Litteratur.
Avisutklipp 2015

Til Litterturlista

INNHALD

(her legges inn menyen for tekstdokumentet)

Avisutklipp 2015

1. Utbygging Kvitefjell
2. Elias Hogrenning
3. Alexandra investerar
4. Digitalisert kulturskatt
5. Riving klubbhus. Loen IL
6. Gjølmunna-prosjektet
7. Loen utviklingslag
8. Nausttomter i Bødal
9. Elise Bødal, Beste karakter
10. Jordbær frå Loen
11. Kåre Rake. Krigsminne
12. Hoven.Stibygging.
13. Tjugen camping. 2015
14. Saab samlast i Loen
15. God juli for Alexandra
16. "Hoven Loen 2017"
17. "Byggjer sti. Hoven."
18. "Kontrakt pendelbane."
19. "Hogasætra."
20. "Fjellsikring Sande."
21. "Gjølmunna ferdig sikra."
22. "Alexandra byggjer ut."

(her legges inn tekst-delen for dokumentet)

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2015

1. Utbygging i Kvitfjell (Loen)
Vil byggje 12 leilegheiter

Publisert i Fjordingen 2.januar.2015.

Av Harald Vartdal (harald.vartda@fjordingen.no)

Solheim Entreprenør og Eigedom planlegg bygging av l2 leilegheiter i Loen.


12 bueiningar. Rune Solheim viser fram skisse over prosjektet i Kvitfjell. I kvart av dei tre bygga vert det fire leilegheiter på ca 90 rutemeter. Kjøparene kan velje om dei vil ha to eller tre soverom. Alle husvære har carport og bod, fotel Solheim.

Vi har allereie fått kjøparar til to av husværa som vi ønskjer å byggje i Kvitfjell. Med ytterlegare eitt sal, blir det byggjestart til våren, opplyser Rune Solheim til Fjordingen.

Det kommunale bustadfeltet i Kvitfell vart opparbeidd for 13 einebustader, pluss eit areal for konsentrert bustadbygging.

Solheim Entreprenør og Eigedom vart kontakta av lokale innbyggjarar som uttrykte ønskje om eit utvida bustadtilbod i Loen, leilegheiter for sal og utleige. Tomta i Kvittell peika seg ut som eit godt alternativ. Der er flott utsikt mot fjorden og leilegheitene vil vere skjerma for industrien i Lovik. At det på nabotomta er regulert leikeplass, vil også vere eit pluss. Likeins nærleik til skule, barnehage, nærmiljøanlegg m.m., seier Rune Solheim.

Tre identiske bygg

Teikningane som er utarbeidde av Aaland Arkitektkontor, viser tre like bygg å fire bueiningar.

Leilegheitene er på ca 9O rutemeter, med to eller tre soverom alt etter ønskje, bad, bod, opa løysing stove/kjøkken og stor glasfasade vestover med veranda/uteplass. I tillegg kjem carport med bod på ca 25 rutemeter, fortel Solheim.

Kva blir prisen på leilegheitene? Vi har gått ut med at dei vil koste 2,3 millionar kroner. Her skal folk sleppe å bu seg i hel, hevdar Rune

Bygd i vekst

Loen er ved sida av Strym sentrum den delen av kommunen som i seinare år har hatt størst vekst.

Det finst vel knapt noko bygd som har så mange arbeidsplassar i forhold til innbyggiartalet. Når vi også veit at her vil skje mykje spennande av nyskaping i åra som kjem, reknar eg med at det er eit reelt behov for bustader. Vårt prosjekt er ei mulegheit for folk som allereie bur her, eller dei som ønskjer å etablere seg i Loen, seier Rune Solheim. Som ser satsinga i Kvitfjell i eit vidare perspektiv.

Vi har ein tendens til å gløyme dei små bygdelaga rundt om. Når det gield Loen, er det viktig å halde oppe skulen og barnehagen. Loarane har saman teke tunge tak for eit godt miljø, og kunstgrasbane vil gje bygda eit ytterlegare løft, meiner Solheim.

lnnflytting tit neste jul

Solheim Entreprenør og Eigedom sitt primære ønskje er å selje så mange leilegheiter at to av dei tre husa kan setjast opp samstundes.

Det vil vere mest rasjonelt. Men eg har også lova dei to som har tinga husvære, at vi vil starte opp dersom det ligg føre salskontrakt på tre leilegheiter. Om salet vert som forventa. er det håp om innflytting til neste jul, seier Rune Solheim.

Heilt topp

Aud Løvlid, formannskapsmedlem som sjølv bur i Lovik, ser svært positivt på at det blir lagt til rette for meir bustadbygsng i Loen.

Det er heilt topp at unge folk får sjansen til å etablere seg her. Så vidt eg veit, er Loen det bygdelaget i kommunen som har hatt størst prosentvis vekst når det gield innbyggjartal og arbeidsplassar.

Du har hus like nedanfor dei planlagde leilegheitene i Kvitfell. Dette er ein bra plass å bu sjølv om husa ligg på skuggesida i Loen?

Ja, her er heilt supert. På sommarstid har vi sola til seint på kveld. Då får vi tåle at det er solamørkt på denne tida av året, sluttar Aud Løvlid.

Til dokumentstart

Artikkelserie i 4 delar om fjellførar Elias Hogrenning.

Publisert i Fjordingen 7. og 9. januar.2015.

Av Dagfinn Hovden

DEL 1 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.
Toppturar for hundre år sidan


Som fjellet sjølv. Elias Hogrenning på trappa på Hjelle hotell kring 1900. Ein staut kar "urikkande som fjellet sjølv" skreiv W.C Slingsby om han

TOPPTURAR FOR HUNDRE ÅR SIDAN
* Toppturar har hundreårige tradisjonar på våre kantar
* I desse artiktane av Dagfinn Hovden får du møte Elias Hogrenning, legendarisk fjettførar og ktatrar
* Han leia ei rekkje toppturar for over 100 år sidan, "urikkande som fjettet sjølv" som Slingsby skreiv om han

Overrettssaførar Kristian Bing frå Bergen var ein av dei fremste fellkarane i Noreg på slutten av l8oo-talet og heilt opp til 193o-åra. Han er særleg kjend for alle sine turar på Jostedalsbreden, i tevling med Slingsby og Patchell. Han skreiv mange artiklar om ferdene sine i Turistforeninga sine årbøker. Han skipa Fjellmannalaget i Bergen, og var sekretær i Bergens Turistforening, og seinare formann. Han skreiv og artiklar i ei årbok for Turistforeninga i Bergen.

I slutten av august 1893 kom han med dampbåten til Hogrenning, med plan om å gå derifrå over breden til Sunndalen i Oppstryn. Pga. av dårleg førebuing, ringt utstyr og tjukkeskodde, vart det litt av ei villmannsferd.

Men det merkelegaste er at den røynde sakføraren etter turen bad den 2l-årige bondeguten Elias Hogrenning om å skrive ei skildring av ferda. Han hadde ikkje anna bokleg opplæring enn den folkelege omgangsskulen, der det meste av undervisninga var på pære dansk, dei vart pinte under Pontoppidan, som ein rettkome sa på den tid. Kvar hadde denne ungdomen i Stryn lært å skrive så godnynorsk?

Kom til Hogrenning

Elias fortel at bergensaren kom med dampen om ettermiddagen 22. august og emna seg over breden til Sunndalen i Oppstryn, tinga seg hus på Hogren- ning, og neste morgon skulle han i veg. So skriv Elias:

"Det vart eg som kom til aa slaa fylgje med honom. Seinare hev han i eit brev bede meg um aa skriva litt om turen me kom til aa taka. Han samla, skreiv han, slike reiseskildringar i ei aarbok fyr "Turistforeningen for Bergen by og stift". Javel, eg skal freista aa skriva ein stubb, men De fær orsaka, godtfolk, eg er ikkje nokot vidare kar med pennen. Kl. 7 om morgonen stod me reiseferduge. Det hadde vore sturtande regn tidlegare om morgonen, og vedret saag ikkje rart ut no helder - til ei ferd upp i ukjende høgfellet. Men bykaren sa han hadde ikkje tid til aa liggja vente paa godvedr, og so ruslade me i veg. Eg hadde berre eit taug og litt mat aa bera. Han hadde ei skreppa med nokot smaatteri i, som han bar."

Som i Strandgata

Dei hadde med seg ein togende, men ikkje ei isøks, eller noko slags bredder, og meir enn ringt med mat og klede, og skorne hadde glatte ledsolar. Galskap, ville ein i dag kalle slik åtaferd, og det fekk dei røyne etter som tida leid. Som so ofte på brede, vart det tjukkeskodde. Elias meinte dei laut vende og freiste kome seg ned att snarast. "Men bykaren tok det rolegt. Han berre saag på kartet sitt og kompassen sin han, og so traska me i veg - nett som me sku voret midt i Strandgata", skriv Elias.

Men Bing og, skynte omsider at det gjekk ikkje å kome seg heilt til Sundalssætra under desse tilhøva, og melde at dei laut freiste å kome seg ned i Erdalen til Greidung. Det synte seg å vere alt anna enn lett. Hard og bratt brede med mange sprekker. Dei laut ofte snu og vende opp att, og heldt fram so lenge med vender og lirkingar at tida gjekk frå dei, og dei hadde ikkje anna råd då det vart myrkt, enn å finne seg ei deild i isen i livd for den kalde istrekken.

Det vart ei lang og kald natt, med for Iite klede og berre eit kjerteljos til varme. Han Elias hadde med seg eit sokkepar, og trædde den ein sokken ned over hovudet, det vermde litt, og med å bykse opp og ned og slå floke, berga dei seg til dei i 3-tida om morgonen kunne freiste kome seg vidare. Det var bratt med mange sprekker, men ei snøstripe her og der gjorde at dei til slutt kom seg velberga ned i dalen.

Vart bergteken

Ein kunde tru at ei so ringt førebudd og so djervt gjenomførd bredekliving vilde gi Elias avsmak på fleire fellferder? Men so var ikkje tilfelle, kanskje tvert imot. I alle fall gav han seinare i livet uttrykk for takksemd mot Hr. Bing for at han fekk vere med. Ein kan godt segja at han vart bergteken etter denne ferda. I 1898 hadde dampbåtane langs kysten vår vorte so tidtgiengde at ein kunde kome seg frå England til Lyngen med rimeleg tidsforbruk. Slingsby planla ei herferd mot Lyngenhalvøya saman med dei røynde engelske klatrarane Geoffrey Hastings og Walter Parry Haskett-Smith. Det var mykje som måtte førebuast til ei slik ferd, og Slingsby hadde fengje oppgåva å skaffe ein berar. Han skriv i boka si:

"Gjenom Mister Bing frå Bergen, som vårt trekløver skuldar stor takk, sikra me oss tenestene til Elias Monssen Hogrenning frå Loen i Nordford, den beste og blidaste norske berar eg hev hatt hugnaden av å klive med. Den unge kraftkaren gifte seg berre to eller tre viker før han for opp til oss - over 13O mil og åtte breiddegrader frå brud og heim."

Dei kleiv Istinden, og på fortoppen "fekk me demonstrert kva krefter Hogrenning rådde over som murmeister. Før me visste ordet av det, stod ein vel vaksen varde der." På sveda oppover mot stortoppen, synte Hogrenning seg som eit veritabelt kraftverk, fortel Slingsby. Om vegen opp til Store Isskardtind skriv Slingsby: Kor fint leidde ikkje Hogrenning oss opp den hoggbratte eggja opp på den høgste toppen. Og om den bratte nedturen segjer han: "Varsamt, sakte og sikkert nådde leidaren vår floget. Ei totoms rimne gav det einaste haldet ned hamaren. Gjennom fem nervepirrande minutt laut fyrstemann - Hogrenning aksle alt ansvar åleine. Ah! Sjå honom, urikkande som berget sjølv". Om klivet opp på Store Lenangstind segjer Slingsby: "Opp, opp, opp hogg meister Hogrenning steg for oss i gylet."

