Nesodden

Til turoversikt

Tur: Historisk vandring i Bødal

Minnesmerke på toppen av Nesodden .

Av dei 61 som omkom ved Lodalsulukka i 1905 var det berre 9 som vart funne. Dei andre 52 fekk si grav i vatnet. Til minne om desse vart det reist ein omlag 5 meter høg minnestein på det høgaste punktet på Nesodden. Avdukinga skjedde 13. juni 1905 i samband med ei minnehøgtid leia av presten. På steinen sto denne innskrifta: MINDE om ulykken 15/1 1905 hvorav 27 paa Bødal og 34 på Nesdal omkom (Kjelde: Lodalen fager og fårleg)

Minnesteinen som vart sett opp i 1905 ute på Nesodden vart teken av båra i 1936. Steienen stod på ein betongsokkel, omlag 2 x 2 meter og ein meter høg. Betongen var festa med fire store jarnbolter ned i fjellet. Sjølv om steinen stod på det høgaste punktet, omlag 45 meter over vassflata, forsvann både steinen og betongfundamentet. Ein av jernboltane vart riven opp av fjellet medan dei tre andre ligg bøygde langs berget. (Kjelde: Lodalen fager og fårleg).

I samband med 100-års markeringa for den første ulukka, har Loen Bondelag sett opp ein kross på Nesodden, på same staden som det første minnesmerket stod. (Kjelde: Heftet om historisk vandring i Bødal)