Nordfjord - Loen sokn - Bødal - GjerstunDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Gjerstun

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 77/4 Gjerstun.

Gjerstunbruket hadde eige tun før ulukka i 1905. Dette tunet låg lenger oppe enn klyngetunet og vart ikkje teke av båra i 1905 (sjå jordskiftekart frå 1905, og gardskart frå ØK ca år 2000).

I bygdeboka står det at Bødal (Myklabø) var delt i fleire bruk som er nemnde i første bolken av det 14. århundre og desse bruka låg då truleg i kvar sitt einskilde tun. Gerdisjord som er nemnd då er truleg det same som Gjerstun i dag. Gjerstun kan såleis være eit svært gamalt tun. Jostein Sonstad hadde eit svært godt bilde som viser tunet på Gjerstunbruket før 1905. Dette bildet er lagt inn i LOKHIS.

Tunet på Gjerstunbruket låg sikkert på same staden fram til ulukka i 1936. Då vart tunet teke av båra, men alle kom seg ut og i sikkerheit før husa vart tekne. Dette tunet låg like opp under bakkane ovanfor og det var kort veg for å berge seg.

Etter ulukka fekk brukaren Ola Olsen Bødal seg tomt på teigane i Loen like ved tunet på Isakebruket (bruk nr 70/5) der han bygde våningshus og låve. Låven vart riven på 1990-talet men våningshuset er bygt på og vert nytta som bustadhus (2002).

Sjølv om heimen vart teken i ulukka i 1936, har familien på bruket overlevd begge ulukkene utan at nokon omkom. På dette bruket heitte brukaren Ola i fleire generasjonar bakover. Her var det ikkje ulukka som braut den beine lina frå far til son, men Ola som var brukar i 1936 hadde berre ei dotter, Anna og ho var ikkje gift. Ola og Anna flytte til Loen etter ulukka.

Ola Olsen f. 1866 som er omtala i avsnittet ovanfor hadde overteke bruket før 1905. Han hadde gifta seg med Anne Ellingsdtr Bødal (frå bruk nr 1 Kolbeinbruket) men ho døde 23 år gamal av barselfeber i 1895 etter at ho hadde fått dottera Anna. Det ser ikkje ut til at Ola gifta seg på nytt slik at familien i 1936 var berre Ola og dottera Anna. Då ulukka hende i 1936 budde også systersonen til brukaren, Ola Beinnes, på bruket som tenestegut, og der var også ei tenestejente. Alle overlevde.

Før ulukka i 1905 levde også foreldra til Ola. Faren heitte også Ola Olsen, og han var gift med Andrine Eriksdatter Bødal (frå bruk nr 5, Eirikbruket). Dei hadde 5 born, Ole f. 1869, Anne f. 1872 (død som barn), Elias f.1875, David f. 1880 og Anne f. 1885. Anne (f.1885) gifte seg med Anders Rasmussen Beinnes, og det var sonen hennar, Gudmund, som overtok bruket i 1963