Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Sølv til grunnfond i Norges bank

Krigen hadde kravt store skattar, så folk hadde tidsnok å halde den verste armoda borte. Men så i 1816 vart Norges Bank skipa, og folk vart pålagde å betale inn aktier med sølvdalar. På Sjurebruket hadde dei vel lagt opp nokre dalar med tanke på å hjelpe seg når dei no skulle byggje nye hus, men dei såg seg nok ikkje råd til å verte aktionærar i Norges Bank med dei sølvdalarane dei så vel trengde til anna føremål.

Men så kom det krav om at det var plikt å sende inn sølv til grunnfond for banken. Ervesølv og dalarar og skeier og det sølv dei hadde, trengde no dei styrande for å få ordne pengestellet i det frie norske riket som no skulle byggje opp sitt eige pengestell.

Han Sjur Ola kunne nok ha greidt å gøyma undan det vesle sølv som han hadde av pengar eller ervesølv som høyrde garden til, for nokon store rikdomar hadde dei ikkje. No har nok han og kona vorte samde om at dei fekk greide seg enno nokre år i dei gamle husa, og vere med og støtte dette kravet som var kome frå Norges Bank og staten. Om det var nokor fedrelandskjensle som spela med veit vi ikkje. Men dei kjende det kanskje slik at no hadde dei kome seg over vanskelege hungersår, og dei hadde vorte sparde for menneskeliv i krigen, dei fekk gjere noko dei og fordi dei hadde liv og helse, og fekk sitje trygge med sine på den garden som hadde høyrt dei til gjennom mange slektled.

I alle høve så vart det tala om det med nokre av grannane, som han visste også hadde sølv til råvelde, og dei var tre som gjekk saman og løyste inn eit aktie i Norges Bank. Dei to grannane som var med var Abraham Byrgeson på Erkebruket br.nr. 1, og Halkjell Olsen som var komen frå Haugen og var brukar på Framigardbruket, br.nr. 8. Dei fekk eit sølvskattebrev, som det var kalla, med kongens stempel på. Det gav dei kanskje ei kjensla av at også dei og var med mellom dei som gjorde noko for alt det nye som no melde seg.