Litteratur.
Avisutklipp 2022

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2022

1. Feira kunstnaren Rolv Muri.
2. Lasse Tendin blir pensjonist.
3. Lenger gangvegen i Solvik.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2022

1. Feira kunstnaren Rolv Muri
Internasjonal kunstnar og beskjeden Oldar.

Publisert i Fjordingen 8.mars.2022.

Av Berit Melheim(berit.melheim@fjordingen.no)


Rolv Muri. På heimegarden i 1991

Eg trur ikkje vi har vore klar over kor stor kunstnar han eigentleg var, sa fleire av dei vel 100 personane som møtte opp i Aldaheim søndag ettermiddag for å høyre Ove Eide sitt kjeldeforedrag i lag med musikken til Arve Henriksen.

Forfattar Ove Eide frå Sandane og musikaren Arve Henriksen frå Stryn har samarbeidd i fleire år for å gje kunsten og kunstnaren Rolv Muri større merksemd. Ove Eide skriv bok om denne store kunstnaren. Jazzmusikaren og komponisten Arve Henriksen har lete seg inspirere av bileta til Muri og laga ny musikk.

Glitrande samarbeid

Desse to presenterte kunsten og kunstnaren Rolv Muri sitt liv og virke i ord og tonar. Eit glitrande samarbeid. Dei to har knytt kontakt med familien til Muri og kunstmuseet i Førde. Fotografen Oddleiv Apneseth står for bildematerialet i boka. Også desse var representerte på samlinga i Olden søndag.

Anerkjent medan han levde

Rolv Muri og Lillehammerkunstnaren Jacob Weidemann var to store kunstnarar på same tid, men Muri hadde ikkje så sterke støttespelarar. Likevel fekk Rolv Muri oppleve at kunsten hans vart anerkjent medan han levde.

Småbrukar og kunstnar i verdsklasse

Rolv og Helga Muri overtok familiegarden på Auflem i 1948. Dei var begge kunstnarar, men Helga gav opp kunstnarlivet." Det var ikkje plass til to" , har ho fortalt. Muri fann sitt motivlandskap i vesle Olden, men kunstforma hans var av internasjonal storleik. Det er i einsemda på småbruket vårt eg har funne gullkorna og inspirasjonen, har han sagt.

Om å forstå kunst

Fridtjof Urdal frå Sogn og Fjordane kunstmuseum hadde ei lita «innføring» om å å forstå kunst. På typisk Urdal-vis sa han at det finst ikkje ein kjeft som har sett vinden, men alle har kjent den!.

Når Arve Henriksen framførte musikken sin til bildet kalla «Jord», høyrde vi lyden av hakka og spaden som trefte store steinar i veita. Muri såg ingen skilnad på Olden og New York.

Heidra på heimebane

Vi gler oss til å lese boka når den blir ferdig og vi gler oss til å høyre meir av musikken til Arve Henriksen. Publikum gav dei begge ståande applaus. Ivar Wartdal, nevø og no eigar av garden i Olden, sa til slutt at Rolv var ikkje glad i merksemd. Men å bli heidra av sine eigne på heimebane som her i Olden i dag, hadde han sett høgt!.

2. Lasse Tenden. Blir pensjonist og flygar
46 år som bussjåfør.

Publisert i Fjordingen 11.mars.2022.

Av Inge Fænn(redaksjon@fjordingen.no)


Lasse Tenden. Siste dag ved rattet etter 46 år som bussjåfør.

Måndag (7. mars 2022) på sjølve 75 årsdagen, var siste dagen som bussjåfør for Lasse Tenden. Det er norsk lov og ikkje arbeidslysta, som seier stopp.

Det er litt merkeleg. Eg får ikkje køyre buss, men eg kan framleis dundre i veg med vogntog på femti tonn til eg blir hundre. Det er ei særnorsk lov. I Sverige og Danmark får dei køyre, smiler den spreke pensjonisten. Einaste positive momentet han ser, er at det blir ikkje sovepute for busselskapa. Dei må ta rekrutteringa på alvor.

Vi sit i ein god, varm bil ved flystripa på Rise. Straks siste snøen er smelta, er han klar for å trille flyet – eit einmotors Ikarus C 42 B med plass til to, ut frå hangaren. Med mindre tid på bakken blir det meir tid i lufta.

Ekspressen bles av vegen på Dovrefjell. Etter å ha sikra at alle passasjerane var uskadde, gjekk han fram og skilta om skiltkassa til «Ikkje i rute»

46 år i bussen

Lasse Tenden vart tilsett i L/L Nordfjord og Sunnmøre Billag 20. juli 1976 og har vore ein trufast medarbeidar i 46 år.

