INNHALD
Oppføring 1891
Bakgrunn
Planlegging-brev
Tårnbygging
Jubileumsskrift utgjeve av Bergen Turlag. Trykt ved Solglimt trykkeri 1991
Redaktør og medforattar: Rolv Faleide og Håkon Loen
Føreord
I siste halvdel av førre hundreåret og langt inn i dette var Faleide eit trafikk-knutepunkt for indre Nordfjord og administrasjonssenter for Innvik kommune. Her var dampskipsekspedisjon, telefonstasjon, postopneri, bank og turisthotell. Den vesle grenda vart eit geografisk sentrum for det området distiktslegen hadde ansvaret for. Stakkars mann, kan vi seie når vi veit at robåt og hesteskyss var einaste framkomstmiddel. I min barndom levde enno fleire på Faleide som hadde vore med og skyssa dokteren både i finever og ruskever. Eit slit var det, men skysskarane kunne avløyse kvarandre, legen var alltid den same.
Legane sitt urimeleg harde slit for å hjelpe medmenneske i naud går i gløyme boka, men eit storfelt, handgripeleg minnesmerke står att etter dokter Klouman: Tårnet på Skåla. Det er å håpe at dette vesle festskriftet ved 100 års-jubileet vil hjelpe til å halde ved lag den pietetskjensla som trengst for å ta vare på dette eineståande byggverket på beste måte.
Rolv Faleide.
Dette er tredje verset i Losongen som Leif Arnold Loen, ein av dei lokale diktarane, skreiv for mange år sidan.
«Slikt eit syn det vil festa seg» står der i neste verset, og sikkert er det at alle som er oppvaksne i ein slik mektig natur, vil seint eller aldri gløyme den delen av skaparverket. Så høge og bratte som fjella er her, må ein nesten leggje hovudet bakover for å sjå toppane. På avstand fortonar dei same fjellrekkjene seg meir gjestmilde, dei ligg noko lågare i terrenget, å sjå til.
Dette er nok tilfelle når ein snur auga innover fjorden frå Faleide, 15 km vest for Loen, og til denne vesle grenda kom Hans Henrik Gerhard Klouman og kona Regina Augusta Emilia saman med borna sine i 1885. Hans Klouman var tilsett som distriktslege i indre Nordfjord og leigde hus av Rasmus A. Faleide.
Dr. Klouman hadde mange interesser, m.a. var han friluftsmann og fjellmann, og desse høge toppane her i Loen må ha vore ei freisting og ei utfordring.
Den 31. august 1890 stod han oppe på Skåla, 1848 m.o.h. saman med student og huslærar Gulbrand Tandberg, målar Knut Dahl og eldste sonen Carsten. Den dagen bestemte Klouman at eit hus skulle byggjast der oppe på fjellet.
Hans Dahl forfatta dette profetiske skrivet i dagboka til Helge Loen:
«På Toppen af Skaala under uafbrudt dundrende Salut af Helsætbræen, omgivet af tyk Taage med et glimt af blaa Himmel, nødte til at tage vor Fantasi til Hjælp, staar vi uden Ly iSnedrev paa løse sne-bedækkede Stene, som fremtidig ordnet og tvunget i Mur af Menneskehænder skal give Ly for Kommende, der vil følge i vore i Sneen tydelig prægede Spor.»
Ein vanvittig tanke. Reine galskapen, meinte sikkert mange at dette var, og det er lett å forstå for alle som har teke turen opp dei bratte fjellsidene.
Kvifor lukkast det å få med bygdefolket på eit så tilsynelatande meiningslaust opplegg? Folk som hadde tidsnok med å trylle fram brødskorpa dei trong for dagen, kasta frå seg både det daglege arbeidet og problema og gjekk inn for saka med stor glød. Hadde han Pål Husmann eller Per Plassen kome med liknande framlegg, hadde dei vorte tvangsinnlagde, eller sende, som dei sa før.
