Målet for turen:
Skålatårnet

Til turoversikt
Forrige Neste

Lenker til eksterne data
Ingen

Tur: Skåla

Bru over Fosdøla ved Sjingla .

Stien går langs Fosdøla til ein kjem til bru på høgd med Sjingla. Frå gamalt vart brua fjerna om hausten på grunn av faren for snøras, og lagt ut på nytt om våren. Det vart bygt ei fast bru, men i 2008 var denne øydelagt av ras og det vart sett opp ny bru. Sjingla (Sjinglesteinen) ligg på andre sida av elva på toppen av ein bakke. Der er tradisjonelt ein kvileplass på vegen til Skåla. Der er det ein liten bekk som renn forbi og ein fin stein å sitje på.

1. 2011. Bru over Fosdøla ved Sjingla
2. 2007. Stien frå brua over Fosdøla mot Sjingla
3. 2006. Sjingla
Frå Sjingla går det fin og lett sti oppover til Skålevatnet, men litt brattare på slutten. Tidlegare var det stort sett grussti heile vegen, men sommaren 2011 vart denne delen av stien er steinsett.