Eg har hatt gleda av å arbeide saman med Lasse på «godsen» – dvs. Linjegods og seinare i lokal- og ekspressbuss i over 30 år. Lasse er løysingsorientert og snarrådig og har meir enn ein gong snudd utfordrande situasjonar. Ei dramatisk historie som stadig blir nemnt, er ein gong Fjordekspressen bles av vegen på Dovrefjell. Etter å ha forsikra seg om at alle passasjerane var uskadde, gjekk han fram og skilta om skiltkassa til «Ikkje i rute», fortel Karin Lunde Vinsrygg som stilte med kake på vegner av Vy då han var tilbake etter siste turen med dobbeldekkar, natt til måndag.

Lasse har køyrt mange ruter, men aller mest Trondheim-ekspressen. Buss om natta og bonde om dagen var aldri noko problem. To turar av vegen i vind og uver på Dovre, men aldri personskade.

Krevjande jobb

Det har vore triveleg, fortel Lasse og understrekar at bussjåfør er meir enn å halde i eit ratt. Det er reinhaldsjobb, og stadig meir krevjande elektronikk og knappar som ein må kjenne styringa på.

Men han har allsidig bakgrunn. Dykkar, marinejeger og fallskjermjeger står på merittlista. Klokkedykking og kaibygging.

Flyutdanning i Amerika stod på lista då faren gjekk bort. Han hadde søkt og fått plass, men som eldste mann valde han å ta ansvar for heimegarden i Loen.

Flyinteresse

Eg har alltid vore flyinteressert, fortel han og viser rundt i hangaren der flyet står. Det er det fjerde i rekka.

Som smågut kjøpte han byggesett for gyrokopter, og han var først ute med hangglider i Nordfjord. Opplæringa føregjekk i hoppbakken på Ørskogfjellet, og så var det heim og lære opp andre og skape eit miljø.

Han tok flytimar i det militære, men det vart aldri levevegen. Det var buss, kyr og gris.

Men kva om motoren stoggar, spør vi varsamt og greier ikkje å løyne at vi er litt skeptiske til å lette frå bakken med berre ein motor å lite på.

Nei, det går fint, ler Lasse. Kanskje litt dramatisk om vi er over havet, men det skal ikkje store bota til før vi kan kroke oss ned på bakken. Det er gode motorar no. Litt verre med dei første flya. Sa det stopp måtte vi ned på bakken for å reinske bensintilførselen, seier han. Han har ikkje prøvd dei nye flygingane frå Hoven, men hadde han vore nokre år yngre så hadde han prøvd.

Sjølv om det blir meir tid til hobbyen, skal han også hjelpe sonen på garden når det trengst. Det var likevel vemodig å sitje ved frukosten i Ulsteinvik å tenkje på at det var siste måltidet i sjåføruniform.

Han blir sakna, sa sjåføren som sette kursen mot Oslo med dobbeltdekkar tysdag, og han var ikkje åleine om det.

3. Lenger gangveg i Solvik

Publisert i Fjordingen 29.mars.2022.

Av Bengt Flaten(redaksjon@fjordingen.no)


BER OM LENGER GANGVEG.: F.V. HALDOR HOVE MED BORNA MARIELLE OG ARAGON, KJELL RAKE OG KÅRE RAKE, ØNSKJER AT DEN PLANLAGDE GANG- OG SYKKELVEGEN FRÅ LOEN VERT FORLENGA MINST 150 METER..

Bebuarar langs fv 60 mellom Loen og Rake ønskjer at den planlagde gang- og sykkelvegen som skal byggjast frå Loen retning Solvik vert forlenga. Ordførar Per Kjøllesdal har ikkje gode nyhende å melde tilbake.

Ved å forlenge gangvegen med 150 meter, vil dei næraste husa bli kopla til ny gang- og sykkelveg. Med 300 meter kjem ein bort til planlagt VA-anlegg. Og det manglar 700 meter for å oppfylle intensjonen i planane frå 2004, poengterer Kåre Rake, Haldor Hove og Kjell Rake.

Ordførar Per Kjøllesdal opplyser til Fjordingen at kommunen har vore i dialog med fylkeskommunen med tanke på forlenging av gang- og sykkelvegen, men utan å nå fram.

Fylkeskommunen vil ikkje byggje meir enn kva det er inngått avtale om. Årsaka til at Stryn kommune går inn med 18 millionar kroner i gang- og sykkelvegprosjektet, er at Statens vegvesen har sett rekkefølgjekrav om gang- og sykkelveg før kommunen kan byggje ut nytt bustadfelt i Solvik, seier Kjøllesdal.

Det er definitivt kommunen sitt ønske å få gangveg til Rake, slik han eigentleg er planlagt. Det er vanvittig trafikk på fv 60, særleg på sommaren. Behovet for gang- og sykkelveg er difor stort. Vi vil ikkje gje opp, sjølv om fylkeskommunen ikkje vil forlenge i denne omgang, seier Kjøllesdal.