Litteratur.
Avisutklipp 2024.

Til Litterturlista

INNHALD

Avisutklipp 2024

1. Tiltak i Lodalen.
2. Cruisanløp 2024. Olden/Loen.
3. Gangveg Loen-solvik. Status.
4. Lodalen veglag. Prioriteringar.
5. Fall i elva og omkom 9.9.2023
6. Loen Skylift. Vedlikehald
7. Fastbuande i Lodalen vinterstid
8. Minneord om Magnar Loen.

Diverse artiklar publisert offentleg i Fjordingen og andre stader i 2024

1. Tiltak i Lodalen Januar 2024

Publisert i Fjordingen 9.1.2024.

Av:
BengtFlaten(bengt.flaten@fjordingen.no)

Innleiing
Her er det samla 3 innlegg i same nr av Fjordingen som omhandlar diverse tiltak i Lodalen. Alle artiklane er av Bent Flaten og er samle som eitt dokument her. (1: bompengar,. 2:Sikring rundt minnetavla og 3: Rasutsette stadar).

1.1 Ny løysing for bompengar

No vert det slutt på krølletre pengesetlar frå Kina


Turistar som skal besøkje Kjenndalsstova og Kjenndalsbreen komannde sommar må betale bompengar som før, men no er løysinga automatisk i form av kamera, fortel Jens Hogrenning. .

Når grunneigarlaget har tømt kassa med bompengar inn mot Kjenndalen, har dei ikkje alltid fått valuta for pengane. Nei, her har vore mykje som vi aldri har fått veksla inn eller kunne levere i banken, seier Anne Sølvi Sande, leiar i Sameiget Kjenndalen Grunneigarlag.

Ho er glad for at trafikantane som skal besøkje Kjenndalen komande turistsesong vert registrerte av kamera og må betale bompengane digitalt.

Då eg talde opp kassa sist, var det ei god blanding av norske samankrølla setlar som vi ikkje får levert inn i setelautomat til ulike valører utanlandske setlar, både frå Kina og Canada. Sikkert godt meint av dei som betalte, men verdilaust for oss som treng inntekter for å halde vegen vedlike, seier Sande.

Å drifte og gjerne forbetre vegen til Kjenndalen er verken gratis eller gjer seg sjølv. Difor må sameiget som eig vegen ha inntekter til arbeidet. Difor har dei og gått over til automatisk bompengeinnkreving.

I fjor haust vart det sett opp stolpar og ført straum fram til der kameraet er sett opp, fortel Jens Hogrenning. Det heile var ferdig midt i oktober.

Bjørn Kjetil Hilde sagde ned skogen og gjorde klart til Linja kom for å setje opp stolpar og føre fram straum. Den nye løysinga skal fungere både for norske og utanlandske turistar. Med tanke på dei utanlandske, er det og skilta på engelsk korleis ein skal gå fram for å betale bompengane. Eg er sikker på at vi vil få inn meir bompengar med denne løysinga, seier Anne Sølvi Sande.

1.2 Sikring rundt minnetavla

Gjerde til fire millionar skal sikre turistane


Fanggjerde i Lodalen skal sikre turistane mot steinsprang. F.v: Prosjektleiar Silje Storevik Moe, Jens Hogrenning og kontrollingeniør Tomas Gjerde. .

Turistar som stoppar ved minnetavlene i Lodalen skal heretter vere sikre mot steinsprang frå fjellet ovanfor.

Etableringa av parkeringsplass for bussar for eitt par år sidan utløyste behov og krav for å sikre området mot steinsprang. No har Vestland fylkeskommune brukt om lag fire millionar kroner på å etablere eit 180 meter langt fanggjerde som sikrar heile området frå minnetavlene og ned til snuplassen.

Når det vart etablert stopp-plass her for mange menneske, har vi og forskriftsmessig krav på oss om å sikre. Det arbeidet er utført i haust og vinter, fortel fylkeskommunen sin prosjektleiar Silje Storevik Moe. Arbeidet er utført av Norsk Berg-sikring AS. Dei starta arbeidet i slutten av november og avsluttar i desse dagar.

