Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ole Bernhard Andreasson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Bernhard Andreasson Loen

Årbok for Nordfjord 1981. Olav A Loen og Arbok for Nordfjord

Ein stad å vere frå

Av Reidar Djupedal

For nokre år sidan kom det ut ei bok som heitte Røter. Det var ein amerikanar av slaveætt som leita etter røtene sine i Afrika. Nokre halvgløymde ord av eit framandt mål, nokre brot av forteljingar som hadde levd i ætta var det einaste han hadde å halde seg til. Men dei sette han på faret, og han fann røtene sine.

Vi har alle våre røter endå vi ikkje kjenner dei alle. Vi har alle ein stad å vere frå og ein stad å vende attende til. Dette er ei kjensgjerning. Det er korkje attendedikting eller snyktegråt over ei tid som ikkje kjem att. Ingen vil attende til fortida, til ei tid med sjukdom, fatigdom, med gikt og tannverk og alt slags elende, og med ein medels levealder på 30 år. Men vi vil gjerne høyre om fortida, lære av ho og få greie på korleis folk verkeleg levde og kva dei var opptekne av. Ludvig Holberg seier einstad at ein av det forgangne kan lære om det tilkommende. På den måten ville han gjere historia nyttig. Om vi ikkje nett kan bruke historia til å spå framtida med, kan i alle fall historia betre lære oss å skjøne den tida vi lever i, som vi sjølve kan døme om og bere vitnemål om.

Årbok for Nordfjord skal vere målemnet i dag. Ho har fortalt nordfjordingane om sine røter, om ein stad å vere frå og ein stad å høyre til og ein stad å vende attende til.

Planen om å få ei årbok for nordfjord var i si tid knytt til planane om å få eit folkemuseum for Nordfjord. Alt i 1907 var Nordfjord Sogelag skipa, det fyrste bygdesogelaget i landet.1) Sogelaget tok med ein gong opp arbeidet med å få tufta eit Folkemuseum for Nordfjord. Til framtidsplanane høyrde det og å få sett i gang eit sogeskrift for Nordfjord. Grannane hadde alt fått sine årsskrifter.

1) Årbok for Nordfjord, 1965, s. 84.

Ikkje lenge etter at Nordfjord Sogelag var skipa vart det skipa ei «Søndmør historiske Forening (Sunnmør Sogelag)». Det var den 17de februar i 1909. Den 30. mai same året vart «Historielaget for Sogn» skipa. Begge laga tok til å gje ut skrifter som sidan har kome med jamne mellomrom. I 1910 kom fyrste årgangen av «Tidsskrift for Søndmør Historiske Forening (Sunnmøre Sogelag)». I år er den 56. årgangen ventande. «Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn» kom og med fyrste årgangen i 1910, og har no nådd til årgang 26.

Den 25. juni 1910 vart «Sunnfjord Sogelag» skipa. Det har vore mange planar om å få ut ei årbok, men dette har ikkje lukkast. Albert Joleik gav ut «Sunnfjord. Tidsskrift um Sunnfjord-soga», 1919, men meir kom visst ikkje. Otto Museklepp har gjeve ut «Sunnfjord-tunet», 1958.

Spørsmålet om eit historisk tidsskrift for Nordfjord vart ofte drøfta, men av ein eller annan grunn vart saka lagd til sides, og tanken fekk ikkje liv. Derimot kom det nokre spreidde skrifter. Fyrst kom «Festskrift i anledning aapningen av Nordfjord Folkemuseum», 1922, og sidan «Nordfjords Kyst. Utgit i anledning Norsk-Amerikanernes 100- aars jubileum», 1925. Det siste heftet står det ikkje med reine ord at Nordfjord Sogelag har gjeve ut, men føreordet er underskrive av Kr. J. Sunde, «formand i Nordfjords sogelag».

