Litteratur.
Avisutklipp 2023

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2023

1. Døsulukke, Luftsport. Hoven.
2. Vasskraftutbygging. Gamle planar.
3. 71 grader nord i Loen.
4. Solvik-utbygginga lyst ut.
5. Lostrupane til topp i Ørsta.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2023

1. Luftsport-ulukke. Hoven
Fredag 13.1.2023.

Publisert i Fjordingen 17.1.2023.

Av:
Roger Oldeide(roger.oldeide@fjordingen.no)
Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)
BengtFlaten(bengt.flaten@fjordingen.no)

Mannen som omkom i luftsportulukka på Hoven fredag sprang ut frå vanleg plass, men har på eitt eller anna vis kome over på motsett side av gondolen. Politiet sin innsatsleiar, Jan Tore Sunde, håpar etterforskinga vil gje svar på kvifor utspranget endte i dødsulukke.


Vest for gondolen:Den omkomne luftsportutøvaren vart funnen på omlag 650 meters høgde, ca 100meter vest for gondolen. Funnplassen er rett under helikopteret til venstre på bilde. Foto Thomas Thaule .

Det var 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Alver kommune som omkom i luftsportsulukka i Loen fredag.

Klokka 12.52 fekk politiet melding om ei mogleg luftsports-ulukke i Loen etter at ein person sette ut frå Hoven med speedglider og vart borte. Vedkomande var i eit følge med to andre som varsla politiet då dei ikkje såg att kameraten.

Alle naudetatar rykte ut til ulukka, saman med redningshelikopter og alpin redningsgruppe. Vedkomande vart etter kvart lokalisert i vanskeleg terreng i nedre del av gjølet nedanfor toppen, på om lag 650 meters høgd.

I 14.30-tida vart personen henta ut frå fjellsida med redningshelikopteret. Kort tid seinare vart det klart at personen var omkomen.

Politiet prøver no å finne årsaka til den tragiske luftsports-ulukka i Loen fredag, der den 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Alver kommune mista livet.

Tok av frå vanleg plass

Vitne på staden har forklart at han fekk problem etter take off, som skjedde frå den vanlege staden der det er tilrettelagt for å springe ut, aust for gondolen. På eitt eller anna vis har han kome over på motsett sidde av gondolen. Funnstaden ligg om lag 100 meter vest for gondolen, fortel Sunde.

Sunde fortel at det fredag vart teke avhøyr av vitne som såg hendinga.

Gjennom vidare etterforsking dei neste dagane vil vi forsøke å finne svar på kvifor ulukka skjedde. Vi kjem også til å undersøke utstyret som vart brukt, og sjekke ut korleis vindforholda var. Det er vårt inntrykk at personen som omkom var erfaren innanfor luftsport, seier Sunde.

Han fortel at kommunen sitt kriseteam vart forhåndsvarsla kort tid etter at alarmen om ulukka gjekk fredag. Dei tilsette ved Loen Skylift vart ivaretekne av arbeidsgjevaren sin.

Tredje dødsulukka frå Hoven

Dette er tredje gong ei luftsportsulukke frå Hoven krev liv. I 2019 omkom ei 20 år gamal kvinne i ei speedglider-ulukke. I 2021 omkom ei kvinne i ei basehoppulukke.

Også to andre luftsportsulukker i vårt område har kravd liv dei siste åra.

I 2019 omkom ein basehoppar då han landa i Oppstrynsvatnet, og ein 26 år gamal mann omkom i ei basehoppulukke frå Skåla i 2020.

Ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal, ønskjer ikkje lokalt forbod mot luftsport frå Hoven.

Eit eventuelt forbod må i så fall vere ei nasjonal avgjerd, ikkje noko vi skal gjere lokalt.Skulle vi innført forbod lokalt, ville det bety at kommunen står ansvarleg for å handheve forbodet. Det er vi ikkje rigga til, og vi kan heller ikkje ha det som oppgåve, seier Kjøllesdal.