Dramatisk historie

Minnetavlene i Lodalen er ein naturleg plass å stoppe for turistar som køyrer Lodalen for å oppleve både vill natur og dramatisk historie. Lodalsulukkene 15. januar 1905 og 13. september 1936 kravde totalt 135 menneskeliv då Ramnefjell rasa ut i vatnet i to omgangar. Enorme mengder fjell og stein rasa ut og skapte enorme flodbølgjer. Gardane Nesdal og Bødal vart hardast råka. Etter ulukka i 1905 der 61 menneske omkom, vart berre ni funne. Etter raset i 1936 vart 33 av dei 74 omkomne funne. På minnetavlene kan ein lese namna til dei som ikkje vart funne, og som dermed fekk si grav i vatnet.

I tillegg til minnetavlene er det sett opp informasjonstavler om dei to Lodalsulukkene. Og det lokale hagelaget har lagt mykje arbeid i å gjere området fint. Turistar som stoppar kan og sjå restar etter turistbåten Lodalen som ligg i skogen nedanfor vegen.

Sikkerheit først

Jens Hogrenning rosar fylkeskommunen for solid arbeid, sjølv om han meiner gjerdet er dominerande.

Men sikkerheit først. Her vil nok gro til med noko vegetasjon. Då blir gjerdet mindre dominerande. Det er flott at heile området ned til snuplassen er sikra, seier Hogrenning.

Silje Storevik Moe seier fanggjerdet er dimensjonert for å stoppe steinsprang som måtte kome ned fjellsida og dermed utgjere ein fare for folk som stoppar for å nyte utsikta og lese historia om Lodalsulukkene. Prosjektet er kome på plass etter skredfarevurdering av fylkeskommunen sine geologar. Vi er godt nøgde med arbeidet som er utført, seier Storevik Moe.

1.3 Skredutsette stadar på Lodalsvegen

Skredfaren gjer dette til det svakaste samfunnet i kommunnen


Her går det skred over vegbana meir eller mindre kvar vinter, og ofte fleire gonger kvar vinter, seier Jens Hogrenning. .

Første veka etter nyttår arbeidde entreprenør Kveen to dagar med å rydde etter skredet som stengte dalen i fire dagar før jul.

Særleg for dei som bur i Bødal, er det to skredløp som er viktigast å sikre. Og det er dei to som gjekk før jul: Merkingsjølet og Lisje Merkingsjølet. Det bur ni-ti personar i Bødal, som er på innsida av begge desse skredpunkta. Særleg for dei som bur i dette området, men og for heile Lodalen er sikring av skredpunkta livsviktig. Her går skulebuss, og eg vil seie det slik at skredfaren gjer dette området til det svakaste samfunnet vi har i Stryn kommune i dag.

Det seier Jens Hogrenning, sjølv innbyggjar i Lodalen og guide for tusenvis av turistar kvar sommar.

Vonar fylkeskommunen tek situasjonen på alvor

Lodalen sommar og vinter framstår like ulikt som to årstider. Medan sommartrafikken byr på sine utfordringar, er Hogrenning svært oppteken av at dei fastbuande i Lodalen vert prioriterte i form av meir rassikker veg vinterstid.

No har det vore kaldt lenge, og isen kan brått leggje seg på Lovatnet. Då er det ikkje hjelp i båt, om vegen skulle bli stengt av nye snøskred. Då vert helikopter einaste alternativ. Det er ikkje alltid så enkelt for dei å kome ned. Difor vonar vi som bur her at fylkeksommunen som vegeigar lyttar og tek situasjonen på alvor. Her er fleire skredpunkt, men startar ein med dei som går hyppigast og heller ikkje er så store, er vi på rett veg, seier Hogrenning.


I to dagar i førre veke arbeidde Kveen sin maskinentreprenør med å rydde vekk jord, stein og røter etter skredet som gjekk over vegen veka før jul. .

2. Cruisanløp 2024. Olden/Loen.

Færre skip men det blir framleis godt med besøk i Loen og Olden

Publisert i Fjordingen 9.1.2024.

Av:Thomas Thaule (thomas.thaule@fjordingen.no)


Gjengangar. Iona kjem til Olden ved 24 høve i år. Første gong er tysdag 9. april. Foto Thomas Thaule. .

