Litteratur.
Avisutklipp 2021

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2021

1. Kvikkleire - Loen skylift.
2. Ny restaurant -Hoven.
3. Byggestart barnehage Loen.
4. Bødal innesperra av snøras .
5. Loen skylift, byter ut bærekablar .
6. Skålebu stengt -fortsatt veggdyr.
7. Kjell Solheim blir kommunalsjef.
8. Ny cruisekai på Tyvaneset ?.
9. Sesongstart med MS Kjenndal II.
10. Asfaltering av vegen til Hoven.
11. Toalett-vogna på Breng.
12. Frank Willie Bødal flytter heim.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2021

1. Kvikkleire ved Gjølmunna i Loen
Måtte flytte Fjordstasjonen for Loen Skylift.

Publisert i Fjordingen 22.januar.2021.

Av Roger Oldeide(roger.oldede@fjordingen.no)


Kvikkleiresone. Deler av Gjølmunna er ei av seks kvikkleiresoner i Stryn kommune. Parkeringsplassen med fjordshopen og deler av fylkesvegen er i kvikkleiresone. Området ville sett annleis ut om det ikkje vart påvist kvikkleire i 2014. Foto Bengt Flaten

Delar av Gjølmunna i Loen er definert som kvikkleiresone i komande rapport frå NVE.

Seks stadar i Stryn kommune er av NVE karakteriserte som kvikkleiresoner i komande rapport og aktsomheitskart. Ein av stadane er Gjølmunna i Loen der kvikkleiresona omfattar både parkeringsplassen ved fjorden, Fjordshopen og del av vegen (sjå kart i botnen) NVE reknar området likevel for trygt.

Når det gjeld Gjølmunna så vart det påvist kvikkleire i fjorden i høve utbygginga som er der i dag og reknast difor som trygt. I vår kartlegging har vi nytta oss av det grunnlaget som allereie finst på dette, seier sjefingeniør i Geoteknikk i NVE, Ingrid Havnen til Fjordingen. Ho opplyser at det finst over 2300 kartlagde kvikkleiresoner i Norge i dag.

Kva betyr kvikkleiresone og kva inneber det?
Kvikkleiresone betyr at bestemte kriterium er oppfylt. Det er påvist eller antatt kvikkleire og at det er høgdeforskjell på minimum 10 meter og ein helling brattare enn 1:15 meter. Kvikkleiresonene representerer område der det kan gå større skred, forklarar Havnen. Ho legg at det kan finst kvikkleire også utanfor kvikkleiresonene som ein likevel må ta omsyn til i areal- og byggesak.

Er det område de (NVE) pr. i dag veit det krevst meir sikring i forhold til kvikkleire i Stryn kommune?
Nei, dette er ein grov kartlegging. For å vite meir om dette må det gjerast vidare grunnundersøkingar og vurderingar, slik det er gjort ved utbygginga i Gjølmunna. Tryggleikskravet er avhengig av faregraden til kvikkleiresona, seier ho.

Omfattande sikringsarbeid

Kommunalsjef Jan Flore viser til dokument i byggjesaka der NGI har ansvarsrett for prosjekteringa av geologi/geoteknikk.

Dokumentasjonen viser at alt skal vere gjort etter boka. Parkeringsplassen ved fjordbutikken vart også forbelasta med store steinmengder i byggjeperioden, så grunnbelastninga er mindre i dag enn den var ved bygginga, opplyser Flore.

Stryn kommune viser til dokumentasjon ved byggjesak av det området dette gjeld. Det går fram av omtalen at det vart påvist kvikkleire i fjorden. I Norconsult sin rapport frå april 2014 går fram det at byggjeprosjektet fekk klare avgrensingar for å ikkje belaste grunnforholda i fjorden for mykje.

Ligg godt til rette for fundamentering

I posisjonane som ligg på oversida av hovudvegen er det berre faste masser. På sjøen blir det gradvis mektigare lag av lause/blaute masser til djupare og lengre ut frå land ein kjem, heiter det i rapporten der også funn av kvikkleire blir omtala.

I nokre av posisjonane utanfor planområdet er laget av siltig leire kvikt, men det er ikkje funne slike masser innanfor planområdet. Lausmassane i planlagt stasjonsområde består av eit tynt lag skogbotn over faste til svært faste masser. Her ligg det godt til rette for fundamentering av stasjon. For parkeringsareal vil vi anbefale å først fylle ut ein steinjete. Denne kan fyllast ut frå endetipp. I denne steinjeten er det viktig å bruke gode fyllmassar av stabil sprengstein. Etter at denne er lagt ut fyllast arealet innanfor, og ein bør helst vente eit par år før ein legg endeleg asfaltdekke på parkeringsplassen for å la fyllinga setje seg, står det i rapporten frå Norconsult, utført av seksjonsleiar for grunnundersøkelsar, Magne Bonsaksen.

Det vart fylt ut på trygg grunn og ingenting på kvikkleire. Dette området er heilt trygt, forsikrar Bonsaksen overfor Fjordingen.

