Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Sjur Rasmussen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Sjur Rasmussen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket Før 1800 Tilleggsopplysningar.

(Tilleggsopplysningar om dei første brukarane av Audun Loen)

Olav A Loen nytta for det meste Jakob Åland sine bygdebøker som kjelde for det han skreiv om perioden før 1800. Eg har no fått hjelp av Åsmund Stokke til å gå gjennom skifte og andre dokument. I dette avsnittet har eg summert opp det eg har funne. Det er også teke med nokre teoriar som enno ikkje er underbygde med heilt sikre opplysningar.

Det viser seg at dei første brukarane på Sjurebruket som heitte Rasmus, ikkje var direkte i slekt med Sjur Rasmussen og dei som kom etter. Rasmus Rasmussen og Kari Åmundsdotter frå Hogrenning hadde born, men det var ingen av desse som overtok Sjurebruket. Kari og Rasmus hadde ei dotter saman som heitte Malene Rasmusdotter. Ho vart gift med Lars Jakobsen på bruk nr. 2 i Indre Nesdal. Ho var den andre kona til Lars og fekk truleg ikkje born. I skifte frå 1730 står det at Malene var utan barn og livsarvingar. Dei næraste arvingane var mor, Kari Åmundsdotter Loen og halvsøster Maritte Rasmusdotter Yri som var gift og budde i Bergen. Vidare har vi funne skifte etter Sjur Rasmusen frå 1728, og der står det under gjeld at "Malene Rasmusdottter fordrer etter sin far". I skifte etter Kari Åmundsdotter (1734) står det under gjeld " Maritte Rasmusdotter fordrer for resterende arv etter hennes sal. halvsøster Malene Rasmusdotter". Dette tyder på at Rasmus Rasmusen hadde vore gift 2 gonger, og hadde dottera Maritte frå første ekteskapet.

Sjur Rasmussen gifte seg med enkja Kari og kom inn på Sjurebruket på denne måten. Det ser ut til at Sjur var son til Rasmus Jakobsen på Isakebruket, bruk nr 5 i Loen. Det kan vidare tyde på at faren til Rasmus Jakobsen kom frå Jørnbruket, bruk nr. 7 på Sæten. I Bygdeboka er det under Sæten på side 646 referert til eit dokument frå 1615 som fortel at Laurits Mogensson Sæten hadde desse borna: 1. Rasmus Sæten (død), 2 Eirik Heggestad, 3 Jakob Loen (også død), 4. Guri gift med Anders P Sunde, Olden og 5. Maritte (ung).

Sambandet mellom Jørnbruket på Sæten og Isakebruket i Loen er ikkje dokumentert på heilt sikker måte. Sambandet mellom Sjurebruket og Isakebruket i Loen kan dokumenterast. I skifte etter Sjur Rasmussen frå 1728 er følgjande arvingar oppførde: "ældste broder Ole Rasmussen Loen, andre broder sahl. Jacob Rasmusson's igienlevende tvende døttre navnlige: Ane og Christentse Jacobsdøtre, og tredie broder Anders Rasmusen, boende i Ringebu i Oplandene, samt een søster ved navn Randi Rasmusdotter i ligemaade i Oppland". I skifte etter Jacob Rasmussen på Isakebruket frå 1704 er Anne Jacobsdotter 3 år og Christente Jacobsdatter førde opp som born. Vidare går det fram av bygdeboka at Anne Jacobsdotter seinare overtok Isakebruket saman med mannen sin, Isak Kolbeinson Haugen.

Nedanfor er lista opp hendingar på Sjurebruket basert på offisielle kjelder.

  • Sjur Rasmussen gifte seg med enka Kari Åmundsdotter. Ca 1692.
  • Rasmus Olsen fekk bygsel på bruket som Sjur og Kari sa opp i 1723 mot at han gifte seg med Sigrid Håvardsdottter Strand. Bygselsetel datert 19/10 1723.
  • Ola Rasmussen fødd ca 1724
  • Jacob Rasmussen fødd i perioden 1725 - 1729.
  • Sjur Rasmussen døydde. Skifte 29/5 1728
  • Sjur Rasmussen (sonen til Rasmus Olsen) fødd. 1730.
  • Kari Åmundsdotter døydde. Skifte 22/5 1734
  • Sigrid Håvardsdotter døydde før 1742
  • Enkemannen Rasmus Olsen gifte seg med Anne Samuelsdotter frå Hallsteinbruket i Loen før 1742
  • Sigrid Rasmusdotter fødd. 1742.
  • Jacob Rasmussen (bror til odelsguten) trulova 13/7 1755 med Sigrid Jacobsdotter på bruk nr 4 på Sæten og flytta dit. Gift 13/6 1756.
  • Rasmus Olsen døydde 55 år gamal. Gravlagd 20/4 1756.
  • Enka Anne Samuelsdotter trulova 6/6 1756 med Jacob Olsen på bruk nr 16 i Loen og flytta dit. Gift 5.juni 1757.
  • Ola Rasmussen (den nye brukaren) trulova 6/6 1756 med Sigrid Rasmusdotter Loen frå Monsbruket. Gift 6/1 1757
  • Rasmus Olsen (nr 1) fødd. Døypt 7/4 1757
  • Rasmus Olsen (nr 2) fødd. Døypt 24/10 1759
  • Rasmus Olsen (nr 1) døydde 5 år gamal. Gravlagd 11/7 1762.
  • Siur Rasmussen (bror til brukaren) trulova 24/3 1764 med Anne Isachsdotter Tyven og flytta dit. Gift 1/1 1765.