Då den fyrste «Årbok for Nordfjord» kom ut i 1951, hadde ho ingen samanheng med dei gamle planane. Tiltaket var nytt og ubunde av fortida. Det var Olav A. Loen som fekk ideen til ei årbok for Nordfjord-bygdene, og det var han som bar tanken fram og gav han liv. Han kjende knapt til alt som før hadde vore sagt og skrive om saka. Heller ikkje hadde han nærare kjennskap til tidsskrifta på Sunnmøre og i Sogn. For han var «Årbok for Glåmdalen» (frå 1941) og «Dølaminne. Årbok for Gudbrandsdalen» (frå 1930) dei næraste førebileta, særleg då årboka for Gudbrandsdalen. «Ho høvde best med dei tankar eg sjølv hadde gjort meg,» seier han. Det skulle ikkje berre vere eit skrift for bygdesoge, men og eit skrift for bygdekultur og ungdomslagsarbeid.

«Det som var mogeleg andre stader, måtte og vere mogeleg å få til i Nordfjord,» tenkte han. Han møtte velvilje frå alle kantar og hjelp frå mange. Det vart likevel ikkje få harde tak før årboka var trygda.

Her skal vi ikkje skrive soga om Årbok for Nordfjord, men det må vere naturleg når Olav A. Loen no sluttar som skriftstyrar å gje ei stutt utsyn over hendingsgangen.


Olav A. Loen

Olav A. Loen hadde særlege gåver som skriftstyrar for ei lokalhistorisk årbok. Han kjende fjorden og han kjende folket. Han hadde vore ein av føregangsmennene i Firda Ungdomslag og i fleire andre samskipnader, og han hadde lang røynsle i den vanske-lege kunsta å skrive, å setje tankar og røynsler om i ord på papiret. Det er og noko som skal lærast, og det krev tid og tolmod. Olav A. Loen var vel budd til å styre ei Årbok for Nordfjord. I si skriftstyrartid gav han ut 14 årbøker med til saman over 2000 sider. Arbolka har han styrt med fast og mild hand. Han rettleidde dei som trong hjelp, og han stramma inn stil og skrivemåte når folk kom for langt ut på viddene, og han skifte ut framandslege ord og vendingar så boka skulle bere bod til alle.

Denne lange rekkja av årbøker har han gjort til kjeldeskrifter, eller skal vi heller seie til eit stabbur av kunnskap om Nordfjord både i fortid og notid. Det er uråd å rade opp alle dei emne som årboka fortel om. Ser vi årgangane samla, finn vi forteljingar og utgreiingar om lokal-soge, om folk og hendingar, om folkeminne, segner og eventyr, om ferdsle og jektefart, om littteratur og kunst, om dikt og folkemusikk.

Skriftstyraren har vore dugande til å leite fram tilfang og til å få folk til å skrive. På denne måten har han hatt ei styring med årboka, men han har vore ein raust og romsleg styrar som har late alle meiningar kome til orde. Vi veit og at han har hatt fleire målemne og idear på ynskjelista si enn dei han har fått sett ut i livet, men dei ventar tolmodig på einkvan som kan ta seg av dei og skrive om dei. Med godord og klokskap har han visst å få trege folk av lunnane. Sume kom med forebersler om at det dei viste og kunne var lite verd. Olav A. Loen fekk dei til å freiste likevel, og dei kom att, fordi dei fekk kveik og hjelp.

Eg må få lov å sitere nokre liner frå eit brev som skriftstyret fekk for ei tid sidan, og som fortel om det gamle og gode tilhøvet som årboka har til medarbeidarane sine. Ein mann som har skrive både i årboka og i Jul i Nordfjord i mange år, takkar for gamalt samarbeid og «for godt brev med gode ord. Det eggar meg opp til å skriva meir, men synet minkar no...» Olav A. Loen kunne visseleg fortelje mangt og mykje om tilhøvet sitt til lesarane og medarbeidarane.