1. Derfor flytta vi fjordstasjonen


Trykkbelastning. Store steinmengder på tomta ved fjorden september 2015. F.v. Seb Lüönd i Doppelmayr Garventa, Richard Grov, Peter Baumann i Garventa og Leif Riksheim. Arkivfoto: Bengt Flaten

Loen Skylift sin fjordstasjon skulle etter planen stå på fylling ute i fjorden.

Det fortel dagleg leiar ved Loen Skylift, Rickard Grov når han blir presentert den komande kvikkleirerapporten frå NVE over Gjølmunna.

Grov er godt kjend med grunnforholda og hugsar godt at nettopp funn av kvikkleire i fjorden heldt på å stogge Skylift-prosjektet i 2014. Fjordstasjonen skulle nemleg stå på fylling lenger ute i fjorden, fortel han.

Enorme mengder stein

Det var ein av dei svartaste dagane mine under bygging av Loen Skylift. At vi klarte å kome i mål med korrigering av dette prosjektet var fantastisk. Det de adresserer her er årsaka til at fjordstasjonen står der den står i dag, som ei av verdas brattaste gondolbanar, fortel Grov.

Området med parkeringsplassen vart også trykkbelasta med enorme mengder stein.

Syretesten vart gjort ved å plassere to enorme haugar med stein på dette området. Alt er solid utført og så trygt det kan bli, forsikrar Grov.


Flytta. Fjordstasjonen skulle etter planen ligge ute i fjorden, men for å unngå å belaste grunnforholda der vart den flytta inn på andre sida av fylkesvegen. Arkivfoto: Bengt Flaten

2. Ny restaurant på Hoven, ferdig i april .

Publisert i Fjordingen 5. februar.2021.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)


Ny restaurant. Dagleg leiar Richard Grov t.v. og driftsjef ved Loen Skylift, Knut Roger Skåden, utanfor det nye bygget som inneheld ny restaurant og overbygd terasse. Utanfor nybygget vil det bli utvida areal til terasse. Foto: Bengt Flaten.

Handverkarar i fleire ulike fag er inne i ein god langspurt for å få ferdig den nye restauranten på Hoven i Loen til 30. april.

Og det reknar dagleg leiar Richard Grov og driftssjef ved Loen Skylift, Knut Roar Skåden at skal gå fint.

Vi ligg godt an i forhold til tidsplanen vår, så kanskje delar av lokalet kan opne noko tidlegare, seier dei to.

Arbeidet med å førebu bygging av ny restaurant starta i september i fjor. Då vart byggjegropa gjort ferdig og klargjort for støyping. I starten av oktober var betongarbeidet i gang, ein månad seinare var veggane oppe, 17. november var bygget tett og 25. november vart golvplata støypt.

Vi var heldige og fekk ein snill haust og vinter reint vêrmessig. Då vi heiste aggregatet til ventilasjonsanlegget på plass 16. desember, var dei største løfta gjort, i dobbel forstand, seier Grov og Skåden.

170 kvadratmeter restaurant

Den nye restauranten vert på 170 kvadratmeter og vil få om lag 70 sitjeplassar. I tillegg vert det bygd 95 kvadratmeter overbygd terrasse med ca. 50 sitjeplassar. Når snøen smeltar vekk, vil også uteterrassen bli utvida.

Med dette byggjeprosjektet får vi eit mykje breiare og meir fleksibelt tilbod. Den nye restauranten vil bli litt meir røff i stilen enn hovudrestauranten, og vere eit godt tilbod til folk som har gått tur på fjellet eller klatra via ferrata. Men du må ikkje vere møkkete og sveitt for å kome inn, flirer Grov.

Med to restaurantar og nytt stort kjøkken som anten kan vere eitt eller delast i to, kan Hoven og køyre lukka selskap i ein restaurant medan hovud-restauranten er open. Det tilbodet har ein mangla fram til no.

Vi har hatt dagar på fjellet der vi har hatt lang ventetid eller ikkje hatt plass til alle som ville inn for å kjøpe mat. Det er aldri kjekt. Med ny restaurant og auka kapasitet skal dette problemet i alle fall bli mindre, seier Grov og Skåden.

Utbygginga på fjellet vil ha ein kostnad på om lag 15 millionar kroner. Så vil det og bli investert i underkant fem millionar kroner til større varemottak og fleire parkeringsplassar nede ved fjordstasjonen.

Dagleg drift frå 19. februar

Loen Skylift har vore open i helgane så langt i vinter, men med stengt restaurant grunna byggjeprosjektet. Frå 19. februar vil både gondolen og restauranten vere ope dagleg. Så sant det ikkje kjem nye og strengare smittevernrestriksjonar.

3. Byggestart barnehage i Loen etter sommarenl .

Publisert i Fjordingen 2. mars. 2021.