Det er venta færre cruiseanløp til Loen og Olden i 2024 samanlikna med fjoråret. Likevel er det forventa at i underkant av 350.000 passasjerar vil stige i land inst i Nordfjorden.

Komande sesong er det booka 125 anløp til Loen og Olden, noko som er litt færre enn året vi akkurat har lagt bak oss. I 2023 kunne Nordfjord Havn notere 154 anløp og over 360.000 passasjerar i Loen og Olden.

Av dei 125 anløpa i år vil 106 av dei vere i Olden, dei resterande i Lobukta.

Som dei siste åra blir det cruiseskip inn Nordfjorden i alle årets tolv månader. Men i år blir det så vidt: Hurtigruteskipet Maud skulle ankra opp i Loen den 2. januar, men skipet møtte på såpass tøffe verforhold i Nordsjøen i romjula at det måtte til Tyskland for reparasjon. Dermed blir hurtigruteskipet Otto Sverdrup sitt anløp i Olden 30. januar årets første.

Årets siste anløp skjer på sjølvaste nyttårsaftan 31. desember. Då kjem Otto Sverdrup tilbake med over 600 passasjerar.

Dei siste sesongane har cruiseskipet Iona, med ein kapasitet på 6.509 passasjerar, besøkt Olden ved over 20 høve i perioden april til oktober.

Iona kjem tilbake også i år, noko vi er særs glade for, seier assisterande hamnesjef i Nordfjord Havn, Sølve Oldeide.

Og dei har sagt at dei vil kome tilbake i mange år framover. I år blir det 24 anløp, som er på nivå med tidlegare, fortel Oldeide.

Iona blir også sesongens første store anløp i Olden, den 9. april.

Oldeide ser også spesielt fram til to nykomarar til Olden:

Queen Anne, som er eit heilt nytt skip, kjem 27. juni. Dette er eit skip med ein kapasitet på 2.992 passasjerar, og som kjem frå same rederi som mellom anna Queen Mary 2 og Queen Elizabeth. 27. juli kjem Disney Dream med 4.000 passasjerar. Dette blir ein stasdag.

Av andre «godbitar» kan ein nemne skipet Azamara som kjem til Loen 17. juli, eit luksusskip med plass til godt 700 passasjerar.

Etter fleire år med ein auke i cruisetrafikken til Loen og Olden ser vi ein liten nedgang i år. Kva er årsaka til det?

Ja, det blir litt færre gjester til indre Nordfjord. Vi ser at det er ein generell auke i trafikken til Asia, men også til Island, Færøyane, Shetland og Skottland, så ein del vel å reise dit.

Totalt i Nordfjord er det venta 435.000 cruisegjester i år fordelt på hamnene Måløy, Sandane, Loen og Olden. I fjor var dette talet 478.000.


Hurtigskipet Maud i Loen. Siste vintercruise i år blir 31. desember. Foto Thomnas Thaule .


*********************************** .

3 .Gangveg Loen-Solvik. Status.
Framdrifta er som planlagt.

Publisert i Fjordingen 16.1.2024.

Av:Gunnhild D. Sindre (gunnhild.sindre@fjordingen.no)


I desse dagar vert det arbeidd med å sprengje ned det høgaste fjellpartiet på strekninga. Foto: Bengt Flaten. .

Framdrifta med gang- og sykkelvegen Loen-Solvik går etter planen. Om lag 20 personar er i arbeid på anlegget.

Det er Volda Maskin som har arbeidet med å byggje gang- og sykkelveg frå Loen Skylift til Solvik og opparbeiding av tilkomstveg til Leitekvia og nytt bustadfelt i Solvik.

Prosjektet omfattar bygging av 1,1 km gang-og sykkelveg mellom Loen Skylift og Solvik. Det skal også byggast 1 km ny, kommunal tilkomstveg med fortau til Leitekvia, samt kommunale vegar og nytt kommunalteknisk VA-anlegg til nytt bustadfelt i Solvik. Dette medfører også gatelysanlegg og kabelgrøft. Totalt er det ca. 2,8 kilometer med veg som skal byggast.