DEL 2 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNING.

ELIAS Hogrenning
* Fødd i1872 på Hogrenning i Loen
* Gift med Johanne Flo frå bruk nr 3 på Nedre-Flo og vart gardbrukar der. Paret fekk 10 born
* Elias Hogrenning leia ei rekkje toppturar og klatreekspedisjonar, mellom anna for W.C Slingsby

I Turrisforeninga si årbok for l9OO finn me i lista over "Nybestigninger" i 1899: Mr. G. Hastings og Elias Monssen Hogrenning foretog en række nye ture i juni og juli. De besteg; Lille Isskarstrnd 22.juni, Pipertind 23. juni, Tviilingtind (øst for Store- tind, døbt af Hastings) 27. juni. Troldtind (døbt af Slingsby i 1898) 29. juni, Durmaalstind 4. juli; paa toppen kl. 4.45 morgen. Derfra traversertes Jækkevarre fra øst til vest med bestigning af den midterste top. 11. juli besteg de Reindalstind.

Åtak på trolltinden

Den vandaste oppstiginga var nok på Troltinden, som dei hadde gienge framom aret før, og som Slingsby hadde meint måtte vere uklivande. No stod dei på Forholtbreden og gløste på sørvesteggja på Trolltinden. I Bergen Fjellmannalags Aarsoversyn 1899, skriv Elias i ein artikkel "Fjellklyvinger" om åtaket på Trolltinden: Det sågfælt ut - og til nærare me kom, til fælare vart det. Det var som fjellet lutte og bøygde seg framyver for å helsa på oss. Og me stod tvihuga. Skulde me våga oss i kast med den faarlege klyving elder late det vera! Sistpå vart me samde om aa prøva ein stad - gjekk det ikkje, fekk me snu um og gaa ned att. Me kraup fyrst opp nokre smaaknausar på bræi, so kom me til fellet. Det var hamrar på hamrar kvar me saag. Me gjekk att og fram og smaug oss uppgjennom rivorne i fellet nett som ikonnen. Soleids gjekk det uppyver lidt um senn, men me kom i knipe paa knipe kvar me skulde upp. Fjellet vart meir og meir bratt. No og daa tenkte me at når knipetaket var yver, skulde fellet leggia seg meir attyver. Men nei! Der stod me i stupande bratte fellet. Ikkje livande skapning å sjå. Berre fiell og jøklar. Og fraa høgdi kom lause issrykke av og til setjande nedyver, dansad om øyro vaare og krasad seg sund med sterkt brak djupt nede. Hepne var me, at ikkje noko av isstykki trefte oss. Me stod der reint raadville. Longt hadde me alt kravlat upp, og å koma nedatt, var mest umogeleg. Det stod no til meg kva me skulde giera. Me laut daa freista koma oss oppyver so langt som raad var, tykte eg. Det er ellest lettare aa gaa upp enn ned. Me kom til fjellblokkar so bratte som husveggen. Me sparkad og klorad kvar me kunde, og balansen måtte vera stød. Eit lite glepp var det same som dauden med ein gong. Eg, som gjekk først, maatte vera stød baade paa hand og fot. Toget vaart var 4O fot langt; eg giekk først og hjelpte so med toget honom etter. Slik giekk det heile fellet uppetter. Men mange gonger var det fælslegt. Ein liten rykk eller sleng til sides elder attyver, og eg hadde ramla ut i lause lufti, teke kameraten min med og baae hadde me vore dødsens om faa sekund. Me arbeidde soleis i 9 timar førn me kom til toppen - hangande etter henderne og sjelvande paa føterne, daa dei som oftast hadde lite aa stydje seg paa. Midt i fellet heldt me middag og sov ein halvtime i ei liti skår. Sengi vaar var baade bratt og faarleg, men det var likevel utrulegt kor den vesle søvnen hjelpte på krefterne.

På toppen

Kl.7 om kvelden stod me i den bleike kveldsoli paa toppen. Og ei underleg kjensla kom yver oss då me tenkte paa at her paa desse heilage steinar hev vel ingen mannafot fyrr vore. Eg bygde varde paa toppen, og me gav oss i ro der uppe vel ein time. So var det aa tenkja paa aa koma nedatt. Gud fylgje oss tilbaka! Gledeleg for dei, fann dei ei brukande rute frå toppen og ned på Stortinddalsbreden, og so var det ein lang, lang veg attende til leiren. Litt seinare i artikkelen kjem fylgjande sukk frå Elias: "Dei engelske ApineClub-karane er no ogso nokre vaaghalsar, som ingen maa gaa til fiells med utan aa ha god øving i det stykket. Dei gjeng der som mange vilde segja var reint uråd å koma fram. Eg vil ikkje med dette segia at nordmannen gjeng attum engelskmannen. For nordmann er no nordmann lell. Eg hev ofte reist saman med dei - og vil vaaga!"

Nemner ikkje sikringsutstyr

Eg finn det verd å legge merke til, at i skildringa av denne vanskeleg klivinga, nemner ikkje Elias eitt ord om kva slags sikringsutstyr dei hadde, utanom ein togende på 40 fot. Då finn du forankring berre der det finst ein bergnase som du kan leggie toget rundt, og då kan det verte langt millom forankringane. Og når den røynde fellmannen Hastings let Elias gå fyrst i toget i denne vanskelege ruta, er det tydeleg at han heldt Elias minst jamgod med seg sjølv.

Lyngsalpane

I 2Ol3 kom det ut ei prektig bok om Lyngsalpane av naturfotograf Jan R. Olsen der Elias Hogrenning er namngjeven 22 gonger. Her gjeng det fram at i tillegg til dei ovannemnde fella, kleiv Hastings og Hogrenning: Fugldalsfjellet, Store Jægervasstind, Store Fornestind, Støvelfiellet, Store Struptind, Stortinden og Istinden.

I DNT l9ol s. 112 hev Slingsby ein 4-siders artikkel New Climbs in Norway in 19OO: Den 20. Juli tok Frøken Bertheau, herrane Slingsby, Baker og Hogrenning laust for å finne og klive eit av Tinde-fjella frå Loen. Dei kryssa eit skard millom Skaala og Sandenib på Skålabreden, som dei giekk over i tjukk skodde, slik at dei aldri fekk auge på fella. Dei kom seg over eit litt vride bredeparti ned til Garden Hogrenning, der foreldra og syster til Elias gav oss ei kongeleg mottaking med rjomegraut, heimebrygga øl og aquavit. Sjølv om den vesle bredegonga var det einaste me hadde gjort, tykte me alle at det hadde vore triveleg. Husbonden sjølv, Mons Hogrenning, hadde ein gong vore på ei stutt vitjing til Amerika og fortalde på morosam vis kor snøgt pengane hadde smelta burt for honom i New York. Våningshuset på garden er eit framifrå døme på god gamaldags nordfordsk bygningskunst, med den store, opne peisen og mange forvitnelege eignalutar som spinnerokk, vevstol, osteform og mykje anna.

To dagar seinare gjekk same laget pluss Howard Priestman over breden og ned Nigardsbreden til øvst i Jostedal.

DEL 3 AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNIG
Skagastølsryggen med SLingsby

Dagfinn Hovden

Etter at Patchell, Bowen og Vigdal sumaren 1896 hadde kome seg forbi Halls Hamar, stod der berre att ein mole På Skagastølsryggen som ikkje var overvunnen: Vgapet i nordenden av ryggen. Slingsby var ein hund etter slike problem, og i august 19OO låg han fleire dagar på Turtagrø saman med Elias Hogrenning og venta på brukande klatreveir. Slingsby vart utolug då fineveiret ikkje kom, men skriv at Elias let seg ikkje tyngie av tida som gjekk, ein dag sola han 9 støvelpar, og skodde ein hest attpå. Ola Berge og Slingsby var oppe kvar morgon tidleg og skoda i veiret.

Den andre morgonen meinte Slingsby at dei burde legge i veg, men let det vere av di Elias, som dei no kalla "The Boy", hata snødekte steinar, sjølv om han hev framifrå klatregivnad. Den 4. august kunde ikkje Slingsby vente lenger, so tidleg morgon la dei i veg. Slingsby, Elias, Ola Berge og Eilert Sundt, som var heppen for å få vere med i eit slikt lag. Ola rekna seg som lokalkjend, og vilde gjerne gå finst, og "The BoY", "big, strong, and capable as he was, was placed second so that he could back up ole", skriv Slingsby, som kom tredje. Den nordvende sida av skardet er styggeleg bratt, men med tak både for hand og fot, sjølv om dei er små, og med to slike førarar var utfallet gjeve. "Ole bad no og då omhjelp frå den sterkvaksne Hogrenning nedanfrå, og båe arbeidde glupt og utan vande i lag," skriv Slingsby.

Henning Tønsberg, som var med å skipe Norsk Tindeklub i 19O8, hev i DNT 1911 ein artikkel om Jostedalsbreden. Saman med O. Bjerknes starta dei frå Tjugen og la i veg opp den vanlege råsa til Kloumannstårnet på fellet Skåla, der dei vilde overnatte. Der var det korkje parafin til primusen eller ved til omnen.

Varde på toppen

Tønsberg og Bjerknes vilde opp på Tindefiell, som dei meinte var uklive, men då dei kom nærmare, såg dei til si undring ein varde på toppen! Tok difor laust på den mindre og spisse Yngvar Nielsens Tind, som var kliven første gong av Kristian Bing i 1893 og seinare av Birger Huun i 19OO, båe kjende bredeklivarar. Dette var røynde flellfolk, so dei kom seg opp på den spisse toppen, som so vidt hadde plass til dei. Tønsberg skriv:

"Mens vi sat deroppe i det deilige' solvarme veir, hører vi med ett stemmer. Naa! Der blev opstandelse, vi sprat op, og ventet hvert øieblik se gæster dukke frem paa galleriet. Men hvad var det? Jo, der var det to skikkelser der bevæget sig paa Tindefeld. Præsentationen runget over svælget. Det var Dr. H. Natvig og Elias Hogrenning der stod deroppe. For et underligt træf. Efter hvad vi siden fik høre, var Tindefell besteget 8 dage før av Grenough med Hogrenning."

Tønsberg finn det merkeleg at to lag skulde møtast same dag på fell som det nesten aldri var folk på.

Over Jostedalsbreden

I DNT 1914 skildra O. Bjerknes korleis han og H. Tønsberg var komne til Hjelle i Oppstryn på veg til Turtagrø, og ikkje var nøgde med den "vanlege" ruta opp Erdalen. Då bredane var låke det året, fann dei det litt risikabelt å vere berre to mann i tauet, og sikra seg Elias Hogrenning som tredjemann. Og det var nok ikkje so dumt. Det var i slutten av juli, og lite årssnøv på isen. Det vart mykje isøksarbeid og nokre store sprekker. Bjerknes skriv:

Efter nogen stigning stanses vi av en enorm langs spræk. Vi tørner av til venstre, et drøit stykke, til sprækken skar indunder næsten lodret bræstigning, hvor den heldigvis var fyldt av nedstyrtede sneblokker. Her slap vi over og sparket os lodret op nogen meter. Herfra fulgte et flat stykke frem mot Skaalfjeldets lodrette væg. Like efter stod vi og saa paa hinanden. En bundløs bergschrund strakte sig til begge sider saa langt øines kunde.

