Med den nye hengebrua er Via Ferrata Loen no ein av verdas største i sitt slag.

Vergudane spelte på lag og gjorde opninga av Gjølmunnebrua storslegen. Regional- og kommunalminister Liv Signe Navarsete hadde trossa høgdeskrekken og stilte opp som snorklippar.

Dette var ei heilt fantastisk oppleving. Eg tvila fyrst då eg fekk telefon frå Richard Grov, men så tenkte eg at dette var ein god måte å utfordre meg sjølv og høgdeskrekken på, sa Navarsete.

Representantar frå fylkeskommunen,Innovasjon Norge og Reisemål Stryn og Nordfjord var og til stades og vitja den offisielle opninga av Gjølmunnebrua. Stryn kommune var representert ved ordføraren sjølv, som gjekk Via Ferrata for fyrste gong.

Det er veldig kjekt å få opne i alle fall ei bru i indre, sa Navarsete spøkjefullt då ho skulle klippe snora.

Luftig oppleving

Etter snorklippinga skulle heile turfølgjet krysse den 120 meter lange hengebrua. Til trass for mange stive fjes på veg over, var det berre smil å sjå på den andre sida av bruagjølet.

Eg er veldig stolt og fekk nesten tårar i auga. No er snora klipt og brua er signa, og det er berre å ta den i bruk, sa hotellsjef ved Alexandra, Richard Grov. På den nybygde høgfjellsverandaen delte han ut austerriksk snaps frå Tirol. Dette er ein tradisjon han har frå Kurt Bubik, som byggde brua.

På verdstoppen

Kurt Bubik var og til stades laurdag. Bubik er hovudet og hendene bak både Via Ferrataen og hengebrua. Selskapet til Bubik lagar Via Ferrata-anlegg over heilt verda.

I augeblinken er Via Ferrata Loen saman med hengebrua, det største heil-heitlege konseptet i verda. Gjølmunnebrua er verdas lengste i sitt slag, fortel Bubik.

Han har tidlegare jobba i Sør-Afrika, Midt-Austen, Dolomittane og Alpane, men er tydeleg på kor han likar seg best.

Dette området er det vakraste i heile verda. Eg har vore så mange stader, men ingenting slår Norge.

Eit prosjekt for framtida

Det er ei travel tid, så eg ser på dette som ei avkopling frå politikken. I dag har eg ikkje ofra valkampen ein tanke, sa Navarsete til Fjordingen då ho hadde kome seg trygt over brua. Statsråden trur at dette vil vere eit løft for reiselivet i heile regionen.

Ein må tore å ta initiativ som dei har gjort her. Dette er eit eksempel på kreativitet og gjennomførande kraft. Her er ein flink til å løfte i flokk og det ønskjer eg at fleire lærar av og gjer meir av i framtida, seier ho.

Skal utviklast vidare

Dagen blei akkurat som han skulle. Det var fantastisk å sjå Liv Signe som ikkje har klatra før overvinne høgdeskrekken, seier hotellsjef Richard Grov. Han har hatt det travelt den siste tida, med stor respons frå gjester og media. Berre laurdag var det i overkant av 60 personar som gjekk over hengebrua.

Det er fantastisk motiverande å sjå, seier Grov. Kva som skal skje vidare i fjellet bak hotellet vil ikkje Grov svare på.

Vi har store planar for vidare utvikling, men dei vil eg ikkje røpe no, smilar han.


Nærare 70 personar vitja Via Ferrata og den nye hengebrua på laurdag.


Det var eit heilt naturleg val å invitere Liv Signe når ei ny attraksjon skal opnast i Sogn og Fjordane. Ho er Sogn og Fjordane sin fremste politikar, sa Richard Grov (t.v.). Her saman med Liv Signe Navarsete og ordførar Sven Flo.

Til dokumentstart

22. Skålatårnet -formål

«Fjordingen 9. september 2013.

Innlegg av Astrid Henden

No har det vore i fokus att, Skålatårnet, og likeeins spørsmålet om kvifor det vart bygd.


Skålatårnet. (Foto: Harald Vartdal)

Eg vart fødd i Stryn 40 år etter at tårnet vart bygd. Også begge foreldra mine var fødde nokre år etterpå. Tårnet var spanande, og som alle andre fekk eg tidleg kjennskap til at tårnet var bygd som ein del av kampen mot tuberkulosen. Dette visste vi, ikkje berre i Loen og Stryn, men i alle bygdelag i Indre Nordfjord. Ingen var i tvil om at det var det som var ideen bak bygginga av tårnet på Skåla. E slik bergfast tru må ha eit opphav.

