Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Flatbrødbaking

Ein annan ting, som helst fall på kvinnfolka å få gjort før slåtten, var å bake opp flatbrød for heile året. Det var to kvinner ved bakstebordet, og ei som steikte på to heller i gruva. Dei berre halvsteikte dei først, det kalla vi å "løupe" brødet, og la det i lad att med gruva til ein fekk ei ledig helle til å steikje det ferdig. Var det flinke bakarar var det vanskeleg å vinne att i med steikinga. Det var ofte at ein måtte ta det etter at dei hadde slutta for dagen, eller ein fekk nokon å byte for seg og steikje med dei andre gjekk og åt til middag. Det ferdige grødet la ein ut over på eit bord eller liknande, og la ned den sida som var opp på hella, dette var for at brødet ikkje skulle krulle seg i kantane. Det var ofte at han Ola var med og steikte brødet.

Det var ein heil kunst å vere ein flink flatbrødbakar, og så lang dag som dei hadde, så var det travelt arbeid. Ein måtte ha eit godt lag med kjevlet så ein fekk emne til å snu seg så det vart rundt, og å bake ut kantane så leiven vart jamtjukk. Og grønet til knøde måtte vere godt laga, så emna ikkje hengde seg fast i bordet, eller ein reiv det sundt med kjevlet utan at ein bruka for mykje mjøl å baka dei på. Det var stor skilnad på bakstekoner. Dei som var flinke fekk ei hard vinne om våren, for alle ville få tak i dei til bakinga, og det var å fare frå gard til gard. Det var helst husmannskonene som tok dette arbeidet.

Dei bruka ein tein som smalna av til ein noko flattrykt spiss til å ta under leiven og leggja han fram på hella. Den kalla dei "spade". Det var og ein kunst å steikje brødet, så det vart jamt steigt og ikkje brendt i midten, og ein måtte passe på at det ikkje vart for lite steikt i jarane (kantane) . Til å få av sådene og mjølet som låg på leiven, bruka ein ei fille som var festa på ei kort stang, og som ein dyppa i ei bytte med reint vatn og strauk med det over brødleiven etter at han var komen på hella. Det kalla vi ein "rjøpp" og ein sa at ein "rjøppa" brødet.

Når ein talde opp brødet talde ein det i sneiser (20 stk.) Og det måtte mange sneiser til eit hushald for eit heilt år. Brødet bar ein på staburet og la det i store stopelar. Ola hadde også ein serleg ved laga for denne brødbakinga. Det var skier som var 1 aln lange (63 cm) og veden var av tjukk kvit-or. Den veden var det som gav den jamnaste og beste varmen under hella. Og han Ola hadde kvart år eit stort lad ståande turt til dette bruk.