Hogtenning, som er en lang beslutsom kar, utførte her en smuk manøvre. Godt forankret lot han sig falde ret frem mot feldvæggen paa den andre side sprækken, fik godt tak med begge hænder og lempet kroppen over avgrunden. En kort lodrett klatring fulgte derfra til god ankerplads, og snart var alle over. Hadde bergschrunden været en halv meter bredere, vilde muligens en langsommelig vendereis været nødvendig. Straks efter var vi oppe paa Skaalfjeldet, og hadde igjen fast grund under føttene.

Dei møtte mange vanskar og sprekker etter dette, men kl. halv eitt om natta nådde dei Fåbergstølen. Bjerknes av sluttar slik "Nogen erstatning for ruten op Erdalen, er vaar rute ikke, dertil er den for lang. Men for dem som ikke er ræd for lidt strabadser, og ikke har noget i mot at ta natten til hjælp, kan den anbefales som en interessant brætur.

DEL 4, SISTE DEL, AV ARTIKKELSERIE OM FJELLFØRAR ELIAS HOGRENNIG
Sikker, stø og paalidelig.

Dagfinn Hovden

Hjørundfjordfella var heller ikkje ukjende for Elias. I Climber's Book på Hotell Union på Øye skriv herrane Alec H. Bourne og C. A. Bourne i l9O5 På s. 64-68 om 1O dagar på Øye, der dei kleiv Velleseterhorn, Urkedalstind, Slogen og Geithorn. Dei skriv: "Elias Hogrenning frå Flo, tilrådd oss av herr Bing i Bergen, hev vore føraren vår heile tida, og hev synt seg å vera ein fyrsteklasses førar både på fell og snøv. Han er ogso ein glad og livleg fylgjesvein og talar noko engelsk. Det var vår finste tur til Noreg, og distriktet var ukjent for Hogrenning".

Bourne kosta seinare på Elias ein tur til England, ei ferd han seinare hugsa med glede.

I 19O7 førde Elias herrane W.V. Goulstone og Douglas F. Greenough frå Dallington i Northhampton på Smørskredtind, Konehorn, Slogen frå Vest (som Slingsby kleiv fyrst i 1899), Råna, Midtre Ringdalstind, Velleseterhorn og Geithorn.

I 1910 førde Elias S. A. Gillon og P. Keith Murray opp austeggja på Kviteggja. Gillon skriv det var ein tur som ikkje høver i rått og kaldt veir, men dei hadde ein stor dag for oppgåva. Dagen etter førde Elias dei same på Store Brekketind.

Kolåstinden

Den 13.08.191O tok Gillon og Elias dampbåten kl O6.0O til Store Standal og freista seg på austeggja på Kolåstinden. Gillon skriv: "Nådde den fyste djupe klyfta i eggia 1O3O. Hogrenning fann lett ein veg ned til breden og hogde djuptallerkar i den harde snøven 15O yards eller so. Deretter vart snøven mjukare og hallinga lettare. (...) Siglde det meste av vegen attende i A1 skyssbåt på to og ein kvart time."

I DNT 1919 stend det ei liste: Foretegnelse over førere med det av Den Norske Turistforening utstedte førerpaten, og her finn me: Elias Hogrenning - Flo i Nordford, for omliggende bræer. Då Elias søkte om førarpatent, tykte han vel at det ikkje vilde vere or vegen med eit godt skotsmå,I frå nokon som var betre kjend i miljøet rundt DNT i Oslo, og lagde difor ved søknaden fylgiande utsegn frå Therese Bertheau: "Jeg kan gi Elias Hogrenning min allerbedste anbefaling til at faa det førerpatent han søger. Jeg har seet ham manøvere i det mest forrervne bræterrain, og ligesaa i Horungernes mest beryktede trakte, overalt var han sikker, stø og paalidelig."

Ein kiempekar

Brorson til Elias, Jakob Hogrenning, førde tradisjonen vidare og leidde folk over Jostedalsbreden i 40 år. Han døydde i 1996, nitti år gamal.

Elias var på mange vis ein kjempekar, men han vart berre 6O år gamal. Rasmus Myrhaug skriv i DNT 1933: "Heilt uventa kom bodskapen om at Patentførar Elias Hogrenning døydde 24. februar 1932. Han var i sin beste brage, sterk og frisk og førall. Ingen skulde tru at han so brått var fal for dauden. Han var fødd på Hogrenning i Lodalen i 1872. I 1898 vart han gift med jordgjenta Johanne Fagerheim på Flo i Uppstryn. Det var ein liten og mykje urudd gard; so der var rikeleg arbeid for sterke arbeidsnevar; og det hadde Elias. Den som vil rydja seg gard i Vestlandsfjordane og dalane, lyt eige både mot og manndom. Mang ein slitsam arbeidsdag la Hogrenning etter seg på Fagerheim.

I eit bladstykke som vart skrive åt 9o-årsdagen til mor hans, stod det: "I eventyri les vi om vene gjentor som vert bergtekne. Men store, sterke menn kan og verta bergtekne av dei norske fjelli. Dei som fyrst vert bergtekne, kjem seg vondt eller aldri meir lause att. So er det med Elias Hogtenning. Når det lid fram på sumaren og fjelli tek til å berrkast, lokkar dei og dreg. Og ein god dag stryk han frå kjerring og born og fer upp i felli og breda (...). Dei er mange som i takksemd minnest Elias Hogrenning for trygg og påliteleg føring og god kameratskap på forvitnelege turar på norske bredar og høgfiell."

Til dokumentstart

Alexandra hotel investerar.
270 mill. i hotell og bane.

Publisert i Fjordingen 9. januar.2015.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

I løpet av to og eit halvt år investerer Hotel Alexandra i Loen 85 millionar kroner i nybygg og ombygging.

Det første synlege prosjektet er garasjebygget som no er under oppføring.

Vi byggjer oppå eksisterande garasje der vi til no har hatt 26 plassar under tak og totalt 84 plassar. Når nybygget til om lag ni millionar kroner står klart til påske, har vi utvida til totalt 135 plassar, der 9O vil vere under tak, fortel hotelldirektør Richard Grov.

Nybygg på 2.000 kvm

Med atterhald om styrevedtak i mars, er planen å gå laus på neste store byggieprosjekt når garasjeanlegget er ferdig.

Det vert over 2.000 kvadratmeter nybygg fordelt på to etasjar. Vi byggjer inn i bakken og startar graving etter påske og planlegg byggjestart til hausten. Målet er å kome under tak til jul 2015, seier Grov.

1. etasje vil bl.a. innehalde stort teknisk rom, kjøle- og fryserom ved kjøkkenet, eige vareinntak og nytt vaskeri. I teknisk rom vert det investert i nytt energiøkonomiserande anlegg, også aggregat stort nok til å køyre hotellet med straumbråt. Frå før har Alxandra investert i vassbåren varme frå fjorden. Det har redusert kostnadene til oppvarming betydeleg.

Frigjer 550 kvadratmeter.

2. etasje i nybygget skal romme kantine med terasse for dei tilsette og utviding av bad/spa med treningsavdeling og plass for andre aktivitetar. Nybygget vil truleg koste om lag 50 millionar kroner, seier Grov.

Siste kortet i ermet er at nybygget betyr flyfting av kanine, garderobe og vaskeri frå eksisterande bygg. Det frigier 55O kvadratmeter som vil bli ombygd til ny møteavdeling.

Med dette grepet får vi 400 kvadratnreter meir møterom. Vi samlar møteavdelinga meir og kan også byggje om nokre møterom til seks nye hotellrom. Etter ombygginga vil Alexandra ha totalt 206 rom. Målet er å vere ferdig våren 20l7 seier Grov. Og legg ikkje skjul på at tidspunktet passar godt med planlagd ferdigstilling av Sleipner-Hoven.

Vi posisjonerer oss for auka trafikk som følgie av Sleipner- Hoven. Hoven-prosjektet og utbygginga ved Alexandra betyr 27O millionar kroner i reiselivsrelatert investering i Loen dei neste åra, seier Grov.

Fakta

* Alexandra investerer 85 mill kroner i nybygg og ombygging fram til våren 17.
* Nytt garasjebygg på 4,200 kvadratmeter gir totatt 135 ptassar, 90 av dei under tak.
* Nybygg på 2.000 kvm gir ny kantine, teknisk rom, kjøle- og fryserom og utvida bad/spa.
* Frigjort areal gir utvida møteavdeling og seks nye gjesterom i hotellet.


Tre etasjar: Parkeringshuset som er under oppføring vil få tre etasjar og tel eit totalt parkeringsareat på 4.200 kvadratmeter.


Inn i bakken: Nybygget som er ptanlagd for graving etter påske vit bli bygd delvis inn i bakken, forklarer hotettdireKør Richard Grov

Til dokumentstart

Digitalisert kulturskatt

Publisert i Fjordingen 30. januar.2015.

Av lnge Fænn (redaksjon@fjordingen.no)

Med filmopptaka om bastetau og også turistferdsle i Lodalen i eldre tider, har Sverre Rake sikra ein kulturskatt for ettertida. Det er premiere i Loen Bygdehus søndag.


Kultur på skjerm: Fotograf Sverre Rake til høgre og leiar i Loen Bondelag, Knut Tjugen. På skjermen ser vi hovudpersonen i bastetaufilmen, Jon Solvik

Filmen om bastetau skriv seg attende til midten av nittiåra. Jon Solvik lærde dette hand verket av bestefaren. Rake har fulgt heile prosessen frå lindeskog til ferdig bastetau. Ein prosess som starta tidleg på våren når linda vart hoggen og lagt i sjøen, til nevenyttige raksarar slo bastetau i mørke vinterkveld med tanke på sal under Strynemarknaden, neste vår.

Videoopptaka er digitaliserte i Innvik og klar for framsyning, fortel Knut Tljugen som er leiar i Loen Bondelag. Det var ikkje nei i hans munn når Rake tok kontakt og fortalde kva han hadde fått gjort. Premieren blir søndag, og vona er at både loarar og andre interesserte møter opp.

Vi reknar med at Jon blir med. Han var fødd 2.2.22, og rundar 93 dagen etter premieren, fortel Tjugen. Filmopptaket kombinert med Jon si forteljeevne og også hjelpande innslag frå Kolbein Strand som døydde i for, er av ein slik kvalitet at vi kan seieat det gamle handverket er sikra for ettertida. Sverre Rake har meir. I mai 2OOl tok han kamera med seg til Kristian Tljugen, den siste attlevande av bussjåførane frå den tid dei hadde eige busselskap i Loen. Opptaket var giort få månader før Kristian giekk bort, 85 årgammal.

På nytt får vi glitrande forteljekunst, kombinert med eldre bilde der han kjenner både personane og hendingane. Tjugen tek oss med inn i åra etter Lodalsulukka då båtane gjekk tapt og bussane tok over. Turistskip kvar einaste sommar. Det kom fortgang i veg til Kjenndalen. Vegarbeidarane hekk i tau i bratte fellet for fem kroner dag. Tyske marinegastar gjekk gjennom bygda i taktfast marsj med hornmusikk og kraftig song som skremde kalvane ut av beita og til fjells. Dansemusikk frå skipsdekk på kveldstid og bygdefolket undra seg over at dei dansa midt i veka.

Folk har noko å gle seg til når opptaka kjem på storskjerm, og etter det vi får fortalt har Sverre Rake meir på lager.


Handverk: Kotbein Strand t.v, og Jon Sotvik med bork av lind tit bastetau.


Sjølvgjort: Jon Solvik med sjølvlaga bunt av bastetau.

Ovde fingrar: Her ser vi godt korteis Jon Solvik styrer med øvde fingrar.

