Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen Utskiftning Lovik 1927

Då dei hadde utskiftninga på heimebøen hadde ikkje den dyrka marka i Lovik på sørsida av elva vore med, og heller ikkje noko av skogarealet. Kvar mann hadde fleire skogteigar på kvar side av dalen. No vart det forlangt utskiftning av dette feltet, og i 1921 tok dei til med kart~ legging. I 1927 var underutskiftninga ferdig. Det vart då delt slik at 6 bruk fekk to teigar på nordsida og dei andre fekk det i ein teig. Dei som fekk det i to teigar var Isake, Halstein, Mons, Arne, Framigard og Markus. I Hagedalen fekk alle kvar sin teig, med undantak av Isake og Knute som fekk det saman med skogteigane sine. På sørsida var det 3 som fekk det i to teigar, det var Magne, Framigard og Isake. Alle dei andre fekk det i ein teig. Til Lostøylen fekk alle som ikkje åtte inn til utlagt kvar sin støylsteig.

På sørsida vart og mykje av utmarka inn mot Kvitefjellet lagt inn til dyrkningsjord og var delt saman med Lovik, og alle fekk kvar sin teig. Dei som fekk den tillagde utmarka var Antuns, Sjure, Arne og Markus. Ein del av grandane lengst ut mot sjøen vart lagt ut til sameige. På nordsida frå Apallhola og ut til Rake merke vart det og lagt inn noko dyrkningsjord slik at dei fekk kvar sin teig alle bruka. Ved sjøen frå Merkegarden for Loen innmark og vest om dampskipsbryggja fekk kvart bruk naust- eller lagerplass.

Sjurebruket fekk då desse teigane: På nordsida fekk dei ein skogateig i Svorabakken, og under den og til sjøen eit stykke som var utteke til dyrkningsjord. På det stykket har Dagfinn Mindresunde kjøpt tomt og bygt hus. Aust for dampskipsbryggja og vest for riksvegen ligg ein liten lagerplass. I Hagedalen fekk bruket den første teigen frå elva og ligg på begge sider av bygdevegen frå innmarka til Tjugensmerke. På sørsida fekk dei ein skogateig i Bleikstigen og Yste Holtane, ovanfor innmarkstykke deira på Brennhaugen. og så har dei stølsteigen sin aust for den gamle støylsvollen.

Denne utskiftninga vart det anka på, og det vart overskjøn i 1928. Det vart berre nokre få og små endringar, og teigebytet i skogen vart ikkje endra.

I 1928 døydde han Ola, 80 1/2 år gamal. Berre ein einaste brukar tidlegare har nått ein slik alder. Det var Anders Salveson Sande som gifte seg inn på bruket med enkja Malene Jonsdotter i 1802. Ola var all sin dag ein trugen arbeidsmann, og han var glad i alt som høyrde garden til. Han hadde god helse og det kom vel med då sonen døydde så tidleg, og han måtte vere full kar i arbeidet like opp til sin høge alderdom.


Kart over utmarka, del 1 mot Rake
Kart over utmarka, del 2 frå Raudusvedene til Lida
Kart over utmarka, del 3 med Hagedalen og Nakkane
Kart over utmarka, del 4 frå Tyvaneset til Lovik
Kart over utmarka, del 5 med sørsida inkludert Støylen