Av (ingen journalist oppgitt)

Vegard Rake Midtun (H)etterlyste i kommunestyret status for utbygginga ved Loen barnehage. Kommunedirektør Lødøen opplyste at ein har fått gjort ei vurdering av grunnforholda, og at desse er greie og sjølve byggeprosessen difor kan starte. Det er arkitektfirmaet Sporstøl som har utarbeidd skisse i Loen. Ein skal kalle inn til gjennomgang av rom- og funksjons-plan for å sikre at dette er rett, sa Lødøen, som forventar byg- gestart etter sommaren.

4. Bødal innesperra av snøras .

Takkar for god hjelp då dei vart innesperra

Publisert i Fjordingen 13. april. 2021.

Av Roy Aron Myklebust(roy.aron.myklebust@fjordingen.no)
Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Frå tysdag til søndag førre veke var innbyggjarane i Bødal i Lodalen sperra inne av to store snøskred.Men takka vere god hjelp frå Røde Kors og Brenett, leid ikkje innbyggjarane noko naud dei fem døgna.


Gode hjelparar. Etter god hjelp frå Olden Raude Kross tidleg i veka, var det Stryn Røde Kors Hjelpekorps som var på plass med forsyningar av mat og drivstoff etter påske. Då slo også ordførar per kjøllesdal følge. Her er Anne Sølvi Sande (i midten) saman med Siv Solberg frå Hjelpekorpset og Per kjøllesdal. Foto: Stryn Røde Kors

0mlag 15 fastbuande i Bødal vart isolerte frå omverda i fem døgn då snøskred sperra vegen og tok straumen i Lodalen tysdag for ei veke sidan. Søndag kunne dei endeleg ta seg ut og inn dalen att.

Vegen vart stengt på grunn av rasfare måndag kveld, og tysdag kom det to store ras som knekte høgspentstolpar og gjorde at delar av Lodalen vart utan både veg og straum, fortel Anne Sølvi Sande som sjølv bur i Bødal saman med familie.

Rasa giekk ved Raudi, melIom Hogrenning og Bødal. Dettg er ikkje førte gong vi opplever, så vi er vande med å improvisere. Borna er strålande fornøgde med utvida påskeferie, fortalde Sande då Fljordingen var i kontakt med henne i førre veke.

Korleis ordnar de med matlaging og anna? - Her har vi improvisert før. Det viktigaste er å få straum til frysarar og lading av telefonar. Husa varmar vi opp med vedomn. Så Iagar vi middag blant anna på grillen på verandaen. Med godt humør og kreativitet går det meste fint, fortalde Sande til Fliordingen.

Mellom

Men då været stabiliserte seg søndag vart vegen rydda og Sande og dei andre kunne endeleg ta seg ut og inn dalen att.

No føler vi oss trygge, enn så lenge. Det er framleis ei fonn som vi venter på, som brukar å gå åst kvar vinter. Kjem her mildvær og regn, kan det tenkjast at vi blir innestengde igien, men då ikkje så lenge og forhåpentligvis slepp vi å miste straumen på nytt, seier Sande.

Utan veg og straum var dei kring 15 innbyggiarane avhengige av hjelp, og Sande gir stor ros for innsatsen frå Brenett, Olden Raude Kross og Stryn Røde Kors.

Og eg vil rette ei stor takk til Inge Atle Myren, Kjell Nesje og resten av gjengen i Mesta som stod på søndag for å opne vegen for oss. Og Jan Ove Hogrenning som pløgde vegen og rydda vekk ganske mange kubikk med snø som hadde samla seg på tunet vårt, seier Sande, som no ser fram til å kunne reise på jobb att.

Flaug inn straumaggregat til Bødal

Avdelingssjef for nettprosjekt i Brenett, Knut-Gunnar Ulvedal, kan opplyse at dei fredag fekk flydd inn eit stort aggregat som gir straum til husstandane iBødal. Aggregatet har ein kapasitet på 3O kilowatt og med litt fornuftig bruk skal det syte for nok straum til at husstandane kan halde hjula greitt i gong. Men det er ikkje nok til at vi kan forsyne hyttene der inne også, seier Ulvedal.

Han nyttar høvet til å rose medarbeidarane Hans Olav Bøe og Endre Lødemel, som har teke hand om jobben for energiselskapet, og fortel om jobbing til langt på kveld for å kome i mål med arbeidet. Når det gield den vidare jobben med å få på plass ordinær straumtilførsel er dette meir uvisst.

Sjølv om vegen opnar kan det vere rasfare. Det er skilnad på å køyre forbi i løpet avnokre sekund i bil, og det å stå å jobbe i timesvis. Då er det meir risiko. Så ein kan risikere at dette vil ta tid. Men då kan det bli aktuelt å legge ut beredskapskabel, seier Ulvedal.


Forsyningar.Hans olav Bøe frå Brenett (tv.) jobba fredag saman med kollega Endre Lødemel med å få straumaggregat på plass. Her saman med Siv Solberg frå Hjelpekorpset og Anne Sølvi Sande. Foto: Stryn Røde Kors

17 Kilometer med ribbåt i snø og blest

Etter god hjelp frå 0lden Raude Kross tidleg i veka, var det Johnny Rustøen og Siv Solberg frå Stryn Røde Kors Hjelpekorps som var på plass med forsyningar av mat og driv stoff fredag.

