Bildegalleri
Bildevideo
70/6 Sjurebruket i Loen
Bruk-detaljar

Sjurebruket er eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen med bruksnr 6 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 121. Skylda på bruket var 4,12 mark i matrikkelutkastet frå 1950.

Gardskartet nedanfor viser Sjurebruket slik det er omkring år 2000.

Bruket har i dag desse teigane:
  • Skogsteig i Stranda (mot nordvest)
  • Innmarksteigar i Lotunet
  • Skogsteig i Hagedalen
  • Innmarksteig bak Brennhaugen (mot sør)
  • Skogsteig på sørsida opp frå innmarksteigen bak Brennhaugen
  • Skogsteig ved Lo-støylen
  • .
  • Ein liten naustteig innafor dampskipskeia er så liten at den ikkje synes på kart i liten målestokk.
Sjurebruket har i dag ca 50 dekar jordbruksareal og vel 200 dekar produktivt skogareal.

På grunn av jordksifta i Loen kan ein ikkje knytte dei same areala til bruket bakover i historia. Før jordskiftet som vart avslutta i 1898 var det omfattade teigblanding med innmarka fordelt på 70-80 teigar for kvart bruk.

Frå 1898 til 1968 hadde Sjurebruket ein innmarkstieg som i vest gjekk frå frå tunet og ned til elva på Loøyra, og i aust ca 100 meter innover dei flate teigane. I tillegg hadde Sjurebruket teig i Bråvallsgjerdane mot Hagedalen som vart delt delt i to av vegen mot Lodalen. Etter skifte av utmarka i 1927 fekk Sjurebruket innmarksteig omkring Brennhaugen frå Saghølen og opp til grensa mot utmarka i sør. Teigen gjekk då litt lenger mot vest enn teigen som bruket har i dag, men ikkje så langt mot aust. Området på sjølve Brennhaugen vart kjøpt av kommunen i 1977 og lagt ut til bustadsfelt. Utmarka har vore som i dag sidan utskiftninga i 1927.

Sjurebruket hadde 3 frukthagar som alle er borte etter utskiftninga i 1968. Det var eplehage og plommehage på Øyrabakken og eplehage der som låven no står. Frukktrea vart planta av Andreas Olsen Loen som døydde i 1909. På 1950 talet var det samarbeid med Trulsbruket om å sprøyte frukktrea. Dei hadde då motor og ei tønne som dei monterte på høyvogna og køyrde rundt i hagane og sprøyta. Trea var då svært store, særleg gravensteinstrea, og for å nå toppane vart det bunde saman to stigar, ein på 7 meter og ein på 4 meter. Frå eitt tre åleine vart det i gode år hasuta 40-50 kassar med furkt.

Sjurebruket hadde i mange år samarbeid med Markusbruket og Knutebruket om potetopptaking. Dei hadde ein kastehjuls potetopptakar som vart dregen av 2 hestar, og den tredje hesten i samarbeidet vart brukt til å køyre poteter i hus og kome tilbake med tomkassar. Folk frå alle dei tre familianen var med slik at det var folksomt på åkeren og plukkinga av poteter gjekk rakst.

Sjurebruet fekk planert ut reina som gjekk på tvers av myrane på teigen i vest. Etter jorskifte overtok Magnebruket Øyrabakken, og deretter vart hagane fjerna og Øyrabekken planert ut slik at det vart slakare skråning ned mot Loøyra. Etter jordksiftet overtok Sjurebruket Magnehagen og Framigardeshagen nedanfor kyrkja. Desse hagane vart fjerna i samband med rydding og planerin av tomtane etter Sjurelåven og Magnehuset. Teigen ved Brennhaugen som Sjurebruket fekk tildelt ved utskiftninga i 1927 vart rydda for einer og var i mange år eit godt beite. I 1980 var denne teigen fulldyrka.

Bildet nedanfor viser den gamle teigen nedover frå tunet mot Loelva i vest før planering, med eplehage mot Trulsbruket i sør og plommehage mot Magnebruket i nord.

Hovedhusa på Sjurebruket har lege omlag på same staden heile tida og vart ikkje flytta ut ved jordskifta. I dag (2008) har bruket våningshus bygd i 1926/1927, låve bygd i 1961/1962 og stabbur med ukjend alder. Stabburet stod tidlegare vestanfor gamlestova men vart flytta ein gong etter krigen (1940-50 talet). Etter utskiftninga i 1898 vart fjøsane samle og det vart bygt låvebygg over. Denne gamle låven stod frå ca 1900 til 1962. Utskiftningskartet frå 1898 viser bygninge som då var. (sjå kartskisse nedanfor). Då det nye våningshuset vart bygt (1926/27), vart den gamle Nystova seld til Gabriel Gildestad som sette ho oppp på tomta si på Auflem (Kråka). I 1938 vart Gamlestova seld til Alfred Loen som flytta ho til tomt på sørsida av elva (sjå bildegalleriet for Trulsbruket). I bildegalleriet for Sjurebruket er det bilde av husa på Sjurebruket.

Sjurebruket hadde sel både på Lostøylen og på Høgesetra. Sjurebruket slutta å bruke Lostøylen omkring 1930 etter at dei fekk nytt kulturbeite ved jordskiftet i 1927. Selet vart ikkje halde ved like etter dette, taket fall ned på slutten av1960-talet og no i 2008 er selet heilt borte. Sjureselet stod nederst og lengst til venstre sett ovanfrå.Sjurebruket sette ikkje opp fjøs på støylen, og mjølka kyrne ut så lenge dei driev der. På høgesetra hadde Sjurebuket i mi tid sel saman med Trulsbruket, Halsteinbruket og Antunsbruket. Det var ikkje alle desse bruka som var saman om selet frå gamalt (må sjekke ut dette). Då borna til Olav og Aslaug var små var heile familien på fjelltur og overnatta i selet. Det var ei stor madrasse som stod opp etter veggen om dagen, og som fylte heile golvet når den vart lagt ned. På 1960-talet vart selet kledd med huntonitt. Seinare enn dette vart det lagt plater på taket, og ovnen og pipa vart kasta ut. Det tette taket gjer at selet står godt framleis i 2008.

Nyttårsorkanen 1. januar 1992 sette sine spor også på Sjurebruket. Då vart stabburet kasta av bærsteinane og landa på marka innanfor. Stabburet hadde blese ned ein gong tidlegare. Då vart dei same bærsteinane nytta, og stabbueret vart demontert og sett opp på nytt. I 1992 vart det støypt nye bærsteinar med jernbeslag som kunne festast til bjelkelaget i stabbueret. Vidare vart heile stabburet løfta på plass med løftekran. Det var berre golvet og litt av bordkledninga som måtte reparerast.

Olav A Loen har skrive ei heil bok om Sjurebruket i Loen (undertittel: Garden og ætta). Denne boka er lagt inn som eige dokument under litteratur for Loen og kan hentast der. Det er derfor ikkje teke med fleire detaljerte opplysingar i denne oversikta.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Sjurebruket har såleis namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. Sjur kom inn på bruket ved at han gifte seg med Kari Amundsdotter frå Hogrenning. Ho var enke etter den førre brukaren på Sjurebruket. Kari og Sjur hadde ikkje born som kunne overta bruket, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag (sjå meir om slekta i kjeldeopplysningane i LOKHIS).

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket fram til brukaren vart sjølvaigar.

Tilbake til Sjurebruket i Loen
Bildealbum for bruket
Kjeldeopplysningar om bruket