Klouman heitte han og hadde tre førenamn. Han tala eit anna språk. Han hadde utdanning, topp utdanning. Namnet var i sitt opphav ikkje norsk eingong. Dessutan var han sjølvsagt ein umåteleg flink administrator. Difor hadde han autoritet. På denne tid herja tuberkulosen her på bygdene, og mange ungdom ar strauk med. Den tynne, lette fjell-lufta skulle vere lækjedom i seg sjølv, og etter alle tragediane som dei fleste familiane hadde opplevd, er det lett å forstå at dei ville gjere det som gjerast kunne for å berge liv. Difor gjekk folk mann av huse, ikkje berre i Loen, men også frå bygdene omkring. Frå Faleide kom dei roande dei femten kilometrane inn til Loen og bar tunge bører til Skåla.
Men før dei kom så langt at sjølve arbeidet kunne ta til, måtte alt nøye planleggjast. Helge Loen var Kloumans høgre hand i organiseringsfasen. Han var systematikar og ordensmann, og han tok vare på all inngåande korrespondanse. Same interesse og evne hadde sonen, diktaren Leif Arnold og sonesonen Håkon. Difor har vi i dag tilgjenge til brev som Klouman skreiv til Helge Loen framover etterjulsvinteren 1891 for at alt skulle ve re klart til ver og føre vart lagleg.
Det kan vere av interesse for oss og dei som kjem etter å vite litt om kva tankar og planar desse pionerane, i første rekkje dokter Klouman, hadde og kvifor dei satsa så stort. Difor tek vi med nokre av dei breva dokter Klouman skreiv til Helge Loen og elles alle i Lo-bygda:
Brev til Lodølene datert 1 ste februar 1891
Som vi ser av dette brevet som var stila til alle i Loen, galdt det no å vere sikra ein startkapital. Klouman meiner også at loarane kan sjå framtida lyst i møte berre marknadskreftene får fritt spelerom. I Loen var to hotell i l890-åra: Hotel Alexandra med Markus Loen som hotellvert og Kvamme hotel ved Bruce Kvamme. Her sat storkapitalen, trudde folk. Klouman var gløgg nok til å setje desse to konkurrentane opp mot kvarandre. I brev til Helge Loen skriv han fylgjande:
Brev til Helge Loen datert 1 ste februar 1891
I eit brev datert Faleide den 22. juli bed Klouman innstendig om at Helge Loen ser til at alle som har teikna seg for bidrag, betalar inn pengane straks. Alt ser ut til å gå tregt, og Klouman blir utolmodig. Materialane er komne, og Klouman har sendt brev til Anders M. Loen om å samankalle berarar tillaurdag ettermiddag klokka 3. Litt fest og moro trongst midt opp i .alt dette slitet, difor skulle Hans A. Faleide (seinare lensmann i Innvik) delta som «entertainer» med fele og lur. Dessverre, ingenting vart gjort denne laurdagen. Det leid mot slutten av juli, og ein månad seinare kunne det vere vinter på Skåla. Ikkje alle var å lite på, ser det ut for, gardbrukarane hadde småslåtten å kave med, og hotellvertane dreiv dag og natt for å utnytte desse få sommarvekene når folk hadde interesse av å vitje bygda. Det ser ut for at Klouman set si lit til Helge Loen først og fremst:
Brev til Helge Loen datert 30.7.91
Desse breva fortel om vanskane Klouman hadde med å få alt til å fungere. Om ein lekk svikta, var det nok til at alt gjekk i stå. Sjølv budde han på Faleide, og båt var einaste framkomstmiddelet til Loen. Robåt vart ofte nytta når legen skulle innover på sjukebesøk, det skulle godt gjerast å få klaff med dampen frå by'n. Med Kloumans jernvilje og gode hjelparar kom arbeidet i gong, dei tyngste byggjematerialane fanst heldigvis på staden.
Eksempel på handskrive brev - kopi
Tårnet er bygt av stein, sirkelrundt i to høgder. Steinen var av god kvalitet og kunne stort sett brukast utan hogging. Det vart oppsett etter dobbel-holmur-prinsippet, dvs. to steinlag side om side med holrom imellom som vart fylt med småstein og bundne saman med tvers-lagde steinheller. Muren er over ein meter tjukk, og tårnet har ein indre diameter på fem meter. På taket vart det lagt 'papp, og det måtte vølast ein gong for året. Tårnet vart ikkje heilt ferdig denne sommaren 1891, men her var bra nok til overnatting dersom folk ikkje var for kravstore. Vegger, tak, dør og vindauge var kome på plass.