At ideen var i villaste laget, og kanskje ikkje hadde svart til forventningane, var ei anna sak. Kanskje det rett og slett vart ein fiasko? Det kan så vere grunnen til at ingen ting er nedskrive. Så kom det til, at eldsjela for det heile, dr Kloumann, døydde før tårnet var kome opp.

Rundt århundreskiftet vart det bygd fleire sanatorium eller helseheimar i fylket, der behandlinga var nettopp frisk, kald luft. Det største sanatoriet i Sogn og Fjordane var Lyster Sanatorium, bygt av St. Jørgen Stiftelse i Bergen, og starta opp i 1902 med heile 96 senger. Ved to utvidingar kom det opp i 150 senger. Det var bygd høgt til fjells, på Hamstølen i Luster, og dit vart der laga elektrisk taubane.Behandlinga på dette høgt verdsette sans tonet var først og fremst frisk luft, altså den same som dr. Kloumann truleg hadde tiltenkt tårnet på Skåla.

1880-90-åra

Vi kan tenkje oss tilbake til livet i Loen og Stryn elles på slutten av 1800-talet. Korleis hadde vi det på bygdene her i Nordfjord? I dag vil vi vel seie at det var ringe tilstandar. Livet var hardt og strevsamt, folk var fattige, og levealderen var låg. Tuberkulosen herja, og ofte tok denne sjukdomen heile huslydar. Aller mest gjekk det ut over dei unge.

Lungetuberkulosen utviklar seg oftast langsamt, bortsett frå den akutte typen som vart kalla "galopperande tæring". Dei som var smitta kunne såleis ha smitten i seg lenge før han braut ut, - dersom han braut ut. I dei gamle små nordfjordstovene var det tenkt meir på varme enn frisk luft. Ein hadde enno ikkje oppdaga nytten av lufting. Men no var det nye tan kar på gang. Det vart fortalt at frisk luft skulle vere helsesamt.

Turar, friluftsliv og fjellklatring hadde nemleg ikkje vore noko for folk flest. De var for utlendingar og unge, velståande nordmenn. Bøndene gjekk også til fjells, for å ta seg av husdyr eller skreme bort udyr, og dei tok seg over både brear og ville fjell med drifter av husdyr. Men fjell tydde også ras og ulukker. Folk arbeidde og sleit ute i all slags ver, og fall ikkje ofte i stavar over den vakre utsikta. Den nasjonalromantiske tida hadde enno ikkje heilt slått inn.

Berre tull?

Det vert no i den seinare tid hevda at tanken om pleie av sjuke på Skåla, berre er tull og oppspinn. Det trur ikkje eg. Det er mykje vanskelegare å tru på den andre teorien, at det heilt frå først av var tenkt som eit turmål.

Det kjem altså nokre storkarar og vil byggje turisthytte på ein flelltopp. Berge Turistforening er involvert, og hytta skulle berre vere til turmål. Og så skulle folk verte så gripne av denne ideen at dei ikkje visste kva godt dei skulle gjere? Tårnet vart bygd på eit år! Er det ikkje naivt å tru at denne tanken skulle vekkje slik begeistring at folk samla seg og hjelpte til det dei kunne? For det gjorde dei, og ikkje berre dei fåe i Loen som kunne tenkjast å få arbeid som førarar, men heile bygdelag. Her er det ikkje dei store bidraga frå turistforeiningar og velståande folk som er mest interessante, nei, meir interessant er alle 50-øringane og det som mindre var frå dei som hadde lite! Det var ikkje mykje pengar mellom folk, heller ikkje hos dei som var relative velståande. I året 1902 var det ein basar på Hotell Sentral på Visnes i Stryn, der det kom inn ca kr 1100,- , - ein kjempesum! I våre dagar ville dette blitt ein sun på over kr 700 000,-!

Difor har eg tru på at "kampen mot tuberkolose"- motivet var det avgjerande. Hugs på at det var nytt, dette at frisk luft skulle vere så sunn, og dette låg det eit håp i. Den beiske kvardagen var sjukdon og død. Kunne nokon verkeleg ha ei boteråd? Eg vil tru at ein i nauda greip ette dei halmstrå som fanns. I mi tid kan eg ikkje seie at eg høyrde nemnt noko om sanatorium på Skåla, men då var det komne mange større sanatorium rundt omkring.

Likevel: Er det urimeleg å tru at dr. Kloumann tenkte på pasientar på eit tidleg stadium? Å fylle lungene med frisk, rein fjelluft kunne nok gjere underverk.