81 millionar kroner

Volda Maskin fekk tilslaget på oppdraget med eit anbod på 81 millionar kroner.

Terje Mårstøl er Volda Maskin sin prosjektleiar for anlegget i Loen.

Han seier til Fjordingen at framdrifta for anlegget er som planlagt.

Kva har de gjort på anlegget til no?

Vi har grave ut og transportert vekk masser for gangvegen, og for dei første 200 meterane for tilkomstvegen i Solvik.

Oppmodar om å ta hensyn

Kva skjer vidare no framover?

Det vert sprenging av fjellskjering langs fv 60 for gangvegen, muring av natursteinsmurar og bygging av tilkomstvegen til Solvik.

I samband med anleggsarbeidet har 80-sona på fylkesveg 60 på strekninga blitt sett ned til 50 km/t, det har vore innsnevring til eitt køyrefelt og tidvis lysregulering.

Kva er røynslene med publikum og trafikkavviklinga så langt, Terje Mårstøl?

Det går stort sett fint, men vi opplever at enkelte held høg fart når dei passerer gjennom anleggsområdet. Eg vil oppmode alle om å ta hensyn.

Truleg til ferien

Det er pr. i dag om lag 20 personar som er i arbeid på anlegget.

Når skal gangvegen kunne takast i bruk?

Planen er at gangvegen skal vere ferdig til etter ferien i år. Han blir nok truleg slik at han kan takast i bruk til ferien, men der vil nok vere nokre småting som står att som må takast etter at ferien er over, seier prosjektleiar Terje Mårstøl.

Vegen til byggefeltet skal vere ferdig sommaren 2025.

4 .Lodalen veglag. Prioriteringar 2024.
Møte med innbyggjarane i Lodalen om prioriteringar.

Publisert i Fjordingen 19.1.2024.

Av:Bengt Flaten (bengt.flaten@fjordingen.no)

Lodalen Veglag er samde om dei viktigaste prioriteringane for fylkesvegen gjennom Lodalen.

Lodalen Veglag hadde eit møte onsdag 17. januar for innbyggjarane i Lodalen der vi vart einige om ei prioriteringsliste og plan over tiltak som vi meiner er viktig for vegen og trafikksikkerheita på fylkesvegen 5723, fortel leiar Anne Sølvi Sande.

Veglaget har prioritert slik:

Dei gir ros for arbeidet som er gjort så langt.

Mykje har blitt gjort på vegen frå Loen til Vassenden, med nye utvidingar for møtande bilar og fjerning av bergknausar. Dette har blitt veldig bra.

Av nye innspel som kom opp på møtet, var det blant anna spørsmål om snuplass for større køyretøy. Dette er ein mangel i heile dalen. Her har grunneigar på Raudi gitt løyve til ein slik snuplass, som kan vere ei løysing, fortel Sande.

Spørsmål om beredskapsplan for dalen vart også diskutert. Korleis vil beredskapen vere viss vegen er stengt av ras, og det er slik som no, at det ligg is på vatnet, seier Sande.

Veglaget er tydeleg på at dei vil vere med når det eventuelt skal vere synfaringar på vegen, både for å kome med innspel, men og sjå og høyre kva planar som blir lagt for vegen av fylkeskommunen og kommunen.

Vi som bur og køyrer vegen dagleg, sit på informasjon og kunnskap som er verdifull. Vegen er viktig sommar og vinter for oss som bur her.

Tala frå trafikkteljinga er tydelege nok på at vegen har stor trafikk.

Vi hadde dagar denne sommaren som hadde 2.157 bilar forbi Lofossen og 1.089 bilar forbi Sande Camping.

Dette var i juli, men sjølv når vi kom til slutten av august var tala 1.023 og 535 på desse plassane. Det er mykje bilar på ein smal og svingete veg, meiner veglaget. Som vonar dei blir høyrde, og at innspela deira blir tatt med når ting skal prioriterast og pengar skal løyvast.

5 .Fall i elva og omkom 9.9.2023.
Har starta opp att etterforsking.

Publisert i Fjordingen 2.2.2024.