Til dokumentstart

Mot ei ny tid for Loen IL

Publisert i Fjordingen 8. februar 2015.

Av Ove Sveen(ove.sveen@fjordingen.no)

Onsdag vart det 55 ar gamle klubbhuset til Loen Il jamna med jorda. Ny kunstgrasbane og nytt klubbhus skal byggiast.


Ikkje ein dag for tidleg Siv Rauset til venstre og Lene Auflem er glad for at laget no kan sjå framover til ny kunsgrasbane og nytt klubbhus. Her frå rivinga av det gamle klubbhuset som Loen-elevane tykte var interessant. Pokalar og heldersteikn er no flytta over til bygdehuset. (Foto Ove Sveen)

Det var Bjørn Kjetil Hilde som utførte rivingsarbeidet med eiga maskin på dugnad. Klubbhuset vart bygt i 1960 med grunnlag i ei gammal tyskarbrakke.

Byggjer kunstgrasbane

Vi vil starte opp arbeidet med den nye kunsgrasbana så raskt som råd med tanke på ferdigstilling i slutten av mai om verforholda står oss bi, seier Lene Auflem og Siv Rauset i fotballguppa.

Dei to har stått i spissen for å skaffe eigenkapital til anlegget. Hittil har dei fått inn l,l million kroner i reine pengar, mest frå private personar.

Vi har nådd målet vi sette oss, men tek mot alle bidrag. Hittil har ei einaste bedrift gått inn, og det med heile 100.000 kroner i reine pengar. Det er Joker i Loen. Enkelte privatpersonar har gått inn med nærare 50.000 kroner. Rett og slett imponerande, seier dei to eldsjelene. Det er ikkje for seint å sikre seg andelar. Hittil er inntektene på andelar over 200.000 kroner. Julequizzen 2. juledag vart suksess og gav I00.000 kroner i kassa.

Entreprenørar og andre vil gje hjelp i form av dugnad. Dugnadsånden i Loen har alltid tid vore stor. Det er nok å nemne barnehagen og bygdehuset, seier dei. Nar det gjeld hovudentreprenør for sjølve kunstgrasbana vert det om kort tid underskrive kontrakt.

Nytt klubbhus

Kjem klubbhuset oppatt i år? Ja, det skal vi få til. Bygget på åtte gonger 12 meter skal plasserast på midten. Her skal vere møterom, toalett, kjøken, kiosk og garasjeplass til materiell.

Samarbeid med Vikane.

Rauset og Auflem er godt førebudde til ein ny fotballsesong og poengterer det gode samarbeidet med Vikane. Med A-laget og gutane (fem lag) køyrer dei samarbeid. I serien har Loen også tre jentelag og fleire knøttelag.

No satsar vi på å få avvikla alle kampane i Innvik no i vår, og så stiller vi med bane til hausten, seier Siv Rauset.

Trenarlista i Loen er lang. A-laget saman med Vikane, skal i år trenast av trioen Sverre Sæten, Asgeir Fivelstad og Petter Heggdal.


Arena Loen: Slik blir det nesten 100 kvadratmeter store klubbhuset i Loen sjåande ut.

Til dokumentstart

Eit gullkanta prosjekt- Sikring av gjølmunna

Publisert i Fjordingen 12. mars 2015.

Av Harald Vartdal(harald.vartda@fjordingen.no)

Sikringa mot Gjølmunna blir ferdigstilt i løpet av 2O15. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2l millionar kroner.


Sikring mot Giølmunna: Ein 320 meter lang og l5 meter høg skredvoll skal sikre Loen sentrum. Som eit ekstra tiltak, vert det bygt massebaseng for å hindre at stein og grus kjem ned på fytkesveg 60

Samfunnsmessig er dette eit gullkanta tiltak. Samstundes som vi sikrar store verdiar i Loen sentrum, bidreg det til realisering av SleipnerHoven og opprusting langs sjøkanten, seier prosjektleiar Helge Leif Nordvik.

Utvida prosjekt

Gjølmunna-prosjektet skulle i utgangspunktet sikre eksisterande og framtidig busetnad i Loen sentrum. Men tiltaket har blitt meir omfattande. Det gield ufyllingi sjøen og bygging av eit massebasseng i nedre del. Bassenget vert laga til for å hindre at steinmassar frå Gjølmunna hamnar ned på fylkesveg 60, fortel anleggsleiar Anders Muldsvor til Fljordingen.

Sjølv om massebassenget har kome i tillegg til opphavlege planar, ligg vi i rute i forhold til kostnadsoverslaget på 2l millionar, opplyser Harald Leif Nordvik.

Gunstig vinter

NVE anlegg og Ottar Dvergsdal AS har hatt drift i heile vinter. Vi tok høgde for å avslutte i november og starte opp att for fullt i mai. Men det gunstige været i vinter har gjort det mogeleg med kontinuerleg drift. Men fullt trykk blir det ikkje før 1. mai, opplyser Anders Muldsvor.

Arbeidet er i rute? -Ja, vi ligg godt an med tanke på ferdigstilling i november, seier anleggsleiaren.

Vinn-vinn

Helge Leif Nordvik har lang fartstid i NVE. Og han kjenner også godt til forholda i Loen. Dette er tredje gongen eg er med på sikring av Gjølmunna så det kan vere eit fint punktum før eg går over i pensionitane sine rekkjer, smiler NVE-veteranen.

Når det gjeld Gjølmunna prosiektet, snakkar vi vinn-vinn? Ja, og det har kome til endå fleire fordelar under vegs. Ikkje minst utnytting av overskotsmasse frå forbygginga. I staden for å bruke store summar på massetransport, vert overskotsmasse frå Gjøtmunna-anlegget nytta tit opparbeiding av tomt for SleipnerHoven.

Til dokumentstart

Skipa Loen sitt nye talerør. Loen utviklingslag

Publisert i Fjordingen 27. mars 2015.

Av Roy Aron Myklebust (roy.aron.myktebust@fjordingen.no)

Tlsdag kveld vart eit lite stykke historie skrive i Loen Bygdehus. Då vart Loen Utviklingslag skipa.


På hugget: Prosjektgruppa for etablering av Loen utviklingslag. Frå venstre Wenche Flølo, Olav Lars Rake, Haldor Hove, Sissel Tenden og Aridl Bødal

Eg trur at etablering av eit utviklingslag er viktig for bygda. Det er nødvendig med ei form for organisering for å skape og få ting til, og vere talerør inn mot kommunen og andre, sa ein entusiastisk ordførar Sven Flo til ein fullsett foaje i Loen Bygdehus. Truleg var det nærare 100 som hadde møtt fram til skipingsmøtet tysdag kveld.

Bygda med størst vekst

Sidan før jul har ei arbeidsgruppe sett saman av Haldor Hove, Wenche Flølo, Olav Lars Rake, Sissel Tenden og Arild Bødal jobba med å få på plass eit utviklingslag for Loen, Rake og Lodalen. Arbeidsgruppa vart også vald til laget sitt første styre, med unntak av Arild Bødal som tok revisorrolla, medan Asle Loen kom inn som styremedlem. Hove vart vald til leiar.

Det skjer mykje i bygdene kring oss, men Loen er i størst vekst, så det skulle difor berre mangle om ikkje også vi har eit utviklingslag, sa Hove innleiingsvis.

Også plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal, var til stades på skipingsmøtet. Han var imponert over engasjementet.

Eg har vore på mange slike møter tidlegare, men trur aldri eg har møtt ei så stor forsamling, sa Dvergsdal. Også han påpeika den viktige rolla eit slikt lag kan ha, som bindeledd mellom bygda og kommunen.

Det er viktig at vi kan jobbe ilag om ting som er muleg å løyse, sa han, og understreka samstundes faren med å gå seg fast i saker som av formelle årsaker ikkje kan løysast gjennom slike organ.

Vi skal i alle fall giere vårt for ein god dialog med utviklingslaget, avslutta Dvergsdal.

Gang- og sykkelvegen

I tillegg til sjølve skipinga av det nye laget vart også tre saker presentert og diskutert. Det var gangvegen Loen-Rake, kunstgrasbana i Lovik og bustadprosjektet i Kvitfell. Særleg gangvegen vart via mykje tid og diskusjon. Eit prosjekt som har stått i stampe i mange år. Sven Flo orientefte om kommunen sitt arbeid inn mot fylket, som er eigar av vegen. Det blir jobba for å få til ei 5O/5O deling mellom kommune og fylkeskommune.

Men eg er ikkje veldig optimistisk, måtte ordførarer vedkjenne. Han opplyste difor at kommunen samstundes må sjå på mulegheitene forå kunne ta den heile og fulle finansieringa på ca 2O millionar sjølve.

Det vil vere ei kjempeutfordring Men kommunen må nok innstille seg på å bruke meir pengar på infrastruktur framover, for at Stryn skal vere attraktivt som busetjingsplass. Denne saka bør øvst opp på agendaen til utviklingslaget, var meldinga frå Arild Bødal.

Til dokumentstart

Gav dispensasjon for nausttomter i Bødal

Publisert i Fjordingen 4. mai 2015.

Av OveSveen. (ove.sveen@fjordingen.no)

Sektorutvalet for tekniske saker i Stryn har samrøystes gieve dispensasjon for etablering av tre nausttomter i Bødal.

Dei har samstundes gieve dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av naust på tomtene.

Søkjar er Sølvi Ann Sande Hoem.

Kvar av tomtene er på ca. 8O kvadratmeter. Dei skal etablerast på gardsnummer 77 bruk nummer 2. Det eine skal høyre til bruket. Dei to andre skal nyttast av andre eigedomar i Bødalen. Dette ligg i LNF l-område. Når dette er dispensassjonssak skuldast det at to av nausttomtene ikkje har direkte tilknyting til landbruksdrift/ næring. Nausttomtene er planlagde i område utan tekniske inngrep frå før. Administrasjonen har drøfta søknaden og konkludert med at tiltaket er så avgrensa at det ikkje utløyser reguleringsplikt.

I saksvurderinga vert det påpeikt at nausta bør byggast i tradisjonell stil med grunnflate under 3O kvadratmeter, utan loft og med mønehøgde under 3,5 meter.

I debatten vart det generelt poengtert at eit naust måtte vere eit naust. Til dette svarte Kolbjørn Nilsen at dette ikkje var problem i denne saka.

Til dokumentstart

Elisa Bødal. Beste karakter i alle fag

Fjordingen 30.juni 2015.

Heimesida til Høgskulen i Volda
Av Ann Karene Rasmussen

Elise Bødal frå Stryn er nettopp ferdig utdanna grunnskulelærar for 5.-10. trinn, og kan skilte med toppkarakter i alle fag. På heimesida til Høgskulen i Volda er Bødal intervjua av Ann Karene Rasmussen.

Eg er opptatt av å gjere det beste eg kan. For meg er det viktig med struktur, og å ha ein plan for korleis eg skal komme meg igjennom. Skippertak fungere ikkje for meg, seier Bødal lattermildt.

Med sambuar i Stryn har ho i alle dei fire åra i pendla til Volda for å studerer ved høgskulen. Eg har hatt ei fast pendlevenninne som har tatt dei same faga som meg, så vi har hatt mange timar til å diskutere fag.Innanfor grunnskulelærarutdanninga har ho valt å fordjupe seg i naturfag, matematikk, og samfunnsfag.

Realfag er det eg likar best. Eg likar å ha fasitsvar. Eg hadde matematikk, fysikk og kjemi på vidaregåande, noko som har vore ein fordel i faga matematikk og naturfag på høgskulen. Eg valte så samfunnsfag framfor engelsk fordi geografi interesserer meg. Med små klassar fortel ho at dei blir godt kjente med både dei andre studentane og lærarane.

