Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen Krøteravl. Loen-ulukka og krigstid (1936)

Loen-ulukka 1936

Den 13. september 1936 kom det ei ny stor ulukke i Lodalen. Denne morgonen var det og eit stort stykke av Ramnefjellet som fall ned i Loenvatnet,, og løyste ut ei bølgje som reiv bort heimane i Bødal og Nesdal. Også på Hogrenning gjekk det til menneskeliv, og på vasenden nedan for vatnet . Dette er den største ulukka som har råka nokor bygd på våre kantar.

Sjøl om det var ved øvre enden av Loenvatnet at raset kom og det var over ei mil frå Loen, så var braket så sterkt at det var mange som vakna av det. Dette var ein søndagsmorgon i 5-tida. Då dei kom fram or senga og fekk sjå ut, såg dei at det var noko forferdeleg som hadde hendt, for elva gjekk langt inn over bøane, og dei som bodde nermast elva hadde rømt ut av husa i berre nattklæda.

Marte var den første som fekk på seg klæda og kom ut, då råka ho Sigurd Bødal, han var komen ned i Loen kvelden før. Å, kva er det som har hendt? spør ho. Jau, det er nok Ramnefjellet som har kome, sa Sigurd og skunda seg i veg til Lodalen. Der hadde han heimen sin, kone, foreldre og søsken.

Etter å ha kome seg av den første redsla, tok mange vegen mot Lodalen. Inne ved fossen var brua borte over elva, det var ei sterk kvelvingsbru av hoggen gråstein som hadde tolt påkjenninga av ulukka i 1905, men no måtte ho gje tapt. Der inne møtte han Olav han Jo handelsmann som og hadde telefonen i Loen, han hadde sett på skaden av elva og var på veg attende.

Det må ha hendt ei stor ulukke i Lodalen, så han. Trur du ikkje eg må varsle i telefonen. Jau, det var Olav samd i, at her måtte det varslast strakst.Eg går og ringjer både til lensmann og dokter, sa han og skunda seg heim.

På Vasenden møtte dei som kom opp over,dei første store skadane. Verkstaden på Holten var reven opp og var velt ut over bustadhuset, men det hadde tolt trykket og vart ståande. Huset vart fyllt av vatn, og mannen og kona stod i vatn til høgt opp på bringa, og mannen heldt den vesle guten sin høgt over vatnet. Slik vart dei ståande i den største spaning til vatnet hadde minka ned, og dei kunne kome seg velberga ut. Nærmare vatnet var eit hus teke bort. Der fekk vi vite at mellom to båredrag hadde far og son berga seg bort, og då båra nådde dei igjen, kneip dei seg fast i ei bjørk og heldt seg fast medan vatnet skola over dei. Den båra tok huset med seg, og dottera og ein gamal mann vann ikkje å kome seg ut før huset for.

Turistflåten som låg der i hamn var borte. Det var dampbåten Lodølen, motorbåten Kjenndal og to slepebåtar. Kjenndal låg langt oppe på turt land, og dei andre båtane hadde gått til botnar.

Opp til Bødal måtte dei gå stranda for der var ikkje båtar igjen. Køyrevegen var arbeidt ferdig til Helset, men derfrå var det mest som ein krøterstig somme stader. På Hogrenning var det og eit hus som hadde fare på vatnet, og det låg mest heilt og flaut på vatnet. To mann fekk tak i ein båt som rak inn mot land og rodde ut til det flytande huset. To store gutar og mora hadde kome seg opp or vatnet og dei vart berga, men to mindre gutar vart ikkje funne, og dei sette livet til.