Av:Bengt Flaten(bengt.flaten@fjordingen.no)


Wiewren og stolen som vart brukt då mannen i 60-åra fall i Bødalselva om omkom laurdag 9. september 2023. .

Politiet har teke opp att etterforskinga, etter at ein jeger i 60-åra omkom då han skulle krysse Bødalselva ved hjelp av ei enkel, gammal taubane.

Ulukka skjedde 9. september i fjor. Den 65 år gamle jegeren frå Ålesund var del av eit jaktlag i Bødalen i Stryn kommune. Ulukka skjedde då jegerane skulle krysse Bødalselva ved hjelp av ei taubane som har vore brukt i årevis av jegerar i området. Taubana ligg i eit område nedanfor den private bomvegen mot Bødalssetra, og er knapt mogleg å finne utan at ein veit kvar bana er.

Mannen sat i eit sete som er festa til wiren og fall uti elva som denne dagen hadde svært stor vassføring. Han vart funnen 4-500 meter lenger ned i elva. På grunn av vassføringa, måtte det helikopter til for å få han opp av elva. Livet til mannen stod ikkje til å redde.

Det er Bergens Tidende som først skriv at politiet no har teke opp att etterforskinga.

Politioverbetjent Vidar Stavik stadfestar overfor Fjordingen at politiet fekk saka tilbake frå jurist med ønske om vidare etterforsking. Dette blant anna etter innspel frå dei pårørande sin bistandsadvokat.

Eg har stor forståing for at pårørande ønskjer eit svar, seier Stavik.

Ingen har status som sikta

Ifølgje BT sendte politiet i Stryn brev til Statens jernbanetilsyn i desember. BT har fått delvis innsyn i brevet. Der kjem det fram at politiet ber om hjelp til å avklare regelverket rundt taubana.

«Et av spørsmålene er hvorvidt grunneier kan stilles ansvarlig for bruken av taubanen, og dens manglende tilsyn», skriv politiet, ifølgje BT. Til avisa seier politiadvokat Merete Sundal at dei sjekkar om det har skjedd ting som kan vere straffbart. Ho seier vidare at det ikkje er nokon som har status som mistenkt eller sikta i saka.

Sat baklengs

BT har og vore i kontakt med representantar for sameiget i området. Dei opplyser at sam- eiget ikkje har eller har hatt noko med taubana å gjere.

Då den 65 år gamle jegeren skulle krysse elva denne varme haustdagen, sat han baklengs, ettersom stolen er festa slik. Ifølgje BT skal vitne ha fortald at beina til mannen tok nedi elva og at han vart dregen ut av stolen. Stolen var ikkje utstyrt med noko belte til å sikre passasjeren.

Ulukka har gått hardt inn på alle, både pårørande til den omkomne, jaktlaget han var del av og lokalsamfunnet i Lodalen.

6 .Loen Skylift. Vedlikehald.
Etter nesten 13.000 turar i fjor var det klart for vedlikehald og service.

Publisert i Fjordingen 2.2.2024.

Av:Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


Andreas Sanches Guddal utfører service på bremsene. .

Loen Skylift har gjennomført eit omfattande vedlikehaldsarbeid siste månadane. Det innebar også å frese og brøyte heile vegen opp til toppstasjonen på Hoven.

Skyliften i Loen har gjennomført seksårsrevisjon, og driftsleiar Knut Roar Skåden fortel om eit omfattande arbeid:

Vi starta allereie i november. Då hadde vi stengt i 22 dagar. Vi gjekk over og sjekka løpeverket (rullebatteriet) på wirane, og vi bytta alle slitedelar. Deretter gjekk vi over alle sveisar og sjekka at det ikkje var rust.

Over nyttår var det også seksårskontroll ved Loen Skylift.

Då tok vi seksårskontroll på bremsene. Vi skifta mellom anna bremseklossar og «flusha» oljen, fortel Skåden.

Så godt som alt arbeidet har føregått frå toppstasjonen på Hoven, over 1.000 meter over havet. For å få opp kranbilen til HS Bygg var det mykje som måtte førebuast.