Vi fekk oppdrag av kommunen å ta med matvareforsyningar og drivstoff til aggregat, fortelJohnny Rustøen, som er operativ leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps. Også ordførar Per Kjøllesdal slo følgie på turen inn Lodalen, og saman med hjelpekorpsmedlem Siv Solberg tok dei seg frå Vassenden til Bødalssanden med korpset sin rib-båt.

Det er 8,5 kilometer kvar veg, og det snøa ganske bra i periodar og bles. Det var ikkje direkte ubehageleg men heller ikkje triveleg, seier Rustøen. Vel framme leverte dei ut varer til fem husstandar og i tillegg bistod dei energiselskapet med transport tilbake, etter at dei hadde gjort unna sitt arbeid for dagen. Rustøen seier folk uttrykte stor takksemd for at dei tok turen, og hjelpekorpset hadde i helga beredskap på båten for å kunne hjelpe ved behov.

Tilbake til start

5. Loen skylift byter ut bærekabel .

Stengjer i over tre veker

Publisert i Fjordingen 7. mai. 2021.

Av Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Loen Skylift stengjer i over tre veker, for å skifte ut begge berekablane på den austre traseen.

Stenginga vil skje 18. mai, og forventa opningsdato med nye kablar er 10. juni.


Nye bærekablar.Loen Skylit vert stengd frå 18.mai til 10. juni for å byte av begge berekablane på eine traseen.

Stenging av bana for å byte ut berekablane er relatert til i fjor, då Loen Skylift oppdaga skade på eine berekabelen. Anlegget vart då stengt ein lengre periode i august og september medan kabelen med skade vart spleisa.

Sterk men tjukk

Spleisen er sterkare enn kabelen, men problemet er at spleisen er tjukk og ikkje kan flyttast nedover. Difor visste vi at vi måtte byte ut kabelen på eit tidspunkt, og da ønskjer vi å gjere det raskast mogleg. Skulle det oppstå eit nytt problem, vil vi ha nye kablar, seier dagleg leiar Richard Grov.

Som forklarer at når berekablane skal bytast, må det gjelde begge og ikkje berre ein. Kvar trasé eller kabin vert køyrde ved hjelp av to berekablar.

Kablane som skal bytast er omlag 1.700 meter lange. Byte av desse inneber eit arbeid med mykje krefter involvert og med krav til stor presisjon, seier Richard Grov

Med kunnskap om at berekablane måtte bytast, var håpet å kunne gjere dette noko tidlegare i år. Men produksjonstid for nye kablar og innreiserestriksjonar har vore kompliserande.

Richard Grov fortel at kablane som skal bytast er om lag 1.700 meter lange. Byte av desse inneber eit arbeid med mykje krefter involvert og med krav til stor presisjon.

Det kjem eit lag med sju personar frå Garaventa for å utføre arbeidet. Dei har med seg masse tungt utstyr for å løyse jobben. Over slike spenn vi snakkar om her, må alt skje med millimeters presisjon, seier Grov.

Vi skal gjere dette på ein god og trygg måte, og planlegg å vere i drift igjen 10. juni. Trass i forventa mindre trafikk til Hoven utan skyliften i drift, vil Hoven Restaurant vere open i helgane også den tida arbeidet pågår.

Til og med 17. mai er bana i drift, og sjølvsagt trygg, seier Grov.

Loen Skylift tilbake i drift

Publisert i Fjordingen 4. juni. 2021.

Av Thomas Taule (thomas thaule.flaten@fjordingen.no)

Loen Skylift har vore stengd sidan 18. mai grunna vedlikehaldsarbeid. No opnar gondolen att ei lita veke før først annonsert. Etter planen skulle gondolen vere i drift frå 10. juni, men allereie fredag opnar den att. Loen Slrylift opnar allereie fredag 4. juni etter at vedlikehaldsarbeidet har gått raskare enn først antatt. Vi gler oss stort over dette og ser fram til å frakte gjestar til fiells igien frå komande helg, seier Richard Grov i ei pressemelding. Loen Skylift oppdaga skade på eine berekabelen i for, og anlegget vart då stengt ein lengre periode i august og september medan kabelen med skade vart spleisa. Begge berekablane på den austre traseen er no skifta ut.

Tilbake til start

6. Skålebu stengd ned på ubetemt tid.

Her har veggedyra overlevd vinteren.

Publisert i Fjordingen 14. mai. 2021.

Av Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)


Skålabur.Turidthytta Skålabu har framleis veggdyr og blir stengt ned på ubestemt tid. Skålatårnet held ope.

Det er framleis veggedyr på Skålabu og hytta blir stengd ned på ubestemt tid, det melder DNT på eigne nettsider.

Håpet var at vinteren på det 1.843 meter høge fjellet skulle ta knekken på veggedyra som er skuld i at hytta har vore stengd sidan oktober i fjor.

Det blir no vurdert ulike tiltak til korleis dei skal bli kvitt veggedyra.