Det må og nemnast at Olav A. Loen har vore ein klok skriftstyrar, klok på den måten at han ikkje har freista å tøye felden lenger enn han rokk. Dårleg råd var lenge den store bøygen, og sidan måtte han halde hus med det vesle som var. I dag torer vi nok seie at årboka kviler på traust grunn, såleis at ho er trygda om ikkje uventa ting kjem på.

Her skal vi ta med nokre spreidde utdrag frå styrebøkene til Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag. Vedlegga har eg ikkje sett, og heller ikkje brev frå denne tida. Det kan difor berre verte ei stutt utsyn som syner gangen. Ved alle vegamot støyter vi på Olav A. Loen. Det går tydeleg fram av styrebøkene at det var han som reiste tanken og vi ser at det var han som fekk gjort tanken til røyndom. Han har dessutan skrive litt om opptaket til årboka i eit brev til meg 3. august i år. Her skriv han fyrst:

«Eg hugsar at Gudbrandsdalen og Glåmdalen hadde teke til med slike Årbøker, og det gav meg tanken om å prøve noko slikt i Nordfjord. Tidlegare hadde «Jul i Nordfjord» kome ut. Eg meinte at den skulle vere meir litterær, og gje rom for ungdomar og andre som ville prøve seg med forteljingar og dikt, og slik var vel «Jul i Nordfjord» i den første tida.»

Ved denne tida var Olav A. Loen og skriftstyrar for Jul i Nordfjord, men det var ikkje lett å få unge menneske til å dikte. Difor fekk juleheftet etterkvart ei sterk halling mot bygdesoge og kulturhistorie. Det synte seg at det var rom både for ei årbok og eit julehefte. Det var eit nært samarbeid mellom skriftstyra og det vart ofte ei skjønssak korleis tilfanget skulle bytast mellom dei.

I styreboka for Nordfjord Folkemuseum for 29. januar 1949 er det fortalt om det fyrste opptaket til Årboka. Styra i Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag møttest for å drøfte «skriv frå Olav A. Loen med framlegg om at Nordfjord Sogelag og Museet går saman med Firda Ungdomslag om utgjeving av årsskrift og andre skrift ved-komande Nordfjord». - Vedtaket lyder: «Sogelaget og Museet går svært gjerne saman med Firda Ungdomslag om utgjeving av slike skrifter. Formannen i sogelaget og formannen for museet får fullmakt til å tinga med styret for Firda ungdomslag om samarbeidet.»

I Styreboka for Firda Ungdomslag for 5. mars 1949 er det sagt: «Vart lese ymse skriv frå Olav A. Loen og Ola Sande (= formann for Museet) der det var orda frampå om samarbeid mellom Firda Ungdomslag, Nordfjord Sogelag og Nordfjord Folkemuseum ved utgjeving av årboka.» Vedtaket vart: «Til å tinga om spørsmålet vart valde Olav A. Loen, Ingolv Aagaard og Einar Skarstein (= formann Firda Ungdomslag).»


Ola Sande

I årsmeldinga frå Firda Ungdomslag for 1948 kan ein lese meir om årboksplanane: «Etter opptak av Olav A. Loen har ein teke opp arbeidet med å gje ut Årbok for Nordfjord. Frå først av var det meininga at Firda ungdomslag skulle stå åleine om tiltaket, men seinare har det vore tingingar om samarbeid mellom Firda Ungdomslag og Nordfjord Sogelag om samarbeid om denne oppgåva. Tilrådinga om saka kjem fram som sak under årsmøtet.»

I oppritet frå årsmøtet i Firda Ungdomslag, 18. juni 1949, vert det sagt om denne saka: «Firda Ungdomslag går saman med Nordfjord sogelag om å gje ut Årbok for Nordfjord og steller til rådvelde kr. 2500, 1) til startkapital på vilkår av at Nordfjord Sogelag gjer det same.»

