Bygdeskildring

Få med menyen (dersom den manglar)

Bydeskildring for Nordfjord.

1. Forord.

Dette tekstdokumentet er laga spesielt for LOKHIS (sjå meir om LOKHIS under menyen for lokalhistorie). Dokumentet inneheld eit kapittel for kvart område som inngår i systemet, og det er dette kapittelet som er startsida for vedkomande område. Dette gjeld for distrikt, kommune, sokn og gard.

Den geografiske omtalen bygger på dagens situasjon, men med kommentarer for tidlegare tider.

Dokumentet finns i to versjonar. Ein versjon i XML-format inngår i LOKHIS. Den versjonen har ikkje med illustrasjonar fordi kart, bilde m.v inngår som sjølvstedige tema i LOKHIS. I HTML-versjonen som vert vist på heimesida mi er det lagt inn link til illustrasjonane direkte frå teksten. For tida er det HTML-versjonen som er mest oppdatert

Audun Loen 21.3.04

DISTRIKT

Nordfjord

Meir detaljert omtale finn du under dei einskilde kommunar, sokn og gardar i Nordfjord.

Lokalisering, samt administrativ og geistleg inndeling.

For dei som ikkje kjenner Nordfjord: Lokaliseringa er på på vestkysten av Noreg i Sogn og Fjordane fylke på ca 62 grader nordleg bedde og ca 6 grader austleg lengde. Sjå oversiktskart over Europa , Noreg .

Nordfjord er den 110 kilometer lange fjorden frå - Måløy til Loen. Regionen omfattar i dag dei 7 kommunane Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn. Med unntak for delar av Bremanger som høyrde til Sunnfjord, tilsvara dette stort sett Nordfjord futedøme slik det er avgrensa på kart i den trykte matrikkelen frå 1647.

Det som er kalla Nordfjord i denne presentasjonen er i dag (2004) samanfallande med Nordfjord prosti etter den geistlege inndelinga. Deler av Bremanger kommune høyrde tidlegare til Sunnfjord prosti. Distriktet høyrer til Bjørgvin bispedøme.

Nordfjord prosti er inndelt i 9 prestegjeld: Bremanger, Davik, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal, Stryn og Innvik. Kvart av prestegjelda er inndelt i fleire sokn. Grensene for prestegjelda føl ikkje alltid kommunegrensene. Sjå kartutsnitt som viser den geistlege inndelinga for Nordfjord i 1979 .

Kommunikasjon

Nordfjord har kommunikasjon både via veg, luft og sjø. Sjå kart som viser vegnettet i Nordfjord. (Kartskissa er ikkje heilt korrekt og fullstednig, men er den best eg har funne på internett på dette oversiktsnivået)

Hovudvegane til omverda utgjer også ein viktig del av vegnettet internt i distriktet. Europaveg 39 (står 1 på kartskissen) kjem frå Førde med samband frå Bergen til Byrkjelo i Gloppen kommune, og går vidare om Sandane til Anda der det er fergesamband til Lote. Vegen går vidare til Nordfjordeid og nordover til Sunnmøre og til Ålesund. Stamveg 15 kjem får Måløy og går langs nordsida av heile Nordfjord til Stryn. Derifrå går vegen vidare over Strynefjellet, nedover Ottadalen til Otta. Der kjem vegen inn på E6 med samband både til Trondheim og Oslo.

Rundt den innerste delan av Nordfjord mellom Byrkjelo og Stryn gå riksveg 60. Den går vidare frå Stryn saman med stamveg 15 til Kjøs der riksveg 60 går nordover til Grodås i Hornindal og vidare til Hellesylt og Stranda på Sunnmøre med samband til Ålesund.

På Sørsida av Nordfjord går riksveg 515 frå Sandane via Hyen til den møter Stamveg 5 som går til Flora/Førde. Frå Stamveg 5 ved Grov går riekveg 614 nordover i Nordfjord til Svelgen og vidare til Isane der det er fergesamband til nordsida av fjorden og stamveg 15. Frå Kjelkenes ved riksveg 614 er det fergesamban til Smørhavn i Bremanger. Frå Isane går riksveg 616 vestover langs sørsida av Nordfjord til Bremanger med fergsamband frå Oldeide til Måløy. (Riksveg 616 med fergefritt samband til Bremanger er ikkje med på kartskissen)

Frå stamveg 15 ved Almenningen går riksveg 618 nordover til Selje. Frå Selje er det smaband med riksveg 620 som går utover Stad-halvøya. Rikveg 620 går i den andre retninga til Åheim der det via riksveg 61 er samband med stamveg 15 ved Maurstad. Frå Åheim er det også vegsamband norsover ytre del av Sunnmøre til Ålesund (inkludert eit par fergestrekningar)

Det er ein flyplass i Nordfjord, og den ligg på Anda vestanfor Sandane i Gloppen kommune. Dei næraste flyplassane utanfor distrisktet er Førde og Flora i Sunnfjord, og Vigra ved Åelesund på Sunnmøre.

Med unntak av Hornindal har alle kommunane i Nordfjord tilgang til fjord eller hav. Frå gammalt var sjøvegen den viktigaste transportåra, og gammal inndeling i admninstative einingar var påverka av dette.

Kommunikasjon sjøvegen er i dag knytt til Hurtigruta som har dagleg stopp i Måløy. Vidare har Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane både hurtigruter mellom Bergen og Nordfjord og flerie lokale ruter og fergesamband. Sidan slutten av 1800-talet har Indre Nordfjord blitt vitja av turistskip og det er no bygt kai for slike vitjingar i Olden.

Sjå under linkar der du finn heimesidene til båt- og bilselskap med tilknytning til Nordfjord.

Naturen

I Nordfjord finn du eit kontrastfylt landskap med hav, fjord, innsjøar, brear og fjell. Regionen strekkjer seg frå Strynefjellet i aust til Stadhavet i vest. Ei reise gjennom dette landskapet viser deg mange av dei mest fantastiske naturattraksjonar i Noreg

Her skal kome eit bildegalleri for Nordfjord

Kultur og næringsliv

Kulturarven er godt ivareteken i Nordfjord, med lange tradisjonar innan folkemusikk og kunsthandverk.Dette er og fjordhesten sitt barndomsrike, ein hest som i si tid var på randen av å forsvinne, men som vart redda og no er ein av dei mest populære hesterasane vi har.

Dei viktigaste næringsvegane i Nordfjord støttar seg til turisme og jordbruk, men regionen kan og vise til ein omfattande infrastruktur og industribedrifter som konkurrerer både på den nasjonale og den internasjonale marknaden, til dømes Nordfjord Kjøtt (Loen i Stryn kommune) og Elkem Bremanger. Folketalet er på omlag 33.000 innbyggjarar og kommunane dekkjer totalt eit areal på 3.500 km2.

Linkar

Båt- og biltruter:

  • Fylkesbåtane i Sogn og fjordane
  • Nordfjord og Sunnmøre billag
  • Hurtigruta
  • Reiseliv og næringsliv:

  • Reisemål Stryn & Nordfjord
  • Nordfjordportalen
  • Bremanger kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen er delt i to - indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet på sørsida av Nordfjorden og øyane Bremangerlandet og Frøya.I aust grensar Bremanger mot Gloppen kommune. Denne grensa går i fjell- og breområda vestanfor Hyenfjorden. I tillegg grensar Bremanger mot Eid og mot Vågsøy i nord, og mot Sunnfjordkommunane i sør. I vest ligg det åpne havet.

