Loen Bygdebase
LOKHIS

Tilbake til Startsiden

Loen - Lokhis

Siste oppdatering av databasen:
Nett:Erstatta av Loktest
Oppdatert 7/4 2022
Lokalt: Løpande.

Pålogging

Nett. Loktest
Gard/bruk/eier
Personliste

Lokalt. Loen.lokhis
Gard/bruk/eier.
Gard/bruk/eier. Nett
Personliste

Lokalt og nett. Kart
Kart og bilde
Flybilde-serie

Demo

Demo-mp4
Loktest (testbase)


LOKHIS (Lokalhistorisk informasjonssystem) vart nytta som arbeidstittel ved utvikling av ein generell informasjonsmodell for etablering av bygdebasar som alternativ til trykte bygdebøker. Basert på kopi av arkivdata kan modellen nyttast for adminstative einingar (kommune) eller grender. I og med at det er offentlege arkivkjelder som er lagt til grunn for modellen kan den også nyttas som grunnlag for ein landsdekkande bygdebase. Slektsdata og matrikkledata med kart er informasjon som det med med dagens teknologi er naturleg å formidle via nettet frå sentrale arkiv. Dette kan supplerast med bilde via oppslag i lokale fotohistoriske arkiv og med tekst via oppslag mot arkiv med lokalhistorisk tekst som td. Lokalhistoriewikki. Dette kan være basert på artiklar som har vore pulisert i årbøker eller lokalhistorie utarbeidd av td. bygdebokskrivarar.

Loen.Lokhis er ein bygdebase basert på Lokhis-modellen og omfattar dei 15 gardane i Loen kyrkjesokn. Databasen vert drifta lokalt.

Loen.lokhis er primært ein privat slektsdatabase som dekker database-eigaren sitt behov for lokalhistorie og slektsdata. Formålet med databasen var dessutan å teste ut bygdebase som alternativ til trykte bygdebøker.

Frå starten var Loen.Lokhis i hovedsak basert på offentleg tilgjengelege arkivkjelder og personar fekk tilgang til basen med brukarnamn og passord. Etter kvart vart basen supplert med informasjon også om nolevande personar og fra 2016 var det slutt med generell oppdatering av database-kopien på nettet. Slektsdelen har sinare blitt sletta og erstatta av Loktest.

Loktest. For at eksterne brukarar framleis skal få tilgang til informasjon frå Loen.Lokhis, har det blitt etablert ein kopi som er utan detaljopplysningar om nolevande personar. Denne kopibasen er tilgjengeleg på den private nettstaden Loen-bilder.info under menyvalget Lokhis med tittel Loktest.

Loen.Lokhis har opplegg for satsvis generering av alle skjermbilda. Loktest har blitt etablert ved kopiering av ferdige skjermbilde. Frå starten var føremålet å vise eksempel på dei viktigaset skjermbilda i modellen. Vidare var det meinga å kopiere ut skjermbilde ved forspørsel frå personar som granskar si eiga slekt.

Det har no blitt utvikla eit maskinellt opplegg for å kopiere skjermbilde frå Loen.Lokhis til Loktest for historiske personar.. Massiv oppdatering av Loktest basert på dette opplegget vart gjennomført. 7.april 2022 for personar fødde i 1920 eller tidlegare. Datainnhaldet i Loktest blir dermed innanfor det som kan publiserast frå offentlege arkivkjelder. Seinar kan ein gjenta slik massiv oppdatering for å få med ny informasjon som har blitt registrert for historisk personar og flytte sperregrensa avhengig av tida som har gått. Loktest kan derfor fungere som eksemple på kva informasjon som kan kome med i ein landsdekkande bygdebase basert på arkivkjelder som er offentleg tilgjengelege.

Brukargrensesnitt Standard brukargrensesnittet for Loen.Lokhis/Loktest er primert basert på same funksjonaliteten som ein kjenner frå bygdebøker med oppslag via gard, bruk og eigar/brukar. I tillegg til dette kan ein for eigar/brukar gå inn i slektstreet som omfattar heile Loen-grenda.(Det er ikkje eit permanent slektstre som ligg lagra, men tabllar med alle slektsrelasjonar slik at eit familieskjermbilde med 4 generasjonar i slektstre-format kan etablerast på direkten. I familieskjermbildet kan ein klikke på ein person og få opp nytt familieskjermbilde for den valgte personen og på den måten bla i slekta på same måten som i eit slektstre)

Det er i tillegg laga eit enkelt opplegg for oppslag via person. Dette er berre ei personliste sortert på fornamn, farsnam (patronymikon), etternamn og fødselsår. Frå person i personlista kan ein gå rett inn i slektstreet for personen. Dette fungerar greit for eit lite område som Loen-grenda. Ein landsdekkande bygdebase må ha eit meir komplett opplegg også for personsøk.

Med inspirasjon frå arbeid ved NIJOS (dagens NIBIO) er det på amtørmessig bakgrunn også lage oppslag via kart. I kartbildet kan ein slå opp bruket og få tilgang til all infomasjon knytt til buket. Frå bruket er det lenke til gardskartet på nett og til Lokhis (lenke til Loktest for nett-versjonen vart ferdig etablert 11.4.2022).

I tilknyting til oppslag via kart og bilde, er det laget et eget grensesnitt for opplag via flybilde med lenke til de brukene som viser på hvert bilde. Det er en flybildeserie fra 1954 som er benyttet og denne serien dekker alle gården i Loen kirkesogn fra Strand til og med Hogrenning.

Personar med slektstilknytning til Loen kan kontakte Audun Loen for eventuell oppklaring om si eiga slekt (audun.loen@vikenfiber.no).