Skriftlege kjelder om arbeidet på Skåla sommaren 1891 finst ikkje. Ingen no-Ievande kan minnast dokter Klouman, og dei er sjølvsagt borte alle dess e slitarane som gjorde «Verk som vara til verdi øydest». Difor er det uråd å nemne namna på alle som gjorde seg fortente til å bli hugsa i eit lokal-historisk dokument.
Likevel veit vi at Knut Maurset, Knut Botna, som han vart kalla til dagleg, var ein av dei mest dugande byggmeisterane på den tid, men han hadde fleire å dele ansvaret med. Ein av dei var Jakob Sandbakk, opphaveleg frå Lom. Jakob K. Sandbakk minnest bestefar sin som skildra «komforten» der oppe under byggjeperioden. Dei laga seg eit slags telt av eit stor båt-segl. Der sov dei, og der laga dei mat. Dei kokte og steikte på ein oljebrennar, ei eldre utgåve av primusen. Det er rimeleg å tru at arbeidet gjekk utan avbrot, fridagar kom nok ikkje på tale. Om det kan snøe på Skåla høgst og sommars, hadde dei i alle fall den fordelen at der er lyst så å seie heile døgnet dei tre sommarsmånadene. Andreas Maurset, som til Knut, fortalde at då dei var ferdige, fanst der ikkje att brukbar stein på lang lei.
Eit storarbeid var utført.
Då Klouman døydde i 1892, reiste familien frå bygda. I 1896 gav difor fru Klouman tårnet til folket i Loen. Då melde vanskane seg korleis arbeid og ansvar skulle del as t på innbyggjarane i Lobygda. Dei valde den lettaste og mest praktiske løysinga, dei gav det til Bergens Turistforening, eller Turistforeningen for Bergens By og Stift som der står i gamle brev, og som i dag heiter Bergen Turlag. Arbeid og utlegg og kan hende litt inntekt har dette laget hatt heile tida sidan. Finansieringa gjekk tregt. Om dei to hotellvertane gav 100 kroner kvar, så makta ikkje bønder og vanlege arbeidarar meir enn ei til fem kroner.
I 1902 vart det halde basar på hotel Central i Stryn. Der framførte nokre ungdomar «Prinsessa som ingen kunne målbinde.» Dortea Faleide, seinare gift Øen, spelte prinsessa, og Hans Svarstad, seinare stortingsnmann for Kristeleg Folkeparti, spelte askeladden. Der kom inn om lag 1100 kroner. Dette var pengar som mona, og vegarbeid vart sett i gong. Kontrakt med grunneigarane var alt skriven. Dei hadde gått med på å gje fri grunn til ein meter brei veg frå Tjugen og til topps. Dei var sjølve med og «stakk» vegen og såg til at han ikkje vart til ulempe for deira eigne, private interesser. Meininga var at det skulle bli rideveg eller kløv-veg, men pr. i dag har ingen hest vore på Skåla.
Dokter Brodtkorb kom og overtok etter Klouman, ikkje berre som lege, men han fylgde opp arbeidet Klouman hadde byrja. Mellom 1905 og fram til 1913 vart mesteparten av vegen bygd. Somme stader vart det opparbeidd grusveg, men i steinurane mellom breane la dei trappetrinn, nesten 1000 trinn ialt. Den gongen var breane større enn dei er i dag, og difor må turgåarar til Skåla finne seg veg gjennom stein-urer enkelte stader, men der er godt framkommeleg.
Helge Loen vart tilsett som den første tilsynsmannen på Skålatårnet, naturleg nok. Mellom Bergen og Loen var to-tre dagsreiser med «Nordre Bergenhus Amts Dampskibe» så all meiningsutveksling mellom Bergen og Helge Loen skjedde skriftleg. Noko som stendig går att i breva frå Bergen, er: «Vil de være af den godhed at svare mig herpå snarest samt oppgi ve hvad de antager at en sådan istandsætteise vil komme på.» Det kunne vere «en kogeovn, en vaskestol eller soveplass til to-tre personer.» Største vansken var taket. Skålatoppen ligg som kjent nesten 2000 m.o.h., og når det stormar som verst, skal det solide konstruksjonar til. Det heile ser ut for å ve re eit økonomisk problem.