Gjestar kan førebels nytte toaletta i Skålabu og hente ut mat frå proviantlageret. Risikoen for å ta med seg veggedyr ved korte besøk i Skålabu er minimal, skriv DNT.

Skålatårnet blir open, men DNT opplyser om at det ikkje er lov å fyre i omnen i tårnet før 20. juni.

6.(forts.) Veggdyra utrydda.

Skålebu kan opne på nytt.

Publisert i Fjordingen 4.juni. 2021.

Kilde: Nynorsk Pressekontor

Turisthytta Skålabu kan opne dørene igjen, etter å ha utrydda veggedyra. Turisthytta Skålabu har vore stengd sidan slutten av oktober i fior etter at dei fekk mel- dingar frå gjestar som hadde blitt bitne av veggedyr. Håpet var at vinteren skulle ta knekken på veggedyra, men slik giekk det ikkje heilt. Men no har dei klart å rydde ut dyra, og hytta opnar for besøkande igien frå 15. juni.

Tilbake til start

7. Kjell Solheim blir kultursjef for skule og kultur.

Naturleg å ta steget fullt ut.

Publisert i Fjordingen 21. mai. 2021.

Av Roy A. Brenvik Myklebust(roy@fjordingen.no)


GÅTT GRADENE:KJELL SOLHEIM ER NY KOMMUNALSJEF FOR SKULE OG KULTUR I STRYN KOMMUNE. MED UNNTAK AV TO ÅR HAR HAN VORE I SKULEVERKET SIDAN1988, DÅ BYRJA HAN SOM LÆRAR VED STRYN UNGDOMSSKULE. DER HAR HAN OGSÅ VORE INSPEKTØR, RÅDGJEVAR OG REKTOR. HAN HAR ÒG VORE AVDELINGSLEIAR FOR SKULE..

Kjell Solheim frå Loen er tilsett som kommunalsjef for skule og kultur i Stryn. Gjennom eit over 30 år langt yrkesliv i skuleverket har han gått gradene frå lærar, via inspektør, rektor og avdelingsleiar, til dagens toppleiarstilling i kommunen.

Sidan eg i dag sit som konstituert kommunalsjef var det naturleg å ta steget fullt ut når Hilde Lødøen ikkje kjem tilbake. Eg kjenner litt til korleis ting fungerer, men er langt ifrå utlært, seier Solheim, før han legg til;

Og så er Stryn kommune ein trygg og god arbeidsplass, og det har det vore nesten kontinuerleg sidan 1988.

For Solheim starta si karriere i skuleverket som lærar ved Stryn ungdomsskule. Der var han også inspektør, rådgjevar og rektor. Før han vart konstituert som kommunalsjef var han avdelingsleiar og nestleiar på skulekontoret.

Ein kan seie du har gått gradene då?

Ja, det har eg for så vidt gjort, og eg har prøvd dei fleste arbeidsoppgåvene innan skule. Eg er ikkje så bevandra innanfor barnehage og kultur, men eg har jobba litt med det som nestleiar.

Kva gjer jobben interessant?

Den er veldig brei i sine arbeidsoppgåver, sidan ein har både skule, barnehage og kultur. Så har ein den faglege utviklinga, ein har økonomien og alle folka opp i dette som ein skal handtere. Så ein har mange ulike arbeidsoppgåver. Samstundes skal ein vere i ei gruppe i administrasjonen som skal prøve å få kommunen framover.

Ikkje for små skulemiljø

Skulestruktur er eit tema som har blitt løfta opp att på sakskartet denne våren. Her er den nye kommunalsjefen klar på at dette til sjuande og sist er eit politisk spørsmål. Men når vi utfordrar han på tankar frå ein fagleg ståstad, er skulemiljø og storleiken på dette noko som opptek han. Då av omsyn til både elevar og lærarar.

Det er viktig at det ikkje blir for lite. Kor lite, eller kor stort det skal vere, er ei anna sak, men det må ikkje bli for lite slik at det blir vanskeleg å få kompetanse. Vi får kompetansekrav i 2025 på lærarsida. Og så er det den sosiale biten. Av og til kan det dukke opp problem på små skular også, der ein blir åleine og ikkje har nokon på eigen alder som ein har felles med. Det handlar mest om å skape gode skulemiljø, og då har eg trua på at ein kan klare det i eit miljø der skulane er rigga for å vere litt større. Men samstundes er det viktig med små einingar også, vi er eit grisgrendt strøk og ein har ein struktur som byggjer på at vi har bygder rundt omkring.

Offensiv kulturskule

På kultursida har det vore svært lite aktivitet siste året, og Solheim er spent på kva spor koronaen har sett, og kva aktivitet ein vil sjå den dagen det opnar opp att.

På lik linje med idrett og frivillig organisert arbeid så er nok koronaen skuld i at mykje blir øydelagt. Men eg har god tru på at vi skal få det til, og for eksempel er kulturskulen veldig offensiv med å etablere og utvide tilbod og kome seg ut i bygdene for å få med seg folk, seier han.

