Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5.9. Husa på garden.

På utskiftningskartet for innmarka i Loen, som var oppteke i 1896 ser vi at Sjurebruket hadde desse husa heime i Lotunet: Staburet, stove med do inntil vestre koveveggen, nystove, smalefjøs, grisehus,. lade, stall, eldhus. Utan om desse husa hadde dei naust ute ved sjøen, gardfjøs (vår og haustfjøs) inne ved Lofossen, vikalade i Lovik, sel på støylen, skogalade på Kleiva, sel på Høgesætra saman med Antunsbruket og kvernhus saman med Erke, Framigard, Markus og Mons-bruka. I det heile var det 14 hus åleine og 2 saman med andre som høyrde garden til. Desse husa hadde då vore på garden i lang tid, og dei hadde alle frå først av hatt taktekkje av never og torv. Då kartet vart teke hadde nystova fått pannetak av raue panner.

Som ein kan skjøna var det eit stort arbeid med vedlikehaldet av alle desse taka. Nevra tok dei i sin eigen skog om våren på den tida nevra losna frå borken, av store slette bjørkestammar. Med godt og påpasseleg stell kunne desse taka vere tette og gode i mange år. Når det hende at der kom dropar i taket, var det å bøte det med ny never der dropen var, men etter 30-40 år måtte ein til med ny taktekkjing, og det var litt av eit storarbeid. Never hadde dei sytt for og hadde på lager, og så var det å finne ein fin grasvoll i nærleiken av det taket ein skulle tekkje og spade opp passeleg store firkanta torver. Ein tok til med tekkjinga nede på ufsen og la tekkje på opp over mot mønet. Det første ein måtte ha over sperrene var trod, det var ein tomme tjukke furebord, nede på ufsen feste ein så på tverrkrokar av eine, dei var der til å feste for ein stokk som ein la på for at torva og nevra ikkje skulle siga ned av taket. Det første laget av never hadde ein alt lagt under denne stokken og heldt fram opp over taket. Det var ein kunst å leggja nevra slik at det ikkje kom dropar, men at regnvatnet rann ovan-på nevra. Etter kvart som ein kom opp over taket laut ein følgje med og leggje torv opp på nevra. Den la ein slik at grassida vende ned mot nevra og moldsida opp. Det hende og at ein la store flate steiner ut mot vindskeierne, det var for å verne seg mot at vinden skulle få tak på nevra og torva og rive det opp.