    Øyane er knytta saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy og Kjelkenes. Indre del har ferjefritt samband til Florø og Førde, og ferjesamband over Nordfjorden ved Isane. Kommunen har elles godt samband sjøvegen gjennom snøggbåtruter både sør- og nordover. Reisetid til flyplass i Florø frå Svelgen er 50 min. med bil. Svelgen som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.

    Ein rundtur med bil i kommunen kan starte med ferge frå nordsida av fjorden til Isane. Derifrå kan turen gå langs Nordfjorden og vidare over bruer og gjennom tunellar til Bremangerlandet og til Oldeide (sjå utskrift frå tenesta "visveg" som dokumeterar at det er vegsamband mellom fastlandet og Bremangerlandet). Frå Oldeide kan ein ta turen sørover øy-delen av kommunen heilt sør til Kalvåg på sørspissen på Frøya. Tilbaketuren kan gå med ferge frå Smørhamn til Kjelkenes i Midtgulen. Derifrå går turen til Svelgen og vidare til Ålfoten og Isane. (Her skal kome eit bildegalleri frå turen. Sjå også vegkart for kommunen som er delt på to, "Ytre del" og "Indre del" )

    Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskap til frodige landbruksbygder og ville, vakre fjell og brear i indre del av kommunen. Naturen er godt eigna både til korte familieturar, og for folk som vil ha utfordringa r (Ålfotbreen 1632 m.o.h., Gjegnalund 1723 m.o.h.). Vi har eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa - Vingenfeltet. Tvers over for dette feltet ligg det sagnomsuste fjellet Hornelen - Nord-Europas høgste sjøklippe.

    Næringsgrunnlaget i ytre del av kommunen har tradisjonelt vore knytta til fiske- og fiskeforedling - kystkulturlandskapet ber preg av det. I Svelgen ligg største arbeidsplassen i kommunen - Elkem ASA Bremanger Smelteverk - ei metallurgisk industriverksemd med omlag 290 årsverk. Elles har vi jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.

    Linkar:

    Det er teke med link berre til ein nettstad for Bremanger, men denne inneheld mykje interessant stoff om kommunen. Der er mellom anna eit omfattande bildearkiv med bilder frå ulike reiseruter i kommunen. Nettstaden heiter Visitbremanger.no

    *****************************************

    Vågsøy kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Vågsøy kommune ligg nord-vest i Sogn og Fjordane fylke, like opp under Stad. Kommunen omfattar Vågsøy, Silda, Husevågøya, Gangsøya og fastlandet langs Nordfjorden aust til grensa mot Eid kommune som går mellom Maurstad og Lefdal. I nord grensar Vågsøy kommune til Selje kommune, og i sør til Bremanger kommune. I Vest gresar Vågsøy mot det åpne havet.

    Kommunesenteret for Vågsøy er Måløy som fekk bystatus i 1997. Måløy ligg på austsida av Vågsøya og har fastlandssamband med bru over sundet til Kulen / Deknepollen. Måløy har anløp av Hurtigruta og Ekspressbåt nordover til Selje og sørover til Bergen. Totalt bur det ca. 6385 personer i komunen.

    Ein rundtur i kommune med bil kunne starte på stamveg 15 frå Indre Nordfjord, via Maurstad, Bryggja, Almenningen, Deknepllen og over brua til Måløy. Frå Måløy kunne ein ta turen nordover til Raudeberg. Etter ein rundtur via Halsør, Refvik og Vedvik må ein ta turen vest til Kråkenes fyr som ligg lengst vest i kommunen. Før ein forlet kommunen kan ein også ta ein tur på Sørsida av Vågsøya til Oppedal. Frå Måløy kan turen gå med ferge til Oldeide på Bremangerlandet

    Her skal kome eit bildegalleri frå rundturen som er nemnd ovanfor. Sjå elles kart for Vågsøya

    .

    .

    .

    Selje kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Selje kommune ligg lengst mot nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen omfattar botnen av sildegapet, øyane Barmen og Selja og heile Stad-halvøya. I sør og sørvest grensar kommunen mot Vågsøy kommune. I aust og nordaust mot Sunnmørskommunane Vanylven og Sande. I nordvest har Selje yttergrensa for Noreg mot det åpne havet.

    På dei 220 km2 bur det 3100 personar, og i naturen finn ein både steile fjell og kvite sandstrender.

    Ein rundtur i kommunen kan starte frå Åheim på Sunnmøre til Kjøde. Turen kan gå vidare nordover Stad til Leikanger og til Vestkapp. Tilbaketuren kan ha avstikkarar til Ervika, til Hoddevika og til Drage og via Sandvikseidet ende i tettstaden Selje. Opphaldet i Selje inkluderar ein båttur til øya Selja og klosterruinane. Frå Selje kan turen gå langs kysten via Flatraket til Måløy. (Her skal kome eit bildegalleri basert på ei slik rundreise (ikkje ferdig). Sjå elles detaljkart for Selje.

    Olav A Loen har skrive eit skodespel der hendinga er lagd til Dragseidet i Selje. Dette skodespelet heiter Kolbein Sterke. Skodesplet er ikkje trykt og utgjeve, men det vil seinare bli lagt ut på heimesida til Audun Loen som eige tekstdokument. Om den historiske hendinga som er utgangspunktet står det følgjade i Fylkesleskonet:

    "Olav Tryggvason samla i 977 bøndene frå Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke til ting på Dragseidet. Med ein stor hær i ryggen, baud kongen dei frammøtte å bli kristna, eller å halde slag med han. Bøndene såg at overmakta var for stor, og let seg tvangskristne".

    Selje er ein turistkommune, og mange kjem hit for å besøkje Selje kloster som er tufta der helgenen St.Sunniva flaut i land og måtte gøyme seg vekk frå vikingane. Det er og St.Sunniva som prydar kommunevåpenet.

    På Vestkapp ytterst på Stad får ein eit fabelaktig utsyn over det ville havet i området.

    Sjølv om turismen er veldig stor i kommunen er også her landbruk og fiskeri viktigast saman med fleire industriverksemder. Selje har fylkets største fiskeflåte og ein landskjend plastbåtindustri. På Flatraket ligg suksessbedrifta Fiskevegn. Det var fylkets største industrigründer, Wald Drageset, som la grunnlaget for det moderne Selje.

    Linkar:

    Det er teken med berre ein link, som inneheld alle aktuelle linkar til lokale nettstadar med informasjon om Selje: Selje.net

    Eid kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Eid kommune ligg midt i Nordfjord på nordsida av fjorden. Kommunen strekkjer seg frå Lefdal ved grensa mot Vågsøy i vest langs fjorden til kommunesenteret Nordfjoreid som ligg i botnen på Eidsfjorden. Eidsfjorden er ein sidefjord til Nordfjord, og i same retning som Eidsfjorden ligg Horninsdalsvatent lenger aust. Eid kommune omfattar også den vestre delen av området rundt Hornindalsvatnet og grensar der mot Hornindal kommune. I aust grensar Eid også mot Stryn kommune på den delen som vender mot Nordfjord. Ved fjorden går grensa mot Stryn austanfor Hennabygda aust for Lote. Eid kommune omfattar også halvøya mellom Eidsfjorden og Nordfjord. I sør grensar Eid til Gloppen kommune og i sørvest mot Bremanger. Grensa meot desse kommunane går i fjorden. I nord grensar Eid mot kommunane på Sunnmøre.