Den Norske Turistforening løyvde i 1897 225 kroner til utbetring av tårnet, men pengane kunne ikkje overførast til ein bank her idistriktet. Først måtte Helge Loen «antage» kva det og det ville kome på og sende melding om dette til Bergen. Så skulle han få deira velsigning til å få gjort arbeidet. Når arbeidet endeleg var utført, måtte Turistforeningen rekvirere pengane frå Kristiania.
Og taket lak. I 1898 var dei komne så langt at «jernblik» var det einaste varige. Helge Loen fekk i oppdrag å rekne ut «hvor mange stykker blik» som trongst, så ville K. Kielland i Turistforeningen kjøpe det i Bergen og «sende det til Loen eller hvor De vil ha det sendt.» Dette fortel ein god del om dei ansvarlege i Bergens Turistforening sin kjennskap til distriktet. Her gjekk Fylkesbåtane som selskapet vart heitande seinare, til indre Nordfjord, også Loen, fleire gonger for veka, så det burde ikkje vere tvil om kvar varene skulle lossast.
Same året, 1898, vart «jernblik» for dyrt. Papp var den beste og billegaste løysinga, kom dei til. I brev datert 23. mai skriv K. Kielland til Helge Loen: «Gjør nu alting færdigt så tidligt som muligt og send mig underretning itide så skal jeg se til at komme de rop og inspicere arbeidet.Beværtning må vi have. De må bringe op noget øl og selters samt anskaffe glasse og talerkener m.m. så arbeiderne kan få lidt traktement.» Kielland «trugar» gong på gong å kome på inspeksjonsrunde, men alltid kjem noko i vegen. Bevertning vart det likevel. Den 10. okt. 1898 kom rekninga som i noko avkorta form såg slik ut:
100 flasker øl.............. | kr 25 | |
50 flasker brus............ | kr 05 | |
Middag for 40 a 0,50.... . |
kr 20 _____ | |
kr 50 _____ |
Betalt
M. A. Loen.
I år 1900 slutta Helge Loen som tilsynsmann for Kloumanstårnet, og Knut Tjugen overtok. Han døydde dessverre i altfor ung alder i 1918, men han sto føre arbeidet då trappe-trinna vart lagde. Han vart difor kalla ”Skåle-urens bygg-meister”. Då Knut Tjugen var borte, overtok eldste sonen Anders. Han hadde tilsynet til han døydde i 1965 bortsett frå ein ni-års-bolk, 1929-1938, då han var i Amerika. Broren, Ole K. Tjugen, hadde ansvaret som tilsynsmann denne tida. Anders K. Tjugen er kan hende den av kontaktane i Loen som har hatt dei fleste turane til Skåla. Han var også med og førte folk over breen, utan å kunne bruke tittel patentførar. I 1945 kom Olav Christian Pedersen med som interessent. Han og foreldra dreiv urmakarforretning i Bergen, og med den glød og iver han la for dagen, utvikla Olav Chr. Pedersen og Anders K. Tjugen eit fruktbart samarbeid.
Taket på Kloumanstårnet viste seg å bli eit samanhangande vedlikehaldsproblem. Dei la eine laget med tjærepapp opp på det andre slik at i 1952 då dei la aluminiumstak, fann dei ni lag papp. Leif Lødemel, ein tusenkunstnar frå Olden, la det nye taket opp på pappen. Karl B. Melheim og Pål Løken var med. Dei brukte ikkje stillas, men kraup ut takglaset og gjekk på ein stige. Lødemelen som han blir kalla i heimbygda, hadde vore med nokre ekspertar og vølt taket på kyrkja, men før dei var ferdige, var Lødemelen blitt eksperten. Oppe på tårntaket laga han 150 meter med fals ved hjelp av heimelaga reiskapar. Dette var fagarbeid av første klasse. Platene tolde både kulde og varme. 15 år seinare var han opp og skifta ei plate som ver og vind hadde slite hol i.