Teikning av tunet med alle husa 1898
Forstørra utsnitt av bilde fra 1894 som viser Nystova, Gamlestova og Stabburet på Sjurebruket
Bruk 11, Truls
  • 1 Nystova
  • 2 Staburet
  • 3 Masstova
  • 19 Veslelada med vedahus
  • 20 Fjøsen
  • 21 Stova
  • 24 Lada
Bruk 6, Sjure
  • 4 Staburet
  • 5 Stova
  • 6 Nystova
  • 7 Smalefjøsen
  • 22 Fjøsen
  • 23 Grisehus
  • 25 Lada
  • 26 Stallen
  • 106 Eldhuset
Bruk 3, Magne
  • 8 Masstova
  • 10 Grisehus og vedhus
  • 17 Staburet
  • 18 Stova
  • 29 Lada
  • 30 Skot til lada
  • 37 Veslelada med smalefjøs
  • 38 Stall og strørom
  • 39 Fjøsen
Bruk 15 Halstein
  • 9 Smalefjøsen
  • 11 Grisehus
  • 12 Nystova
  • 27 Lada
  • 28 Stallen
  • 33 Fjøsen med lade over
  • 40 Stova
Bruk 14, Arne
  • 13 Stova
  • 14 Nystova
  • 15 Smalefjøsen
  • 16 Staburet
  • 42 Do
  • 43 Grisehus
  • 47 Lada
Bruk 4, Antuns
  • 31 Lada
  • 32 Stallen
  • 34 Fjøsen
  • 35 Veslelada
  • 36 Smalefjøsen
  • 41 Nystova
  • 44 Stova
  • 45 Grisehus og do
  • 46 Staburet
Bruk 8, Framigard
  • 49 Lade
  • 53 Stova
  • 56 Grisehus og do
  • 57 Staburet
  • 69 Nystova
  • 83 Prestestova
  • 105 Eldhuset
Bruk 1, Erke
  • 50 Masstova
  • 51 Stova
  • 52 Smalefjøsen
  • 87 Fjøsen
  • 88 Grisehuset
  • 90 Stova
  • 91 Staburet
  • 92 Lada
Bruk 5, Isake
  • 54 Lada
  • 55 Grisehus og strørom
  • 63 Nystova
  • 64 Do
  • 65 Stabburet
  • 66 Stova
Bruk 16, Innigardsbruket
  • 58 Staburet
  • 59 Lada
  • 60 Grisehuset
  • 61 Stova
  • 62 Nystova
  • 67 Masstova
  • 68 Eldhus
Bruk 7, Mons
  • 70 Do
  • 71 Stabburet
  • 72 Stova
  • 73 Fjøsen
  • 80 Veslestova
  • 81 Nystova
  • 98 Smia
  • 104 Lada
Bruk 10, Knute
  • 74 Nystova
  • 76 Stabburet
  • 77 Stova
  • 94 Fjøsen med lade over
  • 95 Smalefjøsen med lade over
  • 99 Smia
  • 103 Grisehus
Bruk 13, Lønda
  • 79 Nystova
  • 96 Stova
  • 97 Stabburet
  • 102 Lada
Bruk 2, Markus
  • 82 Smalefjøsen og vedahus
  • 84 Nystova
  • 85 Stova
  • 86 Fjøsen
  • 89 Staburet
  • 93 Lada
Målarplassen
  • 78 Stova
  • 101 Lada
Hogaplassen
  • 100 Haust- og vårfjøs
Loøyra
  • 75 Haust- og vårfjøs
Lokyrkja
  • 48 Kyrkja

Då utskiftinga var ferdig i 1898 vart det stort omskifte med husa. Han Ola måtte fløtte alle fjøsane og stallen og lada, og det bygde han alt saman under eitt tak. I 1900 og 1901 bygde halvdelen av bøndene i Loen seg nye ladebygningar. Han Ola var redd for å få for store kontante utlegg, og fjøsane var jamt over i god stand. Han tok då kufjøsen, smalefjøsen og grisehuset og sette det inn i ladebygningen som han bygde. I stallen var det dårlegare materialar og der nytta han berre den beste timbreveggen på eine sida, og på ei side nytta han veggen i kufjøsen, og på dei andre sidene hadde han dubbel tjukn med bord, og brukte halm til isolasjon mellom bora. Under kufjøsen hadde han gjøsselkjellar, med fine gråsteinsmurar og støypt golv i botnen. Til taktekkje på lada nytta han alnsheller frå Utvik på den eine sida og på den andre sida panne. Etter denne omskipinga hadde husa i tunet minka ned til stove, nystove, stabur og lade. Dei andre husa på garden var som før. Då ein kring 1900 slutta med skogaslåtten var det ein man frå Olden som heldt fram med vår slått på Kleiva, og han hadde tilsyn med taket på så den stod til etter 1930. Ved utmarksutskiftninga i 1928 vart Sjurebruket fløtt bort frå alle teigane i Lovik, og fekk ny teig i utmarka til beite og dyrking, og då vart Vikalada reva. I Loenulukka i 1936 vart kvernhuset bort reve, og nytt vart ikkje bygt. Gardfjøsen vart og skada i ulukka og vart fløtt til det nye kulturbeite, og då vart det nytta bølgeblekk til tak. Då riksvegen i 1960 åra vart omlagd igjennom Loen vart nausttomten teken til veggrunn og naustet måtte rivast.