Nordfjord - Loen sokn - Bødal - MyrhaugDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Myrhaug

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 77/8 Hauebruket/Myrhaug.

I bygdeboka er det ført opp 2 bruk med bruksnr 8. Det eine, Hauebruket, vart borte før 1800 ved samanslåing med bruk nr 5 og 6. Kyrkjeboka som går tilbake til 1750 har ikkje gitt grunnlag for å skaffe opplysningar om familien på dette bruket. Det andre, Myrhaug, vart etablert i 1914 ved frådeling frå bruk nr 6. Perioden etter 1900 er heller ikkje dekka med digitale kyrkjebøker, og det er derfor berre bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok "Lodalen fager og fårleg" som er nytta som kjelde.

Ingen av dei to bruka er med i matriklane frå 1800-talet. Bruk nr 8 inngår med teigar i Økonomisk kartverk frå 2000, og har innmarka si på Nesodden.

I denne artikkelen som omfattar perioden omkring dei to ulukkene er det berre bruket Myrhaug som er omtalt. Heimen vart etablert etter den første ulukka av Rasmus Samuelsen Bødal. Han var son på bruk nr 6, og overlevde ulukka i 1905. Han gifte seg med Ingeborg Olsdtr. Loen frå Loøyra, og dei hadde 3 born: Borgny f. 1923, Sverre f. 1925 og Olav f. 1929. Rasmus var fjellførar. Heile familien omkom i ulukka i 1936. Saman med familien omkom også søstersonen til Rasmus, Peder Kolbeinsen Nesdal frå Frøholm. Han hadde vore der om sommaren og hjelpt til med slåtten.

Det vart Anders Lasseson Bødal frå bruk nr 6 (sjå der) som overtok bruk nr 8 ved skiftesak i 1939. Han vart lærar i Kaupanger i Sogn.