Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 70 Loen

Garden og landskylda

Den gammalnorske nominativforma på namnet var vel Lodi, dat. i Loda. Truleg var namnet opphavleg namn på fjorden, no Lo-bukta. Tydinga av namnet er det uråd å seie noko sikkert om. Er eitt av dei få døme på at d tidleg er bortfallen. Er elles i Nordfjord-målet vorte til d. Loen er sikkert ein av dei eldste gardane i Indre-Nordfjord. Her er funne ymse gravfunn, og her var før mange gravhaugar. Dei fleste skal no vere utgravne. Ovafor Tiendebua låg fem haugar i rad. I ein av dei fann Lasse Heljeson ikring 1850 m. a. eit brystpanser (brynje?), hjelm, skjold, sverd, spyd, øks, skei. Sonen Helje, som hadde særs god greie på funn frå forntida, har funne ymse ting, m. a. ein flinteskrapar. Då And. Markusson ikring 1870 bygde hus og kjellar vart utgraven, fann dei ymse flint- og steinverktøy, som diverre ikkje vart granska. Helje Loen har m. a. ein steinhammar frå bronsetida, eit handsneldehjul og ein avlangrund stein (slagstein). Desse tinga er no i muséet iBergen.

Garden er nemnd i fleire av mellomalderskjeldene. Av Bj. K.ser ein at prestebolet i Loda åtte ti laup. Her stod alt då kyrkje på garden, og prestane i Loda budde vel og her. Kyrkja i Loda er og nemnd i Bj. K. Loda sokn er og nemnd i Munkelivboka, og begge er nemnde i dipl. dags. 25.1. 1367. (Sjå Dipl. Norv. XIII s. 24.) Då er øvre tunet i Loda nemnt, så garden alt då var to tun.

Av tiendemanntalet av 1520 ser ein at Lode då hadde seks mann som la tiendepengar. Dei var: Hugligh la 5 lodd sølv i tiendepengar og 3 lodd s. for jordegods, Iwer la 2 1. s., Sijmon la 2 mrk., Lauriss la 4 skill. 3 l. 1. qvintin s., Pædher 3 mrk. og Jacop 3 l.- s. og 2 1. s. for jordegods. Dei same er nemnde i «brevbruds»-manntal av 1.522 og legg då såleis: den første 9 mrk., dei to neste kvar 4 mrk., dei to dinest kvar 5 mk. og den siste 2 mk. i «brevbruds»- pengar.

Tindebuda og Klovsteinen ved Lotunet

I 1563 har Loffuenn 8 mann som legg leiglendingsskatt. Dei er: Jacob, Lauritzs Lauritzssenn og Lauritzs Olsenn, som legg kvar 1 dl., Stener legg 3 ort, Salmund i Louenn og Oluf Olsenn legg kvar 1 dl., Anders (Engelbretson; var lrm. 1-584) legg 1 ort, og Oluf Suendsenn legg 2 l. s. Ingen av dei var jordeigarar.

I leidingsmanntalet 1567 er garden nemnd to stader, venteleg av di han var i to tun. Det eine la 3 gsk. 1 bsk., det andre la 2 gsk. 2 bsk. i leiding. Landskylda då skulle etter det vere ikring 51/2 laup. Må då vere lågt skyldsett.

Landskylda var etter 1609 13 1/2 laup. I 1702 vart avteke 3 laup og i 1734 2 1/2 laup, så han då vart 8 laup. Matrikkelnemnda 1723 ville ta av 1/2 laup, då garden var turr og skrinn, og sildefisket var øydelagt av elvabr6t og grus. I 1702 fann retten at Loen hadde lide «merkelig» skade av svor frå «det forferdelige store fjeld nordenfor gården». Her var all bumarka heilt øydelagd. Slættene og høyløene var og øydelagde; m. a. tok svora ei løe her i 1701, som dei trudde stod trygt. På den andre bøen var og falle ned mykje stein og aur. På sørsida har eit stort svoralaup skada féhagen. Storelva hadde for nokre år sidan br6te seg innover bøen og teke nytt får, og tok då med seg mykje grus og mold, og derved vart og det beste sildekastet ved garden øydelagt. Retten fann garden å vere elendig, marka var lita og lite dugleg til høy. Fisket som var grunn til at garden før var sett i så høg landskyld, var no øydelagt, og difor var brukarane så utarma at den eine etter den andre «har undveget» garden, så bruk jamt og tidt ligg øyde. All denne skaden verdsette retten til 1/3 av skylda, men vågde ikkje å gjere framlegg om høgre avtak enn 3 laup.

Loen la i 1612 84 mk. i butiende. Garden fødde etter det 84 mjølkekyr.

Jordeboka av 1626 seier om Loen det var ein stor og god gard til avling og hadde «ringe (d. e. noko) lunder» til fiske når åra var gode. I 1661 hadde garden to kverner og noko lunnende av småsild om haustane. Kvernene var då inne ved Hagedalen, sidan ved Kleiveledet. No er kvernene inne ved Lofossen; det er no tre kverner: fem bruk av Nigard er saman om ei, fire Oppigard-bruk og Sjurbruket er saman om den andre, og dei andre fire Oppigard-bruka om den tredje.