Stryn Historielag. Årbok 2019

Til Litterturlista

INNHOLD

Melke-Sivert

Artikkel av Marte Sande, Skanna frå Årboka til eige bruk

Melke-Sivert
Artikkel av Marte Sande

Langt inne i skogen i Kjenndalen står ein Chevrolet. Ein gamal, gløymd slitar. Kvifor står den der? Kven giekk frå den her, i si tid? Nokon seier namnet Sivert Nesdal.


Chevrolet-en.

Ein kafe i svingen i Bødal. I barndomen kika eg nysgjerrig inn glasa. Men gardinene sperra utsikta. Åra går, og kvar sommar køyrer eg forbi den. Så spør eg ein dag eit menneske; kven eig eigentleg dette bygget, kven hadde kafe her? "Ja, det var vel han Sivert Nesdal".


Kafeen slik han står no.

Eg jobbar med ein tekst, samlar stoff, snusar rundt i historiske kjelder. Det gamle skulehuset i Loen vart rive etter ulukka i 1936. Bølgja kom heilt inn til, ein kunne ikkje ha bygda si framtid samla på ein slik farleg plass. Det kunne jo skje igjen. Det hadde alle forstått no. Skulehuset vart demontert og sett opp att som bustad på Rake, av... Sivert Nesdal.


Skulehuset vart bygt i 1883. Bildet er frå "Loen-bilder.info"

Robåten glir stille mellom store, mosekledde steinar ein haustdag på Lovatnet. Naturen ruvar rundt oss. Restar etter ei bru over sundet mellom Bødal og Nesdal skil seg ut frå resten. Midt mellom dei dramatiske steinane står nokre betongsøyler og jarndragarar. Spor etter nokon som prøvde å skape samband. Eg minnast eit bilete av ein mann i arbeid, og finn fram "Lodalen - fager og farleg" då eg kom heim. Han står midt i arbeidet, med sleggja over hovudet, Sivert Nesdal. Der var han igjen!


Sivert Nesdal byggjer bru på stein frå Raset. Utsnitt av A-magasinet. Foto Johan Myhre, A-foto 1966

Av og til stig eit menneske fram frå historia. Eit menneske eg aldri har visst noko om før. Sivert Nesdal, var ikkje det han misjonæren då? jau, men der var ein til Sivert Nesdal, som vart kalla "Melke- Sivert". For å skilje han frå misjonæren, og fordi han køyrde mjølkeruta.

Ein heilt vanleg mann, truleg. Men likevel ein som såg moglegheiter kvar han enn snudde seg. Ein mann full av tiltakslyst. Og ein av dei få som ikkje ville gje slepp på Bødal og Nesdal, i dei tunge tidene etter siste ulukka i 1936.

Det er natt, 15. januar 1905. Det rasar frå Ramnefjellet. Fjellet går i vatnet, bølgja reiser seg. Truleg 50 meter høg. Vaskar vekk gardar og menneskeliv. 61 menneske i dalen omkom. Sivert kom frå Mons-bruket i Indre Nesdal. Han var berre åtte månader då dette hende. Flodbølgja nådde husa deira. Lada vart sundslegen, og dei miste tjue dyr. Snøsørpa låg langt oppover husveggen, men alle folka vart berga. Dei trudde først at det var Innigardselva som hadde gått med vassdemme.


Monsbruket 1912, Sivert sin barndomsheim. I 1905 vart berre ei lade øydelagt. I 1936 forsvann alt. Foto utlånt ov Olav Lars Rake.

Trettifire sambygdingar i Nesdal, slekt og vener, mista livet denne natta. Mellom desse var morsslekta hans på Per-bruket i Ytre Nesdal. Desse husa låg i ei klynge nede ved vatnet, saman med to andre bruk. Det var ikkje spor att etter verken hus eller menneske. Men folket der inst i Lodalen tok fatt igjen. Dei attlevande reiste bygdene og gardane på nytt. Levde vidare. Sivert overtok med tida Per-bruket etter morsslekta. Husa vart sett opp att eit godt stykke lenger frå vatnet. Barndomsheimen hans, "Mons", hadde eldste bror hans overteke. Begge foreldra deira døydde av sjukdom i ung alder.