Vi måtte frese og brøyte heile vegen opp til Hoven for å få på plass kranbilen. Det var ei utfordring i seg sjølv. Men vi var heldige med veret då det var kaldt og ingen nedbør, seier Skåden.

Korta inn trekktauet

Den mest omfattande jobben var kanskje å korte inn trekktauet.

Sidan trekktauet, eller kabelen som trekkjer kabinen opp, strekkjer seg om sommaren grunna temperaturen, så må dette kortast inn. Vi korta inn trekktauet med 1,8 meter, og der spleisen er på 43 meter, seier Skåden.

Vi har hatt pendelbane-leverandøren Garaventa med oss på dette arbeidet. No kjem også dei som leverte det elektriske systemet og skal kontrollere dette, seier driftsleiaren.

Også i 2017 vart trekktauet korta inn, den gong med tre meter.

Om seks år er det klart for å skifte ut wiren.

Elles så køyrde vi 12.932 turar i fjor. Til saman hadde vi 299 driftsdagar, seier Skåden.

125.400 personar besøkte skyliften i fjor. Det er solid årsrekord for Loen Skylift, 10.000 meir enn førre rekord-år som var 2018.

7. Situasjonen for fastbuande i Lodalen vinterstid.
Vegen var stengt og vatnet var islagt - så vart Perdis akutt sjuk.

Publisert i Fjordingen 2.2.2024.

Av:Thomas Thaule(thomas.thaule@fjordingen.no)


Perdis Sande saman med naboen Halfrid Hogrenning (t.h.). som sjølv er avhengig av vegen for å kome seg på kreftbehandling på Eid. .

Nokre ekstra tablettar vart redninga for Perdis Sande i Lodalen då ho vart akutt sjuk sist helg.

Med stengt veg grunna skred-fare, og med Lovatnet dekt av is, var det ikkje mogeleg å kome seg frå Bødal med verken bil eller båt, seier Perdis Sande (77).

Ho fekk eit akutt helseproblem sist helg. Ho har berre ei nyre, og den andre har nedsett funksjon. Bekymringa vart større og større, og gode råd vart etter kvart dyre.

Eg fekk heldigvis hjelp på telefonen av legevakta på Eid. Han sa at eg kunne ta ein tablett til for plagene eg hadde, og det hjelpte. Hadde ikkje desse tablettane verka, og eg hadde blitt dårlegare, så måtte eg ha høyrt om det var mogeleg å få låst opp bommen lenger nede i dalen for å kome gjennom. Viss ikkje så hadde helikopter vore siste utveg.

Ikkje eit alternativ

Det er ikkje få gongene i løpet av eit år at Lodalen er stengt grunna ras eller rasfare. Sande er klar på ein ting:

Vi må ha rasoverbygg. Vi treng to rasoverbygg mellom Hogrenning og Bødal, ved Merkingsjølet og Lisje Merkingsjølet. Det er ikkje hjelp i med berre lysvarsling. Det er ikkje eit alternativ. Vi vil vere like innestengde då.

For to år sidan var dottera Anne Sølvi heime frå jobb i nesten tre veker grunna rasfaren. Dette skaper store utfordringar.

Redde for høgt fråvær

To av barnebarna mine går på vidaregåande i Stryn, men dei vil ikkje bu her om vinteren då dei er redde for å få for høgt fråvær, seier Sande, som også har laga til ei leilegheit i kjellaren til ei anna av døtrene. Men heller ikkje ho torer å bu i Bødal vinterstid.

Ho er rett og slett redd for at det skal kome skred. Ho var her i påska då det gjekk skred ved Raudi. Ho har epilepsi og fekk skrekken då ho mangla medisin. Til og med på julaftan i fjor sat ho åleine i Stryn på kvelden. Heldigvis var ho her nyttårsaftan, men utpå kvelden ville ho inn att til Stryn, fortel Sande medan ho viser fram den tomme kjellarleilegheita som er fullt innreidd.

Perdis Sande fekk låne ei leilegheit nokre dagar på Sande lenger nede i Lodalen tidlegare i vinter. Dottera Anne Sølvi ville ikkje at ho skulle vere åleine heime i det dårlege vêret.

