Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ole Bernhard Andreasson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Bernhard Andreasson Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 15. Noko om Olav sitt litterere areid

Dei første småforteljingane fekk Olav prenta då han var 14 år, og sidan tok han til å skriva i ungdomsblada og lokalavisen. Alt frå 1918 og ut over skreiv han skisser og forteljingar i blad som Frilynt Ungdom, Folkets ven, Ung Norig og Norsk Ungdomsblad. Seinare har han skreve i Nynorsk Vekeblad, den 17 de mai, Norig, Unglyden, Midnattsol, Gula Tidend o.m.fl. I tidskrift har han skreve i Syn og Segn og Fossegrimen og andre.

I den første tida nytta han løyndenamnet Olav Alvheim, og stundom når han skreiv dikt nytta han namnet Sjur Loar. Desse namna nytta han for å vere ukjend i heimbygda, men der vart han snart kjend under desse namna. Han heldt likevel fram med å nytte Alvheim til etter den siste verdskrigen.

Han skreiv og lenger noveller og forteljingar og spelstykke som han fekk prenta i ymse blad som utklipsbøker. Eg skal har ta med ei liste over det som vart prenta på denne måten. (Under forfattarnamnet Olav Alvheim)

  • .Når myrkret fell. (Spel i ei vending) Utklipsbok i Frilyndt Ungdom 1920, 33 sider.
  • .Bort frå Guds vegar (Forteljing ikkje avslutta ) Utklips-bok i Breidablikk 1920, 23 sider
  • Ungdomselsk (Spelstykke og små soger) Utklipp av Unglyden 1922, 80 sider.
  • Makt og æra (spel i ei vending) 24 sider, Utklipp av Unglyden Voss 1922.
  • Dragsog (Forteljing, 44 sider). Utklipp av Unglyden Voss 1925-26.
  • Livsstrid (Forteljingar), 57 sider. Utklipsbok i Firda Tidend Sandane 1924
  • Livsval. Henne eller dei hine. Ein livslagnad (Forteljing), 80 sider. Utklipsbok av Unglyden Voss 1926
  • Ungkarelsk. (Forteljing), 32 sider. Utklipsbok for Unglyden Voss 1926.
  • Frå innstengde dalar. (Forteljing), 28 sider. Utklipsbok av Firda Tidend, Sandane 1927.
  • Livsens spel (Forteljing), 164 sider. Utklipsbok i Austland, Hamar 1927-28.
  • Ingrid Vestgarden. Ein kvendelagnad (Forteljing), 47 sider. Utklip av Heimveg, Surna 1934.
  • Mot høgda. Nils Aasgards ungdom. (Forteljing) 147 sider. Utklipsbok i Firda Tidend 1934.
  • Vetle Vislie. Ein diktarprofil, 1927. Utklipsbok i Firda Tidend, Sandane, 22 sider.
  • Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Utklipsbok i Austland, og serprent av same. Kom utvida som bok på Evjeberg Forlag Bøstad.

Dei første forteljingane han gav ut som bøker var og under løyndenamnet Olav Alvheim. Vinteren 1924 skreiv han den første lenger forteljinga. Ho kom som framhald i Fjordabladet med namnet Elfrid Kjelset. Seinare sende han det til Norske Forfatteres Forlag (Walter Øverland) Oslo, med namnet Ung elsk. Der vart det godkjendt til utgjeving, men forlaget gjekk konkurs då boka låg ferdigprenta hjå Norsk Sko1etidendes trykkeri på Hamar. Olav betalte dei ein sum, for der var ikkje innbetalt noko frå forlaget for prentinga, og han fekk boka ut på eige forlag. Han har gjeve ut desse bøkene:

Under namnet Olav Alvheim:

  • Ung elsk (Forteljing), 103 sider. Norsk Skoletidendes Trykkeri, Hamar. Eige forlag, 1925.
  • Ung elsk (Forteljing ny utgåve), 114 sider, Oslo 1941. Fonna Forlag.
  • Ung elsk. 2. utgåve, 114 sider, Oslo 1943, Fonna Forlag.
  • Taterprinsessa (Forteljing), 128 sider, Oslo 1946, Fonna Forlag.
  • Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Til 70 års dagen. 42 sider, Bøstad 1956. Marius Evjeberg Forlag.

Under sitt egen namn Olav A. Loen:

  • Trettandedagen (Forteljing), 80 sider. Bøstad 1958, Marius Evjeberg Forlag.
  • Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett, 173 sider. Trondheim 1970. Rune forlag.
  • Harde Hender. Forteljingar. 128 sider. Trondheim 1977.Rune forlag.

Utan om det som er nemnt har han fått prenta som utklipsbok denne røvar- eller kriminalromanen under løyndenamnet: Lodin Willihause:

Skatten ved Amasonelva. Einar Berg og Jack Cheeme møtest, 111 sider. Utklippsbok i Unglyden Voss 1927-28.

Han har og frå han tok til å skrive heile tida skrive bokmeldingar i ungdomsblad, lokalavisen, Gula Tidend og Sunnmørsposten. Han er medlem i Norsk Litteraturkritikarlag.

I to valbolkar var han med i Kringkastingsrådet. Der vart det halde minst to møte for året. Møta var helst i Oslo i kringkastingshuset på Marienlyst. Men i den tida tok dei og til å halde møte utanfor Oslo. Det første møtet vart halde i Tromsø. Sidan var det eit møte i Trondheim og eit i Ålesund, og denne skipnaden har halde fram seinare. Medan han var med var desse kringkastingssjefar i N.R.K.: Kaare Fostervold, Hans Jakob Ustvedt og Torolf Elster. I den same tida har desse vore formenn i rådet: ei stutt tid Eva Nordland, sidan Hans Jakob Ustvedt, Torolf Elster og Ivar Eskeland.

Det var mange viktige saker oppe til drøfting. Kringkastingsrådet skulle vere eit rådgjevande organ for kringkastingssjefen. Dei skulle kome med kritikk over program som hadde vore, og dei skulle drøfte endringar i programmet og nye idear til program. Ei fråsegn av eit samla råd vart alltid teke omsyn til i N.R.K. Kringkastinga var i ei rik utvikling, og i denne tida var det fjernsynet dagleg tok til med sine sendingar. I det heile var det rike opplevingar og mykje å lære ved å få vere med i rådet. Og samværet med kringkastingsfolk som ein lærde å kjenne og medlemmer i rådet gav minne som alltid vart hugsa. Det var som bonde han var komen med, og skulle representere den gruppa i rådet. Og det var der han kjende seg best heime. Det var nok slik at det var meir han fekk nyte en yte, men ei verdfull og rik tid var det.