Familien til Sivert i arbeid på Per-bruket, tett ved fjellet. Ura i bakgrunnen er etter raset i 1905. Foto utlånt av Olav Lars Rake.

I 1936 var Sivert godt vaksen, gardbrukar i "Per", gift med Anna Svarstad frå Bremanger, far til Astrid på tre år. Anna og Sivert venta og eit nytt barn denne hausten. Godt etablert, med Ramnefjellet som næraste nabo. Kjende han seg trygg? Aftenposten sitt A-magasinet intervjua i 1966 den 62 år gamle Sivert i samband med at det var tretti år sidan siste ulukka:

Jeg husker at min bror Mons og jeg snakket meget den sommeren om hvor mange småras som stadig gikk i fjellet. Noen dager før katastrofenatten sa jeg enda til den nye fotografen nede i bygden at han skulle stille seg opp med kameraet, så ville han få et fint bilde når Ravnefjell falt ned en dag. Lite visste jeg at det skulle bli alvor så brått, forteller Sivert

0g lite visste han, eller nokon andre, kor alvorlege følgjene av raset skulle bli. Natt til 13. september 1936 rasar det i Ramnefjellet, igjen. Vatnet er isfritt og høgare enn om vinteren. Bølga er 70 meter høg. Vaskar vekk gardar og menneskeliv. 74 menneske omkom. Sivert fortel vidare frå ulukkesnatta:

Det hadde tordnet og buret fra fjellet hele natten til søndag 13. september. Jeg husker jeg sto i vinduet i huset oppe i bakken, det var ved femtiden om morgenen. Datteren lå og sov. Det gikk stadige ras borti fjellet - og så plutselig så jeg hele flaket skli. Jeg skjønte ikke med en gang kva som skjedde, men så brøt alle onde makter løs: Tykk stenrøk, svart som bek, fylte natten - blå gnister slo utfra fjellet og opplyste flodbølgen som hevet seg så høyt, så det utfor meg, som fjellene omkring. Det buldret og braket og ,ylte av storm og vann og sten. Jeg ble stående som naglet og husker ikke stort av hva som skjedde før stenrøken lettet.

Da vi så utover, datteren og jeg, var husene nedenfor oss borte og jordene blankpusset med sten. Det var ikke en grøn torv igjen av markene. Det var som et mareritt. Vi som var igjen, så efter overlevende, men det fantes ikke.

Så kom jeg til å tenke på kona som lå på sykehus i Nordfjordeid og skulle ha en liten, og så stakk jeg av fra alt sammen. Jeg var kanskje feig, sier Sivert Nesdal

Nei, Sivert, det var ikkje feigt.

Nå slekt og vener vert rivne bort, og livsgrunnlaget vert sopa vekk under føtene på ein, er det ikkje meir enn naturleg å søkje til dei ein har att, dei som står ein nærast. Denne september-morgonen omkom det 74 menneske i Nesdal og nabogrenda Bødal. Tretti av desse var barn. Mellom dei 26 omkomne i Nesdal, var alle på Monsbruket: Sivert sin bror, Mons, kona hans Katrine, dei fem borna deira (den yngste berre 19 dagar gamal) og to tenestejenter som var på garden.


På Monsbruket sommaren 1936, nokre få månader før ulukka. Frå venstre: Familien Mons O. Nesdal /Katrine Mordal, familien Sivert O. Nesdat/Annna Svarstad og familien Birger Sonstad/Jenny O Nesdal. Foto utlånt av OIav Lars Rake.

"Men katastrofens fulle konsekvens er sto først klart for de gjenlevende efter at deres familie, slekt og venner var stedt til hvile og de vendte tilbake til en sorgtung, men pliktfylt hverdag: Jorden var borte. Ikke bare de nyoppsatte sølvrevfarmer, beitemarkene og feet var borte, men selve jordsmonnet var skyllet vekk og erstattet av en ørken av sten og mudder og sand. Selve næringsgrunnlaget for grendene her inne i dalen var bokstavlig talt revet bort. Langsomt begynte fraflyttingen. Vondt var det å miste familien, for mange nesten like ille å miste hjemmet, slektsgården, tradisionene", skildrar A-magasinet sin journalist.