1) Olav A. Loen trur at den endelege summen som vart løyet, var på 700 kr. frå kvar. Thorleif Iversen trur og at det var 700 kr. frå Firda Ungdomslag.

Samarbeidet mellom dei to samskipnadene var heile tida godt, og dei hadde ingen vanskar med. å semjast om hovudsaka. Nordfjord Sogelag var samstundes målsmann for Nordfjord Folkemuseum som museet var ein del av. Ein kan såleis seie at Nordfjord Folkemuseum var med frå fyrsten av som ein part i årboka. Ola Sande som var målmann for museet, var heile tida velviljug og energisk for saka. Lars Søreide som meir hadde med sogelaget å gjere, var og positiv til tanken.Ingen hadde førebersler å kome med når det galdt sjølve framlegget om ei årbok for Nordfjord. Alle ville ha ei slik bok. Det som stod att var å vinne over praktiske vanskar og trygde årboka i penge-vegen.

I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1949 kan vi lese kor langt arbeidet er kome: «Firda Ungdomslag arbeider saman med Nordfjord Sogelag om å gje ut Årbok for Nordfjord. Arbeidet er no kome så langt at det er sett opp kontrakt om prenting med Nilssens Trykkeri i Stryn, og boka skal vere i handelen til hausten.»

Det same er sagt i oppritet frå styremøte i Firda Undomslag den 28. januar 1950: årbok for Nordfjord som Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag skal gje ut i lag, vil vi freiste å få ut hausten 1950.»


Lars Søreide

Sidan dette og skulle vere ei årbok for ungdomslaga, var det og rimeleg å spørje ungdomslaga om dei kunne finne høveleg tilfang i lagsblada sine. Mange diktarar hadde sett sine fyrste ord på prent i dei handskrivne ungdomslagsblada. Det vart lyst ut ei tevling om dei beste tilskota, på vers eller prosa. Den 16. juni 1950 vedtok styret at Håkon Gausemel, Bjarne Lødøen og Oskar Tomasgard skulle vere domsnemnd. Tre ungdomslag fekk premie, og fem andre tilskot kom dessutan med på prent.

Året etter vart det lyst ut ei ny tevling. Denne gongen vart det og etla ut tre premiar.

No synte det seg at det ikkje var så beinkløyvt å få ut den fyrste årboka til den tida som var sagt. Alt tilfanget stod i sats, men på grunn av vanskar med straumen og lite arbeidshjelp, var det uråd å få boka ut i 1950. Det var eit stort vonbrot.

I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1950 høyrer vi om alle vanskane: «Årboka for Nordfjord kunne vi diverre ikkje få ut til jul som planen var og som vi hadde kontrakt med prentaren på, då det synte seg at prentearbeidet ikkje vart gjort ferdig. Alt ligg no ferdig i sats, og vil verte prenta så snart straumvanskane er slutt.»

I 1951 kom så den fyrste årgangen ut. På brædet stod det:

ÅRBOK FOR NORDFJORD 1951
Eit skrift for folke- og kulturminne,
arbeidsliv og ungdomslagsarbeid.
Utgjeve av Firda Ungdomslag og Nordfjord Sogelag.

Skriftstyrar var Olav A. Loen, og med i skriftnemnda for Nordfjord Sogelag var Lars Søreide, Hopland. Boka var prenta, i Stryn Trykkeri.

Her kan det høve å la skriftstyraren atter få ordet. I brevet 3. august til meg, fortel han etter minnet nokre spreidde drag frå førebuingane og rådleggingane han hadde med dei to samskipnadene som stod attom årboka:

«Første årboka kom ut i 1951, og då var Lars Søreide med i skriftnemnda. Han var den tid formann i sogelaget. Det var i førebuinga at dei kom seint med. Då F.U. hadde teke avgjerd om å gje ut ei slik bok, og eg kjende meg som skriftstyrar for boka, så skreiv eg til Nordfjord Sogelag om samarbeid, og eg fekk eit positivt svar frå Ola Sande. Han var kanskje sekretær eller noko slikt i Sogelaget. Det vart då halde eit møte på Sandane der Lars Søreide, Ola Sande og eg var med. Møtet vart halde i heimen til Ola Sande. På det møtet var Sande for samarbeid om årboka. Lars Søreide nemnde at då dei starta Sogelaget var det for å gje ut skrifter, saman med å få til eit Nordfjord Folkemuseum dei viktigaste oppgåvene for laget, og dei hadde no i tankane å gå i gang med dette. Eg veit ikkje om det var ungdomslaga han ikkje hadde full tiltru til. Resultatet av møtet var at vi vart samde om å gje ut årboka i lag. Kvart av laga skaut inn kr. 700, trur eg, for å få ein liten startkapital. Dette finn du vel i rekneskap eller møtebøker til Sogelaget. Lars Søreide vart med i skriftnemnda, og til kasserar fekk vi Håkon Gausemel som då var kasserar i F.U. Så vidt eg hugsar så førde han rekneskapen saman med rekneskapen for F.U. Vi hadde underskot på boka dei første åra, og etter å ha gjeve ut årboka kvart år i tre år, såg vi ikkje råd til å halde fram av økonomiske grunnar.»

Både bygdeblada i Nordfjord og blad i Oslo og Bergen tok vel mot den nye årboka. Det same gjorde lesarane. I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1951 vert det fortalt at «boka har fått mykje vellæte i pressa, og i sume bygder har boka vorte seld i kvar einaste heim. Mange utanom Nordfjord har tinga boka.»

Trass i at folk tok vel mot årboka var det likevel vanskeleg å få endane til å møtast. Dei to samskipnadene var likevel samde om å halde fram, endå om tiltaket ikkje bar seg og gjekk med underskot. Då tredje årboka kom ut, og ho heller ikkje bar seg, vedtok styra at dei ville søkje Kyrkje- og Undervisningsdepartementet om ei lite tilskot, slik som eit par andre årbøker alt hadde fått. I referatet frå styremøtet 9. april 1954 står det at dersom søknaden vert stetta, kjem årboka ut som før. Det står ikkje noko om kva som skal hende om søknaden ikkje vert stetta. No sa Departementet nei, og då det ikkje var andre kjelder å ta av, hadde årboka kome i eit skorfeste. Olav A. Loen var og formann i Firda Ungdomslag ved denne tid, og han tykte sjølvsagt at det var leitt at utgiftene hadde vorte større enn inntektene. Styret vedtok difor å halde opp med årboka, i alle fall for ei tid.

Rekneskapen for årboka hadde vorte førd saman med rekneskapen for Firda Ungdomslag, slik at underskotet måtte ungdomslaget bere.

Såleis leid det nokre år. Då lektor Daniel Dvergsdal vart formann i Nordfjord Sogelag tok han opp spørsmålet om å få årboka ut på nytt. Han fekk på ny samla kreftene og sett rygg i årboka, og i 1959 kom den fjerde årgangen ut. Denne gongen var undertitelen stytta til «Eit skrift for folke- og kulturminne». Skriftnemnd var Daniel Dvergsdal og Thorleif Iversen. Dei som hugsar denne tida, er samde om at hadde ikkje Daniel Dvergsdal teke så mange trauste tak for årboka, hadde ho venteleg somna for godt.

Olav A. Loen fortel det såleis: «Eg gav ikkje opp tanken på å få boka ut på nytt, men eg fann ikkje nokon som ville satse noko på det, endå det var mange som sa at dei sakna boka. Då lektor Daniel Dvergsdal vart formann i Sogelaget, synte han stor interesse for å få boka ut på nytt. Vi fekk Ingolf Aagaard på Sandane til kasserar, og vi gjekk noko varsamare til verks og gav ut boka berre annakvart år. Du må undersøkje om vi ikkje også bad om 100 kr. frå kvar av dei 10 kommunane i Nordfjord. Boka kom ut på nytt i 1959.

