Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Diverse-2010**. 7. Det gamle Loen og skulehuset

Fjordingen Onsdag 9. februar 2011. Av Brynjulf Loen. Bilda er utlånt av Jon Rasmus Langeset Vik.

I Fjordingen sitt julenummer var m.a. bilde og omtale av dugnadsgjengen som vaska ned ungdomshuset Heimtun i Loen etter den tyske husokkupasjonen sommaren 1940. Fordi det var nemnt at ungdomshuset også var skulehus etter Lodalsulukka 13. september 1936, kan det kanskje vere av interesse for nokre å sjå det gamle skulehuset vi måtte flytte ifrå. Sjølv starta eg skulegangen som einaste nye elev det året og fekk 3 veker der.

Dette første skulehuset sto på nordsida av elva omlag der huset til Else Loen er no.

I første etasje var eitt klasserom og eitt lagerrom pluss gang med trapp til loftet, der eit avdelt rom ga plass til eit lite bibliotek. To-delt skule med 1.-3. trinn i «småklassen» og 4.-7. trinn i «storeklassen» kravde berre eitt klasserom når skuletida var annankvar dag. Storeklassen måndag, onsdag og fredag kl. 9 til 15 og småklassen tysdag, torsdag og laurdag 9 til 14.

I skråninga bak skulen mot elva var 3 kvernhus, 2 slipesteinar, 1 stampe (som stampa/tova ullteppe og anna ullstoff/vadmel) og eit sagbruk med lagerskur, alle drivne av vatn og kvernkallar eller vasshjul. Vatnet vart tilført gjennom kanalen på nordsida av brua. Når stampa var i gang, høyrdest dunkinga godt, særleg frå andre sida av elva. Mellom skulehuset, vegen og brua sto 8-9 sommarfjøs, som vart nytta før og etter at kyrne var på støylen. Alt dette og heile flata nord og vest for skulehuset vart overfløymt ulukkesnatta. Brua, kvernhusa, stampa, slipesteinane og saga med lagerskur vart sopte vekk, medan skulehuset, alle sommarfjøs og eit gardstun m/bustadhus, stabbur og løe-/fjøsbygning (Isakbruket) sto att og måtte flyttast av frykt for nye ras frå Rammefjellet. Og nye ras kom; det siste i 1951. Dei medførte heldigvis ikkje tap av menneskeliv, men brua til Sæten vart riven vekk ein eller to gonger til.

Det gamle skulehuset fekk nytt liv på Rake etter at Sivert Nesdal kjøpte og nytta det som del av bustaden han bygde der. Denne «Siverten» vart ofte kalla «Melke-Sivert», fordi han køyrde mjølka til meieriet i Stryn - og for å skilje mellom han og professor Sivert Nesdal, som og budde på Rake.

Nytt skulehus i 1941

I fem år var kjellaren i ungdomshuset klasserom. Men for å ta att tapt undervisning, vart ein ekstra lærar engasjert nokre veker til småklassen på scena i forsamlingssalen. Begge klassane var då på skulen samtidig. Først til skuleåret 1941-42 var ny skulebygning klar på høgda over Bråvallsgjerane i Hagedalen. Men det var vel verdt å vente ei stund, når resultatet vart så godt som det viste seg å bli. Skulehus med 2 klasserom, lærarrom, gymnastikksal, som innimellom vart brukt som sløydsal, innlagt vatn og dusjanlegg var reine luksusbygget samanlikna med det vi hadde hatt tidlegare. Men behov og krav endrar seg. I 1992 måtte det 51 år gamle byggverket vike for krav om meir areal og betre fasilitetar. Ei naturleg utvikling, men for ein gammal Loar er det litt «artig» å ha gått på skule i alle dei tre husa som no er borte. Har nokon nærbilde av skulehuset i Hagedalen, vil eg vere takksam for ein kopi.