Då ekstremvêret «Ingunn» kom, hadde Anne Sølvi tenkt å bu i Stryn, seier Sande.

Eg føler meg innesperra

Med 13 kilometer ned til Loen synest ho det er ei kvide å køyre langs den rasfarlege vegen:

Eg føler meg innesperra her, og spesielt når eg er sjuk. Om ein blir sjuk her inne og vegen er stengt så er båt alternativet, men berre om vatnet er isfritt. Om det ikkje går, ja, då må det bli helikopter, då.

Sande meiner to relativt korte rasoverbygg vil lette kvardagen for dei som bur i Bødal mykje.

Og så trur eg fleire ville budd her inne dersom vegen er trygg. Fleire ville kome på besøk og, men på grunn av rasfaren torer dei ikkje å kome, seier Sande.

Det er heller ikkje enkelt vinterstid å besøke mannen som bur på omsorgssenteret i Stryn.

Dottera mi Dagrun bur også like ved omsorgssenteret, og eg har søkt kommunen om leilegheit der, men eg har fått avslag.

Medan vi sit i stova til Sande kjem naboen frå Hogrenning, Hallfrid Hogrenning, på besøk. Også ho kjenner på redselen for å vere sjuk når vegen er stengt.

Eg får kreftbehandling nede på Eid, og eg har time både torsdag og fredag denne veka. Det blir utfordrande dersom uveret som er varsla slår til for fullt, seier Hogrenning.

Har angsten for fonnene

Så langt i vinter har Lodalsvegen vore stengt i om lag ei veke til saman.

Lodalen og Bødal er ein flott plass å bu, men vi vil ha det trygt. Vi har angsten for fonnene, det er veldig sårbart, seier Perdis Sande og ser utover det islagde Lovatnet. Enn så lenge er vegen open, men med uver på gang fryktar ho nok ein gong for stengt veg og dermed isolasjon.

8. Minneord om Magnar Loen.

Publisert i Aftenposten 9.2.2024.

Av: Tore Vingelsgaard, Kiell Syversen og Sven Arild Andersen


Magnar Loen. .

Vår kjære venn Magnar Loen døde 25. januar, 77 år gammel.

Vi hadde ikke forestilt oss at vi skulle miste vår fine venn så raskt, selv om vi visste at helsen hans den senere tid var blitt noe svekket.

Magnar vokste opp i Loen i Stryn med sine tre søstre, der familien drev det kjente Hotel Aexandra. Det er lett å forstå hvorfor Magnar ble den personen han ble. Han behandlet alle mennesker slik han ble oppdrattn til å behandle hotellgjestene i sin opp vekst. Han var sosial, omtenksom, giestfri, snill og sjenerøs. Det var også her han traff sin kjære Renate. Først ble de brevenner en periode. Så inviterte Magnar Renate til Loen. Etter dette ble det Renate og Magnar for alltid.

Vi møffe Magnar på Norges Handelshøyskole i 1966, hvor kimen til et livslangt vennskap oppsto med studentvenner fra forskjellige deler av landet. Samholdet har bestått i alle ar gjennom "Faglig Forum".

Renate og Magnar flyttet til Vestby. Magnar fikk jobb i et entreprenørselskap, der han jobbet i mer enn 20 år, før han gikk over til Det Norske Samlaget. Han deltok ikke i driften av hotellet, men var et aktivt styremedlem. Hotellet var en sentral del av hans liv.

Magrars hovedinteresse i livet var familien, barna Sandra, Kristin og May Britt og ni herlige barnebarn. Kjernen i storfamiliens liv var familiekjærlighet. Dette kom også så tydelig frem i livets siste fase. Familien var til stede med sin kjærlighet og omsorg til han trakk sitt siste sukk.

Magnars venner fikk også glede av hans personlighet. Magnar var aldri i dårlig humør, og han snakket aldri negativt om noen. Han var et symbol på harmoni. For studiekameratene blir det vanskelig å tenke seg våre sammenkomster uten Magnar.

Vi har mistet en umistelig venn, og savnet vil bli dypt. Våre tanker går til familien.

Tore Vingelsgaard, Kiell Syversen og Sven Arild Andersen på vegne av "FagligForum".