I Bødal såg det ille ut. Av hus var det berre ysteriet som stod igjen, og sundbrotne hus, stein og tre låg strødd ut over markene. Nokre av dei som var uskadde hadde kome seg ned til Hogrenning, dei andre hadde søkt inn i ysteriet, der hadde dei og fått inn dei som var skada, og i lagerhuset som stod inntil hadde dei bore inn dei som dei fann døde. Det var ein trist dag, men ingen gråt og klage. Folk arbeidde og leita etter levande og døde. I Nesdal var det like ille, og ingen kom seg inn der og fekk vita kor der stod til, då både båtane og ferja hadde gått tapt. Dei to karane Jakob Hogrenning og ein Kandal som arbeidde på vegen, som hadde funne ein båt og berga mora og dei to gutane på det flytande huset, rodde etterpå forbi raset i Ramnefjellet og inn til Nesdal for å sjå kor der stod til. Dei kunne melde då dei kom attende til Bødal at 3 heimar var revne bort, og ingen som bodde i dei heimane vart funne i live. Det var Indre Nesdal, gr.nr. 78, br.nr. 1, 3 og -4. På br. nr. 2 vart og stovehuset mykje skada, og halve lada vart nedbrota. Men der gjekk det ikkje folk til. I alt var det 74 menneske som sette livet til i denne ulukka, og av dei var det 34 dei fann igjen.

Onsdag var den store gravferdsdagen, og det var ei minnehøgtid som greip alle. Ved vegen som går opp til kyrkja, på muren utan for Sjurestova vart kistene oppsette den morgonen, dei vart køyrde fram frå skulehuset i Loen, der alle dei døde hadde vorte inntekne og stelte og lagde i kiste. Dei som ikkje høyrde bygda til vart sende til sine heimstaden. I alt var det 20 kister som stod der. Slekt og vener bar så kistene der ifrå og til kyrkja medan kyrkjeklokkene ringde, og mykje folk følgde med i sørjetoget. Berre ein liten del var det rom til i kyrkja, men folk stod utanfor på vegen og kring kyrkjegarden. Det var oppset høgtalarar og folk følgde med i det som hende med salmesong og trøystande ord frå bibelen og dei som tala for dei syrjande. Aldri har så mykje folk vore samla i Loen. Kronprins Olav var der for kongehuset, domprost Knutsen for bispen i Bjørgvin, som nett då var i Danmark, og alle prestane frå Nordfjord var med. Og folk var det kome langveges frå. Det var sikkert ei trøyst for dei som livde igjen i Lodalen å møte ei slik samkjensle frå alle kantar som dei møtte her.

På Sjurebruket miste dei ikkje nokon nære slektningar. Det kjendest likevel tungt og sårt når to grender som Bødal og Nesdal vart lagde øyde. For dei nede i Loen var ikkje skadane så store. På Sjurebruket reiv elva bort ein holme i Hagedalen som var utplanta, og sommarfjøsen var så skada at han ikkje kunne brukast utan at han vart reparert. Ved fosse vart alle 3 kvernane revne bort, og sameleis stampa til Ole Loøyra og sommarfjøsen hans. Kvernane hadde i den seinare tid vore lite i bruk. Det var kome mylne i Olden, og no køyrde ein kornet dit for å få det male. Det vart ikkje sett opp nye kvernar i Loen.

Den første vinteren fløtte alle folk frå Lodalen. Då fløtte Sakarias Mettenes frå Ytre Nesdal, br.nr. 3, med huslyden sin ned i Loen og budde på Sjurebruket. Dei kom til å bli buande der i nokre år. I den siste krigen fløtte dei attende til Nesdal. Etter krigen kjøpte dei eit jordstykke inne ved Heimtun på sørsida av elva, og bygde seg ein heim der.

Etter kvart vaks no og flokken på Sjurebruket. Det vart 3 born. Marta (fødd 22.4.1933), Gjertrud (fødd 6.8.1935) og Audun Arnor (fødd 7.4.1939). Då krigen kom i 1940 var Marta så stor at ho tok til i skulen. Sidan ulukka hadde ein slutta å halde skule i det gamle skulehuset, fordi elva fløymde kring det på alle kantar ulukkesdagen. Dei hadde sidan halde skule i kjellaren i Heimtun. Under krigen bygde dei nytt skulehus på ny stad, og denne nye skulen vart ferdig og teken i bruk i 1943.