    Rundturen i Eid kommune kan staret frå Stryn ved Kjøs. Derifrå går vegen utover langs Hornindalsvatent, forbi Holmøyane og Skredestranda til Nor ved enden av vatnet. Derifrå kan ein køyre innover på nordsida av Hornindalsvatent forbi Heggja til Navalaker. Komne tilbake til Nor, køyrer ein vidare sørover via Hjelle der ein kjem inn på E39 og derifrå til Nordfjordeid. Før ein forlet den indre delen av Eid kom,mune kan ein også ta turen til Lote og vidare innover langs Nordfjord til Hennebygda. Sjå vegkart for indre del av Eid kommune

    Frå Nordfjordeid kan ein ta ein rundtur på halvøya mellom Eidsfjorden og Nordfjord. Denne turen går rundt Hmnneset og innover på sørsida til Torheim. Der stoppar vegen. For å kome til Hundsvika må ein køyre tilbake og ta ein veg tvers over halvøya. Etter denne rundturen kan ein køyre utover på nordsida av fjorden til Haugen og der ta ein sideveg via Hjelmelandsdalen og kome tilbake til riksveg 15 ved Stårheim. Vidare går turen gjennom Kjølsdalen til Lefdal og til grensa mot Vågsøy kommune. Sjå vegkart for ytre del av Eid kommune

    Nordfjordeid er "fjordhestens Mekka". Dei årlege hingsteutstillingane samlar fjordhestefolk frå heile verda. Opera Nordfjord er eit anna årvisst høgdepunkt. På Eid låg landets eldste ekserserplass, og millionæren Singer bygde sjukehus for Nordfjord her.

    Hornindal kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Hornindal høyrde i gamle dagar til Eid kommune, men 1. januar 1867 vart Hornindal skilt frå Eid og fekk status som eigen kommune. Hornindal omfatta då grendene på begge sider av Hornindalsvatnet nesten til utløpet i vest. I 1965 vart Hornindal delt mellom Eid og Stryn. Omtrent alle grendene på nord- og sørsida av vatnet kom til Eid kommune. Berre den inste delen av vatnet frå Kjøs til Otterdal og sjølve Hornindalen, dalføret frå kommunesentret Grodås og nordaustøver til fylkesgrensa, kom til Stryn kommune.

    Men honndølene likte ikkje "ekteskapet" med Stryn, og det vart skilsmisse. Hornindal vart gjennoppretta som eigen kommune i 1977, men sterkt redusert i areal. Hornindal kommune er i dag 192 kM2, og folketalet 1220 (1.oktober 1993).

    Jordbruk med husdyrhald er den viktigaste næringa i kommunen, men også skogen er viktig næringsveg, og gjev råstoff til ein god del trevareindustri. Møbelfabrikkane J.E.Ekornes A/S og Hjellegjerde møbler A/S på Sunnmøre har underavdelingar i Hornindal, som sysselset tilsaman om lag 100 menneske.

    Hornindal er kjend for å ta godt vare på gamle tradisjonar. Gammal kultur vert halden i hevd, amen det gjeld musikk eller handverk.

    Ein tur gjennom Hornindal kan starte frå Kjøs der ein tek av frå riksveg 15. Turen går gjennom kommunesenteret Grodås, der ein kan ta ein avstikkar til Otterdal. Vidare går turen frå Grodås norover gjennom Indre Hornindal til Hellesylt og Stranda på Sunnmøre. Sjå vegkart for Hornindal.

    Landskapet er ikkje så dramatisk som lenger inne i Nordfjord. Inne i sjølve Hornindalen kan det minne om Austlandet, og her ligg nokre av dei største og beste beitedalane i Nordfjord.

    På dialekt er det vanleg å kalle Hornindal for Honndalen, og folket honndøler. Honndølene har stor kjærleik til bygda si, slekta, jorda, garden og tradisjonane.

    I dag er det mykje kortare frå Hornindal til Stryn sentrum enn frå Vikane til Stryn.

    Kjelde: Indre Nordfjord av Olav Jakob Tveit

    Gloppen kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Gloppen kommune er samansett av dei tidlegare kommunane Gloppen og Breim,og ligg midt i Nordfjord, på sørsida av Nordfjorden. Rekna frå aust og med klokka grensar Gloppen til følgjande kommunar: Stryn, Jølster, Naustdal, Flora, Bremanger og Eid (på den andre sida av fjorden).

    Nordfjord sin einaste flyplass ligg i Gloppen kommune på Anda. Frå Anda er det fergesamband over fjorden til Lote i Eid kommune. Kommunesenteret er Sandane som ligg i boten av Gloppefjorden, ein sidearm til Nordfjford som går sørover frå hovedfjorden. På Sandane ligg Nordfjord folkemuseum.

    Ein rundtur i Gloppen kommune kan starte med ferge frå Lote til Anda. Frå Anda går turen inn Gloppefjorden til Sandane. Etter eit besøk på Nordfjord Folkemusem kan turne gå ut Gloppefjorden på vestsida og inn Hyenfjorden til Hyen. Rundturen kan ha ei sløyfe innom Sunnfjord via Førde og Jølster, og kome tilbake til Gloppen kommune frå Våtedalen til Byrkjelo. Frå Byrkjelo kan ein ta ein tur på sørvest-sida av Breimsvatenet før turen går tilbake til Sandane. (Bildegalleri frå turen skal kome inn her) Sjå vegkart for Gloppen

    Kommunen har ca 5.700 innbyggarar.

    Gloppen er den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane, og står for 10 prosent av mjølkeproduksjonen i fylket. Mykje av industrien i kommunen er skapt på grunnlag av lokale jordbruksprodukt. På Breim ligg det store sentralmeieriet. Kommunen er senter for pelsdyrproduksjonen i landsdelen.

    Stryn kommune. Oversikt

    Sattelittbilde

    Stryn kommune ligg innst i Nordfjord i det nordaustlege hjørnet av Sogn og Fjordane Fylke. Stryn er i utstrekning i underkant 1.400 kvadratkilometer og 6.700 personar bur i kommunen (2002). Rundt 2000 bur i kommunesenteret Stryn.

    Stryn kommune grensar til Sunnmørskommunen Stranda med dei kjende turistbygdene Hellesylt og Geiranger i nord og Opplandskommunen Skjåk i aust. I vårt eige fylke grensar kommunen til Jølster og Luster i sør, grensa går midt over Jostedalsbreen. Naboane i vest og nord er Hornindal, Eid og Gloppen. Meir detaljert omtale for Stryn kommune er gitt i eigne kapittel for kvar av gredene (sokna) i kommunen.

    Omvisninga i Stryn kommune kan starte på vegen frå Gloppen over Utvikfjellet. Frå Karistova er det utsikt over indre del av Nordfjord. Frå fjellet kjem ein ned til Utvik og kan ta ein avstikkar vestover langs fjorden til Morldreim. Deretter går turen vidare til Innvik (sjå kapittelet om "Vikane").

    Frå Innvik køyrer ein innover langs fjorden til Olden med tur til Oldedalen (Sjå kapittelt om Olden sokn). Turen går vidare rundt Stavnest og inn til Loen. (Sjå eig kapittel om Loen sokn som også omfatar gardane langs fjorden på vegen mot Stryn). Stryn er kommunesentner og er omtalt i kapittelet om Nedstryn sokn.

    Frå Stryn kan ein reise vestover langs riksveg 15 mot Måløy, og ved Svarstad ta ein avstikkar til bygdene Faleide, Blakset, Fjelli og Hopland (sjå kapittelet om Nordsida).

    Frå Stryn kan ein også reise oppover Strynedalen (sjå kapittelet om Oppstryn ) over Strynefjellet og til Skjåk. Sommarstid kan ein køyre den gamle vegen om Videsæter hotell og sommarskiseteret på Strynefjellet.Før ein forlet Stryn må ein også ta ein tur på nordsida av Strynevaten til Flo.

