Loen Bygdebase
Loen webinfo

Tilbake til Startsiden

Loen Webinfo

Foretak
Loen webinfo (enk)
Orgnr: 990 372 152

Adr:
Granveien 13 B
1178 Oslo

Tlf: 22 28 68 65
epost: audun.loen@vikenfiber.no

Domenenamn
Loen-webinfo.no
Loen-bilder.info
Bygdebase.no
Lokhis.no

Nye startsider:
bygdebase.no
loen.bygdebase.no
loen-webinfo.no
loen-bilder.info
lokhis.no
loen.lokhis.no

Loen webinfo
Loen webinfo har som formål å formidle informasjon om Loen med hovedvekt på naturbilde, slekt og lokalhistorie. Loen-webinfo er eit privat hobbyforetak som driv på ideelt grunnlag utan inntekter eller økonomisk støtte.

Loen
Det som særmerkjer Loen er naturen, fager men fårleg. Bygda er kjend for rasulukkene i 1905 og 1936, brearmane, elva med laksefiske, turistnæringa med hotell Alexandra i sentrum, jordbruksdrift og Nordfjord kjøttindustri.

Informasjonssystem for Loen
Nedanfor er det orientert om korleis Loen-webinfo har strukturert informasjonen om Loen og gjort den tilgjengeleg på internett. .

LOEN BYGDEBASE
Begrepet "Bygdebase" er lansert som motsykke til papirproduktet bygdebok. Bygdebasen for Loen blir etter kvart ei felles overbygning for informasjonsprodukta for Loen. For publikum blir adressa til informasjonen om Loen: loen.bygdebase.no

LOKHIS
Hovudproduktet for Loen Webinfo er eit lokalhistorisk informasjonssystem. Systemet er bygt opp på same måten som tradisjonelle bygdebøker med oppslag via gard og bruk. For kvart bruk er det lenke til personar som har vore eigarar og/eller brukarar og for desse er det tilgang til slektstre med både aner og etterslekt. Systemet inneheld også bilde, tekst og kjeldedata. Det er tilgang til systemet for autoriserte brukarar. For å vise kva systemet går ut på er det laga ein demo som er tilgjengeleg for alle. Det er også laga ein indeks over personar som inngår i systemet. Ved hjelp av denne indeksen kan det gjerast oppslag i slektstreet utan å gå vegen om gard og bruk.

LITTERATUR
Gjennom LOKHIS er det tilgang til litteratur knytt til gardar, bruk og personar. Dette gjeld mellom anna tekst frå bygdeboka. Ein har valt å gjere litteraturdelen tilgjengeleg uavhengig av tilgang til LOKHIS. Dette er i ferd med å bli ei digital artikkelsamling for Loen. Artiklane inneheld både aktuelt og historisk stoff.

BILDE og KART
Her er det med diverse forsøk på å gje tilgang til informajon om Loen via kart og bilde. Fleire av presentasjonane er berre uferdige eksperiment og var noko av det første som vart lagt ut på nettet.Under fana bilde og kart har ein teke med systema Postkort, Reise i bilde, Fottur, Utsiktspunkt, Bildegalleri (album) og video laga av enkeltbilde. Den mest fullstendige serien er visning av alle postkort som er samla for Loen.
Ein kan nytte lenka loen-bilder.info for å kome direkte til seriane basert på kart og bilde. I tillegg til vanlege bilde omfatter dette også bruk av sattelittbilde og flyffoto.

NETTSTADAR I LOEN
Det er mange nettstadar i Loen, særleg innan reielivsnæringa, med omtale på fleire språk. Det er laga ein liten portal med tilgang til desse nettstadane