Skule som endrar seg fort

Kva blir dei viktigaste oppgåvene framover?

Viktigaste framover er å skape og trygge gode miljø for barnehage og skule, og arbeidsvilkår for kultur som vi var inne på. Og ha ressursar til å oppretthalde tilbod vi har, men også vidareutvikle oss. Både innhald og det fysiske. Skulen endrar seg fort, det er ikkje som det var for tjue år sidan, og vi må følgje samfunnsutviklinga der også, seier Solheim, som meiner den digitale utviklinga blir særleg viktig å henge med på framover.

Tilbake til start

8. Grunnlag for to cruisekaier.

Nordfjord havn vil starte prosessen med cruisekai på Tyvaneset.

Publisert i Fjordingen 21. mai. 2021.

Av Roy A. Brenvik Myklebust(roy@fjordingen.no)


TYVANESET: NORDFJORD HAVN VIL STARTE REGULERINGSARBEID I OMRÅDET VED TYVANESET (NESET NÆRAST I BILDET) FOR EI MOGELEG CRUISEKAI NUMMER TO. SAKA SKAL OPP I HAVNESTYRET FØRSTKOMANDE FREDAG. FOTO: BENGT FLATEN

I sist kommunestyremøte kunne ordførar Per Kjøllesdal (Sp) fortelje at Nordfjord Havn ønskjer å starte reguleringsarbeid knytt til ei cruisekai nummer to. – Vi står ved eit vegskilje, seier assisterande hamnedirektør Sølve Oldeide.

Nordfjord Havn ser ut frå bestillingar, og slik framtida ser ut, eit behov for å planlegge ei kai nummer to i området. Dei ønskjer å sjekke ut Tyvaneset, som for dei ser ut som ein god plass. Kommunen har ikkje kapasitet til å regulere sjølv, orienterte Kjøllesdal i kommunestyremøtet torsdag.

Reguleringa skal i følgje ordføraren byggje vidare på eit arbeid som var gjort for nokre år sidan og gjeld for området Loen- Tyvaneset-Avleivika.

Saka skal opp i hamnestyret 28. mai, og tilrådinga er at det blir løyvd 500.000 kroner til reguleringsarbeid.

Dette er eit stort pluss for kommunen, slår ordføraren fast. Ingen i kommunestyret gav uttrykk for noko anna då det vart orientert om saka.

Logistikkutfordringar

Men sjølv om Nordfjord Havn ønskjer å bidra i reguleringsarbeidet, er assisterande hamnedirektør, Sølve Oldeide, klar på at det er kommunen som sit til rors og som til sjuande og sist tek avgjerda om det blir ei kai nummer to eller ikkje.

Vi kan vere så konkrete vi berre vil, men kommunen må seie om dei ønskjer det. Vi har uttalt at i høve ytterlegare vekst så ønskjer vi ei ny kai, seier Oldeide.

Han fortel at ein allereie med dagens besøk i Olden har logistikkutfordringar, og er klar på at ein nærmar seg ein smerteterskel for kaia der. Han skildrar difor situasjonen som eit viktig vegskilje, der Stryn kommune må ta stilling til om ein ønskjer ytterlegare vekst. I den samanheng blir reguleringa eit viktig avgjerdsgrunnlag.

Kommunen kan seie at nok er nok, viss dei meiner det. Då er tidspunktet no å seie ifrå

Grunnlaget er her

Assisterande hamnedirektør, Sølve Oldeide, mener det er grunnlag for ei cruisekai nummer to i indre Nordfjord.

At det er stor interesse for Olden som cruisedestinasjon er det ingen tvil om. Forventa besøk i Olden for 2022 er på 450.000 cruisepassasjerar, og allereie no er det bookingar for 2023 på 380.000 passasjerar. Oldeide meiner det er viktig å sende signal til rederia om kva framtid ein ser føre seg.

Kommunen kan seie at nok er nok, viss dei meiner det. Då er tidspunktet no å seie ifrå. Alternativet er å satse på vidare vekst. Grunnlaget er her, slår han fast, og er klar på at dette ikkje er snakk om ein kortvarig opptur.

Det er eit nybyggingsprogram på cruiseflåten som er veldig ambisiøst, så det blir berre meir og meir.

Oldeide seier at reguleringsprosessen ein no ønskjer å gå i gang med, kan gå ganske hurtig, men den kan også ta lang tid. Han håpar på det første slik at ein raskast mogleg kan ha eit avgjerdsgrunnlag på plass.

Eg håpar om eit halvt års tid, men igjen så er det Stryn som må styre prosessen, understreker han.

Tilbake til start

9. Sesongstart for MS Kjenndal II.

Var berre å få båten på vatnet.

Publisert i Fjordingen 21. mai. 2021.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


Kaptein.: Jan Ove Hogrenning er kaptein på det som skal være Norges einaste kanalbåt. Fantastisk fint ver i pinsa, seier kapteinen som sjøsette båten fredag

Med gode vêrmeldingar for pinsa var det berre å få båten på vatnet, seier Jan Ove Hogrenning.