    (Bildegalleri (ikkje laga) + vegkart for kommunen delt på Vikane og Nordsida og Stryn, Loen og Olden).

    Kommunevåpenet med dei 4 lindeblada symboliserer bygdelaga kring fjorden, og at linda er eit av treslaga i den freda nordlegaste edellauvskogen i Europa.

    Innvik (Utvik, Olden og Nordsidebygdene) var eigen kommune fram til 1965. Som resultat av Skei-komiteen sitt framlegg vart Innvik kommune og Hoplandsgardane slege saman med "gamle" Stryn. Det same skjedde med Hornindal kommune. Hornindal braut ut av storkommunen at i 1977. Faleide var det gamle sentrum i Innvik kommune. I åra fram til kommunesamanslåinga var administrasjonen plassert i Innvik.

    Jostedalsbreen som i stor utstrekning ligg i Stryn kommune, er største isbreen på fastlandet i Europa. Mest kjende brearmane er Kjenndalsbreen i Lodalen og Briksdalsbreen i Oldedalen. I dette området ligg også høgaste fjelltoppen i kommunen - Lodalskåpa som er 2.083 m.o.h.

    Nedstryn sokn. Oversikt

    Teksten som er vist for Nedstryn sokn er kopiert frå boka "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Nedstryn er det soknet i indre Nordfjord som har dei største kontrastane. Det heng saman at her er det eit landskapsskilje: høge fjell på begge sider av Strynedalen mot aust, og låge åsar mot vest. Fjellrekkja mellom Stryn og Loen, som startar inne ved Lodalskåpa på Jostedalsbreen, endar med Årheimsfjellet, som stuper bratt ned i fjorden på Staveneset.

    Akkurat der Strynedalen møter fjorden, ligg Stryn sentrum, Tonning, det største bygdesentret i indre Nordfjord. Frå gammalt av var det tingstad og eksersisplass på Tonning, men elles få hus utanom gardane. Utviklinga skaut særleg stor fart då Tonning blei sentrum i storkommunen. Stryn er i dag ein stor og livskraftig tettstad med alle slags servicetilbod, kulturhus, symjehall, idrettshall og eit allsidig næringsliv. Valet av Stryn som kommunesenter i 1964 var logisk: midt mellom Hjelledalen og Hopland, og midt mellom Vikane og Hornindal. Stryn sentrum har også den største folkekonsentrasjonen i indre Nordfjord, med over 2000 menneske på eit lite område.

    Før kommunesamanslåinga i 1965 gjekk grensa til Innvik kommune mellom Svarstad og Lunde. Grendene lenger vest høyrde til Innvik. Også i Markane gjekk grensa på kryss og tvers mellom kommunane. Innvik si grense gjekk heilt til Sindre og Flore i SørMarkane.

    Etter at Hornindal vart eigen kommune att i 1977, går grensa mellom Hornindal og Stryn kommune gjennom Maursetgrenda.

    Kjelde: Indre Nordfjord av Olav Jakob Tveit

    Oppstryn sokn. Oversikt

    Teksten som er vist for Oppstryn sokn er kopiert frå boka "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Det som særmerkjer landskapet i Oppstryn, er fyrst og fremst Strynevatnet, som fyller hovuddalføret, og alle dei store og mektige sidedalane som går i ei vifteform ut frå innsjøen.

    Etter landskapsformasjonane å døme, er Erdalen hovuddalføret. Dalen har same retning mot sør-aust som den øvste delen av Strynevatnet, og går også i same retning som nabodalen Lodalen med Lovatnet. Hjelledalen er ein sidedal, og som sidedal til Hjelledalen har vi Sunndalen mot sør og Skjeringsdalen med Grasdalen mot nord. Ein annan stor dal er Glomsdalen som går rett mot nord frå Glomnes.

    Dalane i Oppstryn er mellom dei mektigaste i landet, der dei skjer seg inn mellom fjell, som går nesten opp i 1900 meters høgde, medan dalbotnane ligg svært lågt. Alle desse dalane er setredalar med mange husdyr på beite, og alle har store og birusande breelvar om sommaren. Om vinteren er vassføringa lita.

    Vi kan ikkje tenkje oss Oppstryn utan Strynevatnet, eller Oppstrynsvatnet som bygdefolket seier. Det er som ein blenkjande juvel der det speglar av dei mektige fjella.

    Strynevatnet ligg 29 m o h og er 16 km langt. Botnen er som i ein typisk Udal, nokså flat og på det djupaste 198 meter under vassflata.

    Det var Oppstryn Per Bolstad tenkte på då han komponerte den kjende valsen Fagre Stryn, som er blitt Stryn sin kjenningsmelodi, og som har marknadsført reiselivskommunen Stryn meir enn noko anna. Få stader i vårt land er naturen mektigare og utsynet meir storfeldt enn i Oppstryn. (Kjelde: "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit, side 19)

    Olden sokn. Oversikt

    Teksten som er vist for Olden sokn er kopiert frå boka "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Olden er den sørlegaste av dei tre dalane som Nordfjord endar i. Dalføret går rett frå nord mot sør, og er omkring 20 km frå Oldebukta til Melkevollbreen.

    Dalen går som ei djup bølgje inn mellom dei høge fjella. Namnet Olden kjem då også av Alda, som betyr bølgje. Ingen stad i Nordfjord er landskapet meir typisk enn her, storslått og vilt, samtidig venleg og mildt. På begge sider av den djupe U-dalen går fjella opp i 1500-1800 meters høgde. Som to veldige inngangsportalar reiser Auflemfjellet seg på austsida av Oldebukta og Skarsteinfjellet på vest-sida, der også Ceciliekruna (1717 m o h) står med sin kjende profil mot horisonten.

    Oldedalføret skjer seg rett inn i sjølve Jostedalsbreen mot aust og sør, og på vestsida Myklebustbreen, som berre Oldeskaret, fjellovergangen mellom Oldedalen og Stairdalen i JØlster, skil frå sjølve storbreen.

    Sjølv om heile Olden er ein dal, er det vanleg berre å kalle dei inste grendene, frå vatnet til breen, for Oldedalen.

    Fonnfaren er stor i heile Oldedalføret, frå Skarstein til Melkevoll. Alle gardane er bygde mellom raspartia. Den siste fonna som kravde liv i Olden, kom i 1949. Då omkom to personar på Strand ved Oldevatnet.

    Olden var eit av dei fremste reisemåla for turistane som kom til Vestlandet på 1800-talet. Olden med fjord og fjell og brear blir rekna som ei av dei vakraste bygdene i landet vårt, og framleis kjem det turistar til Olden frå heile verda, både på sjø og land. Olden har ei av dei største kaiene for cruiseskip i landet, med 40-50 skip kvar sommar.

    Vikane (2 sokn). Oversikt

    Teksten som er vist for Vikane er kopiert frå boka "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Vikane er namnet på bygdene sørsida av fjorden frå Hildaneset til og med Moldrheim, den vestlegaste garden på sørsida i Stryn kommune. Vikane er sett saman av to sokn, Innvik og Utvik. Innvik sokn tek til mellom Agjeld og Årholen.

    Det som kjenneteiknar Vikane, landskapet vest for Hildaneset, er den lange svingen fjorden gjer mot sør, og frå fjorden slake bakkar og lier opp i 15 - 1600 meters høgde.

    Dei mjuke, fine draga i naturen samspelar på ein fabelaktig måte med det storfelte. Blide gardar nede ved fjorden, og i bakgrunnen Storelogpikens kvite krune. Fjorden er også mykje breiare her enn lenger inne.

