Storerunden
Punkt: Loøyra mot Lotunet

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Loøyra med utsikt mot Lotunet
.

På nordsida av elva er det avkøyrsle til gardsvegen til Halsteinbruket. I staden for å gå heile vegen rundt Lovik kan ein gå til Lotunet via denne vegen (Veslerunden). Vidare går fylkesvegen langs med teigen til Trulsbruket og teigen til Magnebruket. Då eg var liten var det hoppbakke i dette området (Magnebakkane). Det var også ei bratt reine på det som då var Sjurebruket. Etter jordskiftet i 1968 har desse bakkane blitt planert.

Frå fylkesvegen er det fin utsikt mot Lotunet

På vestsida ligg det som tidlegare var John Loen sin butikk og bensinstasjon. Han kjøpte denne tomta frå Sjurebruet då vegen vart lagt om og den gamle bensinstasjonen kom utanfor allfardsveg. No er dette berre vanleg bustad for familien. På vestsida av vegen ligg vidare utover Loøyra .(kilde bygdeboka)

Fottur Storerunden.
Punkt: Loøyra mot Lotunet. Bilde

1. Øyrabakken 2007
2. Øyrabakken ca 1930
3. Utsikt mot Lotunet
4. Bustadshus. Tidlegare butikk
5. Loøyra med tuntre. 2016
6. Loøyra med tuntre. 2007

Neste punkt er ved Jokerbutikken.