Ville berre flytte aktiviteten

Og om ein hadde handert eit forbod på Hoven, ville ikkje det bety at folk sluttar med luftsport. Då ville aktiviteten berre blitt flytta til andre plassar der risikoen med å utøve sporten truleg er større, seier Kjøllesdal.

Ein av dei tryggaste plassane

Ordføraren viser til at Luftsportsforbundet meiner Hoven er ein av dei tryggaste plassane.

Det er ei kjempebelastning for alle når ulukker skjer. Dette er tredje dødsulukka frå Hoven og den femte i Stryn kommune etter at Loen Skylift opna. Når ein ser aktiviteten totalt sett, er det utført betydeleg fleire hopp frå Hoven enn andre stader i kommunen, seier Kjøllesdal.

2. Vasskraftutbygging
Vil børste støvet av gamle planar.

Publisert i Fjordingen 17.2.2023.

Av: Roy Aron Myklebust(roy.aron.myklebust@fjordingen.no)


Kåre Rake (88) med kart over planane for vasskraftutbygging, som vart skrinlagde då stortinget gjekk inn for å verne Stryne- og Loenvassdraget i 1993. Foto: Roy Aron B. Myklebust: .

Kåre Rake (88) var aktiv lokalpolitikar for Ap då det vart diskutert vasskraftutbygging i Stryn sist. No meiner den tidlegare Ap-leiaren at det er gode grunnar for å børste støv av planane frå 90-talet.

Vasskraftutbygging:

Rake fortel at det allereie tidleg på 1960-talet vart jobba med planar om vasskraftutbygging i Stryn. Stryn Energi var byrja å planlegge kraftutbygging i Hjelledøla, men så kom staten inn med mykje meir omfattande utbyggingsplanar, og det lokale energiverket gav opp sine.

Det staten jobba med var gigantiske greier. Vatn skulle hentast frå deler av Ottavassdraget og frå fjella i Luster og over til Lodalen. Også deler av Strynevassdraget skulle over til Loen. Og med eit stort kraftverk i Lodalen og Loen. Viss eg ikkje tek feil var det snakk om 5 Twh (terrawatt) -og det er stort, seier Rake.

Arbeidet med planane føregjekk gjennom heile 70-talet, og fram til starten av 80-talet, men så vart det stopp.

Det vart så stort, og vi såg konsekvensane som så store, at Stryn kommunestyre sa samrøystes nei til dette, fortel han.

Stortinget sa nei

Men tanken om vasskraftutbygging vart på ingen måte skrinlagt. Ein byrja i staden å sjå på mindre omfattande planar. På slutten av 80-talet vart eit prosjekt, liknande det som no har blitt aktualisert av blant andre Oddbjørn Bruland, utarbeidd. Men i tillegg til å hente inn frå elvar og vatn i Oppstryn, såg ein også føre seg ei forgreining til blant anna Bødalen. Samla skulle dette gi 900 Gwh (gigawatt).

Det gjekk Stryn kommunestyre inn for. Også regjeringa Brundtland ville ha utbygging, men dei ville avvente litt, sidan eit gasskraftverk var under planlegging på Mongstad, fortel Rake.

Då vart prosjektet ytterlegare nedskalert og eit nytt forslag vart lagt fram for handsaming. Men 1. april 1993 sa Stortinget nei, og området vart innlemma i verneplan fire. Det sette ein endeleg sluttstrek.

Ser konsekvensane i dag

Dagens kraftkrise og høge straumprisar meiner Rake at han sjølv prøvde å åtvare om for 30 år sidan.

Eg prøvde å seie til politikarane på Stortinget at det får konsekvensar viss de vernar dette, og det ikkje blir utbygging. Og i dag ser vi konsekvensane. Og eg ser føre meg at det berre er starten. Viss politikarane ikkje får fingeren ut og gjer noko meir, og berre tenkjer vindmøller, så går det ikkje, seier han.

Rake fortel at ein på 90-talet ikkje såg føre seg den utviklinga som er no, med blant anna el-bilar og el-ferjer.

Det er store mengder kraft som krevst for å dekke opp dette.

