Litteratur.
Matrikkel 1968

Til Litterturlista

INNHALD

Matrikkel 1968

Forsida

Forord

Side 92
70 Loen
1-13

Side 94
70 Loen
13-47

Side 96
70 Loen
48-84

Side 98
70 Loen
85-92

Side 100
71 Tjugen
72 Haugen
73 Sande
74 Helset

Side 102
75 Hogrenning
76 Raudi
77 Bødal
78 Nesdal indre

Side 104
79 Nesdal ytre
80 Sæten
81 Opheim


Side 106
82 Rake


Side 108
83 Marså
84 Strand


Matrikkel 1968

Omslag, forord og sidene for Loen sokn

Sider skanna som bilde

Til dokumentstart

Til dokumentstart

FORORD

Som grunnlag i sitt arbeid med det Økonomiske kartverk for fylket må Kartnemnda for Sogn og Fjordane ha utskrift av matrikkelen for kvar kommune. Den tanke har meldt seg at da det etter måten store avskrivingsarbeid likevel skulle utførast, ville det vere ein føremon å få manuskriptet prenta, slik at matrikkelen kunne gjevast ein vidare nytteverknad enn å tene som nødvendig hjelpemiddel for Kartnemnda.

Siste samla utgåve av matrikkelen for Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus amt) kom i 1906. Også på grunn av dei store endringar som har funne stad i mellomtida, framsteller det seg ønskjeleg at matrikkelen àjourført blir tilgjengeleg. Nemnda reknar med at både kommunale og statelege kontor, og også private, har interesse av eit oversyn over dei matrikulerte eigedomar.

Da prenting og utgjeving av matrikkelen ligg utanfor Kartnemndas eigentlege oppgåver, har ein ikkje kunne nytte dei midlar som er stilt til rådvelde for nemnda av dette.

Prentinga av matrikkelen for Stryn er finansiert av Stryn kommune. Nemnda takkar for den velvilje som dermed er lagt for dagen.

Om grunnboka si redigering av matrikkelnummera skal ein opplyse: gardsnummereringa frå nr. 1 til og med nr. 84 er den same som i tidlegare Stryn kommune. Gardsnummer 5 til og med 96 i tidlegare Innvik kommune har fått nr. 85 til og med nr. 176. Gardsnummer 10 til og med 46 i tidlegare Hornindal kommune har nr. 177 til og med nr. 213.

Tidlegare gardsnr. 48 og 49 er ført over til i same rekkeføgje nr. 214 og 215. Under gnr. 215 er vidar ført opp som bruk nr. 2 til og med nr. 7, og frå og med nr. 10 til og med nr. 13 følgjande bruk med desse tidlegare gards/bruksnummer: 9/7, 51/10, 57/4, 52/5, 52/11, 52/13, 52/3, 52/9, 52/10 og 52/12.

Grunnboka sine opplysningar om heimelsmann for vedkommande bruk er nytta. I ein del tilfelle må ein gå ut frå at dei faktiske eigedomstilhøva i dag ikkje er registrert.

Også i namnsettinga har ein i alt vesentleg følgt grunnboka. I dei tilfelle det har vore klart at grunnbokas skrivemåte ikkje samsvarer med forma som blir nytta for ein gard etter fast munleg namnebruk, er den siste forma valgt. I turvande utstrekning er også bruksnamn retta opp etter same prinsipp. Nemnda har synt stor varsemd med retting av grunnbøkenes former både for gards- og bruksnamn, men ein har meint at ei viss modernisering var på sin plass. Nemnda har herunder rådført seg med Stryn kommune og vil takke for den hjelp som er gitt også på dette området.

Personnamn er ikkje i noko tilfelle endra, men fleirtalet av dei endringar som er gjennomført for gards- og bruksnamn i matrikkelen har ført til at nå er det samsvar mellom desse namn og vedkommande personnamn der dette er det same som gardsnamnet.

Førde, mars 1968.
Kartnemnda for Sogn og Fjordane fylke.

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

Til dokumentstart

(mal for bilde)

(her er malen for merking av kapitler i dokumentet)

Til dokumentstart