I "Lodalen - fager og fårleg", fortel Sigurd Nesdal og om månadene etter ulukka: Den siste som reiste fra dalen var Sivrert og dei to tenestegutane hans, 0lav Lexau frå Bremanger og Nils Svoren frå Opstryn. Sivert hadde kjøpt mykje av dei materialena som låg slengde inne på land. Etter at dei hadde henta heim sauer, geiter, bukkar og kje rundt i fjella, tok dei fat på å samle den materialen han hadde kjøpt. Men då vinteren kom, flytte også Sivert. Etter jula 1936 budde det såleis ikkje lenger folk fast i Lodalen ovanfor Hogrenning.

Så inderleg vemodig. Men då våren kom, flytte Sivert attende. Klart han gjer! Ein gir ikkje så lett slepp på Lodalen. Og her kom det fleire: Knut og Sigurd Sande, Ole og Anna Bødal og Samuel Sæten. "Det nytter ikke å være redd", sa Sivert til A-magasinet. Han flytte ikkje tilbake til Nesdal, men til Bødal. Her pakta han bruk nr. 5, byrja med geiter, fekk seg lastebil og køyrde sjølv mjølka til meieriet. Han budde i eit hus som vart sett opp av vrakrestane, og som var sameige mellom alle bruka i Bødal. Her budde og mellom anna Knut og Dorthea Sande med borna sine, fram til dei fekk sett opp sitt eige nye bustadhus. Seinare sette og Sivert seg opp eit eige hus i Bødal, der Anna og han byrja med kafedrift om sommaren.


"Cafe Lodalen". Eit enkelt pappskilt, litt rufsete i kantane, men det gjorde nytten. "Bødal", er det måla på plankane ved sidan av. På plattingen utanfor kafeen står Anna og Astrid Nesdal i midten. Foto Utlånt av Bodvar Sonstad.

Men familien sin heim var på Rake. Her bygde Sivert hus, med utgangspunkt i det gamle skulehuset i Loen. "Men jeg er mest bare hjemme på weekend. Helst ville jeg flytte inn hit til Nesdal, men ieg får ikke de andre med meg". Huset han sette opp i Bødal, var ikkje primært bygd for å vere kafe, fortel Sivert sin dotterson, Olav Lars Rake. Bygningen var eit sommarbu for familien, og ein stad der Sivert hadde høve til å overnatte i samband med ruta han køyrde.


Familien Sivert og Anna Nesdal sitt hus på Rake. står der framleis,rett opp om fylkesvegen. Utgangspunktet for bygningen var den gamle skulen i Loen, som låg ved "Fjøsane" ved Lofossen. Foto utlånt av Olav Lars Rake

Sivert fann seg altså arbeid å gjere i Lodalen. Han køyrde skyssrute, og frakta mjølka frå gardane i bygda til meieriet i Stryn. "Etter 1936 begynte jeg med geiter, men da jeg bare tjente 16 øre literen på melken, inklusive transport, så gikk jo ikke det, så begynte jeg melkerute her i Lodalen og har arbeidet litt her og litt der ved siden av. Når det er blitt for ille med penger, har jeg gått i skogen og hugget meg litt.". Sivert fann råd for det meste, og såg moglegheiter, særleg i krigsåra vart alle ressursar nytta, og han skaffa seg knott-generator til lastebilen, og heldt ruta mellom Bødal og Loen oppe. Oreved til generatorknott var ei etterspurd vare i den tida. Heile Kjenndalen var tilvaksen med oreskog, og det vart hogge uhorvelege mengder med "knott" i krigstida.

