Garden Loen. Oversikt

Omtalen for Loen sokn er inndelt i følgjade kappittel:

Om garden Loen
Bruka
Naturen

Om garden Loen

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede med fjorden. Garden har i dag (1999) gardsnr 70 i Stryn kommune. Frå gamalt hadde garden matrikkelnr 41 og i matrikkelen i 1838 fekk garden matrikkelnr 39 i Olden skipreide.

I følgje bygdeboka er Loen den største garden i Nordfjord. "Teigane" som låg innover frå tunet vart brukt til åker i fleire hundre år, og skulle være største åkeren i fylket. Kvar av brukarane hadde sin lut i åkeren og hadde 2 dagars pløgstr. Åkeren vart sådd med halvparten bygg og halvpaten havre, og kvart år var det ombyte på kornslaga (kjelde: Bygdeboka)

Loen var truleg ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord. Garden grensar i aust mot Tjugen på nordsida av elva og mot Sæten på sørsida. I sør grensar Loen mot Auflem og i vest mot Rake.

Det var jordkskifte på garden i 1898. Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta». Det var jordskifte på utmarka i 1927, og nytt jordkifte på innmarka i 1966 (overjordskifte 1968)

Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og lader der dei samla høyet. Høyet vart henta heim på snøføre om vinteren. Olav A Loen har fått avmerka på kartet kvar dei ulike bruka hadde lader (sjå Garden og ætta, kapittel 10.3 med kart frå utskiftninga i 1927). Loen hadde to sætrar: Høgesetera ligg på nordsida på Lofjellet, i ca 800 - 900 meters høgd. På sørsida låg Lostøylen i ca 300 meters høgd over havet. Det var på Lostøylen dei hadde kyrne på beite medan det var slåtteteigar på Høgesetra.

Tilbake til garden Loen

Garden Loen. Bruka

Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Som eksempel kan ein nemne Sjurebruket som hadde namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600. Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt. Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630. Vidare omtale av eigedomsutviklinga vil bli omtalt i den delen som gjeld kvart bruk.

Tilbake til garden Loen

Garden Loen. Naturen

Innmarka på garden Loen er flat, men garden er omgitt av fjell på 3 kantar. Mot vest er det åpent med utsikt ut over fjorden (Nordfjord).

I LOKHIS er presentasjonen av naturen gitt i form av utsiktspunkt. Desse punkta kan veljast frå eit kartbilde. Til kvart punkt er det ein beskivelse av punktet og det ein kan sjå frå punktet. Vidare er det med fleire bilde frå kvart punkt som som viser utsikten i fleire retningar. For meir fullstendig presentasjon av naturen i Loen viser ein til LOKHIS.

Nedanfor er det teke med eit kartutsnitt som viser utsiktspunkt for garden Loen. Omtalen for punkt nr 5 som er sjølve tunet er kopiert inn i dette dokumentet. Vidare er det teke med eitt bilde frå kvar av dei andre punkta som er vist på kartet.

Punkt 5. Lotunet: "Som utsiktsplass er nytte parkeringplassen ved Loen kyrkje, og tunet på Sjurebruket (sjå flybilde). Utsikten mot vest er best frå parkeringsplassen ved Loen kyrkje, medan utsikten mot aust er best frå tunet på Sjureburket. Mot vest er det flott utsikt ut over fjorden mot Rake, Oppheim og Oppheimsfjellet. Mot aust ser ein mot det staselege fjellet Skåla. Til høgre for Skåla ser ein Brengsfjellet. I søraust stengjer det låge "Kvitefjellet" mot utsikten opp over mot Lovatent. Over Kvitefjellet ser ein Setafjellet og toppen av Ramnefjell. På sørsida av Loen ligg Avleinfjellet eller Middagsfjellet som det vart kalle i Loen. I ca 300 meters høgde går det eit flatare lende fra Avleinåsen og innover mot Loåsen. Midt på her ligg Lo-støylen.I nord ligg det bratte Lofjellet. Fjellet ligg så tett inn på garden at ein ikkje ser toppen frå Lotunet. Ein ser heller ikkje Høgesetra som ligg på Lofjellet innover mot Gjølet. I himmelsjå på Lofjellet er det bygt ein varde".

Kartutsnittet til venstre viser utsiktspunkta for garden Loen.

  • Punkt 0 Flybilde frå fjorden
  • Punkt 4. Frå Tyvaneset mot Loen
  • punkt 5. Frå Lotunet mot fjorden
  • punkt 5. Frå Lotunet mot Skåla
  • punkt 6. Frå varden på Lofjellet
  • punkt 7. Frå Bjørnekjelda
  • punkt 8. Frå Tjugen sæter mot fjorden
  • Tilbake til garden Loen

    ***********************