Eitt resultat av samarbeidet mellom Anders K.Tjugen og Olav Chr. Pedersen var den geniale løysinga av overnattingsproblemet
Helge Loen fekk melding frå Bergen om å skaffe sengeplass til to-tre personar, men kva mona det no når masseturismen sette inn? Dei fekk konstruert tre høgder med halvmåneforma køyer med plass til 22 personar. Olav Auflem utførte arbeidet. Også denne gongen var der dugnad for å frakte opp alt som trongst, og Olav Chr. Pedersen gjekk ikkje av vegen for å skøyte til av eigne midlar når kassa var tom. Betaling for dugnadsarbeid høyrer ikkje heime, men på låven på Tjugen og i ungdoms huset Heimtun kom slitarane saman til hyggjeleg samver. God mat og godt drikke trongst etter desse bereturane, og kondisjonen viste topp, dei dansa til det grydde av dag.
Fram til restaureringa i byrjinga av 70-åra varierte det årlege besøket frå 100 til 300, hovudsakleg frå bygdene omkring. Etter vølinga vart tårnet meir attraktivt, og trafikken dit opp har vore i stendig vokster, og turistar og langvegsfarande har auka i tal. I 1989 var registrerte gjester ved tårnet over eitt tusen, i 1990 1034.
Tårnet har i den seinare tid vore nytta som utgangspunkt / endestasjon for brevandrarar på Jostedalsbreen. Turen frå Loen til Skåla kan gjerast på 4-6 timar, men mest utbytte av turen har dei som nyttar heile dagen og nyt denne storfelte naturen, slik som engelskmannen Slingsby, nordmannen Bing og vår eigen Klouman lærte oss det.
Etter at Anders K. Tjugen la ned vandringsstaven for godt i 1965, 70 år gamal, var det uvisst kven som skulle overta etter han. På garden Tjugen hadde dei lykjelen til tårnet, og alle som skulle til Skåla, måtte først innom der. Såleis fall det i Knut Tjugen jr. sitt lodd å føre denne tradisjonen vidare. Han var berre 16 år då farbroren døydde, og han hadde andre gjeremål i slåttonna enn å ta turar til Skåla eller levere ut lykjel og sjå til at folk leverte han frå seg når dei kom heim.
Alle som hadde vore på Skåla, måtte inn i stova på Tjugen og skrive namna sine i ei bok, og denne gjestfrie heimen gjekk ikkje folk svoltne eller tørste ifrå. Denne elles vakre tradisjonen var vanskeleg å kombinere med eit annsamt, moderne arbeidsliv på ein gard. Difor måtte Knut Tjugen seie frå seg dette ansvaret etter tre år. Han hadde då sett til at der var olje til lys og primus i tårnet, og saman med Leif Lødemel var han med og vølte taket og sette i glasruter i 1966-67.
Olav Chr. Pedersen gjorde då ein munnleg avtale med Håkon Loen utan at kontrakt vart skriven, og sidan har Håkon vore kontaktmann for tårnet i Loen.
I slutten av 60-åra og først i 70-åra var tårnet tydeleg merkt av forfall. Dette var heller ikkje vanskeleg å sjå for fjellfolk som besøkte Skåla, og då dåverande formann i Turlaget, Nils A. Sørensen, var på inspeksjon den 13. juni 1970, var det nok etter oppmoding frå dei mange vandrarar som hadde tårnet kjært.
Dei to neste åra var det klage på tilstanden i tårnet, men på same tid arbeidde Nils A. Sørensen for å få godkjent eit større vølingsarbeid. Dette gjekk i orden, og i løpet av august 1972 vart om lag fire tonn material, proviant, kjøkenutstyr, møblar m.m. samla i Loen. Det var visse vanskar med å skaffe helikopter uta n altfor store kostnader, men den 25. september kunne endeleg transporten utførast. Ved hjelp av lokale krefter vart det heile gjennomført på ein god halvtime. Det som kunne berast opp den trange trappa i tårnet, vart lagra i 2. høgda der det var tett og tørt. Material og større ting vart stabla på golvet i 1. høgda og dekt med ein sterk presenning.
I pinsehelga 1973 tok det omfatande vølingarbeidet til. Frå Bergen kom formannen Nils A. Sørensen, dagleg leiar Eilif Andersen, vedlikehaldsarbeidarar Øystein Nygard og Alf Fjelltvedt. Frå Loen deltok Bjørn Sæten og Håkon Loen. Veret denne pinsehelga var uvanleg dårleg med snøfall og sterk vind. Første pinsedag var det så ille at det var uråd og gå utfor døra, eit do måtte riggast opp i andre høgda.