Han meiner det difor er gode grunnar for å børste støv av planane frå 90-talet.

Eg klarar ikkje sjå at dei klarar å dekke opp kraftbehovet i framtida, berre med vindmøller. Og det er fleire som snakkar om at ein no må ta i bruk vasskraft i verna område for å få dette til. Planane er ferdig og tidlegare kommunestyre har sagt ja.

Han tykkjer dei 30 år gamle planane står seg bra også i dag, men at ein kan ta vekk element og gjere justeringar.

Men hovudpoenget må vere dette her, seier Rake, og peikar på kartet for utbyggingsplanane i 1992.


Kart over planane for vasskrfatutbygging som vart skrinlagde i 1993. Foto: Roy Aron B. Myklebust 1992 .

3. 71 grader Nord i Loen
Jegertvilling Johanne Thybo Hansen bur i Loen. Visste ikkje at 71 grader nord skulle gå rett forbi heimedøra.

Publisert i Fjordingen 3.3.2023.

Av: Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)


Johanne trivst godt i Loen. Om eg ikkje skulle bu i Nord-Norge er det eit godt alternativ, sier ho. Både ho og sambuar Atle Loen hahde irsk setter, og det var i grunnen slik dei vart kjende. .

«Jegertvilling» Johanne Thybo Hansen (31) visste ingen ting om at ho i «71 grader nord kjendis» skulle passere forbi rett nedanfor heimen der ho og sambuaren bur i Loen. – Eg fekk veldig lyst til å stoppe og seie hei til mann og hundar! seier ho.

Dei var berre 21 år gamle då dei vart landskjende, Johanne og tvillingsyster Kristine.

Fødde og oppvaksne på Storslett i Nordreisa (verdens finaste plass, understrekar Johanne) og kjende som Jeger-tvillingane.

Det starta med ein artikkel i VG sitt jaktbilag og TV-programmet «Ut i naturen» på NRK.

Det var systera mi dei ringde til og spurde om ho ville vere med i «Ut i naturen». Dei hadde høyrt at det var ei jente i Nord-Norge som jakta gaupe. Så sa ho at ho hadde ei tvillingsyster som også jakta, og då vart dei heilt ville, ler Johanne.

Påverka av å flytte til Vestlandet

Vi sit i stova i huset der ho og sambuar Atle Loen bur, omgjevne av opne marker, skog og fjell og utsikt til fjorden. Her trivst Johanne og hundane hennar godt. Om eg ikkje skal bu i Nord-Norge, er Loen eit godt alternativ, seier ho.

Men tilbake til «Ut i naturen»: Programmet skapte mykje debatt og fekk stor merksemd. Dei aller fleste som kommenterte var positive, og syntest jentene var ekte, ujålete og naturlege. Men nokre kritiserte jakta, og andre hengde seg opp i språkbruken. Eg har ærleg talt ikkje sett det programmet etterpå. Eg er litt flau… Vi «røyka og bainnes» om kvarandre, seier Johanne, og må le igjen. Men eg har slutta å røyke. Det er eg stolt av. Ikkje bannar eg så mykje som før heller. Eg trur eg har blitt påverka av å flytte til Vestlandet. Men eg gjer det vel litt meir når eg er saman med systera mi.

Kjendisar over natta

Brått var dei to unge jentene blitt kjendisar over natta. Og tilboda strøymde inn.

Alle slags ville tilbod. Frå Paradise Hotel til grøssarfilm med tvillingar, seier Johanne, og ristar på hovudet. Vi takka nei! Men det dei takka ja til, var ein TV-serie for TV Norge der dei vart tekne med til Amerika på jakt. «Jegertvillingene» gjekk i tre sesongar og vart ein stor suksess.

Var der rart å bli eksponert sånn, så tett på?