Vi sette og meir inn på å få faste seljarar rundt om på bygdene. Dei gjorde godt arbeid og salet auka for kvart år. Sjølv om det ikkje vart noko mjølkeku for F.U. og Sogelaget som sume venta, så har vi greidt å halde det gåande til denne tid, og då Sogelaget ville gje ut Rasmus Øvre-Eide si bok om stortingsmenn i Sogn og Fjordane, og ikkje hadde eller fekk midlar til det, gav årboka pengar til utgjevinga. Årboka har 6g fått ein tryggare økonomisk grunn å stå på.»

Olav A. Loen nemner og at han ei tid var inne på tanken om å gå saman med sunnfjordingane om å gje ut ei sams årbok. «Salskrinsen vart då vidare, og vi kunne få ut boka kvart år. Eg hadde ei samtale med stortingsmann Einar Stavang om det, han var med i skriftnemnda for «Jul i Sunnfjord». Han trudde den skipnaden var god, og høvde for dei slik den var. Vi fekk etterkvart betre økonomi, og eg har ikkje gjort noko med saka sidan til å få ei bok for heile Firda-fylket.»

Då no årboka var komen på fote att, vart det naudsynt å få sett opp ein avtale mellom dei to partane som stod attom tiltaket. Dette arbeid tok nokre år, ikkje fordi det var usemje om skipnaden, men helst fordi det heilt naturleg måtte ta litt tid. I 1964 var avtalen ferdig, og formennene og skriftstyraren skreiv under avtalen. Det var Ola T. Eide, Thorleif Iversen og Olav A. Loen. Samstundes vart Olav A. Loen og tilsett som fast skriftstyrar. Det siste var berre ei formsak.

Spørsmålet om tilskot frå herada vart og teke opp. Etter det eg kan skjøne vart endelykta den at herada kunne ta lysingar for ein viss sum. I den fyrste tida var visstnok summen 100 kr. Sidan har han auka noko, og i år bed årboka om 350 kr. frå kvart herad til ei heilside-lysing. Elles er det mange som har lyst i årboka, og på den måten hjelpt til å halde ho oppe.

Årboka søkte og Norsk Kulturfond om ein viss stønad, og det har årboka fått. Skriftstyraren seier at det helst var ein symbolsk stønad, men han tok det som eit teikn på «ei godkjenning av kvaliteten.»

Denne gongen synte det seg at årboka bar seg. Stramt hushald og framsynte disponeringar gjorde det. Kassemeisteren Ingolf Aagaard førte særskild rekneskap, og han greidde det som ingen hadde trudd, å få ei botnskrapa kasse til å verte ei Sarepta krukke.. I dag torer vi seie at årboka har eit traust økonomisk grunnlag, og for kvart år som går, aukar kapitalen med nokre kroner, såleis at årboka hentar inn prisstigninga og har nok pengar til å prente neste årgang. Til denne tid har årboka kome annakvart år, men det har vore røyster som spør om ho ikkje bør kome årvisst. Det er ei sak som styra nok vil drøfte når den tida kjem.

Årboka er billeg i drift. Det vert ikkje betalt skriveløv, og den vesle betalinga skriftstyraren har fått, er helst for symbolsk betaling å rekne. Hovudsaka er at boka kan kome ut.

Den gamle grunnkapitalen som Firda Ungdomslag og Nordfjord sogelag løyvde så årboka kunne kome i gang, har årboka betalt attende. Årboka er såleis heilt skuldfri.

Frå og med andre årgangen har Solglimt Trykkeri på Sandane stade for prentinga, og dette samarbeidet har heile tida vore det aller beste. Skriftstyraren kan ikkje nok rose prenteverket for godt og samvitsfull arbeid. Medarbeidarane kan berre sanne det skriftstyraren seier. Det er sjeldan å finne eit prenteverk som les så god ein huskorrektur. Ein skal og leite lenge i den ferdige boka før ein finn prentefeil. Etter 30 års godt samarbeid må det vere lovleg å nemne dette.

