Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Bygdeskildring. Garden Loen

Bruka

Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Som eksempel kan ein nemne Sjurebruket som hadde namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600. Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt. Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630. Vidare omtale av eigedomsutviklinga vil bli omtalt i den delen som gjeld kvart bruk.