Sesongens første turar med MS Kjenndal II:

Fredag fekk han ut den 24 meter lange og 35 tonn tunge båten på Hogrenning, og laurdag gjekk sesongens første tur med MS Kjenndal II på Lovatnet. Godt 20 passasjerar var med på turen i strålande ver. Søndag var det over 30 passasjerar på kanalbåten.

Flott ver lokka folk ut på tur

Med kjempeveret var det berre å bestemme seg. Eg synest dette er ein god start, seier Hogrenning.

Nokre av passasjerane hadde med seg syklar.

Ja, det er fleire som syklar eine vegen og tek båten andre vegen, fortel Hogrenning.

Noko anna enn billetturar denne sommaren har han lite tru på:

Det blir nok ikkje cruiseturistar i år heller, eg reknar i alle fall ikkje med det. Det blir i så fall berre rein bonus. Men eg håpar likevel på ein god sommar.

Mange, både syklistar og bilistar, nytta finvêret i pinsa til å ta turen innover i Lodalen.

Dette er tredje helga vi har hatt ope ved Kjenndalstova, fortel Jan Ove Hogrenning, som kunne gle seg over godt besøk ved kafeen.


Ny kai.: kaia på Sande er ny. Rekkverk skal også på plass

Tilbake til start

10. Asfaltering av vegen til Hoven.

1800 meter av vegen er asfaltert.

Publisert i Fjordingen 18. juni. 2021.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


Mot Hoven: Veidekke Asfalt har lagt 1800 meter asfalt frå parkeringsplassen på Oppheim og oppover mot Hoven.

Veidekke Asfalt har asfaltert om lag 1.800 meter av vegen frå Oppheim til Hoven.

Lastebilane gjekk i skytteltrafikk då det vart asfaltert på vegen til Hoven tidlegare i veka.

Arbeidet starta måndag, då la vi grus og retta av vegen, seier Svein Arne Hagen i Veidekke. Resten av asfalten vart lagt i løpet av tysdag.

Tandemlegging

Asfalteringa starta 1.800 meter oppe i vegen, og så jobba ein seg nedover til parkeringsplassen på Oppheim.

I svingane som er seks meter breie er det tandemlegging av asfalt, fortel Hagen. Det er Veidekke som utfører arbeidet saman med Egge Transport samt innleigde bilar frå Olden, Gloppen, Eid og Hornindal, får Fjordingen opplyst.

Også asfaltering på fv 60 og på Blakset

Veidekke har også hatt andre asfaltjobbar i Stryn siste tida. Førre veke vart det lagt 2,1 kilometer med ny asfalt på fv 60, frå båthamna i Stryn til Strand. Vi har også lagt asfalt på Blakset, frå Steindøla til Roset. Vi er ikkje heilt ferdige på Blakset, det skal vi ta igjen ved høve, seier Hagen. Mellom anna skal det leggast asfalt ned til Blakset kai.


Effektivt:Ein lastebil frå Egge Transport har rygga seg på plass for å fylle på med meir asfalt

Tilbake til start

11. Tolettvogna på Breng på plass.

Publisert i Fjordingen 6. juli. 2021.

Av Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)

To vogner med i alt seks toalett er kome på plass på Breng i Lodalen.

Etter først å ha flytta ei toalettvogn som stod på Breng i fjor ein liten kilometer nærare Loen grunna ein skredfarerapport frå NVE, er det igjen toalett tilbake på Breng.

Fredag kom Stryn kommune med toaletta, og tilreisande og brukarar av den populære badeplassen slepp no å måtte nytte naturen som toalett.


Breng: Fredag vart to toalettvogner køyrt på plass på Breng. Foto: Privat

Administrativt vedtak

Vi gjorde eit administrativt vedtak. Toalettvognene er plassert utanfor verste skredsona, og det er gitt løyve til å plassere toalettvognene på ein stad som ligg i «Sikkerheitsklasse 1», opplyser Jan Træen i Stryn kommune.

11. forts. Astrup går god for toalettvogn
Doproblematikken på Breng på ministernes bord.

Publisert i Fjordingen 2. juli. 2021.

Parallelt med at lokalpolitikarane i Stryn diskuterer kor vidt det bør stå ei toalettvogn på Breng eller ikkje, har ingen ringare enn kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) gitt sitt syn i saka.

Det var stortingspolitikar frå SP, Ole Andre Myrhold, som sende slkriftleg spørsål til ministeren. Han spurde rnellom anna om statsråden meiner det er riktig tolking av plan - og bylgringslova å fjerne toalettvogna frå Breng, og om statsråden vil sørge for ei løysing slik at det også denne sommaren er mogeleg for ei mobil toalettvogn ved den populære badeplassen i Lodalen i Stryn kommune

Til dette svara Astrup følgjande:

Krava i plan- og bygningslova til sikkerheit mot skred handlar først og fremst orn å sikre mot tap av liv eller skade på menneske. Krava er av den grunn strenge. Regelverket stiller likevel ikkje krav om absolutt sikkerheit. Utgangspunktet er at det ikkje må byggast på stader der det er markert risiko for at fare kan oppstå. Det avgierande er sannsynet for at noko vil skje, og graden av fare eller skade som kan oppstå. Krava til tilstrekkeleg sikkerheit er nærare presisert i byggteknisk forskrift.