Rett nok kan ikkje dette dokumenterast, og rett nok ytte både Bergens Turistforening og Den Norske Turistforening pengar. Men det kan også tenkjast at desse ideelle organisasjonane hadde eit overordna mål som også innebar styrking av helse.

Heldigvis er tårnet populært som aldri før, og vi er alle stolte av å ha eit slikt unikt landemerke.

Astrid Henden

Til dokumentstart

23. Rake skule er historie

«Fjordingen 13. september 2013.

Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no

Det er mange år sidan det var skule på Rake, og i desse dagar blir også skulebygningen teken ned.


Rake skule blir teken ned i desse dagar. (Foto: Atle Rake)

Det er Arne M. Sølvberg og medhjelparar som utfører arbeidet.

Før 1. oktober

Meininga er at arbeidet skal vere gjort før 1. oktober, seier Sølvberg som opphavelg kjøpte skulebygningen av Stryn kommune for 10.000 kroner. Han ville ha eit treffpunkt for Fjelljom og folkemusikken i Stryn sentrum. Det lukkast ikkje å skaffe tomt, og no vil Sølvberg flytte bygningen heim til Fjelli.

Eg har eit gammalt hus frå før. Saman med gamleskulen kan det bli eit fint tun på arealet som i kommuneplanen var tiltenkt bubilcamp og hytter. Skulen kan også nyttast som utleigehus, seier Sølvberg.

Møysommeleg arbeid

Er det arbeidskrevjande å ta ned skulen?

Vi har teke av kledninga og fjerna glas og dører. Skiferen skal vi ta vare på. Han er litt porøs, og nedplukkinga er eit møysommeleg arbeid. Treverket er stort sett bra.

Sølvberg har elles kome over ein flott signatur på ein av stokkane. Der står nemleg Børge Steinset, Blakset. Han var ein flink smed og bygningsmann, fortel Arne. Han registrerer at mange turistar stoppar opp på tomta. Her er flott utsyn.

Elles har Einar Terje Rake forkjøpsrett på grunnen og skal overta denne. Uthustomta er rydda og ein mur står att som der er planar med.

Skulebygningen på omlag 10 gonger 6 meter er frå 1910. Her var eitt stort undervisningsrom, eitt lærarrom og gang. På loftet var det lagerrom.


Det store klasserommet på Rake skule. (Foto: Atle Rake)

Til dokumentstart

24. MB Kiendal flytter

«Fjordingen 30. september og 2. oktober 2013.

Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)

I fjordingen 30.9 stod det om at MB Kjendal takkar for seg og flytter frå Loen. I Fjordingen 2. oktober stod det at MB Kjendal vart møtt med applaus på Savalen i Østerdalen.


MB Kjendal har sagt takk for seg og skal no frakte turistar på Savalen. (Foto: Ove Sveen)

MB Kjendal har vore ein trufast slitar i turisttrafikk mellom Sande og Kjenndalssanden sidan 1980-talet då han kom frå Gjende og vart kjøpt av Lodalen Båtlag. 4.000-5.000 turistar årleg har MB Kjendal frakta på Lovatnet.No har han sagt takk for seg på Lovatnet og skal gjere teneste på Savalen for Savalen Fjellhotell & Spa som ligg 15 kilometer frå Tynset sentrum.

Det var Kjenndalsstova som kjøpte båten med 49 passasjerplassar i 2007, og i sommar vart han erstatta med ein hollandsk kanalbåt med plass til 140 passasjerer. Jan Ove Hogrenning har halde "gamlebåten" godt i hevd, og torsdag kveld var det eit stort apparat i sving for å få båten på ein semitrailer med kurs for Østerdalen.

Med si høgde var båten for stor til å fraktast gjennom tunnelane på Strynefjellet. Hogrenning kappa difor av både styrhuset og rekkverket på øvre dekk. Dette skal han sjølv sveise på plass igjen på Savalen.

APPLAUS FOR MB Kjendal

MB Kjendal vart motteken med applaus frå mange frammøtte då han vart løfta på plass på Savalen i Østerdalen.

Dette tilfører eit heilt nytt tilbod til regionen, sa Per Morten Hektoen ved Savalen fjell-hotel & spa, som stolt tok imot båten, fortel avisa Østlendingen.

Heile reisa på nesten 40 mil vart leia av politibil, og det var også med to følgjebilar. No skal båten, som tidlegare har gått trufast i trafikk på Lovatnet, frakte dagsturistar og grupper på Savalen, som ligg i kommunane Tynset og Alvdal.


MB Kjendal vart frakta på kranbil og eskortert av både politibil og to følgjebilag. (Foto: Ove Sveen)

Til dokumentstart

25. Planta ut nær 800 tre

«Fjordingen 16. oktober 2013.