Det er veldig enkelt å få hjelp om ein lurer på noko. Det er jamt over veldig gode lærarar og forelesarar, men eg er spesielt fornøgd med lærarane i matematikk.

Trass i upåklagelege resultat har ikkje Bødal sete med hovudet i bøkene heile tida.

Eg har ikkje jobba så mykje med skule på kveldane og i helgene, men utnytta timane på dagen. Eg har slik hatt tid til både trening og ekstra jobb.

Bødal var usikker på kva ho ville etter vidaregåande, men var sikker på at ho ville ta eit friår. I sommarferien blei ho oppringt av ein rektor i kommunen og fekk tilbod om vikarstilling i 1.klasse på ein liten skule i området.

Eg likte meg veldig godt i skulen. Eg har alltid vore glad i ungar og i å hjelpe folk. Å være lærar er ein jobb du aldri går lei. Det er alltid nye utfordringar og ting å jobbe med. Det er eit spennande yrke, men travelt til tider, seier ho.

Bødal skal snart ut i fødselspermisjon, men legg ikkje studia på hylla av den grunn.

Eg har planar om å studere norsk på nett, så får vi sjå om det lar seg kombinere med ein liten ein. Etter permisjonen håpar eg å få meg jobb i nærområdet.


Toppresultat: Elise Bødal frå Loen avslutta lærarutdanning med beste karakter i alle fag. Foto: Ann Karene Rasmussen.

Til dokumentstart

Står klar med jordbær frå Loen

Publisert i Fjordingen 14. juli 2015.

Av Simen Gald (simen.gald@fjordingen.no)

Dei aller første jordbæra frå Indre Nordfjord er no endeleg byrja å bli modne.

På grunn av skiftane tempereaturar og lite nedbør giennom dei siste vekene ijuni og juli, har mange bønder omkring i fylket støtt på store utfordringar med å få fram frukt og bær. Dette har igjen medført til rekordsein start på ein venta sesong av gode jordbær og anna frukt. I fjor var sesongen over på desse tider. Dei aller første bæra er no modne, men del er venta haustlege temperaturar og regn utover veka.

Satsar på godt sal

Fjordingen møtte Rickard Loen (14) utanlfor Tognatun i Stryn sentrum måndag. Vi satsar på godt sal avjordbær i år også. Så langt har det vore ein vanskeleg sesong for frukt og bær omkring i fylket, seier Rickard. Han har giennom dei siste somrane stått med bilen i Stryn og selt jordbær til både lokale og til turistar.

Ein kjekk sommarjobb

Eg tykkjer det er ein kjekk sommarjobb å ha for ein på min alder, fortel Loen, før han må giere seg klar lil å opne butikken for kundane.


Endeleg:Rickard Loen (14) håpar på godt sal av jordbæra frå bygda i år også. Sesongener no såvidt i gang med dei første bæra i handelen.

Til dokumentstart

Kåre Rake såg flya som bomba Stryn

Publisert i Fjordingen 14. juli 2015.

Av Harald Vartdal (harald.vartdat@fjordingen.no)

Kare Rake var fem år då tyske fly i 1940 bomba Stryn sentrum. Eg hugsar godt lyden frå bombinga og sag flya kome over Årheimsqfjellet, fortel han til Fjordingen.

24. april l94O sleppte tyske bombefly store mengder sprengbomber og brannbomber over Stryn sentrum. Det blei også skote mot folk. Utruleg nok vart ingen drepne eller såra. Men fleire bygningar fekk skade. Mellom dei dåverande kommunehus.

Fem år gamle Kåre var saman med familien heime på Rake denne dramatiske dagen.

Eg ser enno føre meg korleis flya kom over Årheimsfjellet, svinga mot Fosdalen og returnerte til Stryn sentrum for nye bombeslepp.

Kor mange fly var det som bomba Stryn? - Eg kan ikkje gje noko eksakt tal, men det var meir enn eitt fly. Då dei var reiste, tok far min (Ola S. Rake) sykkelen og drog inn til Stryn for å sjå på skadane. Med seg heim hadde han ei bombe som var fastsurra på bagasjebrettet. Denne hadde far funne i Stryneelva. Bomba vart gøymd, men teken fram frå tid til anna, fortel Kåre Rake.

Dei aller første krigsminna

Er bombinga av Stryn ditt aller første krigsminne? - Nei, eg har eit vagt minne frå mobiliseringa då krigen braut ut. Eg kan så vidt hugse at nokre av bygda sine menn gjekk om bord i ein lastebil eller buss som stoppa ved skulehuset på Rake. Om dei skulle til Voss eller Valdres, veit eg ikkje, seier Kåre Rake.

På denne tida var familien til Kare Rake mellom få her i distriktet som hadde innlagt telefon. Ein kveld vart far ringt opp av lensmann Aarnes som bad om at han og nokre andre skulle ta med våpen og gå gjennom skogen ned til Marsåvika for å sjå om tyskarane hadde overteke tankanlegget. Då dei nærma seg, sveipa lys frå lommelykter rundt ved tankane. Men det var uråd å vite om det var tyskarar utan å gje seg til kjenne. Etter diskusjon karane imellom, blei det bestemt å fyre av eit skot i lufta. Noko som resulterte i utrop på norsk. Tll stor glede synte det seg at orda kom frå mannen som dreiv anlegget, Jakob Sandbakk. Men ikkje lenge etter kom tyskarane til Marsåvika, der dei hadde ein av basane sine i krigsåra.

Sjøfly landa på Avleivika

Sommaren l94O landa tre sjøfly på Avleivika i Olden. Far sykla bort og spurde ei vakt kva som var årsaka til landinga. Han fekk ikkje noko svar, men giekk bort til dei norske flygarane. Dei fortalde at det eine flyet hadde skothol i flottøren og måtte reparerast. Far fekk då henta Andreas Sunde som hadde verkstad i Olden. Han bøtte flottøren og flya kom seg vidare. I ettertid har eg høyrt at det eine flyet ved eit mistak vart skote ned av britiske militære på veg til England. På 1960-talet fortalde eg denne historia til ein arbeidskollega som hevda at den omkomne flygaren var frå Hornindal. Men det kan eg korkje stadfeste eller avkrefte, seier 8o-aringen som også var vitne til at tre krigsskip, truleg tyske, kom innover mot Olden, snudde og for ut att forden.

Nytt kommunehus

Når Fjordingen får Kare Rake til å vise plassen der gamle kommunehuset stod, kjem det fram ei ny.historie. Far som var politikar, gjekk til ordføraren og bad han ta med bilde av det skadde kommunehuset då han skulle til Oslo. Baktanken var å få pengar til nybygg. Resultatet vart at ein sette fortgang i arbeidet med nytt kommunehus. Entreprenør for bygget var Jørgen Flo, bestefar til noverande ordførar i Strym. Eg kjenner to som var med på byggearbeidet. Det går også ei historie som seier at Heradsheim vart reist av murstein som Innvik kommune hadde kjøpt inn. Men då dei ikkje klarte å bestemme seg for om deira kommunehus skulle liggie på Faleide eller lnnvik, vart mursteinen brukt i Stryn. Historia seier også at innvikarane aldri fekk betalt for mursteinen, smiler den pensjonerte maskinkøyraren til Statens vegvesen.

Hadde radio

Far til Kåre Rake hadde radio som vart nytta til å lytte på nyheiter frå London. Den fekk han av søskenbarnet Ola E. Rake som dreiv tannlegepraksis i Raudihuset. Her er historia bak:

Tannlege-Ola måtte også reparere tenner til okkupantane. Mellom pasientane var sjefen for den tyske avdelinga i Stryn. Majoren sat i tannlegestolen, trampa i skammelen og utbasunerte: Vi veit at her er radioapparat i Stryn og dei skal vi finne! Det han ikkje visste var at inne i skammelen låg eit radioapparat.

Tannlege-Ola overlet radioen til Ola S. Rake. Og på Rake vart den eit samlingspunkt. Ofte var det to fulle stover av vaksne som lytta på nyheitene frå London. Då stod vi gutane vakt utandørs for å sjå om de kom framande til gards, fortel Kåre.

Tyskarane klarte ikkje å avsløre denne aktiviteten? - Nei, men det var sannelq nære på. Eg gløymer aldri då tyske soldatar som var stasjonerte i Marsåvika, kom opp til oss for å låne telefonen vår til å ringe heim. Inne i stova stod radioapparatet godt synleg. Eg sprang inn til mor (Kristine Rake) og fortalde at tyskarane var femti meter frå huset. Ho stappa radioapparatet under for_ kledet, kom seg ut bakdøra og fekkgøymt radioen på låven. Eg ser enno føre meg mor kome trippande inn att døra med ei bøtte i handa, ta imot tyskarane og la dei få telefonere heim til sine kjære-

Kryptiske meldingar

At familien på Rake hadde radioapparat giennom heile krigen, var godt kjent. Ein gong far reiste til Måløy for å kjøpe fiskegarn, fekk han uventa spørsmål om radioen som var i bruk pa Rake. Så dette ryktet hadde spreidd seg langt. At det likevel giekk bra, skuldast nok eit godt varslingssystem. Nar t.d. distriktslege Freihow skulle fortelje far at det hadde vore rassia i Stryn og at tyskarane kunne ventast andre plassar, ringde han og slo av ein prat der han formidlar viktige opplysningar på kryptisk vis. I løpet av samtalen kunne Freihow t.d. fortelje at "vi har hatt framandfolk På besøk og dei skal inn til Rake og". Då fekk far tid til å gøyme radioapparatet, våpen og andre ting som tyskarane var på jakt etter når dei giennomførte sine rassiaer.

Dobbelt hurra

Korleis opplevde du frigieringsdagen 8. mai 1945? -Vi fekk eit forvarsel dagen før då far sende drengen vår opp i skogen for å finne eit tre som skulle nyttast til flaggheising. 8. mai var eg på skulen. Då banka det på døra og læraren frå Loen kom inn og sa at vi fekk skulefri. Det var ein strålande vårdag og vi borna sprang ut og ropa hurra, både for å ha skulefri og gleda over at krrgen omsider var slutt. Sjølv om vi som hadde gard ikkje leid naud når det galdt mat, hadde det vore tøffe år.

Viktig historie

Det var Olav Guddal si historie frå krigen som fekk Kåre Rake til å kontakte Fjordingen. Eg er redd for at mange hendingar frå krigsara vil gå i gløymeboka. Sjølv om det ikkje dreiar seg om dramatiske ting, er det viktig at etterkomarane får kjennskap til korleis folk i våre bygder opplevde okkupasjonsåra. Min generasjon som opplevde krigen, går mot slutten. Difor er det viktig å få dette formidla før det er for seint. Her er mange som har mykie interessant å fortelje, sluttar Kåre Rake.


Vitne til Krigshandling.Kåre Rake var berrre 5 år gamal då tyske fly slepte bomber over Stryn sentrunm. Men den dramatisk dagen 24. april 1940 sit klistra i minnet. Eg høyrde bombinga og såg flya som kom over Årheimsfjellet, flaug over Fosdalen og ned att til Stryn for nye bombetokter, fortel 80-åringen.

Til dokumentstart

Hoven. I gang med stibygging

Publisert i Fjordingen 25. august 2015.

Av Gunnhlld Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Eit arbeidslag er i full svingmed stibygging frå Oppheimssætra til Nøkketjønn i Loen. Prosjektet er eit del av eit større nettverk av vandrestiar i tilknytingtil Hoven Loen.

I samband med pendelbane- prosjektet Hoven Loen skal det etablerast eit vandrerute - nettverk i dette fellområdet. Dette skal ha internasjonal standard, seier Rune Holen frå Naturservice DA.