Dei viktigaste gjeremåla var å leggje nytt golv i første høgda, det gamle var rotna hol i. Mange glasruter var knuste og døra var heilt vekk. Ny kjøkeninnreiing måtte og til, og der vart montert oljebrennar og ny pipe. Øystein Nygard arbeidde 15 dagar oppe i tårnet denne bolken, og bortsett frå pinse helga hadde han hjelp av Eilif Andersen og Nils A. Sørensen med ei veke kvar. Med sitt gode handelag og sikre arbeidsleiing skal Øystein Nygard ha all ære for ei vellukka restaurering av første høgda i tårnet.
I august 1976 vart det så teke sikte på å leggje nytt tak, men dette vart hindra av elendige vertilhøve. Tida vart difor nytta til hyllesnikring, måling og lakking. Eit lenge etterlengta utedo/vedhus vart også påbyrja.
I tidsrommet 11-25/6 1977 vart atter eit stort arbeid nedlagt på Kloumanstårnet. Øystein Nygard leia som vanleg arbeidet, og Eilif Ander.sen var med. N o kom takvølinga i gong, og det første som måtte gjerast, var å byggje eit stillas opp under ufsa, seks-sju meter over bakken. Dette vart i seg sjølveit imponerande byggverk med ein utruleg utsikt. Gamalt takdekke vart no fjerna, aluminiumstak frå 1952 som var heilt tynn slite av ver og vind, sinkplater frå 1920 og ni lag papp frå tidsrommet 1892-1920. Sutaket vart flikka og vølt, og oljeherda huntonitplater vart påspikra for å gje eit godt feste for glasfibertaket. For at resultatet skulle bli godt, trongst 15-18 varmegradar under støypinga, og slike temperaturar er «sjeldan kost» på Skåla. Men endeleg ein dag låg tilhøva vel til rette. plastarbeidar Odd Sønsterudbråten var sjefen ved denne delen av arbeidet. Håkon Loen var med. Solvarmen måtte nyttast mest mogeleg, og difor vart arbeidet byrja i nordaust og fylgde sola gjennom dagen heile sirkelen rundt. Takka vere ein vindstille og varm dag vart resultatet godt. På det varmaste viste gradestokken 42 plussgradar i solsteiken på taket.
Med mange lag fiberduk og masse vart det eit heilstøypt tak med ei tjukt på over ein centimeter, og i jubileumsåret, 14 år etter vølinga, er taket tilsynelatande uskada. Av material ane som vart til overs, bygde dei utedo. Dei sanitære tilhøva hadde, mildt sagt, vore kritikkverdige i lang tid.
Etter store vanskar i mange år med oljefyringsanlegget vart det i 1977 montert vanleg vedomn, og vedfyring har kome meir og mei r i bruk dei siste åra, og ved 100-års-jubileet er all oppvarming basert på ved.
Korleis folk opplever fjellturane, kan vere avhengig av mangt og mykje. Årstid, ver og føre og alle slags naturovringar gjer fjellet både spennande og sjarmerande, vennleg og farleg. Etter ein slitsam dag i fjellet er det alltid godt å kome i hus når kvelden stundar til.
Fjellfolk sine reaksjonar ved nærare synfaring av Kloumanstårnet på Skåla finst i protokollane som til alle tider har vore utlagde i tårnet. Sanninga kan vere vond å høyre mange gonger, men kan også vere ei rettesnor for ansvarlege instansar til å få gjort det arbeidet som trengst. Her gjev vi att ei helsing som Bergen Turlag set pris på:
Skåla tårnet 7. og 8. juli 1973.
Dette er det mest fantastiske vi har opplevd, hele tårnet og det fantastiske arbeidet som tydeligvis er nedlagt her den siste tiden. Vi er omtrent målløse av beundring over dette verk. Så dette skal Bergen Turlag ha all ære av. Å komme hit opp i godvær, å se dette veldige tårnet og den fantastiske utsikten med sine juv og styrtninger, kan gjøre noen og enhver helt overveldet. Nå har dessverre været slått om, det er regn og sterk vind, men vi håper på bedre i morgen for eventuelt tur over til Bødalssæter.
