Vis register

Hotel Alexandra 100 år

Tilbake til Startsida

Tekst-meny

Hotel Alexandra eit familiehotell

Bok gjeven ut av Hotel Alexandra i mai 1984 i samband med hotellet sitt 100-års jubileum.
ISBN 82-7131-030-5, 122 sider
Forfattar: Charles Harvey. Rolf Faleide er ansvarleg for den norske utgåva.
***********************

Samandrag om utbygging av Hotel Alexandra.

Dette dokumentet av Audun Loen er eit utdrag frå boka om hotellet si historie. Dokumentet vart laga som grunnlag for tidfesting av postkort frå Loen. Eksempelvis vil bilde og postkort som viser hotellet med tårn være frå før 1913 då tårnet vart rive.

Det er tanken at alle utbyggingstrinn av hotellet etter kvart skal få link til bilde (i hovedsak frå postkort) som viser korleis hotellet såg ut.

Skissene nedanfor som viser alle utbyggingstrinna, er henta fra boka om hotellet.

Anders Markussen bygde nystove på garden i 1870, og starta med å leige ut husrom til reisande. Han var den første som fekk telefon i Loen, og overtok telefonstasjonen. Frå 1875 fekk han fylkesbåtane (Nordre Bergenhus Amts dampskibe) til Loen med faste rutetider. Han bygde sjøbu og skaffa seg store robåtar til å frakte varer og personar frå dampen til og frå land. I 1875 vart han tilsett som poståpnar, og i 1881 då vegen til Vassenden var ferdig, fekk han skyss-stasjon.

Til dokumentstart

Fasade 1884

Vegen gjennom Lotunet vart lagd om i 1881 til slik som han går i dag (2005). Tidlegare gjekk han opp Teina og ned gjennom tuna til bruka i Loen. Etter omlegginga kom nystova til Anders utanfor ferdslevegen mot Lodalen. Han søkte då om løyve til å byggje hotell på eigedomen sin ved sjøen, og det fekk han 14. januar 1884. Hotellet som vart bygt fekk namnet Loen's Hotel.

Nedanfor er det utsnitt av jordskiftekart frå 1896 som viser både nystova i Lotunet og dei første hotella.


Ein mann frå Sunnfjord, Bruce Kvamme, kom til Loen og bygde eit litt mindre hotell 30 - 40 meter austanfor. Dette fekk namnet Kvamme's Hotel.

Då hotellet hadde vore i drift i 4 år (1888?) vart namnet på hotellet endra frå Loen's Hotel til Alexandra oppkalla etter prinsessa av Wales, seinare dronning Alexandra som kom frå Danmark (Dette står på side 29 i boka, men stemmer ikkje med bilde side 27 som skal være frå ca 1885 og der det står "Hotel Alexandra" på veggen).

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1884

Bilde som viser hotel Alexandr (til venstre) og Kvammes hotell om lag 1885.


Til dokumentstart

Fasade 1891.

I 1890 kom sonen til Andres, Markus Andersen; heim frå Amerika for å hjelpe til. Han medvirka til tiltak som gav betre grunnlag for turisttrafikken.

Av tiltak kan nemnast: Dampbåten Gordon på Lovatnet i 1892, seinare avløyst av dampbåten Lodalen i 1902. Restaurant i Kjenndalen 1896, og ny restaurant i 1898 (den gamle stova på Markusbruket etter utskiftninga). Køyreveg frå Restauranten ved Lovatnet til breen. Frå 1896 kom turistbåtane inn på Lobukta, og "Midnight sun" var den første. Tidlegare ankra dei opp i Stryn. I 1897 vart Fallebrygga erstatta av kaia som no er i Loen. Kaiane i Loen og på Vassenden vart forbetra etter at dampbåten Lodalen kom i 1902.

I 1891 vart hotellet utvida med ny matsal, og det vart bygt tårn over den nye matsalen. Illustrasjonen viser at også Kvamme's Hotel var utvida, men eg har ikkje sett noko om dette i boka om hotell Alexandra.

Bruce Kvamme gjekk konkurs i 1895, og hotellet hans vart då kjøpt av Markus Andersen Loen. Dette vart i lang tid framover eit anneks til hotell Alexandra, og er kalla Alexandra II i fasadeskissen.

Markus dreiv også med krambu til Jon Drageset starta butikk i sjøbua til Markus. I 1901 flytta butikken inn i nytt kombinert butikk og bustadshus for Jon Drageset.

Rasulukka i Lodalen i 1905 vart også ein turistatraksjon, og mange kjende folk kom for å sjå merka etter ulukka.

Arbeidet med vegen mellom Stryn og Loen tok til i 1899, og var ferdig i 1906.

Nedanfor: Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1891


Postkort som viser hotel Alexandra slik fasaden var etter 1891.


Til dokumentstart

Fasade 1906.

Den sterke auken i turisttrafikken etter ulukka i 1905 førde til at hotellkapasiteten måtte utvidast. For å kome ut av desse vanskane i ein fart vart austre delen av Alexandra II riven og bygt til Alexandra I som ny fløy, "salongfløyen".

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1906

Postkort som viser hotel Alexandra etter tilbygget i 1906.


Til dokumentstart

Fasade 1913.

Tårnet vart fjerna i 1913, og den siste utvidinga før den første verdskrigen var vinteren 1912-1913 då matsalen vart utbygd med plass til 200 gjester.