70 km stinettverk

Det er Naturservice DA, Utmarksressurs AS ved Ole Runar Aabrekk, Drageset Maskin og Fjord Helikopter som utfører arbeidet. I eit samarbeid med velvillige grunneigarar, legg Rune Holen dl. I samband med arbeidet har dei gått opp totalt 70 km potensielle ruter til og omkring Hoven. Nokre av rutene knyter Stryn til vandrenettverket. Eit førebels kart viser potensielle ruter.


Vandreruter.Kartet viser 70 km med potensielle vandreruter rundt HovenLoen

Dei endelege rutene er ikkje kartlagt enno. Det står framleis att å kontakte ein del grunneigarar. Men mange vi har vore i kontakt med har vore svært positive, seier Holen. I løpet av sesongen 2015-2016 er det med ferdselvegen totalt ca. 9 km sti som skal oppgraderast.

Oppgraderast

Det blir arbeidd med stiar som alt finst i området.Vi skal ikkje etablere nye stiar. Dette er tradisjonelle stiar som skal vølast opp igjen, seier Holen. No arbeider dei med stien mellom Oppheimssetra og Nøkketjønn. Denne stien skd bli ferdig i haust. Så skal vi også lage ei runde som går over Skredfjllet, ned på Oppheimssetra, vidare ned på ferdselsvegen og tilbake til Hoven. Litt lenger aust for den skal vi lage ein kortare familierunde som går mot Tungejølet, seier Rune Holen.

Stryn sentrum

Vi har denne barmarkssesongen og neste på oss til å vøle opp stiane og få på plass eit vandrerutenettverk, seier Holen. Han seier stinettverket vil vere eit pluss i folkehelseperspektiv og ein positiv faktor ikkje berre for tilreisande, men og for dei lokale. Ikkje minst blir det flott å få oppgangane frå strynesida, seier Rune Holen. Som eit døme nemner at det truleg vil bli ein 12 km tur som vert skilta midt i Stryn sentrum, ved Reisemål Stryn & Nordford på Per Bolstad plass. - Tenk på mulegheita til å gå ein fin, 12 km felltur frå sentrum, ete middag på Hoven og gå ned igien til Stryn sentrum. Det blir ein fin søndagstur! seier Rune Holen.


Stiprosjekt. Frå stibygging mellom Oppheimssetra og Nøkkeltjønn. Alle foto til denne artikkelen: Naturservice DA.


Stiprosjekt. Frå stibygging mellom Oppheimssetra og Nøkkeltjønn. Maskinførar Håvard Lyslo, hjelpemann Fredrik Skrede og Rune Holen frå Naturservice DA.

Til dokumentstart

Tjugen Camping 2015
Lever det gode liv på Tjugen Camping.

Publisert i Fjordingen 21. august 2015.

Av Ove Sveen(ove.sveen@fjordingen.no)

Campingpæringa er trass i dårleg ver i juli månad, inne i ein god sesong. På Tjugen camping nyt turistane fredfulle dagar.

Han Knut hjelp oss med alt. Det er ro og fred vi ønskjerer oss som kjem frå Rotterdam med 650.000 menneske. Det får vi her, seier Ellen og Wim van Henne. Dei hadde sin første ferie på Tjugen Camping i 1988, og har med få unnatak kome tilbake kvart einaste år.

Vi såg eit TV-program

Det hollandske paret såg ein TV-dokumentar om ferieruta frå Otta til Vestkapp vinteren 1988. Der var det mellom anna glimt frå Stryn Sommarskisen- ter og i Briksdalen. Det var nok til å tenne gnisten. - Lodalen og Kjenndalen er noko heilt spesielt, seier dei og peikar rett mot Krunebreen. Dei har vore på Skåla to gonger og dei har fiska det som er å få av fiskeslag i fjorden og i Lovatnet. Fisken blir sett ut igjen. Dette er sport, seier Wim. Dei leiger same hytte år etter år, og reiser heim først den 7. september. - Tida vert ikkje lang. Eg fiskar også litt, og så likar eg å lese og gå på tur, seier Ellen. Boka ho les er Markens Grøde.Versjonen er nederlandsk og tittelen er "Hoe Het Groeider"

Nokre meter unna bur to tyske gutar frå Lehrte i Niedersachsen i tomannstelt. Dei blir her i 14 dagar. Berre for å få ro og gå i fjellet. Skåla inspirerte og dermed vart det Tjugen Camping.

Attraksionarsom dreg

Eg tykte vi hadde ein god sesong i for, men denne blir betre. Det er klart vi dreg fordelar av omgjervnadene våre, slik som Skåla og Via ferrata, seier Knut Tjugen. Eit blikk bort på Skåla-parkeringa viser over 20 bilar også på ein onsdag. Juni månad matcha vi nok med same trafikk som i for. Eigentleg kjem ikkje sesongen i gong før i midten av juli. Det var mykje snø og lite vandring i fiellet lenge i år, men i det siste har det vore veldig bra trafikk. Du kan seie at det vi har tapt av norsk trafikk, har nederlendarane teke igien, seier Tjugen.

25 faste vogner

Knut og kona Lill Berit har lagt ned mykje arbeid på Tjugen Camping. Dei starta opp i 1973, og dei siste terassane for faste campingvogner vart etableft i 2O06. Campingfeltet strekte seg dermed ut oppover, og i 2OO9 vart det bygt nok eit sanitærbygg. I alt 25 campingvogneigarar, vesentleg frå ytre Sunnmøre og ytre Nord[ord har sine intallasjonar ståande heile året. Tjugen Camping har i tillegg seks hytter, rikeleg areal for telt, bubilar og campingvogner. - Vi registerer at det meir eller mindre har eksplodert med bubilar i Norden på bekostning av campingvognene. Elles har vi enkelte neter oppimot ti nasjonar på plassen. Hollendarane er flest med nordmenn og tyskarar på dei neste plassane, seier Tjugen.


Kosar seg på Tjugen Camping. Til venstre ser vi det hollandske ekteparet Ellen og Wim van Henne. Til høgre ser vi campingvert Knut Tjugen og dei to tyske ungdomane Pascal Schaldach og Henrik A. Schmidt frå byen Lehrte i Niderssachen. Foto: Ove Sveen

Til dokumentstart

Saab samla i Loen
Den store Saab-familien samla i Loen

Publisert i Fjordingen 7. august 2015.

Av Ove Sveen(ove.sveen@fjordingen.no)

Det var som eit stort slektsstemne i Loen då over 160 Saab-eigarar frå store delerav Europa møttest tysdag. Gjensynsgleda var stor.

Det var Gammelsaabens Venner (Norwegian Classic Saab Club) med Olav R. Faleide i spissen som arrangerte det internasjonale treffet i ar. Dei fleste deltakarane kom til Bergen søndag. Vidare var dei innom Flåm og Skjolden før dei slutta seg til treffet i Loen i løpet av tysdagen.

Stor parade

Etter registreringa ved bygdehuset, var alt duka for parade frå Lovik, forbi Hotel Æexandra, kyrkja og tilbake til bygdehuset gjennom bustadfeltet og industriområdet. Her var dei fleste modellar representert, frå eldre totaktarar til turbo kraffrnaskinar frå 20fl. Gammalsaabens Venner vart grunnlagt så tidleg som i l977 etter initiativ frå Olav R. Faleide. Eit viktig mål var å byggie opp eit delelager som var noko utryddingstrua. Etter bilane å dømme i Loen, må tiltaket ha vore vellukka.

Etter paraden var det lagt opp til grilling ved blgdehuset. Onsdagvar det utlukter til Lodalen, Briksdalen, Nordford Panorama, Norangsdalen og Vestkapp. Dagen etter skulle mange til l}ollstigen.

Oyeblikkeleg nærkontakt

Ein utanforståande nøytral bileigar vart slått av gjensynsgleda ved bygdehuset. Her kjende mange kvarandre.

Eg lærer kvar einaste dag. No må eg spørje Olav etter ein teknikar. Det vibrerer i drivakslingen. Trur ikkje eg kjem opp Ttollstigen, sa Paul Veeger i sin 1964-modell. Han hadde køyrt og skulle køtyre i alt ca. 4.OOO kilometer frå sør i Nederland, via Hirtshals i samband med treffet.

Trond Fjeldberg frå Sarpsborg og Johan Bekkers frå Belgia helsa på kvarandre på denne måten: Er fargen på bilen din Yellow brilliant, spurde FJeldberg. Stemmer, fargekoden erY9 H, repliserte Bekkers. Dermed var det kontakt. Fjeldberg hadde for ein månad sidan blitt eigar av ein heilt intakt original Saab 99 L, 1973 modell. På 42 år hadde han gått IOO.OOO kilometer. Lengste køyreturen hadde vore 5-1O km før langturen til Loen.

Det var lett å bli bitt av basillen i Loen. Det er aldri for seint, var det ein som sa før vi vende heimover i Toyota.


Parade. Bilane køyrde mange rundar gjennom Loen. Her på veg oppover i retning kyrkja. Foto: Ove Sveen

Til dokumentstart

God sesong for Alexandra
Beste juli nokon gong for Hotel Alexandra

Publisert i Fjordingen 7. august 2015.

Av Ove Sveen(ove.sveen@fjordingen.no)

Dei tre verksemdene Hotel Aexandra, Hotel Loenford og Loen Active hadde samla i juli ei brutto omsetning på godt 26,6 millionarkroner.

Dette er den beste juli månaden nokon gong, og då tenkjer eg også på dei gode åra før 2008 då finanskrisa skapte nye utfordringar, seier adm.dir. Richard Grov til Fjordingen. Bruttoomsetninga i fjor for dei tre selskapa samla var på ca.l02 millionar kroner. I ar vil den auke monaleg.

I antal giestedøgn var vi dei siste åra før finanskrisa oppe i ca. 115 000. Dette var gode år, ikkje minst på grunn av den gode norske trafikken på vinter og tidleg vår.

I ara frå 2008 har vi lege på ca.100.000. No skal vi nærme oss 105.000 i ar. Pila peikar med andre ord oppover, og sesongen i år lovar også godt med tanke på dei store investeringane vi står overfor, seier Grov.

Nær l0% auke

Tala for gjestedøgn og omsetning fortel alt om oppsvinget i juli. Juli i for var også bra,men på Hotel Alexandra auka vi antal giestedøgn i juli i år frå 11 363 til 12 314. Det var 8,4 % auke. Brutto omsetning auka på same tid frå 17,9 mill. kroner til godt 19,8, tilsvarande l0,9% auke. På Loenford auka antal gjestedøgn frå 5 968 til 6 340 og omsetninga frå 4 938 til 5 136. Loen Active auka brutto omsetning frå 870 261 i juli i fjor til godt 1,6 millionar kroner i juli i år. Dette ein auke på nær 85%. Når det gield brutto omsetning for alle dei tre selskapa samla, auka denne med nær 3 millionar kroner i juli i ar, ein auke på 12,4%.

Klar treng på nasionatitetar

Kan du sjå noko utvkling i kvar turistane kjem frå til Loen? Der er det klare trekk. Norsk trafikk har gått ned, den utanlandske har auka. I juli i fjor hadde vi ei fordeling med 54% utanlandsk og 46% norsk trafikk på hotella. I år vart høvesvis fordeling 59% og 4l%. Og kva for nasjonalitetar er det som kjem? Spania er størst i juli etterfylgt av USA, TYskland og Taiwan. Det er også ein trend vi ser på årsbasis at vi får fleire utanlandske furistar. Dette vil nok halde seg framover. Ingen tvil om at andre valutaer har styrka seg i høve til den norske krona, seier Grov. Så det står ikkje så dårleg til i Spania kanskje? - Det er ei stor befolkning, og mange lever godt. Ser vi på hotella våre, har vi veldig mange spanjolar På Hotel Loenfjord. Amerikanarane føretrekkjer Hotel Alexandra. USA er den desidert største utanlandsmarknaden På Alexandra.