Framleis har bygdeblada berre hatt godord å seie om årboka. Det har hjelpt til så salet har auka etter kvart. Fleire av dei eldre årbøkene er no utselde. Fyrste årgangen vart prenta i 2000 eksemplar. Sidan har årbøkene vore prenta i 1500, men frå i år av, går talet atter opp i 2000.

Som eit døme på kva blada skriv, vil vi her ta med utdrag av ei melding i Norsk Tidend 9. juni 1972 om den tiande årboka: «"Årbok for Nordfjord" blir utgjeven av Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag. Desse laga har såleis gjort ei god gjerning som ettertida vil takke dei for.

Men ein må vel ha lov å seie at Årboka ville nok ikkje ha blitt det ho har vorte, ja, hadde vel knapt vore til, om ikkje Olav A. Loen hadde stade attom. Han har hatt eit skriftstyre til å hjelpe seg, ogdette skriftstyret har skift noko gjennom åra, men han har halde tiltaket saman.

Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiingar om ei rad med nynorske diktarar, som kanskje ikkje høyrer til dei store, men som må vere med om biletet av nynorsk litteratur skal bli fullstendig og sant. Såleis har Olav A. Loen vore verksam på mange område. Til dette kjem at han har teke mange tak i lag, organisasjonar og bygdepolitikk. Garden har og kravt sin mann. Om Olav A. Loen kan det ordet høve, at den som har mykje å gjere, han får og mykje gjort.

Årboka har undertitelen: "Eit skrift for folke- og kulturminne", men redaktøren har aldri late seg binde av tronge grenser. Ser ein gjennom dei ti årgangane som er komne, er det nett breidda som slår ein. Det er tydeleg at redaktøren alltid har lagt vinn på å få alle bygder med, og få sentrale emne utgreidde.Det slår ein og at årboka i alle år har halde faglege mål. I alt er der noko å finne.»

Ved dette høvet når ein skal seie litt om Olav A. Loen og Årbok for Nordfjord, kan det og vere rimeleg å dra fram nokre sider av det litterære arbeidet hans elles. Arbeidet med årboka har berre vore eit arbeid ved sida av dagsens mange andre gjeremål.

For nokre år sidan (1978) gav Olav A. Loen ut ei bok om «Garden og ætta. Sjurebruket i Loen». Her seier han frå om folket sitt og garden så langt attende som kjelder når og folkeminnet kan fortelje. Han fortel om liv og arbeid på garden, eit arbeidsliv som no høyrer fortida til. Han fortel og om bygda og livet der, om ungdomslag og den åndelege vokstertida som fylgde med lagsliv og anna ungdomsarbeid.

Han nemner og stutt sitt eige arbeid som diktar og forfattar. Sine fyrste freistnader som diktar gjorde han i ungdomslags-blada og i mindre blad. Sjølv brukte han namnet Olav Alvheim. Sidan gav han ut romanar, spelstykke og forteljingar. Han har elles liggjande både romanar og spelstykke som ikkje enno er prenta, m.a. eit spel om Kolbein Sterke.

Olav A. Loen har og gjeve ut eit litteraturhistorisk arbeid om nynorske forfattarar: «Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett» (1970), og ei lita bok om diktaren «Ingvald Forsberg» (1956). Dei diktarane han fortel om, høyrer kanskje ikkje alle til dei store. Dei har hatt si rot i ungdomslagsarbeidet og vore bundne til liv og arbeid der. Ein kan seie at Olav A. Loen med dette har gjeve oss lykelen til si eiga dikting. I eit langt diktarliv har han og vore med og bygt nynorsk litteratur.

