Om Bygdebasen

Bygdebase

Begrepet bygdebase vart lansert av Vik It-partnar knytt til eit konkret produkt. Dette produktet er ikkje lenger tilgjengeleg for innsyn på den opprinnelege adressa (??). På DIS-Norge sitt slektsforum er det framleis ei diskusjonsside om dette produktet. Siste oppdatering der var i 2006.

Loen-webinfo (privat hobbyforetak) har valt å bruke begrepet "bygdebase" som eit generelt uttrykk på tilsvarande måte som "bygdebok" for papirutgåva. Dei konkrete produkta vil då få bygdenament i tillegg.

Bygdebase kan definerast som ein nettstad som gir tilgang til gards- og slektshistorie samt anne lokalhistorie for bygda. Det spesielle for bygdebase vil være at datainnhaldet vert henta frå databasar og digitale arkivkjelder utan å gå vegen om ei trykt bygdebok. Det generelle uttrykket "bygdebase" er ikkje knytt til spesiell programvare og kan ha ulikt opplegg for kvar bygd.

Nettstaden "loen.bygdebase.no" er resultatet av eit hobby-prosjekt for gards-og slektshistorie. Det var opprienneleg berre meint som ein prototype for å vise gards- og slektshistorie basert på Lokhis-modellen definert av Loen Webinfo. "Loen bygdebase" omfattar Loen kyrkjesokn og inneheld ei tilnærma fullverdig gards- og slektshistorie for perioden 1750-1940.