Gode utsikter

Korleis ser hausten ut for hotellet? - August og september ser veldig bra ut og med tilnærma same fordeling av nasjonalitetar. - Førjulssesongen vert spennande. Vi ventar oss kanskje fleire eksportretta bedrifter på julebord og kanskje færre oljerelaterte. Dette er ei utvikling vi ser på bestillingane, seier Grov. Han presiserer at drifta av dei tre selskapa er lagarbeid og at mange har lagt ned ein kjempejobb.


Oppløftande. Utviklinga er oppløftande, ikkje minst med tanke på dei tunge investeringane som skal gjerast, seier adm. dir. Richard Grov. Foto: Ove Sveen

Til dokumentstart

Hoven Loen 2017
Fra fjord til fjell på 5 min.

Publisert i VG 22. august 2015.

Av Mona Langset (mona.langset@vg.no)


Bratt. Pendelbanen skal gå opp på fjellet Hoven til venstre for hotel Alexandra slik det er montert inn her. Menneskene på bildet gjør seg klar til å klatre. Illustrasjon: Naturservice/Hoven Loen

Innen 2017 skal en ny pendelbane løfte turister fra fjorden og opp til toppen av det 1011 meter høye fjellet Hoven i Loen.

Pendelbanen blir selve navet i prosjektet som har fått navnet "Hoven Loen 2017". Men reiselivsproduktet som helhet blir mye større enn som så. Fra toppen av fjellet får turistene oppleve Vestlandsutsikt på sitt beste, og de får mulighet til å nyte den mens de sitter ved et restaurantbord i 1011 meters høyde.

Det blir også tilgang til 70 kilometer med vandre- og sykkelstier om sommeren, 15 kilometer med skiløyper toppturer og offpistekjøring om vinteren.

Direktør på Hotel Alexandra, Richard Grov er leder for prosjektet, og han har store ambisjoner. Dette kommer til å vekke oppsikt internasjonalt, fastslår han. For dette blir stort.

Bedrc enn alpene

I Alpene finnes det allerede mange store, flotte pendelbaner, for eksempel i Zermatt, St. Moritz og Mayerhofen. Hoven Loen blir i den samme klassen. Men mens pendelbanene i Alpene gjerne starter i en fjelldal, starter denne helt nede ved fjorden og ender 1000 meter over havet, forklarer Grov. - Dette blir en av, om ikke den aller raskest stigende pendelbanene som noen gang er bygget, forteller han entuiastisk. Hos Innovasjon Norge mener de Hoven Loen er et spennende reiselivsprosjekt. Dette blir et fyrtårn på Vestlandet. Loen ligger strategisk til i forhold til cruisetrafikken, i tillegg er indre Nordfjord et godt reiselivsprodukt fra før. Det blir flott å få en slik tilkomst til fjellet, sier direktør Halvor Flatland ved Inovasjon Norge Sogn og Fjordane.

lnnovasjon Norge har bidratt med 2,2 millioner kroner til et forprosjekt for å utrede markedspotensialet. Videre vil de bidra med 15 millioner i ordinære banklån og 5 millioner i risikolån til selve utbyggingen. Forutsetningen for at vi skulle støtte dette, var at alt skjer i henhold til godkjent reguleringsplan og i samsvar med lover og regler. Dette er nå i orden. Avtaler med grunneiere er også signert opplyser direktør Flatland ved Innovasjon Norge. Hele prosjektet er kostnadsberegnet til 207 millioner kroner før moms.

Mat og usikt

Fjellstasjonen på toppen får ankomst- og opplevelsessenteret og restauranten. På restauranten blir det plass til 350 gjester. De får panoramautsikt til Skåla og Loenvannet i øst, Jostedalsbreen og Olden i Syd og Nordfjorden og videre mot Stryn i vest.

Aaland arkitektkontor og sivilingeniør Eva Eide har utarbeidet tegninger av begge byggene.

Fiellet for alle

Toppen blir også utgangspunkt for opplevelser tilrettelagt og tilpasset ulike målgrupper. I prosjektbeskrivelsen heter det at det skal legges til rette for at alle skal kunne komme seg opp på fjellet.

Den viktigste kundegruppen blir turlstene som kommer med cruieeskip blant annet til Olden og Gelranger.


Forklaringer.

Til dokumentstart

Byggjer sti stein for stein

Publisert i Fjordingen 15. september 2015.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Stein, grus og torv lagt på rette måten vertt il stiar som ikkje berre er gode å gå på, men som og ligg flnt i terrenget. Få veker etter oppstart er arbeidet med stibygging opp frå Oppheimssætra godt igang.

Hoven Loen er oppdragsgjevar for det som er starten på eit omfattande stioprosjekt i fjella mellom Loen og Stryn

Vi er no godt i gang, og det er kjekt å kunne vise fram kor flott dette vert. Grunneigarar og lokale interessentar elles har vore og er positive til jobben som blir gjort. I år vil det bli bygd stiar for 1,9 millionar kroner, der 4OO.OOO kroner kjem i form av infrastrukturtiltak frå fylkeskommunen, seier Ole Runar Aabrekk i Utmarksressurs AS og Rune Holen i Naturservice DA. Fjordingen var med dei to til Oppheimssætra fredag morgon for å sjå på stien som tek form. Finn Drageset i gravemaskina med edderkoppføter har med seg hjelpemann og byggjer 16 nye meter sti kvar dag. Til å hjelpe seg har dei stein og grus som vert flydd opp i 5OO kg sekkar av Fjord Helikopter. Stein og grus vert levert av Stryn Pulk og Yri sand, alle lokale verksemder.

Revegetering

Undervegs i arbeidet vert det lagt stor vekt På å revegetere med ein gong, slik at vi ikkje etterlet oss sår i naturen. No skal vi vidare opp til Nøkketjønn og deretter over Skredfjellet og ned til Hoven. Stien som vert bygd no går i den qamle råsa, og vert del av det store nettverket av stisystem vi skal tilby og som skal ha høg internasjonal standard. Fram til opninga av Hoven Loen i 2Ol7 vil vi byggje stiar nærast fjellstasjonen, inkludert ei 2,6 km rundløype. Så vil vi jobbe vidare med stiprosjektet i mange år framover. Stiane nærast Hoven vil ha høgast grad av tilrettelegging, og mindre dess lenger unna ein kjem. Men stisystemet som knyt Loen og Stryn sentrtum saman vert ein viktig del av den verdiskapinga som skjer som følgie av Hoven Loen, og som gjer indre Nordfjord som turistprodukt endå betre. Dette er resultat av samarbeid mellom reiseliv, landbruk, offentleg fovaltning og ikkje minst framoverlente lokalpolitikarar som er med på laget, rosar Holen og Aabrekk.


Naturleg. Stein og grus er lagt på ein slik måte at stien skal være god å gå på, samtidig som det heile ser naturleg ut

Til dokumentstart

Signert kontrakt for pendelbana mm.

Publisert i Fjordingen 2. oktober 2015.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Tysdag signerte Hoven Loen og Doppelmayr Garaventa kontrakta for levering av pendelbane til Hoven Loen-prosjektet. Same dag vart det giennomført ekstraordinær generalforsamling med vedtak om kapitalauke og signering av aksjekapital for godt over 9O millionar kroner. Samtirlig sa pendelbane- leverandøren at Garaventa AG ser Hoven Loen som eit så interessant prosjekt at selskapet vurderer å gå inn som investor. At vi gjer slik vurdering, fortel alt om potensialet og kvaliteten ved prosjektet og organisasjonen bak, seier Peter Baumann og Sebi Lüönd i Garaventa. Økonomidirektør Lüönd er mannen som tek saka om eventuell investorrole inn i styret i Garaventa. - Eg reknar med styreavgjerd i saka i oktober, seier han til Fljordingen.

Torsdag var dagen for avgierande signaturar i Hoven Loen' prosjektet. Dei ansvarlege for Hoven Loen og Garaventa sette signaturane på kjøpet av pendelbana til 70 millionar kroner. Allereie i haust vil dei første delane til pendelbana bli levert og montert i Loen. Hovudleveransen kiem neste ar, og før jul 2O16 skal pendelbana vere levert og operativ slik at han kan nyttast som transportveg under fullføringa av anlegget som skal vere ferdig i mai 2O17.

HS Bygg hovudentreprenør

HS Bygg i Stryn vert hovudentreprenør for alle dei fire byggga som høyrer til Hoven Loen: fiordbygget og heisstasjonen nede ved forden og fylkesvegen, toppstasjonen for heisen og restauranten på Hoven.

Nede ved fjorden er arbeidet med tilrettelegging av tomt for fordbygget godt i gang, også med parkering for 12 bussar og 65 personbilar. Snart startar tomtearbeidet for nedre heisstasjon, samtidig som borerigg og gravemaskin vil vere i full sving med bearbeiding av tomtene 1.OOO meter høgare opp. Heile prosjektet har ei totalranme på 2O7,5 millionar kroner og det vert budsjettert med 65.000 besøkande første heile driftsår. Det må vere nøkterne tal for eit heilårsanlegg, meiner Peter Baumann i Garaventa, vel vitande at Briksdalen dreg 3OO.OOO turistar kvar sommar.


Klare for bygging: F.v Sebi Lüönd i Doppelmayr Garaventa, dagleg leiar Richard Grov i Hoven Loen AS, Peter Baumann i Doppelmayr Garaventa og Leif Riksheim, styreleiar i Hoven Loen, signerte denne veka kontrakt for pendetbana, samtidig som ei ekstraordinær generalforsainling i Hoven Loen AS resutterte i kapitatutviding.


Luftig arteid: Gravemaskina er framme på Hoven, L000 meter over havet, og arbeidet på tomta for toppstasjonen til pendelbana er i gang. Håpet er minst fire veker utan snø, for å kunne gjere nødvendige tomtearbeid for pendelbane og restaurantbygg før vinteren set inn. F0T0: OLE DAG AUFLEM

Desse er aksjonærar i Hoven LoenAS

47 aksjonærar har teikna seg for aksjar i Hoven Loen AS.Samla aksjekapital etter ekstraordinær generalforsamling tysdag er på 65.177.O00. Medrekna avtalte aksjeinnskot i løpet av 2O16, er selskapet oppe i ein samla aksjkapital på 93 millionar kroner.

Aksjonærtista ser slik ut:

  • Hotel Alexandra AS
  • Nordfjord KjøttAS
  • Stryn kommune
  • HS-Byqg AS
  • Nor Tekstil AS
  • Futuro AS
  • AHB lnvest AS
  • lsco AS
  • John Kleven AS
  • JB lnvest AS
  • Apalhola AS
  • Øvreberg lnstattasjon AS
  • Kr.A.Vik AS
  • ELO lnvest AS
  • 0K lnvest AS
  • Ottar Dvergsdal AS
  • 0tav Erik Hagen AS
  • Stokke lndustrier AS
  • Rådg. lng. Ragnar Hagen AS
  • Jana Stokova/Richard Grov
  • Weleard AS
  • Ceciliekruna v/ Andre 0ppheim
  • Grov AS
  • XL-Bygg Sølvberg AS
  • Thor Tenden Transport AS
  • Jan Rune Turøy
  • Per Eilert 0mmedal
  • Vlastimil Durcak og Eva Durcakova
  • 0. Flo lnvest AS
  • PreTre AS
  • Drageset Eigedom AS
  • Ricco Vero AS
  • Skogstad Sport AS
  • Moods of Norway AS
  • lsehaug Eigedom AS
  • lsehaug Kafeteria AS
  • Alf Heggdat
  • Naturservice DA
  • Rune Holen og Kjersti Haugland
  • Hetge Leif Norvik
  • lnge Melkevoll
  • Sande Camping -Turid Sande Beinnes
  • 0le Petter Solnørdal
  • Sissel Loen
  • Sunde Auto AS
  • Loen Eigedom AS
  • Briksdatsbre Fjellstove AS
  • Doppelmayr Garaventa ser Hoven Loen som eit så interessant prosjekt at pendelbaneleverandøren frå Sveits vurderer å gå inn som investor.