Olav A. Loen kan i sine beste ting fortelje ei historie med råkande og ramme ord. Han kan smi ein replikk så han sit. Han kan skildre naturen utan å falle i stavar, og han kan skildre menneske så du ser dei føre deg. Han eksperimenterer ikkje med språk og stil, men han har herredøme over målet. Stundom slær nordfjordmålet gjennom og gjer målet levande og nært. Alt dette har han lært seg sjølv, ikkje fyrst og fremst i bøker og skular, men av livet og av røynsle.

Hans siste bragd er ei diktsamling «Det var deira draum» (1980). I denne diktboka har ein 80-årig mann heilt fornya seg. Han skriv framleis dikt i tradisjonell stil med rim og fast rytme, men det er framom alt dei rimfrie dikta som har forløyst evner i han som viser nye sider ved mannen. Boka ber bod om ein mann som no har vunne så langt at han gjennomskodar livsens fåfengd og utvendige glitter,og har fått eit klårare syn for dei ting i livet som er viktigare. Det er ikkje det som glimar mest, som det lyser mest av.

Diktet "Det vart aldri tid" har ein litt ironisk undertone, motsetnaden mellom ord og gjerning:

Alle vil heim
til fiskarbåten
ved havet,
til tunbjørka
og sætervollen.

Det vart aldri tid.
Det vart berre
eit draumesyn.

Båten ligg kvelvd
i fjøra.
Tunbjørka står
mellom taklanse hus
og sætervollen attgrodd
med nesler og skog.

I diktet Ingen har nok i seg sjøl finn ein eitslags livsfilosofi eller kanskje heller eitslags livssamandrag:

Ingen har nok i seg sjøl.
Ein vert ikkje fattig men rik
av å ha noko å dele
saman med andre.
Den som gjev
han vil og få
nokon å gle seg med
nokon å gråte med,
ei morshand
ei venehand
ei barnehand.
Det er med og gjer
den veike sterk.

Då Olav A. Loen tok til med Årbok for Nordfjord hadde han over tretti års skriving attom seg. Av slikt lærer ein. Han har synt meg prøver på si eiga ungdomsdikting som han sjølv seier har mange språklege lyte, og sant kan det vere. På den andre sida hadde han ein naturleg sans for språk og stil, og han hadde dessutan sitt eige nordfjordmål som eit trygt grunnlag. Det som er godt nordfjordmål er god norsk. Det som er dårleg nordfjordmål, er dårleg norsk. Så enkelt er det.

I sine skriftstyrarår har han hjelpt mange med å finne seg sjølv språkleg. Han har fått ein måteleg tekst til å verte leseleg, og han har plukka av setningane dei store orda som helst var uskjønlege for vanleg folk. For dette må lesarane vere skriftstyraren stor takk skuldig. Den som i embets medfør er nøydd til å lese prøver på det målet som både politikarar og boklærde folk skriv, lyt sanne med Vinje at det kan vere store tropper til små hus, og store ord til små tankar. Du kan ikkje fri deg frå denne statsnorsken same kor du snur og vender deg. Han snik seg inn på deg frå alle kantar. Det er mykje ull og tåketale, graut og talemåtar.

Årbok for Nordfjord har vore fri for denne magisternorsken. Her finn du ei målføring som det er ein hugnad å lese. Folk kvir seg heller ikkje med å bruke sine mange og gode nordfjord-ord som gjev liv til kvar side. For dette skal skriftstyraren ta takk.

Det er enno for tidleg å leggje saman Olav A. Loens verk. Han vil skrive bøker heretter og. Heller ikkje har han heilt sleppt taket i årboka, sjølv om han ikkje lenger er skriftstyraren. Han har enno mykje uskrive og ugjort.

Gjennom alt sitt arbeid har Olav A. Loen vore med og sett rygg i medfjordingane sine og gjort dei medvitne om opphav og røter. Årbok for Nordfjord har styrkt sjølvkjensla til nordfjordingane og vøre med og samla alle fjordingar om sams oppgåver.