    Innvik var frå gammalt hovudbygda i indre Nordfjord. Namnet på prestegjeldet, som femna om distriktet frå Moldreim til Strynefjellet, var Innvik, og her budde soknepresten for dette vide distriktet heilt til Stryn fekk sin eigen prest i 1843. Etter kommunesamanslåinga i 1965 vart området meir utkant.

    Storkommunen fekk namnet Stryn, og Tonning i Nedstryn vart sentrum. Nokre av innbyggjarane i Vikane ville heller høyre til Gloppen kommune med Sandane som kommunesenter, men dei ville blitt like mykje utkant i Gloppen, med Utvikfjellet som ei stengsle mellom bygdene.

    Det hadde også vore unaturleg om nordsida av fjorden hadde høyrt til Stryn, og sørsida til Gloppen. Gloppen høyrer geografisk til midtre Nordfjord, og Vikane er indre Nordfjord. Difor er det mest naturleg at Vikane i kommunal samanheng går innover fjorden.

    Stryn kommune utgjer i dag same området som Innvik prestegjeld frå reformasjonen til 1842.

    Nordsida (2 sokn). Oversikt

    Teksten som er vist for Nordsida er kopiert frå boka "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Nordsida av fjorden (Robjørgane, Blakset, Fjelli og Randabygda/Hopland) er landskapet frå grensa til Nedstryn sokn ved Sætren til grensa mot Eid vest for Hopland. Og liksom området på sørsida av fjorden er delt i to sokn, så også her; Nordsida og Randabygd sokn.

    Og på same måten som Vikane har einsarta linjer i landskapet frå aust til vest, så også her, men på ein heilt annan måte. På nordsida er det ingen slake, jamne linjer. Her går det i rykk og napp. Først bratt opp frå fjorden, så over ein kam og deretter slakt opp mot dei høgste toppane mellom fjorden og Homindalsvatnet. Ingen plass i Nordfjord ligg gardane så bratt som her, særleg dei som ligg lengst ned mot fjorden i Blakset og Randabygda.

    Dette er dei ukjende bygdene i Stryn kommune. Alle har høyrt om Loen, Olden og Stryn, jamvel Innvik og Utvik er kjende namn. Ikkje så mange utanom Nordfjord veit kvar Blakset, Fjelli og Randabygda ligg. Men det er store bygder med gode samfunn. Kanskje ingen plass i Nordfjord møter vi den sanne nordfjordingen som her.

    Dei er arbeidsame og driftige, og får mykje ut av garden om der er aldri så bratt. Dugnadsånd, gjestfridom og godt samhald står framleis høgt.

    Dette var i tidlegare tider isolerte bygder, heilt avhengig av båt anten dei skulle til kyrkje, eller til kommunesentret på Faleide eller i Innvik. Der var ein smal sti høgt oppe i fjellsida mellom Blakset og Faleide, men han var slitsam og ofte farleg å gå.

    Vegtunnelen mellom Faleide og Blakset var ferdig i 1959, og tunnelen mellom Nos og Tvinnereim i 1969. Bygdene var ikkje lenger isolerte og avsidesliggjande, og dei kom mykje nærare konununesentret Stryn enn bygdene på sørsida av fjorden.

    Kjelde: "Indre Nordfjord" av Olav Jakob Tveit.

    Loen sokn. Oversikt
    Bygdeskildring
    Gardane
    Naturen
    Administrative og kyrkjelege inndelingar

    Loen sokn. Bygdeskildring

    Nordfjord endar i tre fjordarmar. I nord går fjorden inn til Stryn og i sør til Olden. Mellom desse går fjordarmen Loen mellom Raksneset og Tyvaneset inn til garden Loen. Nordsida av fjorden mellom Stryn og og garden Loen høyrer i dag til Loen sokn. Frå fjordbotnen går Lodalen først i aust, sidan i søraut vel ei mil inn mellom dei høge fjella. Mellom fjorden og Lovatnet er det eit eid på ca 3 km med 4 gardar, og gjennom dette eidet renn Loelva som har to fossar.

    Mest heile Lodalen er fylt opp av Lovatnet som er 12 km langt, 1,5 km breitt og ligg 52 meter over havet. Lengst inne kløyver dalen seg i tre tronge dalar: Bødalen i aust, Kjenndalen i søraust og Kvanndalen i sør. Gjennom alle desse dalane renn det elvar med smeltevatn frå brearmar. Ved utlaupet av alle desse dalane ligg det flate delta, men i dag er busetnaden borte frå desse på grunn av ras og flodbølgjer. I tillegg til gardane ved utlaupet av desse dalane ligg det 4 gardar langs Lovatnet.

    Under avsmeltinga etter siste istid vart Lovatent liggjande som fjordarm. Først for ca 9000 år sidan hadde landet stige så mykej at Lovatnet vart isolert frå fjorden (kjelde: Atle Nesje i Fjordingen 23.juni 2007).

    Loen sokn. Gardane

    Tilbake til Loen sokn

    Loen sokn omfattar no gardane langs fjorden mellom Stryn og Loen og alle gardane i dalføret opp frå Loen.

    Mellom fjorden og Lovatnet ligg det 4 gardar: Loen (14 bruk), Tjugen (2 bruk), Haugen (1 bruk ) og Sæta (9 bruk). Loen er den største garden i Nordfjord, og er sentrum for sokna. Her ligg kyrkja, folkeskulen og nærbutikken. Tidlegare hadde Loen eige postkontor, 6878 Loen som vart nedlagt i sluttan av 1990-åra. Loen er elles kjend for Hotell Alexandra,grunnlagt av Markus Loen. Før var bruka i Loen samla i to tun, eitt på kvar side av kyrkja. I kvart av tuna var det mange hus. Gjennom to jordskifte (1898 og 1968) er fleire av bruka no flytta ut av tunet.

    På nordsida av vatnet ligg frå vest og austetter: Sande (2 bruk), Hellset(2 bruk), Hogrenning (2 bruk), og Raudi (1 bruk). Midt for Bødalmunningen ligg Bødal (7 bruk) og for Kvanndalsmunningen ligg Ytre og Indre Nesdal(3 bruk kvar). Nesdalsgardane og Bødal var lagt øyde gjennom dei to store rasulukkene i 1905 og 1936. I desse ulukkene omkom 64 og 72 menneske.

    På nordsida av fjorden er det bratt både mot Stryn og mot Loen, men nede under Oppheimsfjellet er lendet meir slakt. Her ligg gardane Rake (10 bruk), Marså (1 bruk) og Oppheim (4 bruk). Frå Oppheim som ligg hødt oppe er det eit storfelt utsyn over Olden, Loen og utetter fjorden. Lenger ute langs fjorden under fjellet ligg garden Strand.

    Loen sokn. Naturen

    Tilbake til Loen sokn

    Ved fjorden er bygda relativt open, men innerst i Lodalen opplever ein fjella høgare og villare enn nokon anna stad i indre Nordfjord. For presentasjon av naturen er det i LOKHIS teke i bruk utsiktspunkt. Frå desse punkta er det med bilete som viser utsikten til alle kantar kombinert med omtale og namn på fjell, elvar, setrar m.v. I LOKHIS inngårt no utsiktspunkt (Bildepunkt)som ein del av visninga for Loen sokn. Det er også laga ein presentajon som video på grunnlag av bilda.

