Nordfjord - Loen sokn - Nesdal YtreBilde - Kart - Tekst

Nesdal Ytre

Lodalen 1900 - 1940 Om garden Ytre Nesdal, gnr 79

Omtale av naturen og fjella omkring er gitt i Sivert Nesdal sine erindringar i kapittelet om Vinter (sjå der). Sivert Nesdal var fødd på bruk nr 1 i Nesdal Ytre i 1875 og i boka gir han ei fin skildring av Lodalen i sin barndom og ungdom før 1900.

Det var jordskifte på innmarka for garden Nesdal Ytre i 1877 slik at det var slutt på den omfattande teigblandinga før 1900. Det var imidlertid ingen av bruka som vart flytta ut av tunet ved jordskiftet slik at det framleis var eit klyngetun før ulukka i 1905. I tillegg til dette hadde alle bruka mange lader i utmarka. På bruk nr 1 var det såleis i alt 26 bygningar, og på dei andre bruka noko tilsvarande. Før 1900 var det bygt ladebygningar på kvart av bruka tekt med skiferstein. Fjøs, grisehus, stall m.v. vart bygt inn i ladebygningen slik at talet på torvtekte hus var blitt redusert. Utskiftningskartet viser bygningane i tunet i 1877.

Ved samanlikning av jordskiftekartet for Nesdal Ytre i 1877, jordskiftekartet for Nesdal Indre i 1906 og dagens ØK kan det sjå ut til at tunet på Nesdal Ytre var blitt lagt delvis inn på Nesdal Indre (bruk 79/3). Dette har blitt justert delvis tilbake ved jordskiftet i 1906 etter at alle husa i Nesdal Ytre var tekne av båra

Sivert Nesdal skriv følgjande om tunet i Nesdal Ytre: "Nesdal var oppdelt i to tun, Indre og Ytre-Nesdal, med tre bruk på hver. Følgelig var bebyggelsen mindre sammentrengt, men i virkeligheten mere klassifisert, især på Ytre- Nesdal. De tre båtnaust stod som vaktposter på en torvgrodd sandbanke ved vannet ca. 100 m. nord for landsbyen. Den betydelige avstand var diktert av det lave, flate, men vakre terreng. Selve tunet var delt av en ikke nettopp snorrett midtgate. På den lavere nordside befant alle fjøs og ladebygninger sig, mens alle beboelseshus, matstover og nysstover opptok den høyere og solrikere sydside.

Bilete og kart som viser tunet før 1905 inngår i LOKHIS

Utmarka sør for garden vart brukt på følgjande måte: Austanfor Tverrelva innover mot Ruteflåten var det sæterområde og sætrar. I Utigardsberget mellom Tverrelva og Utigardselva var det slåttemark. Tverrelva og Utigardselva gav naturleg avgrensning mot beitedyr. I følgje Sivert Nesdal var dette den største samanhengande utslåtten i Nordfjord. Nordan for Utigardselva mot Ramnefjellet var det bukkestod og fjellebeite for sau og geit. Frå sommarfjøset måtte småfeet kvar dag gå tvers over "Storura", under det ville Ramnefjellet til beite nordan for. Ramnefejllet hang truande over med ein meir enn 1500 fot loddrett fjellvegg.

Ved rasulukka i 1905 vart alle husa i Nesdal Ytre tekne av båra. I og med at dette raset var om vinteren med tele i jorda, vart jordsmonnet spart. Alle bruka vart bygt opp igjen men no mykje lenger oppe.

Ved rasulukka i 1936 vart ingen av tuna i Nesdal Ytre tekne, men båra gjekk heilt opp til det nye våningshuset på bruk nr 3. Ved denne ulukka vart jordsmonnet skola bort slik at innmarka berre var stein og grus. Sjølv om husa stod igjen, flytta alle frå dalen etter kvart. Husa står framleis (2002).