Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 13. Ungdomslaget

Dei første åra og spelestykke

Ungdomslaget har vore til mykje nytte og hyggje i bygda, frå den første tida det tok til på nytt i 1901. Alt første året fekk dei innøvd eit lite spelstykke "På leikvollen" av Anders Vassbotn. Det var eit songspel, og det vart og framsynt i brudlaupet til Andreas og Marte. Spelstykka vart etter kvart ein av dei beste programpostane dei hadde på festane, som dei den gongen heldt rundt om i stovene. Publikum og spelarane kom nær inn på kvarandre. Dei delte frå ein del av stova med flagg eller ein kvit duk som dei feste på ei snor og drog til og ifrå. På den eine sida var det scene der spelarane heldt til, og på den andre sida var så publikum, borna sat på golvet heilt fram ved forhenget. Det var alltid fullt hus når dei hadde spelstykke som dei synte fram. Av spelstykke frå den første tida kan ein nemne: "Dei kvinfolka" av Oskar Braaten, "Ei sjeldfengd kjerring" av Hans Mo, etter eventyret "Lars i Lia" av Asbjørnsen, "Brennefolket" av Olav Stokland var svert vel omtykt, "Ungdomsvegar" av Hans Aarnes, og mange fleire. Som oftast heldt ein til i dei store røykstovene som somme enno hadde igjen den gongen, eller dei var ombygde til å ha lem over stova. Ein 17. mai, truleg i 1914, fekk ein løyve med Markus Loen til å ha "Kvamme" hotellet til festlokale. I skodespelet var det bruk for å ha ei luke i golvet så ein der kunne gå ned i kjellaren, og dei fekk lov til å sage hol i golvet i det høve. Som oftast synte folk stor velvilje for arbeidet i ungdomslaget. Og det var vanleg at også giftefolket møtte fram på ungdomsmøta og var med i ordskifte. Det med ordskifte var folk svert interesserte i dei første åra ungdomslaget var i gang.