I "Lodalen - fager og fårleg" står denne artige historia: "Til Kienndalen kom det ein gieng som skulle hogge oreved for Nordfjord og Sunnmøre Billag. Det vart oppsett streng over elva som veden skulle fraktast på fram til vegen. Då desse karane hadde hogge 70 mål og fått betaling for hogginga, fekk dei tilbod om betre løna arbeid ein annan stad, og reiste sin veg. Billaget prøvde å få tak i folk for å få veden over elva, men det var ikkie lett. Sivert Nesdal reiste då inn til billaget og tok på seg å få veden heilt inn til Stryn for ein viss sum han giorde framlegg om, og dei slo til. Eg (Sigurd Nesdal) var i Lodalen den hausten og plukka nøtter, og eg sa med Sivert at dette skulle han vel ikkje ha gjort. Folk ler og seier du vert sitjande i fleire år og sveive ved over elva. Sivert sa berre: Lat dei berre le, Den som ler sist, ler best. 0g han visste kva han giorde, for han var kjend i Kienndalen. Då det leid ut i november, var elva mest tørr. Han tok då hakke og spade og jamna botnen så det vart køyrande over elvefaret. Så fekk han tak i to hestar og to høyvogner, og leigde to mann til å køyre. Dei leste på veden bortanfor elva og køyrde han over til vegen der bilen sto klar. Veden vart lesst på bilen, og Sivert køyrde inn til Stryn med lass på lass. På nokre få dagar var dei ferdige. Sivert tente godt på dette arbeidet, og han betalte godt dei to som hadde vore med. Etterpå minte han meg på det han hadde sagt om at den som ler sist, ler best".


Ein blid kar med ein av sine mange doningar (denne med knottgenerator) utanfor kafeen i Bødal. Foto utlånt av Bodvar Sonstad


Austin med førarhytte ombygd på Sandane. Eit køyretøy som dekte fleire behov. Foto utlånt av Bodvar Sonstad

Det var altså ein kombinasjon av skyss- og skulerute, mjølkerute og varetransport Sivert køyrde på strekka Lodaren -Stryn. I det ombygde styrehuset var det plass til iallfall fem passasjerar. Mange i bygda minnast enno ruta og sjåføren: "Ein omgjengeleg mann". "Snill mann, flink med ungar". "Avhaldsmann og idrettsinteressert, reiste på mange sonestemne i friidrett". "Ein evig optimist."

Melke-Sivert likte å ha mange ballar i rufta, og hadde ikkje alltid tid til å køyre ruta si. Sivert Sande vart av og til leigd inn som vikar- sjåfør, når bileigaren sjølv hadde andre prosjekt på gang. Mellom anna var det i ein tiårsperiode på 50-/60-talet ein del inntekt å hente på såkalla Vadheim-kubb. Både Sivert Nesdar og mange andre grunneigarar i distriktet tok ut store mengder lauvskog og sende til Vadheim. Her låg ein fabrikk som gjorde skogen om til tremasse, før dei sende halvfabrikatet vidare for å bli kartong.


Lasta var mangfoldig. Her ein stut. Kjenndalskruna og krunebreen i bakgrunnen. Foto utlånt av Bodvar Sonstad

Sivert hadde ei rekkje doningar i bruk gjennom sine aktive arbeidsår. Ein av desse, militærkøyretøyet Morris Commercial, står i dag til restaurering hos Stein Sæten i Loen. Bilen var i utgangspunktet ein av brannbilane til Innvik Branntrygdelag, og stod i den gamle brannstasjonen i Olden. Seinare vart den seld til i Stryn. Stein var faktisk med den gongen Sivert kjøpte bilen, og har difor ei særleg interesse for den.

"Vi hadde skule berre annankvar dag i den tid, og ofte vart vi med Sivert på mjølkeruta og hjelpte til med å lesse hølkje. Det var alltid ein pause inne ved meieriet og denne vart nytta til å kjøpe karbonade og brus på Bellas. Dette var løna vår for å hjelpe til, og det var stor stas. Etter ei slik pause ein dag, dette var på slutten av 60-talet, sa Sivert brått: No skal vi stad å handle bil! Han hadde vore i banken og teke ut akkurat den summen han ville gje for bilen. Det hadde nok vore snakk om kjøp tidlegare og, men så hadde ein ikkje blitt einige om pris. Når Sivert no la pengane på bordet, gjekk kjøpet i orden. Då det vart trygg is på vatnet,køyrde Sivert Morrisen over til Nesdal. Der vart den nytta til å frakte materiale og ved.