Ove Sveen (ove.sveen@fjordingen.no)


Ennå heng det nokre Aroma-eple att på trea hos Karl Ove Loen.

Fruktdyrkar Karl Ove Loen fortel at han i år planta ut nesten 800 nye tre med sortane Discovery og Aroma.

Vi kom seint, men godt. Eg vil vel kalle det ein normalsesong for oss. Det vart sein vår med sein blomstring i slutten av mai. I sommar har det vore passe med nedbør og ein fin haust.

Seinare sortar

Loen er oppteken av å fornye felta og vil plante omlag 500 tre neste år. Aroma utgjer omlag tredjeparten av produksjonen. Discovery og raud Gravenstein kjem i tillegg.

Det er slik at Bama no vil ha færre sortar, og tidlegfrukt får dei frå andre plassar, til dømes frå Buskerud. Difor må vi satse på seinare sortar, seier fruktdyrkaren som har mellom 3.000-4.000 epletre på garden.

Til dokumentstart

26. Planlegg taubane i Loen

«Fjordingen 16. desember 2013.

Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)


Richard Grov t.v. og Rune Holen på kaia der botnstasjonen for taubana er planlagt. Toppstasjonen vert ovanfor det lyse feltet i fjellet i bakgrunnen, på Hoven, 1.008 meter over havet. (Foto: Bengt Flaten)

Ei prosjektgtruppe i Loen planlegg storstilt utbygging av taubane frå fjorden til fjellet Hoven, restaurant og utkikspunkt på toppen, eit omfattande nett av vandrestier på sommaren og skianlegg på 1000-1200 meters høgde for bruk vinterstid. Prosjektet, dersom det vert realisert, vil koste om lag 150 millionar kroner.

Eit svært spennande prosjekt som vil vere unikt i internasjonal målestokk og som vil vere med på å komplettere indre Nordfjord som heilårs turistdestinasjon, seier Rune Holen og Richard Grov i prosjektgruppa.

Ei prosjektgruppe i Loen er godt i gang med planane for taubane til fjellet Hoven, restaurant på toppen og tilrettelegging for vandrevegar og skiaktiviteter, både offpiste og preparert. Går alt som planlagt, er målet å invitere til offisiell opning sommaren 2016.

Loen og Hoven kan ta steget opp i mellomeuropeisk standard for sommar- og vinteraktiviteter til fjells. Ei taubane frå fjøresteinane i Loen opp til Hoven, 1.008 meter over havet, er sjølve navet i satsinga som vil gjere fjellområdet ovanfor Loen til heilårs turistområde.

Inspirasjon frå Austerrike

Ideen vart fødd då vi for nokre år tilbake var på studietur til Mayrhofen i Austerrike. Den kombinasjonen vi såg der av utbygging innan heilårsturisme, gjort på ein måte som legg vekt på estetikk og ivaretek dei kvalitetane naturen byr på, sette i gang tankeprosesser hos oss, fortel Richard Grov, administrerande direktør ved Hotel Alexandra. Saman med Rune Holen og Per Helge Bø i Naturservice DA sit han i prosjektgruppa som med hjelp av fleire nøkkelpersonar er ferdig med forstudie. Neste milepåle er februar då ambisjonen er å etablere selskapet som skal stå for utbygginga.

Etter turen til Mayrhofen har vi allereie bygd ut Via Ferrata, no sist med brua over Gjølmunna. For å komplettere det heile og ikkje minst oppnå større synergiar alle vegar, ønskjer vi å satse vidare. Prosjektet kallar vi Sleipner-Hoven Loen anno 2016. Sleipner var hesten Odin rei på over fjellet, og då hesten sparka i fjellet med eine hoven, skapte han den karakteristiske hola i fjellet. Difor har fjellet fått namnet Hoven, fortel Grov.

Heilårs turistdestinasjon

Grunneigarar i Loen og Oppheim er allereie orienterte og involverte i den store utbyggingsplanen. Ikkje minst fordi det inneber utfylling i fjorden og bygging av skogsbilveg og anleggsveg til fjells.