Det er hyggelig å kunne vende tilbake til Skåla og finne tårnet i en helt ny forfatning. Det er nå blitt Bergen Turlags stolthet mens det før restaureringen heller var til skam. Sist jeg var her oppe for noen år siden var enda samme dag som Sovjet gjorde invasjon i Tsjekkoslovakia, husker jeg. Vi skulle etter planen gått til Bødalssæter i dag, men silregn i hele natt og tjukk tåke i morges kullkaster disse planene nå. Vi får heller ha det til gode til en annen gang, for vær sikker, vi vender tilbake.
Arna og J ørn Breili, Lillehammer
I jubileumsåret er tårnet i god stand og står klar til storinnrykk. Det er å håpe at rett mange vil finne vegen til Skåla i åra som kjem, og vi sender alle ein vennleg tanke til dei som gjekk føre og til dei i Loen og grannelaget som har bore bører til Skåla og framleis viser interesse for saka.
Takka vere Håkon Loen som har teke vare på gamle brev, har det vore mogeleg å få til dette jubileumsskrivet. Takk til folk på Tjugen, særleg Hjørdis som ved hjelp av dagbøker kunne tidfeste det meste som har blitt gjort i nyare tid. Sverre Klouman har hjelpt oss med opplysningar om bestefaren.
Hjarteleg takk.
I Loen seier folk Kloumanstårnet og Skåla tårnet om einannan, men Kloumanstånet på Skåla er kan hende det rettaste. Sikkert er det at både Klouman og Brodtkorb er blitt levande legender i indre Nordfjord både for pliktoppfyllande innsats i den legegjerninga dei først og fremst kom for å utføre, men også for den interesse dei viste for andre gjeremål til folket sitt beste.
Rasmus Sindre skreiv i Fjordenes Blad 26.september 1892 fylgjande:
"Dr. Klouman død.
Det er et budskab, som i de sidste dage har gaaet fra hus til hus i hans vidstrakte distrikt. Om denne mand maa man sige, han var mer enn agtet- han var elsket. Hvad enten han stod som trøster for de syge, som autoritet i offentlige møder visende vejen for ordningen af sundhedspleien i skole og hjem, eller som privatmanden med det praktiske blik, søgende at skabe tanker, udsyn og foretagsomhed i de forskjelligste grene av det praktiske liv - i alt var han den humane, elskverdige og helt igjennem intelligente mand, der maatte vinde alle.
Det distrikt, han var sat i, stiller store fordringer til en læges arbeidskraft. Doktor Klouman stod altid færdig ved dag og ved nat. Hans hest og kariol var stadig ute, hans baad kløvede bølgerne oftere end nogen andens. Naar sne og uvejr drev andre i hus - Klouman saa man dog fare forbi i sin lille sluffe, altid ved godt humør, der gjerne meddelte sig til andre og lyste op, hvor han for frem.
Saa kommer pludselig budskabet om hans død. Hvad der gjør dette endnu mere smertefuldt er, at det muligens var undgaaet, om han havde taget sig tilstrækkelig ferie og hviled lidt ud. Hans samvittighedsfuldhed og trang til at være tilstede, naar noget gjaldt, har sikkerlig lagt ham i en for tidlig grav.
Begravelsen skal foregaa i Kristiania, hvortilliget i disse dage er sendt. Tre kommuner følger i dyb sorg. En uvilkaarlig trang tvinger os til at sige den afdøde en hjertelig tak.
Velsignet være hans minde.
R. Sindre.
Redaksjonelt.
Distriktslæge H. Klouman afgik ved døden den 14de ds. Han var født i 1845, tog medicinsk embedsexamen i 1874 og blev efter i et par aar at have praktisere t i Gudbrandsdalen udnævnt til distrikslæge i Tanen i Finmarken, hvorfra han i 1885forflyttedes til Indre Nordfjord.
Svækket ved gjentagne anfald af influenza paadrog han sig paa en embedsreise til Opstyn en alvorlig forkjølelse, som efter et par dages sygeleie endte hans virksomme liv.
Ogsaa her i Eid havde Klouman erhvervet sig mange venner, for hvem budskabet var tungt. Hans ry som læge og rygtet om hans opofrende kjærlighed for de lidende, der søgte til ham, rak langt udenfor hans distrigts grænser, saa der er mange, der sammen med de tre kommuner i den tungeste sorg siger den døde farveL Han efterlader sig enke og 6 barn.
(mal for bilde)