    Loen sokn. Adminstrative og kyrkjelege inndelingar

    Tilbake til Loen sokn

    I denne framstillinga har eg berre gått tilbake til 1647 og teke utgangspunkt i skattematrikkelen. Landet var då inndelt i 10 hovedlen. Loen sokn ligg i Bergenhus len som omfattar Hordalnad, Sogn og Fjordane og Sunnmøre fogderi. Bergenhus var inndelt i eit smålen (Hardanger) og 7 fogderi, til saman 8 forvaltningsdistrikt på dette nivået (Hardanger, Sunnhordland, Nordhordland og Voss, Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre). På neste forvaltningsnivå vart det nytta ulike nemningar i ulike deler av landet. For heile Bergenhus hovedlen (med unntak av Voss) var alle fogderia inndelt i Skipreider. I Nordfjord og Sunnfjord var skipreida inndelt i Sokn. Det som i dag utgjer Loen sokn omfatta Loen sokn og Raksgrenda i Olden sokn. Begge deler tilhøyrde Olden Skipreide. I og med at Loen sokn i dag høyrer til Stryn kommune kan ein nemne at Stryn Skipreide i 1647 omfatte soknene Utvik, Innvik, Nedstyn og Oppstryn.

    Dei to skipreida Olden og Stryn var også eigne tinglag med den same avgrensninga. Inndelinga i tinglag/skipreide og seinare kommune er viktig ved bruk av matrikkelen. Nummera vart nemnleg tildelt innan kvar slik eining. For eintydig identifikasjon av gardane må ein derfor også ha med tinglag/skipreide og seinare kommune saman med matriklenr/gardsnr.

    Kommuneinndelinga hadde sitt opphav i tanken om lokalt sjølvstyre og formannskapslova fra 1837. Stryn og Innvik var frå først av eitt herad i og med at det då var eitt presegjeld. Frå 1845 vart det delt i to herad (innvik og Stryn).Loen sokn høyrde til Stryn kommune etter delinga, men Rakegredna som høyrde til Olden sokn vart lagt til Innvik. Rakegreda vart overført til Stryn herrad i 1922.(må sjekke om Rakegreda høyrde til Innvik herad inntil samanslåing med Loen sokn).

    I den omfattande prosessen med kommuneregulering på 1960-talet (1.1.1965) vart Innvik, Stryn og Hornindal slått saman til ein kommune. Frå 1.1.1977 vart Hornindal skilt frå storkommunen som eigen kommune.

    I mellomalderen hadde kvar kyrkje sin prest. Frå reformasjonen vart alle kyrkene (Innvik, Utvik, Olden, Nedstryn, Oppstryn og Loen) lagde under ein (1) sokneprest som budde på prestegarden Langve i Innvik. Prestegjeldet fekk nament Innvik. Det store prestegjeldet hadde behov for hjelpeprestar og etter kongeleg reskr. dagsett 2.3.1742 vart det residerande kappelaniet i Innvik skipa. Dei residerande kappelanane budde på Visnes.

    Etter kong. resol. dagsett 9.5.1842 vart det store prestegjeldet delt i to, Stryn prestegjeld og Innvik prestegjeld. Loen sokn kom då under Stryn presegjeld, medan gardane Strand, Marså, Oppheim og Rake framleis høyrde til Olden sokn og Innvik prestegjeld. Kirkebøkene som er trykt av Oldedalen og Strendene bondekvinnelag har med opplysingar for heile Loen sokn fram til og med 1844, men den siste boka fram til 1900 har med berre gardane i Rakegrenda frå noverande Loen sokn. Frå 1.okt. 1922 var Rakegrenda overført til Loen sokn.

    Tilbake til Loen sokn

    Gard. 70 Loen. Overrsikt
    Om garden Loen
    Bruka
    Naturen

    Om garden Loen

    Tilbake til garden Loen

    Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede med fjorden. Garden har i dag (1999) gardsnr 70 i Stryn kommune. Frå gamalt hadde garden matrikkelnr 41 og i matrikkelen i 1838 fekk garden matrikkelnr 39 i Olden skipreide.

    I følgje bygdeboka er Loen den største garden i Nordfjord. "Teigane" som låg innover frå tunet vart brukt til åker i fleire hundre år, og skulle være største åkeren i fylket. Kvar av brukarane hadde sin lut i åkeren og hadde 2 dagars pløgstr. Åkeren vart sådd med halvparten bygg og halvpaten havre, og kvart år var det ombyte på kornslaga (kjelde: Bygdeboka)

    Loen var truleg ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord. Garden grensar i aust mot Tjugen på nordsida av elva og mot Sæten på sørsida. I sør grensar Loen mot Auflem og i vest mot Rake.

    Det var jordkskifte på garden i 1898. Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta». Det var jordskifte på utmarka i 1927, og nytt jordkifte på innmarka i 1966 (overjordskifte 1968)

    Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og lader der dei samla høyet. Høyet vart henta heim på snøføre om vinteren. Olav A Loen har fått avmerka på kartet kvar dei ulike bruka hadde lader (sjå Garden og ætta, kapittel 10.3 med kart frå utskiftninga i 1927). Loen hadde to sætrar: Høgesetera ligg på nordsida på Lofjellet, i ca 800 - 900 meters høgd. På sørsida låg Lostøylen i ca 300 meters høgd over havet. Det var på Lostøylen dei hadde kyrne på beite medan det var slåtteteigar på Høgesetra.

    Garden Loen. Bruka

    Tilbake til garden Loen

    Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

    Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Som eksempel kan ein nemne Sjurebruket som hadde namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600. Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

    Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

    Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

    Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt. Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630. Vidare omtale av eigedomsutviklinga vil bli omtalt i den delen som gjeld kvart bruk.

    Garden Loen. Naturen

    Tilbake til garden Loen

    Innmarka på garden Loen er flat, men garden er omgitt av fjell på 3 kantar. Mot vest er det åpent med utsikt ut over fjorden (Nordfjord).

    I LOKHIS er presentasjonen av naturen gitt i form av utsiktspunkt. Desse punkta kan veljast frå eit kartbilde. Til kvart punkt er det ein beskivelse av punktet og det ein kan sjå frå punktet. Vidare er det med fleire bilde frå kvart punkt som som viser utsikten i fleire retningar. For meir fullstendig presentasjon av naturen i Loen viser ein til LOKHIS.

    Nedanfor er det teke med eit kartutsnitt som viser utsiktspunkt for garden Loen. Omtalen for punkt nr 5 som er sjølve tunet er kopiert inn i dette dokumentet. Vidare er det teke med eitt bilde frå kvar av dei andre punkta som er vist på kartet.

    Punkt 5. Lotunet: "Som utsiktsplass er nytte parkeringplassen ved Loen kyrkje, og tunet på Sjurebruket (sjå flybilde). Utsikten mot vest er best frå parkeringsplassen ved Loen kyrkje, medan utsikten mot aust er best frå tunet på Sjureburket. Mot vest er det flott utsikt ut over fjorden mot Rake, Oppheim og Oppheimsfjellet. Mot aust ser ein mot det staselege fjellet Skåla. Til høgre for Skåla ser ein Brengsfjellet. I søraust stengjer det låge "Kvitefjellet" mot utsikten opp over mot Lovatent. Over Kvitefjellet ser ein Setafjellet og toppen av Ramnefjell. På sørsida av Loen ligg Avleinfjellet eller Middagsfjellet som det vart kalle i Loen. I ca 300 meters høgde går det eit flatare lende fra Avleinåsen og innover mot Loåsen. Midt på her ligg Lo-støylen.I nord ligg det bratte Lofjellet. Fjellet ligg så tett inn på garden at ein ikkje ser toppen frå Lotunet. Ein ser heller ikkje Høgesetra som ligg på Lofjellet innover mot Gjølet. I himmelsjå på Lofjellet er det bygt ein varde".

