Storerunden
Punkt: Sakrishusa

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Sakrishusa
.

Frå punktet ved heimtuntomta kunne ein følgt hovudvegen rundt svingen og kome dirkete til punktet ved Sakrishusa. I denne versjone av storerunden gjekk ein derimot opp vegent il bustadfeletet på Brennhugen, vidare langs vegen mellom innmarka og butadfeltet i Lovik, og tilbake til hovedvugen gjennom dette bustadfeletet. Når ein kjem ned til hovudvegen ligg Sakrishusa på den ander sida av hovudvegen.

Sakrishusa er eigentleg våningshus og driftsbygning på eit gardsbruk som ikkje har areal i Loen. Det var familien på Abrahamsbruket i Nedal som kjøpt grunn og bygde seg ein ny heim her etter at dei måtte flytte frå Nesdal etter ulukke i 1936. Denne heimen har eigenltleg namnet Viklund og gnr/br 70/40 i matrikkelen. Ein tilsvarande heim for familien frå Gjerstunbruket i Bødal vart bygd på andre sida av elva, men der er driftsbygningen no riven.

Det vart aldri aktuelt å hauste inn gras i Nesdal og frakte det til driftsbygningen i Loen. Dette vart derfor eit vanleg bustadhus med stort uthus. i ein period (på 1970-talet ????) vart låvebygningen nytta i samband med eit ridesenter i Loen. Eg hugsar at faren min kjøpte ridesal til eitt av barnebarna sine i denne forbindelse.

Fottur Storerunden.
Punkt Sakrishusa. Bilde

1. 2006. Sakrishusa med våningshus og driftsbygning
2. Ledig bildeplass

Neste punkt er ved avkøyrsla til betongfabrikken.