Storerunden
Punkt: Camping og hotell

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Camping og hotell i Lovik
.

På vestdisa av vegen er det innkøyrsle til Lovik camping med resepsjon, og på asustsida er det parkeringsplass og resepsjon for hotell Loen

Frå først av var Loen Hotel berre ei vegkro med namn Richards Kro. Hotellfløyen vart bygd til seinare til Richards motell. Seinare vart nament Loen Hotell. Det har vore lite drift på hotellet dei siste åra. I august 2012 var hotellet lyst ut for salg . Det stod då skilt ved hotellet om at det var til sals Sjå bilde.

Den nye eigaren av hotellet hadde planar om å gjere det om til asylmottak. Dette førde til massive protestar . Då vart hotellet kjøpt av NK og Hotel Alexandar og gjort om til leiligheiter for dei tilsette. Hausten 2016 var hotellet ferdig ombygd.

Lovik Camping vart etablert av eigaren av bruk nr 13 på 1950-talet. Ved jordskiftet i 1968 vart dette bruket flytta til Lovik, og fekk dermed utvida arealet som kunne nyttast til campingplass. I dag er det mange som har campingvognane sine ståande fast heile året på denne plassen.

Frå neste utsiktspunktet ved brua er det med bilde over hyttene på Grandane.

Våren 2017 var eit stort nybygg under oppføring ved Lovik Camping på austsida av fylkesvegen. Etter samtale med eigare fekk ein opplyst at bygget skal være lagerplass og verkstad. Bilde av bygget kjem med seinare.

Fottur Storerunden.
Punkt: Camping og hotell i Lovik. Bilde

1. Resepsjonen til Lovik Camping
1. Krodelen og resepsjonen til Loen Hotel
3. Lovik camping. oversikt ca 1970
4. Oversikt over Lovik sett frå Loåsvegen 2012.
5. 2016. Loen hotel ombygt til bustadar for tilsette ved NK og hotel Alexandra.
6. 2017. Nytt lagerbygg på Lovik camping

Neste punkt er ved brua over Loelva.