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1913

Postkort som viser hotel Alexandra etter ombygginga i 1913 (Postkort stempla 3.8.1923)


Til dokumentstart

Fasade 1934.

Etter krigsår og vanskelege tider vart det satsa på ny utbygging i 1933, og 13. juli 1934 stod ny fløy ferdig til å ta imot passasjerar frå Hamburg-Amerika-lina som seig inn på Lobukta.

I den nye fløyen mot aust var det 4 etasjar. I første etasje låg Vikinghallen, og i dei tre andre etasjane var det soverom. Romma hadde varmt og kaldt vatn med bad eller dusj. 36 av dei 45 ny romma hadde veranda. Med denne utbygginga fekk hotellet auka soveromskapasiteten til 178.

Standarden på hotellet auka så mykje at det 28. oktober 1928 fylte krava som styremaktene sette for å godkjenne det som "Turisthotell"

Direktøren for hotellet, Richard, gifte seg med Jenny 10.september 1938. De busette seg i 3 små tømmerhus som var 200 og 250 år gamle. Desse husa vart kjøpte i Stryn og sett opp i skråninga vest for hotellet. Dei vart kalla Nordfjordtunet og hadde ulik farge. Brunestova hadde eit stort rom som vart nytta som kjøkken og stove og eit lite soverom. I Raustova var eit stort opphaldsrom og eit soverom. Gulestova nytta Jenny til arbeidsrom. Jenny og Richard vart buande i Nordfjordtunet i 19 år.

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1934

Postkort frå perioden etter 1934 men før 1962


Postkort med nærbilde av tilbygget frå 1934


Resturanten i Kjenndalen

Den gamle Kjenndal - restaurant vart smadra under rasulukka i 1936, og kunne ikkje byggjast opp at på same staden. Den gamle restauranten hadde vore eit sjølvstendig juridisk selskap.

Det vart bygd ny restaurant lenger inne i dalen. Denne var ein del av selskapet Hotel Alexandra. Restauranten vart opna i 1938 og hadde plass til 400 gjester. Restauranten vart stengd under krigen. Han vart opna igjen i 1945, men var heile tida eit underskotsføretak og vart ikkje nytta etter 1957.

Postkort som viser restauranten innerst i Kjenndalen.


Til dokumentstart

Fasaden 1957/1962. Nordfløyen

I boka om hotell Alexandra er Nordfløyen omtala i same hovudkapittel med tre byggetrinn.

I 1951 starta arbeidet med eit tilbygg nordover frå den vestre delen av hotellet. I dette byggetrinnet vart det bygt 4 etasjar som stod ferdige til bruk i 1952. I første etasje var det fyrrom og vaskeri. I andre etasje var det ny matsal og stort kjøkken. I dei andre etasjane var det soverom.

Postkort som viser nordfløyen med 4 etasjar.


Det andre byggesteget på Nordfløyen var ferdig i 1957. Det vart bygt på to nye etasjar med soverom, og kjøkkenet i 2. etasje vart utvida.

Postkort som viser nordfløyen med 6 etasjar.


Ny privatbustad til direktørfamilien vart bygt i 1956. Den ligg vestanfor hotellet.

Det tredje byggetrinnet for Nordfløyen starta i 1961 og var ferdig i 1962. Då vart den gamle matsal-fløya riven, og nordfløya vart utvida for å fylle dette tomrommet. Tilbygget hadde ny matsal og 47 nye soverom.

Postkort som viser nordfløyen med 6 etasjar og ny matsal-fløy.


Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1957/62

Til dokumentstart

Fasaden 1968/1970.

Moderniseringsarbeidet som starta i 1951/52 vart førd vidare og fullført i 1971. Dette siste byggetrinnet starta i august 1967 med nedriving av gamlebygget. Alt var ferdig i juni 1968 med unntak av dei tre øvste etasjane. Her var ny resepsjon og salongar i første etasje og to etasjar med 30 soverom.

Dei tre øvste etasjane vart ferdig i god tid til 1971 sesongen.

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1968/70

Postkortsom viser hotellet etter fullføring av utbygginga i 1968-1970.


Til dokumentstart

Fasade 1983. Heilårshotell. Utbygging fram til 1983 og 100-års jubileet.

Det første steget i arbeidt med å gjere hotell Alexandra til heilårshotell gjekk ut på å utvide matsalen, byggje konferanserom og symjebasseng. Den utvida matsalen og konferanserommet vart opna i 1975 og symjehallen vart opna 1. juli 1976. Utvidinga vart plassert i et tilbygg vestover. Dette førde til at Nordfjortunet måtte bort (1974). To av bygningane vart flytta til nytt område der dei framleis står (2005), medan det tredje var så dårleg at det måtte rivast.

Postkort som viser hotellet med utvida matsal/konferanserom og symjehall.


Alexandra II eller Kvamme's Hotel var den siste levningen frå 1984. Dette vart rive i 1978 for å gje plass til ny garasje. 1934-fløyen helt heller ikkje lenger mål og var brannfarleg. Den vart riven i august 1979.

Ny fløy med hovudinngang mot aust var delvis ferdig til sesongen 1980, og vart fullført til sesongen 1981. Denne fløyen inneheldt mellom anna ny festsal.

Skissa i dette dokumentet viser hotellet slik det var ved 100-års jubileet i 1984. Vidare utbygging er ikkje med i boka som er kjelde for denne oppsummeringa

Skisse som viser fasaden av hotell Alexandra i 1983