    Kartutsnittet til venstre viser utsiktspunkta for garden Loen.

  • Punkt 0 Flybilde frå fjorden
  • Punkt 4. Frå Tyvaneset mot Loen
  • punkt 5. Frå Lotunet mot fjorden
  • punkt 5. Frå Lotunet mot Skåla
  • punkt 6. Frå varden på Lofjellet
  • punkt 7. Frå Bjørnekjelda
  • punkt 8. Frå Tjugen sæter mot fjorden
  • Tilbake til garden Loen

    ***********************

    70/6 Sjurebruket i Loen

    Sjurebruket har i dag (ca år 2000) bruksnr 6 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 121. Skylda på bruket var 4,42 mark då ordninga med skylddeling slutta i 1980.

    Gardskartet nedanfor viser Sjurebruket slik det er omkring år 2000.

    Bruket har i dag desse teigane: Skogsteig i Stranda (mot nordvest), Innmarksteigar i Lotunet, skogsteig i Hagedalen, innmarksteig bak Brennhaugen (mot sør), skogsteig på sørsida opp frå innmarksteigen bak Brennhaugen og skogsteig ved Lo-støylen. Ein liten naustteig innafor dampskipskeia er så liten at den ikkje synes på kart i liten målestokk.Sjurebruket har i dag ca 50 dekar jordbruksareal og vel 200 dekar produktivt skogareal.

    På grunn av jordksifta i Loen kan ein ikkje knytte dei same areala til bruket bakover i historia. Før jordskiftet som vart avslutta i 1898 var det omfattade teigblanding med innmarka fordelt på 70-80 teigar for kvart bruk. Frå 1898 til 1968 hadde Sjurebruket ein innmarkstieg som i vest gjekk frå frå tunet og ned til elva på Loøyra, og i aust ca 100 meter innover dei flate teigane. I tillegg hadde Sjurebruket teig i Bråvallsgjerdane mot Hagedalen som seinare vart delt delt i to av vegen mot Lodalen. Etter skifte av utmarka i 1927 fekk Sjurebruket innmarksteig omkring Brennhaugen frå Saghølen og opp til grensa mot utmarka i sør. Teigen gjekk då litt lenger mot vest enn teigen som bruket har i dag, men ikkje så langt mot aust. Området på sjølve Brennhaugen vart kjøpt av kommunen i 1977 og lagt ut til bustadsfelt. Utmarka har vore som i dag sidan utskiftninga i 1927.

    Her skal seinare kome kopi av jordskiftekarta frå Loen når ein får scanna med betre kvalitet. Inntil vidare er det berre med ein forminska kopi av kartet frå 1896 med gammal og ny teigdeling

    Hovedhusa på Sjurebruket har lege omlag på same staden heile tida og vart ikkje flytta ut ved jordskifta. I dag (2005) har bruket våningshus bygd i 1926/1927, låve bygd i 1961/1962 og stabbur med ukjend alder. Stabburet stod tidlegare vestanfor gamlestova men vart flytta ein gong etter krigen (1940-50 talet). Etter utskiftninga i 1898 vart fjøsane samle og det vart bygt låvebygg over. Denne gamle låven stod frå ca 1900 til 1962. Utskiftningskartet frå 1898 viser bygninge som då var. (sjå kartskisse nedanfor). Då det nye våningshuset vart bygt (1926/27), vart den gamle Nystova seld til Gabriel Gildestad som sette ho oppp på tomta si på Auflem (Kråka). I 1938 vart Gamlestova seld til Alfred Loen som flytta ho til tomt på sørsida av elva (på Trulsbruket). I bildegalleriet for Sjurebruet er det bilde av husa.

    Olav A Loen har skrive ei heil bok om Sjurebruket i Loen (undertittel: Garden og ætta). Denne boka er lagt inn som eige dokument på heimesida under litteratur for Loen og kan hentast der. Det er derfor ikkje teke med fleire detaljerte opplysingar i denne oversikta.

    Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Sjurebruket har såleis namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. Sjur kom inn på bruket ved at han gifte seg med Kari Amundsdotter frå Hogrenning. Ho var enke etter den førre brukaren på Sjurebruket. Kari og Sjur hadde ikkje born som kunne overta bruket, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag (sjå meir om slekta i eige dokument under literatur på heimesida).

    Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

    Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.

    Tilbake til Sjurebruket i Loen

    71 Tjugen

    Om garden Tjugen
    Bruka
    Naturen

    Om garden Tjugen

    Tilbake til garden Tjugen

    Garden Tjugen ligg på nordsida av Loelva mellom vatnet og fjorden. Garden grensar i vest og nordvest mot garden Loen. Hagedalen med sine skogsteiger utgjer eit markert skilje mellom innmarka på dei to gardane. I sør-aust grensar Tjugen mot garden Haugen. Haugen skal være utskilt frå Tjugen. Tjugen og Haugen hadde truleg felles utmark fram til utskifingan i 1865 men med kvar sine beiterettar o.l.

    Tjugen har i dag gardsnr 71 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 40 i Olden skipreide og hadde då 42 som gammalt matrikkelnr.

    Garden Tjugen. Bruka

    Tilbake til garden Tjugen

    Opphavleg var garden Tjugen eitt bruk, men vart delt i 2 bruk før 1602. På Tjugen var det dessutan ein bygselplass som vart kalla Vebjørnplassen eller Dalen.

    I Olav A Loen si historie om etterslekta fra Sjurebruket inngår Johansbruket (bruk nr 2) på Tjugen. Dette har samanheng med at Kristianna Olsdotter som vart gift med Knut Andersen Tjugen, ætta frå Sjurebruket. Slektsdatabasen har dessutan blitt supplert med slektsopplysingar som vart samla under slektsstemnet som vart halde på dette bruket 25.juli 1987.

    Garden Tjugen. Naturen

    Tilbake til garden Tjugen

    Tjugen ligg ved foten av Skåla, og er utgangspunkt for turar til Skåla. Frå Tjugen sæter er det flott utsikt over både Tjugen og Loen og utover fjorden.

    72 Haugen

    Garden Haugen skal være utskilt frå garden Tjugen. Den ligg på ein haug på austsida av Loelva rett overfor Sæten på den andre sida av elva. I nord og i utmarka mot asut grensar Haugen mot Tjugen. I sør-aust grensar Haugen mot bruka på Vassenden (under garden Sande) Garden Haugen har berre eitt bruk.

    Haugen har i dag gardsnr 72 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 41 i Olden skipreide og hadde då 43 som gammalt matrikkelnr.

    73 Sande

    Garden Sande ligg på nordsida og nederste enden av Lovatnet. Garden har skogsteig på sørsida av vatenet. Mot nordvest grensar garden mot Haugen/Tjugen. I Aust på begge sider av vatnet grensar garden mot Sæten (Breng), og i vest på sørsida av vatnet grensar garden mot Sæten.

    Sande var eitt bruk til 1750 (nr 3). Det vart då delt i to jamstore bruk (1 og 3). I 1885 og 1886 vart det skilt ut 2 småbruk, Osneset (nr 2) og Åsen (nr 4). Det var to bygselplassar på Vassenden som i 1902 og 1915 vart skilt ut som eigne bruk (nr 6 og 7).

    I dag er det to campingplassar på garden med hytter til utleige. Begge har eiga heimaside (sjå linkar )

    Sande har i dag gardsnr 73 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 42 i Olden skipreide og hadde då 45 som gammalt matrikkelnr.

    74 Helset

    Garden Helset ligg omlag midt på Lovatent på Nordsida. Garden har skogsteig på sørsida.