Forskrifta skil mellom tre sikkerheitsklassar for skred. I vurderinga av kva sikkerheitsklasse som gield, tek ein omsyn til konsekvensar for liv og helse og økonomiske verdiar. Silkkerheitsklasse I omfattar bygningar med lite personopphald. Eksempel på dette er garasjar, uthus og mindre lagerbygg. Etter byggtelknisk forskrift kan denne type bygningar setjast opp i område der det årlege sannsynet for skred er 1/l00, dvs. ein prosent. Det er med andre ord aksept i regelverket for eit høgare sannsyn for skred for denne type bvgg.

I dette høvet er det snakk om ei mobil toalettvogrl som, etter det eg kjenner til, ikkje krev terrenginngrep som vil påverke stabiliteten i området. Det må også trygt kunne leggiast til grunn at toaleffvogna legg opp til lite personopphald. I tillegg vil heller ikkie toalettvogna bidra til auka bruk av området, og dermed ikkje føre til auka risiko for personsikkerheit. Eg har difor vanskar med sjå at regelverket er til hinder for plassering av denne toalettvogna.

Slik eg oppfatter kommunen, er deira hovudbekymring knytt til eventuelt ansvar dei kan få dersom det skulle komme eit flaumskred i juli, og nokon som brukar toalettvogna blir skada. Dersom ein slik situasjon oppstår, er det domstolane som tek endeleg stilling til eventuelt ansvar. På generelt grunnlag kan eg likevel seie at domstolane til no har lagt til grunn ein nokså høg terskel for å pålegge kommunåne ansvar.

Etterord av Audun

Do-saka på Breng vart større enn eg hadde rekan med. Dette vart ei stor sak i alle media til og med hos NRK. Det var nok ein feil av meg å ikkje får med alle innelgga i Fjordingen frå starten av. Eg får nøye med med lenke til NRK- sitt innlegg på nettet.

Tilbake til start

12. Frank Willie Bødal flytter heim.
Vi vil slå oss ned i Nordfjord for godt.

Publisert i Fjordingen 3. august. 2021.

Av Berit Melheim(berit.melheim@fjordingen.no)


Flytta inn i ny bustad på Eid: Frank Willie Bødal og Marte Rønnestad. Foto: Privat

Frank Willie Bødal frå Loen er utdanna siviløkonom frå NHH i Bergen. Marte Rønnestad frå Eid er utdanna lege frå UiO. Dei flytta heim til Nordfjord i juli, og her ser dei føre seg å bli buande for godt.

Paret ventar sitt første barn snart og flytta inn i nykjøpt rekkehus på Eid for nokre få veker sidan. Sjølv om dei begge er nordfjordingar, visste dei ikkje om kvarandre før dei møttest i Oslo for snart åtte år sidan. Frank Willie har tidlegare vore tilsett i PWC, før han byrja i startup-selskapet Ignite Procurement tidleg i 2018 saman med dei to gründerane. Selskapet har vakse raskt og tel no snart 45 tilsette med kundar både i Norge, Europa og USA.

Frank Willie kan ta med jobben sin kvar han vil. Marte er tilsett som lege ved Bærum Sykehus. Ho er for tida ute i permisjon.

Saknar kommunal velvilje

Paret valde å busetje seg på Eid sidan Marte kjem derifrå. Men på sikt vil dei bygge sitt eige hus ein stad i Nordfjord. Ikkje nødvendigvis i byggefelt.

Vi har budd tett på naboar i Oslo i fleire år. No ønskjer vi god uteplass

Vi saknar meir velvilje frå kommunane og myndigheitene på dette feltet, og opplever eit strengt regelverk med lite pragmatiske løysingar når det gjeld bygging av eigen bustad, seier dei begge.

Vi har budd tett på naboar i Oslo i fleire år. No ønskjer vi god uteplass.

Fleksibilitet er høgt verdsett

Når det gjeld fjernarbeid trur paret at dette er noko som fleire vil nytte seg av.

Eg trur at bedrifter som legg til rette for fjernarbeid vil ha større suksess med å behalde, samt tiltrekke seg, den beste arbeidskrafta. Dei som ikkje gjer det, blir ikkje attraktive nok for arbeidsmarknaden, hevdar Bødal.

Fleksibilitet er i dag høgt verdsett og eit viktig kriterie for mange arbeidstakarar, og då må fleksible løysingar vere ein del av pakken, meiner han.

Dei meiner Nordfjordregionen også må vere ein pådrivar for felles fysiske arenaer der fjernarbeidarane kan utføre jobben frå.

Det er ikkje sunt i lengda og sitje heime. Alle treng eit sosialt miljø rundt seg.