Loen sokn - Sæten - Olabruket - Kasper Kaspersen NorDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Kasper Kaspersen Nor

Diverse_offisielt_gamalt 24. Ein sprek åttiåring. 1959.

Kasper Sæten fyller 80 år den 24. oktober

Skanna frå Fjordingen 20. okt 1959

Av O.A.L

Kasper Sæten sat på rakeriva og køyrde saman håslåtten, då eg råka han. "Jau, du er full arbeidskar enno", sa eg. "Du kan då skjønne det mann at eg må arbeide", sa han. Og ingen skal kunne sjå at denne vesle rake karen no er 80 år. Han har mod og vitalitet som ein ungdom. Eg laut vera med å sjå på det siste store arbeidet hans. Ned mot elva hadde det lege ein stor haug som han hadde sett seg forarga på. Han kunne ikkje koma til her med slåmaskin eller andre maskinreidskap. Så tok han hakke, spade og trillebår og gjekk laus på knollen. Sume stader var leira så hard at han visste ikkje å få tak med hakka, men han tok tida til hjelp. Midt inne i haugen hogg han hol på ei vassår, og så laut han til å grave veitar og legge ned rør. No er det gjort, eit nytt mål jord under kultur. Og no kan han sleppa til med maskiner. Dette er avslutninga på eit stort dyrkingsarbeid som han har gjort på garden. Bakkar og dalar er utgjamna, og store kistegrøfter har han iaga i hundravis av meter. Han såg alltid ctter store heller i skog og mark. scm han køyrde heim og bluka til dekke pa veitane. No er omlag heile heimegarden oppdyrka. ca. 50 dekar har han stelt på og fått under kultur. Han har og for nokre år sidan rudt eit kulturbeite opp for heimebøen.

Kaspar Sæten er fødd på Nor i Eid kommune, og heitte Kasper Nor i sin ungdom. Det var med kona Synneve Sæten han fekk garden. Ho har heile tida gjett han god hjelp, og har hatt" si store om- sut for ættegarden.

Som så mange i Nordfjord var Kasper hestekar. Han har vore på mange hestemarknader rundt i landet, ja, han har vore på hestemarknad like til Danmark. Han hadde ein merkeleg hestetekke, og var reine trollmannen når det galt hestar. Var det ein villstyring av ein hest som ikkje let seg køyre, eller han var sta og gjekk bakover i staden for framover, då var han Kasper rette rnannen til å få hest av det. Han hadde ikkje hatt dei lenge før dei var viljuge og snille som ein god hest skal vera. Han fekk og eit ekstra fotelag på hesten når han tok i taumen. I skogen kom han fram på dei mest utrulege stader med hest og lass. Ein gong han møtte med hest på utstillinga på Norddfjordeid, var det sjølvsagt hesten hans som gjorde det best på tråvprøva. "Nei, den Sæten, den Sæten", sa statskonsulent Nordang.

Han har vore litt av ein tusenkunstnar på andre måtar og. Før var det alltid han Kasper ein gjekk til når det var noko som skulle vølast på reidskap og maskiner. Men så hadde han og i ungdomen vore tre år i Oslo i smedlære, så han kunne mykje i faget. Fantasi og hug til å eksperimentere har han alltid hatt. Etter Lodalsulukka tok han opp frå botnen den store turistbåten på Loenvatnet "Kjenndal". Han 1åg På djupt vatn, det skal vere 30 famner. Utan å ha spesialutstyr må dette seiast å vera eit meisterstykke. Han vølte båten og køyrde han ned i sjøen. Så fekk han ein lang ferietur for å selja. Først til Ålesund og sidan til Bergen, der selde han båten til Risnes Kalksteinsfabrikk. Det vart vel ikkje så mykje pengar å tena. men det var eit karsstykke som folk vil hugsa.

Han var ein flink skyttar alt frå ungdomen, og han tok med seg heim medaljar og mang ein fin premi. Under den første verdskrigen for han til Nordishavet som selskyttar. Han kom også velberga frå den turen, endå det var i den verste tida med tyske ubåtar på jakt etter norske skuter. I det heile har han hatt held med dei mange gjeremåla sine. Han har alltid vore opptimist, og hatt tru på at det skal gå, det er vel ein av grunnane til at. alderen ikkje har gjort han gamal.

I den siste krigen var han ein ivrig radiolyttar, og mang ein fekk mod og tru av hans sikre tru på sigeren. "Det går øje godt for dei alierte no", sa han alltid. Det fanst ikkje tvil med han.

Kasper Sæten har vore ein venesel mann, og han har alltid hatt tid lil å hjelpa grannane i mangt eit knipetak. Han er eit overskotsmenneske, som har gjort arbeidet til leik og eventyr. Mange er dei segnene som kjem til å leva etter han.

Bygdefolket og mange fleire vil ynskja han til lukke med 80-års- dagen, og dei komande dagar.

----

Kasper Sæten

----