Om lag 50 år seinare, tok Stein fatt på prosjektet med å få den over vatnet att. "Vi venta på trygg is i to-tre år, men gav det til slutt opp. I staden fekk eg lånt meg nokre flytebrygger. Vi fekk ein traktor om bord, og drog over til Nesdal. Traktoren brukte vi til å drage bilen fram til vasskanten. Det vart ikkje råd å få over bil og traktor på same tid, så traktoren måtte vi tilbake og hente seinare". Men Morrisen kom over, og no er prosessen med å pusse den opp godt i gang. Det er møysommeleg og tidkrevjande, men Stein liker godt slikt arbeid. "Eg har måtte bestille deler frå både Argentina og Amerika." Bilen skal bli køyrande att, og den skal bli verande her i bygda"


Stein Sæten sin transport for å berge bilen som hadde stått i Nesdal i over 50 år. På flåten. Foto privat


Stein Sæten sin transport for å berge bilen som hadde stått i Nesdal i over 50 år. På traktoren. Foto privat.

Sivert Nesdal gjekk rundt og bar på ein draum. Han ville sjå liv og drift i Nesdal og Bødal igjen. Han håpte folk ville bu der att, ein gong i framtida. "Besten var nok streten", seier Olav Lars Rake. Det er ei kraft ein kan kome langt med. Sivert bygde lastebilveg frå Bødal, bak Nesodden og fram til Trossevika. Så sette han i gong med å byggje brua over sundet til Nesdal. Han brukte dei veldige fjellstykka til brukar og opplegg for wirane. "Den gråsprengte 62-åringen svinger sleggen over stenuren ved fiellets fot: Her skal bli bro over, og vei giennom stenmassene, her skal bli fedrift og skogsdrift og trivsel - her skal bli levelig for efterslekten. Sier Sivert. Det er som han formelig knytter neven og roper mot stenkolossen som reiser seg over tusen meter over ham: Jeg gir meg ikke!"

"Pilarene er murt opp på rustne karbid-generatorer som ble brukt på bilene under krigen, og bærebjelkene er avlagte tetefonstolper som han fikk for et arbeid han var med på. En annen del av broen blir hengebro, båret av kabel forankret med bolter i et par av de største stenblokkene: 0g de er store som hus. Ingen veisjef kan godkjenne brobredden. Den er skreddersydd for Sivert Nesdals egen "oppfinnelse", en gammel motorsykkel på tre hjul ombygget til trekkvogn for tømmer. På Nesdal-siden er veien foreløbig bare en enorm stenur hvor selv geiter ville ha vanskeligheter med å ta seg frem. Det raser stadig fra Ravnefiell, men Sivert Nesdal enser det ikke lenger. Han har sitt å slite med, en livsoppgave i stenuren under fjellet som la slektsgrenden øde. Han har et måI for sin gjerning - og tro på det han gjør"

Sivert rakk dessverre ikkje å fullføre bruprosjektet. Tidleg på 70- talet vart han kreftsjuk og gjekk bort hausten 1973.


Det er ikke noe menneske som forstår hva som har skjedd her, sier Sivert Nesdal. Han står på det folketomme tunet på slektsgården og ser ut over villnisset og krattskogen som dekker det som engang var fruktbare jorder. Utsnitt av A-magasinet. Foto Johab Myhre . A-foto 1966

Huset bak Sivert på biletet i A-magasinet, er huset på Per-bruket, der han stod i glaset i 1936 og såg bygda bli vaska vekk. Lenge stod huset til forfall. Men i 1979 vart det pussa opp av etterkomarane hans. Dessverre brann per-huset ned på 90-talet. No står berre grunnmuren og lada att.

På Abraham-bruket i Ytre Nesdal var dei i ferd med å setje opp nytt våningshus i 1936. Huset vart ikkje fullført etter ulukka. På 60- talet kjøpte Sivert den halvferdige bygningen, og i seinare tid har etterkomarane hans restaurert også dette huset og nyttar det no som feriestad.

Sivert hadde nok sett pris på å sjå utviklinga etter si tid. Nei, fast busetnad i Nesdal er nok ikkje så realistisk. Men i Bødal er der lys i fleire hus, barnefamiliar har flytta til og nye hus er komne opp. Og i Nesdal tek eigarane godt vare på husa og nyt freden og roen her i helgar og feriar.


Per-huset ca 1990, fint oppussa og ein triveleg feriestad. Brannbilen når ikkje fram til Nesdal, og huset var ikkje til å redde då det tok fyr. Foto utlånt av Bodvar Sonstad


Bakketun, eller "Sakris huset", i Ytre Nesdal. Restaurert av Sivert sine etterkomarar. Foto frå Loen bygdebase ved Audun Loen