Vi har opplevd mottakinga sålangt som positiv, men er sjølvsagt opne for at der og finst dei som ikkje ønskjer utbygging. Vi trur utbygging er viktig for å vidareutvikle Loen, Stryn og indre Nordfjord som heilårs turistdestinasjon, men er svært audmjuke overfor dei naturressursane vi vil byggje i. Difor vil vi og leggje stor vekt på å byggje ut på ein måte som er skånsom og tek omsyn til naturen. Det vi ønskjer, er å skape ein opplevingsarena med utganspunkt Hoven. Største trafikken ser vi føre oss om sommaren, der målet er å leggje til rette både for dei som vil bruke fjellet til fotturar og sykling etter mellomeuropeisk modell, og for dei som berre vil ta taubana til fjells for å oppleve storslått utsikt og gjerne ein matbit i den planlagde restauranten. Ved å byggje ut ette universell standard, skal vi gjere fjellet tilgjengeleg for mange fleire. Utbygginga vil og gjere Via Ferrara meir attraktiv ettersom ein kan klatre opp og ta taubana ned att, poengterer Richard Grov og Rune Holen.


Slik vil taubana kunne ta seg ut der han stig til vers frå botnstasjonen ved fjorden opp til Hoven 1.008 meter over havet. (Foto/illustrasjon Ernst Riha/klettersteig.com)

Skisenter til fjells

På vinteren ønskjer dei å nytte området til skiaktiviteter.

Her er store moglegheiter for frikøyring på ski, i fleire retningar. Vi har og planar for eit skitrekk i høgdesjiktet mellom 1.000 og 1.200 meter. Dette vil utløyse to særs barnevenlege trasear på 750 meter og vil vere med å utfylle dei tilboda som finst frå før i regionen vår. Ikkje minst på dei tider av året andre må stengje ned, seier Rune Holen.

Vi har ingen planar om å konkurerre ut andre tilbod. Vår tanke er heile tida at trafikk avlar trafikk, legg Grov til.

Det vi legg planar for her har mange gjort før oss i Alpane, i Canada og på New Zealand. Det unike i Loen er at vi ikkje berre har fjell og bre som mange andre har, men og fjorden. Difor vil SleipnerHoven Loen vere unikt både nasjonalt og internasjonalt og vere eit produkt som i seg sjølv er så attraktivt at folk vil oppsøkje det, seier Grov.

Håpar på opning i 2016

Prosjektgruppa bak Sleipner-Hoven Loen har lagt opp til ein framdriftsplan som vert avslutta med offisiell opning sommaren 2016. Då vil det vere investert i storleiken 150 millionar kroner pluss moms.

Allereie i morgon er det planlagt oppstartsmøte med tanke på reguleringsplan. Ein del av prosjektet inneber vidare utbygging av skogsbilveg på Oppheim og anleggsveg i fjellet.Ein veg vi tenkjer å revegetere slikat han passar fint inn i naturen

Botnstasjonen nede ved fjorden betyr og at vi må fylle ut. I tillegg til å gje plass til taubanestasjonen skal her vere plass til bilparkering, bussoppstilling og kaiplass for båtar, fortel Richard Grov.

Offensiv tidsplan

Målet er å kome i gang med vegbygging frå Oppheim i mai 2014 og utfylling i fjorden i oktober. I februar 2015 tek ein sikte på å signere kontrakt med leverandør av taubane, medan bygging av toppstasjon og restaurant er planlagt til mai 2015.

Sommaren same år tenkjer vi å opparbeide turstiar medan bygging av fjordstasjonen startar i september. Montering av den 1.530 meter lange taubana som er planlagt bygd etter pendelbaneprinsippet er tenkt i perioden mars til juni 2016. På same tid må restaurant og informasjonssenter gjerast ferdig på fjellet, slik at alt kan vere klart til opning i juli same år, seier Grov.

Balanserer med 40.000 gjester

Kor mange gjester vil storsatsinga krevje for å bere seg Økonomisk? Vi har utarbeidd ulike modellar og ser at vi vil balansere med eit besøk på 40.000 gjester pr. år. Vi trur dette vil vere eit så spesielt og attraktivt tilbod at trafikken bør bli betydeleg større.

Kven skal reise den kapitalen som krevst? Det er noko vi jobbar med, og som eg ikkje vil seie så mykje om enno. Men det seier seg sjølv at Hotel Alexandra vil vere ein stor medinvestor. Vi reknar med at ei slik utbygging vil bety 5.000 fleire overnattingsdøgn pr. år for hotella våre i Loen. Men og gje betydelege ringverknader for mange andre aktørar. Difor er det heilt naturleg for Alexandra å vere både pådrivar og medinvestor, seier Richard Grov.

Han presiserer at prosjektet er tidleg i planleggingsfasen og at endeleg avgjerd om utbygging ikkje er teken.

Mange brikker må falle på plass før vi kan ta prosjektet over frå idé til realisering, seier Grov.


Dette vil vere utsikta som møter framtidige gjester når dei går ut av taubana oppe på Hoven. (Foto: Ernst Rihal klettersteig. com)