    Til dokumentstart

    Hogasætra.

    Publisert i Fjordingen 27. oktober 2015.

    Av Arnold Sunde

    Eg har med stor glede registrert ei vaknande interesse for gamle kulturminne og stadnamn.

    Stadnamna er ein kulturskatt frå farne tider som er overlevert munnleg til nye generasjonar. Difor bør alle stadnamn skrivast så lydrett som råd er utan omsyn til gieldande rettskriving. Rigide rettskivingsreglar har teke knekken på mangt eit urgammalt stadnamn. I dansketida vart gamle stadnamn forandra, og nye laga. Jyval vart til Dybevoll, og ei elv som kasta seg utover ufsene aust i Årtreimsfjellet vart heitande Østenåen og fornorska til Østenåda etter at danskeveldet tok slutt i 1814. Å grave seg attende i historia for å finne opphavet til slike namn er både interessant og prisverdig kulturarbeid.

    Ein del stadnamn har blitt forandra alt ettersom tida har gått. På vegen mot Lodalen på venstre sida av dalen mellom Aksla og Vesleskåla ligg ei idylisk sæter på eit bakkebrot mellom brattlendet og Fosdalen. I gamle dager var namnet på sætra Hogasætra. I dag er det Tugensætra som blir mest brukt.

    Forandringa av namnet må ha ei årsak. Gardane Tyva og Haugen er grannegardar. Diverre har det gamle gardsnamnet Tyva blitt bytt ut med familienamnet Tjugen. Gardane ligg på kvar si side av elva Fosdøla. Haugen på austsida og Tyva på vestsida. Oppe ved inngongsportalen til Fosdalen hadde dei sætrene sine. Haugen på austsida av elva og Tyva på vestsida som venteleg kunne vere. Ettersom soga seier aula det av orm på vestsida av elva. Der var ikkje verande korkje for folk eller fe. Løysinga vart at Tyvaselet og fjøsen fekk plass på Hogasætra.

    Så til slutt teorien om årsaka til namneforandringa. I l890 stod Skålatårnet ferdig. Turiststraumen til topps auka ettersom tida giekk. Sætrevegen frå Tyrva var desidert den beste. Brattlendt i byrjinga, men flata ut i bakkebrotet der Tyvaselet og fjsen stod på andre sida av elva. Turen hadde starta på Tyva. og når fotturistane gjekk forbi sætra der både Tyvaselet og fjøsen stod, vart det naturleg å kalle sætra for Tyvasætra. Slik sneik Tyvasætra seg inn i språkbruken og fortrengde det opphavelege namnet på sætra.

    Når kartverket skal revidere stadnamna i fellheimen, håper eg indarleg at opphavelege namn vil bli prioriterte.

    Arnold Sunde.


    Tyvasetra/Hogasetra

    Tilføya av Alo (ikkje publisert)

    "Sammenlignende kulturforskning" gjennoførde eit prosjekt med registrering av sætrar i perioden 1933-1937. Resultatet frå dette arbeidet er tilgjengeleg på nettet. Sæterprosjekt (sæterbruk, sæterlistene)

    Rigistreringa for Stryn kommune vart utført av Ingvar Mork og lista vart fullførd 19.1.1937. Lista har med namnet på sætrane for kvart bruk i kommunen

    Namnet på sætra for garden Tyva var Tyvasætra.

    Namnet på sætra for garden Haugen var Tyvasætra.

    Ut frå dette må ein gå ut frå at det var namnet Tyvasætra som var i allmenn bruk i 1937. Frå min oppvekst i Loen hugsar eg ikkje at vi brukte noko anna namn enn Tyvasætra. Det er vel derfor neppe mange nolevande personar som hugsar noko anna namn enn Tyvasetra. Det kan då diskuterast om det er rett å døype om sætra no til Hogasætra. Ein annen ting er å bruke namnet Tyvasætra i staden for Tjugen-sæter.

    Til dokumentstart

    Norsk Bergsikring i aksjon på Sande i Lodalen

    Publisert i Fjordingen 27. oktober 2015.

    Sist veke var Norsk Bergsikring frå Stongfjorden i gong med å sikre fjetthammaren mellom Haugen og Sande i Lodalen.

    Bilistane måtte tidvis vente på å sleppe gjennom. "Vi har teke ned laust fjell, og no skal området sikrast med nett. Vi skal arbeide der ei tid, men skal vere ferdige i løpet av 14 dagar", seier dagleg leiar Roy Sævik. Også mellom Blaksettunnellane har det vore utført fjellreinsking. Norsk Bergsikring får oppdrag i heile tandet og har 53 titsette.


    Det var opp til ein time køventing under arbeid på Sande sist veke

    Til dokumentstart

    Gjølmunna ferdig sikra

    Publisert i Fjordingen 1. desember 2015.

    Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

    Gjølmunna i Loen er ferdig sikra med ein av dei største lede vollar mot snøskred som er bygd her til lands. Prosjektetvart overlevert til Stryn kommune torsdag 26.november 2015.

    Ein av dei største lede-vollar som er bygd i Norge er ferdigstilt i Gjølmunna i Loen. Dermed er eksisterande bygg sikra og NVE gir grønt lys for vidare utbygging. Gjølmunna har vore ein risikofaktor både for privathus og hotellet i Loen. Først og fremst for å sikre eksisterande busetnad sette NVE i gang prosjektet med bygging av ledevoll, prosjektert av NGI.

    Bonus for Loen

    Tillegsgevinsten er at ledevollen gjer det mogleg å byggje ut hotellet og andre bygg i området. Med andre ord ein bonus for Loen, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE. Torsdag vart skredsikrings-prosjektet overlevert Stryn kommune etter at partane først hadde giennomført slutt-synfaring.

    Heile anlegget er 52O meter langt, der sjølve ledevollen er 36O meter lang og 22 meter på det høgste, fortel Samdal. Han rosar både samarbeidspartnarar og måten Gjølmunna-prosjektet er gjennomført på. Her har det vore godt samarbeid mellom alle partar, frå grunneigarar, Stryn kommune, Alexandra og Hoven Loen. Samfunnsmessig fann vi gode løysingar med tanke på masse. Hoven Loen hadde behov for masse til sitt prosjekt på nedsida av fylkesvegen. Dermed kunne vi køyre massen direkte med store dumpers i staden for å laste over på lastebil og køyre lange strekningar, fortel Samdal.

    Bygd med stein på staden

    NVE har betalt 90 prosent av kosfnraden på om lag 16 millionar kroner. Resten er ein så_ kalla distrikttsandel fordelt mellom kommunen og Hotel Alexandra.

    Anders Muldsvor, prosjektleiar i NVE, fortel at ledevollen utelukkande er bygd opp av masse på staden. - Vi har køyrd vekk mykje massee, men ikkje køyrd til noko. Når resultatet er blitt så flott som det er, skuldast det kompetente og dyktige folk i alle ledd. Her har vi hatt berre erfarne og dyktige maskinkøyrarar. Det ser vi på resultatei, seier Muldsvor. Sjølve byggjeprosjektet har teke eitt og eit halvt år. Brigt Samdal opplyser at prosjektet både kostnadsmessig og pris_messig er levert på budsjett.

    Fakta om Gjølmunna:

    * Ferdig plan juli 2012
    * Godkjend av Stryn kommune juni 20l3
    * Anleggsstart mai 2014
    * Ferdigstilt november 2015

    * 520 meter langt skredsikringsprosjekt med 360 meter lang ledevoll * Totatkostnad ca 16 mill
    * Sikrar eksisterande bygg i Loen og opnar for nybygging


    Torsdag vart rassikringsprosjektet i Gjølmunna overlevert frå NVE til Stryn kommune. Frå venstre regionsjef i NVE Brigt Samdal, Teknisk sjef i Stryn kommune Jan B. Flore og prosjektleiar i NVE Anders Muldsvor . Foto Bengt Flaten


    Heile rassikringsprosjektet i Gjølmunna, inkludert lausmassebasseng, er 520 meter langt. Foto Krister Kristensen NGI.

    Til dokumentstart

    Alexandra byggjer ut for 63 millionar

    Publisert i Fjordingen 1. desember 2015.

    Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

    Alexandra Hotel med HS Bygg som hovudentreprenør er i gang med nytt stort byggjeprosjekt, denne gong til 63 millionar kroner pluss mva.

    Ijuni stod nytt garasjeanlegg til ni millionar kroner ferdig. No er HS Bygg og underentreprenørar i full gang med det såkalla Bygg Nord, eit prosjekt som gir hotellet meir enn 2.OOO kvadratrneter nye lokale fordelt på to plan

    Dette er eit prosjekt som i første omgang ikkje gir oss nye gjesterom, men som set oss i stand til å effektivisere drifta og optimalisere på mange område, ikkje minst teknisk. Når prosjektet er ferdig til påske 2Ol7 og vi får flytta ein del funksjonar frå eksisterande til nytt bygg, vil vi få frigiort areal til ny møteavdeling, utvida hovudrestaurant og seks nye giesterom. Dette oppfølgiande prosjektet vil koste om lag 25 mill. kroner. Det betyr at vi med garasje, utbygging av Bygg nord og oppfølging i etterkant, utvidar og forbetrar hotellet for totalt 97 millionar kroner, fortel direktør Richard Grov. Etter å ha greve ut om lag 10.000 kubikkmeter masse er HS Bygg no godt i gang med grunnarbeidet på nordsida av hotellet.

    1. etasje på ca 1.OOO kvadratrneter vil innehalde ein del basisfunksjonar som tre fryseri, to store lager, ny korridor til nytt varemottak, nytt søppelrom, nytt vaskeri og teknisk rom som hjartet i det som vert den største tekniske omlegginga vi har gjort på på hotellet, seier Grov. Mange av dei nye romma og funksjonane det vert investert i gjer at hotellet får betre logistikk og meir effektiv drift.

    Utvidar bad & spa

    I 2. etasje vil vi først og fremst utvide Alexandra Bad & Spa. Rett og slett gje meir plass til å ha det kjekt. Vi set av 7OO kvadratmeter til denne delen, der vi blant mylkje anna byggjer eit komplett, nytt treningssenter. Vi lagar og nytt inngangsparti til bad & spa-avdelinga. 2. etasje vil og innehalde ny personalinngang, nye garderobar og kantine for dei tilsette. Dette vert eit stort og positivt løft.for alle, seier Grov.

    Bygg nord skal etter planen kome under tak i mai/juni 2016 og takast gradvis i bruk frå hausten 2016 mot paske 2O17. Dette prosjektet er mogleg fordi Gjølmunna er sikra. Viss ikkje, hadde vi ikkje fått lov. No byggjer vi og med tanke på framtidige uviding, seier Grov.


    Bas Frank Sanden i HS Bygg og hotelldirektør Richard Grov på byggetomta for Bygg Nord ved Alexandra hotelb


    Bygg Nord slik det vil sjå ut ferdig integrert med eksisterande bygg for Hotel Alexandra i Loen. Teikning HLM Bergen