Kjemperart. Vi var to vanlege jenter, levde eigentleg mykje for oss sjølve og heldt på med vårt. Så det var litt «creepy» med all denne merksemda. Likevel set dei pris på at dei sa ja, fordi dei har fått med seg mange flotte naturopplevingar. Det har også ført til bokutgjeving og eigen kolleksjon med fiskeslukar. Det var kjemperart. Vi var to vanlege jenter, levde eigentleg mykje for oss sjølve og heldt på med vårt. Så det var litt «creepy» med all denne merksemda.

Skikkelege Emil-ungar

Dei som har sett dei på TV har lagt merke til at dei samhandlar godt, Jegertvillingane. Er vande til å jobbe i lag. Sjølv om dei kan krangle og vere ueinige, som sysken flest.

Korleis var de som barn? Å hjelpe meg…, seier Johanne. Du, vi var sånn … Altså: Pappa byrja på jobb halv fem, og då var vi også lys vakne. Så når mamma stod opp, var vi i full gang. Ein gong var det full fyr på stovegolvet, vi hadde laga bål og skulle grille pølser. Ein annan gong kom vi dragande med ei geit. Vi ønska oss geiter, så vi hadde i fellesskap drege med oss ei frå nabogarden. Enkelt og greitt.

Johanne ler og ristar på hovudet, og manar fram fleire bilde av kreative og føretaksame tvillingsystrer. Stakkars mamma. Vi var sånn skikkelege Emil-ungar!

Jaktinteresse frå bestefar

Hundane tassar rundt Johanne, vil ha litt kos og klapp, sukkar fornøgde og veltar over ende på golvet for å sove.Irsk setter har alltid vore hunden for Johanne. Som 17-åring fekk ho sin første, eigne hund og vart med i fuglehundklubben. Året før hadde tvillingane teke jegerprøva. No vart det verkeleg fart på fuglejakta.

Kvar kjem jaktinteressa frå?

Særleg frå bestefar. Han var jakt- og fangstmann, og fortalde masse historier. Vi slukte det, og masa hol i hovudet på pappa om at vi ville på jakt i oppveksten. No blir det mindre fuglejakt. Derimot har Johanne fått blod på tann når det gjeld hjortejakt. Det har vi ikkje i Nord-Norge, og det er skikkeleg fasinerande, seier ho. Kvifor? Det må vere litt det at der er så veldig vanskeleg, trur eg. Du må vere så skjerpa, hjorten er så vàr. Heilt anna enn elgjakt.

Hundeinteressa auka proporsjonalt med jaktinteressa, og i dag driv tvillingane oppdrett i Sarafjellets kennel, som dei har saman.

Ny TV-serie

Det har vore travle tider med TV for Johanne og tvillingsystera. «71 grader nord kjendis» som no rullar over skjermen, og «Sistemann ut» som snart kjem på TVNorge. Her skal 40 kjendisar konkurrere i ulike utfordringar. I tillegg til dette jobbar systrene saman med guida jakt, foredrag og fiske når ho er heime i Nord-Norge. Men Johanne er også på utkik etter jobb i sin nye heimkommune.

Nyleg var 71 grader nord-gjengen å sjå i indre Nordfjord i fleire program, før dei enda på Bødalssetra og vart flogne vidare til Femundsmarka. Visste du at de skulle hit til distriktet då du sa ja til å vere med? Nei, det ante eg ikkje før dagen før. Det var kjempesnodig at det var her. Og veldig rart å skulle reise rett forbi heimdøra. Eg hadde veldig lyst til å stoppe og seie hei til mann og hundar. Hadde du ein fordel av at du var lokalkjend? Kanskje akkurat på det med Utvikfjellet, eg har køyrt der mange gongar og visste kva tal meter over havet som står på skiltet. Det var jo eit spørsmål. Elles var det nokså likt, alle fekk jo kart og kompass og visste kvar vi var og slikt.

Ikkje like «toillat» åleine

Etter såpass mykje eksponering på skjermen er det høgst naturleg at folk kjenner ein igjen. Det har vore fredeleg her i Stryn. Men elles kan det bli litt, særleg om eg og Kristine er begge. Og så helsar ein del folk, som ein ikkje anar kven er. Dei synest vel at dei kjenner deg, fordi dei har sett deg på TV.

Apropos det: Folk som trur dei kjenner deg frå TV, kva er største overraskinga dei får om dei blir kjende med deg? Det trur eg må vere at eg ikkje er så rett på, ikkje like «toillat» som når vi er to. Eigentleg er eg litt sjenert!

4. Konkurranse om Solvik-utbygginga lyst ut

Publisert i Fjordingen 21.3.2023.


Her blir det massiv utbygging dei komande åra. Gangveg, kommunal veg og bustadsfelt skal etablerast. .

Stryn kommune har saman med Vestland fylkeskommune lagt ut konkurransen om bygging av gangveg, veg og bustadfelt i Solvik i Loen.

No er det opna for entreprenørar å melde seg på konkurransen om bygging av ny gang- og sykkelveg frå Loen til Solvik, ny kommunal tilkomstveg med fortau til Leitekvia, og nytt bustadfelt i Solvik med kommunale vegar og nytt kommunalteknisk VA-anlegg.

For Vestland fylkeskommune omfattar anskaffinga bygging av ca. 1 km komplett gang- og sykkelveg frå Loen Skylift til Solvik.

For Stryn kommune omfattar anskaffinga bygging av ca. 1 km ny kommunal tilkomstveg frå Solvik til Leitekvia og nytt bustadfelt i Solvik.

Tilbodsfrist er sett til 27. april kjem det fram på kommunen si heimeside.

5. Lostrupane til topps i Ørsta
Lostrupane i storform. Til topps i konkurranse.

Publisert i Fjordingen 21.3.2023.

Av: Gunnhild Sindre(gunnhild.sindre@fjordingen.no)

Laurdag gjekk Lostrupane til topps i den uformelle korkonkurransen i Ørsta.

Lostrupane er eit stort blandakor, som tel heile 47 medlemmar. Laurdag kveld deltok koret i ein uformell korkonkurranse i Ørsta i lag med seks Møre-kor, og der gjekk like godt den fargerike og humørfylte gjengen med base i Loen heilt til topps.

Rundar 30 år

Lostrupane rundar 30 år i år, og har hatt ei stor utvikling både musikalsk og i tal songarar sidan oppstarten.

Janne G. Skarstein frå Ørsta har vore dirigent for koret dei siste åra.

Ho har fått koret med seg til nye høgder, og det var også ho som oppfordra Lostrupane til å melde seg på korkonkurransen.

Dei andre kora, Åmdalskoret Berre Damer, Ervingen Blandakor, Morkakoret, Taretausene, aChoir og Kor Nøye!? heldt alle eit høgt nivå, og det vert meldt at Ørsta kulturhus var fylt med kreativitet, humør og songglede av ypperste klasse.

Ved sidan av blomster og gode ord til vinnarkoret, er også ein del av premien ei oppmoding å arrangere neste års korkonkurranse.

Men først skal Lostrupane feire 30 år med kor-tur til Spania og deretter ein stor jubileumskonsert i Stryn kulturhus til hausten.

Friske sprell

Åmdalskoret Berre Damer vann tilsvarande konkurranse på Stranda i fjor, der damekoret Kor Løye var arrangørar, og dei som fann på dette opplegget i utgangspunktet, fortel Lostrupane-dirigent Janne G. Skarstein.

Vi fekk også då ei oppmoding om å arrangere dette i Ørsta, og vi sender stafettpinnen vidare til vinnarkoret i år også.

Denne korkonkurransen skil seg ut frå andre konkurransar med å vere av det uformelle slaget, der showfaktor står i fokus.

Sjølvtilliten på topp

Alle kora fann på sine «sprell», anten det no var med artige/fine/glitrande kostyme, stilig koreografi og stilige arrangement. At Lostrupane gjekk til topps er heilt fantastisk, nivået var veldig høgt, seier dirigenten.

No er sjølvtilliten absolutt på topp til korkafeen vi arrangerer i Stryn komande laurdag, og då skal vi sjølvsagt framføre songane vi hadde med til konkurransen i Ørsta.