    Helset var eitt bruk til kring 1608. Garden vart då delt i 2 bruk mellom 2 brør. Bruka gjekk saman att i 1650-åra og garden var eitt bruk til 1810. Den vart då på nytt delt i to bruk, men i 1890 åra gjekk dei saman att. Det er bruk nr 2 som held fram i dag. Garden har hatt 3 bygselplaassar.

    Helset har i dag gardsnr 74 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 43 i Olden skipreide og hadde då 44 som gammalt matrikkelnr.

    71 Hogrenning

    Garden Hogrenning ligg omlag midt på Lovatent på nordsida, og ikkje så langt ovanfor Helset. Garden grensar i vest mot Helset, og i aust mot Raudi. Dette gjeld på begge sider av Lovatnet.

    Hogrenning var eitt bruk til kring 1614, men vart då delt i 2 bruk. Ikring 1660 vart det største av desse delt i 2 slik at det då vart 3 like store bruk. I 1694 vart garden på nytt samla på 2 bruk og desse var og like store. I tillegg til desse bruka var det ein bygselplass, Sanden.

    Hogrenning har i dag gardsnr 75 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 44 i Olden skipreide og hadde då 46 som gammalt matrikkelnr.

    76 Raudi

    Garden Raudi ligg i den bratte fjellsida vest for Bødal. Garden grensar i vest mot Hogrenning og på nordsida i aust mot Bødal. Raudi har skosteig på sørsdia av vatent og grensar der mot Nesdal i aust.

    Raudi er berre eitt bruk, og det har i lange periodar vore drive med bustad i Bødal. I det 19. århundre vågde brukaren seg til å bu på bruket, men i 1885 gjekk det ei stor steinskred over gardne. I Bødal er det eit bruk som heiter Raudiparten (bruk nr 7). Husa på Raudiparten i Bødal vart ikkje tekne under rasulukka i 1905, men ved rasulukka i 1936 tok båra også desse husa.

    Raudi har i dag gardsnr 76 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 45 i Olden skipreide og hadde då 48 som gammalt matrikkelnr.

    71 Bødal

    Garden Bødal har innmarka si ved utlaupet av Bødalselva. Garden omfattar Bødalen med Bødalssetra. Denne dalen går heilt inn under Bødalsbreen. Vidare høyrer nordre del av Kjenndalen til Bødal (arealet på nordaust sida av elva). Denne dalen endar også i ein arm av Jostedalsbreen (Kjenndalsbreen).

    Dei historiske kjeldene tyder på at Bødal var større og betre tidlegare enn i notida. Frå gamalt var utmarka svært viktig, og det kan tenkjast at breen har øydelagt mykje i Kjenndalen. I vårt århundre har garden blitt lagd øyde av to rasulukker (1905 og 1936). Sjå om desse ulukkene i bygdeboka (Aaland). I matriklane på 1800-talet var det 7 bruk i Bødal. I skattematrikkelen frå 1647 var det 11 brukarar. I dag (2000)er det berre 1 bruakr som bur i Bødal

    Bødal grensar mot fjell og bre i nord og aust. I Kjenndalen grensar Bødal mot eigedomen til garden Nesdal. Bødal har ikkje skogsteig på sørsida av Lovatenet. Mot vest grensar Bødal mot Raudi. Bødal skal også ha skogsteigar nedanfor Raudi, og grensar mot Hogrenning med desse (dette går ikkje fram av det kartutsnittet som er laga).

    Kjenndalen med Kjenndalsbreen har vore målet for turisttrafikken på Lovatnet. Før ulukka i 1936 var det resturant ved enden av vatnet. Etter ulukka i 1936 vart det bygt resturant lenger inne i Kjenndalen. Denne var i bruk til ut ut på 1950-talet (må kontrollerast) men drifta vart seinare nedlagt. På 1980 talet vart den resturert, men vart slegen skakk av fonnvind ein vinter og deretter riven. Det vart då bygt ny restaurant ved vatnet på same staden som den gamle hadde lege.

    Bødal har i dag gardsnr 77 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 46 i Olden skipreide og hadde då 47 som gammalt matrikkelnr.

    78-79 Nesdal

    Nesdal Indre
    Nesdal Ytre
    Skortene

    Nesdal-gardane ligg på sørsida av Lovatent ved utlaupet av elva frå Kvanndalen. Kvanndalen og halve Kjenndalen (arealet på sørsida av kjenndalselva) høyrer til Nesdal. Kjenndalen er omtala under Bødal.

    Nesdal er delt på 2 gardar, Nesdal Indre (gnr 78)og Nesdal Ytre (gnr 79). Kvar av gardane har 3 bruk. I tillegg er det eit tidlegare bygselbruk som er registrert som bruk nr 4 på Nesdal Indre.

    Nesdal grensar i aust og sør mot fjell og bre. I Kjenndalen grensar Indre Nesdal mot Bødal som eig på nordsida av elva. Begge Nesdalgardane har teigar også på nordsida av elva i Kjenndalen, men mesteparten på nordsida høyrer til Bødal. I vest grensar Ytre Nesdal mot Raudi sin teig på sørsida av Lovatnet.

    Kvanndalen som går opp frå Nesdal høyrer til Nesdal. Der ligg det sætrar (sjå Sivert Nesdal sine erindringar om berging av høy og sæterliv).

    Det er ikje noko naturleg skilje mellom innmarka til dei 2 Nesdalgardane. Grensa er ei bein line som går frå utlaupet av gjølet i Kvanndalen til det ytterste neset av Nesdal-deltaet. På denne måten vert flatene i Nesdal delt relativt likt på dei to gardane.

    I dag (2000) er det ingen som bur fast i Nesdal, men dei husa som står igjen er sommarstad for eigarane, og arealet vert nytta til sauebeite. Mesteparten av det som i dag er klassifisert som jorbruksareal høyrer til Nesdal Indre.

    78 Nesdal Indre

    Tilbake til Nesdal felles

    Til Nesdal Indre høyrer den delen av innmarka i Nesdal som vender oppover mot Kjenndalen. Tuna ligg vestanfor begge elvelaupa til storelva. Garden har utmarka si i Kjenndalen og aust for innmarka mot nordsida av Kvanndalen.

    Ved rasuslukka i 1905 vart Indre Nesdal spart. Årsaka til dette er omtale i kapittelt om rasulukka i Bygdeboka (sjå der). Båra slo då heilt opp til husa på bruk nr 2. Husa på dette bruket vart seinare flytta lenger opp. Det var jordskifte for Indre Nesdal i 1905, og på dette kartet ser ein plaseringa av husa.

    Ved rasulukka i 1936 var det Indre Nesdal det gjekk verst ut over. Husa på bruk nr 1 og 3 vart då tekne, medan husa på bruk nr 2 vart ståande.

    Indre Nesdal har i dag gardsnr 78 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 48 i Olden skipreide og hadde då 49 som gammalt matrikkelnr.

    79 Nesdal Ytre

    Tilbake til Nesdal felles

    Til Nesdal Ytre høyrer den delen av innmarka som vedner nedover mot Loenvatnet. Tunet for gardane i Nesdal Ytre skal ha blitt flytta, og i Bygdeboka er det oppgitt at dette må ha vore omkring 1656. Det var jordskifte i 1878 og då var tunet plassert heilt ytterst på neset mot vantet og like ved grensa mot Nesdal Indre. Ved jordskiftet vart det delt slik at kvart av bruka fekk grunnen under egne hus slik at ingen trong å flytte ut av tunet. Dette var situasjonen før rasulukka i 1905. Nesdal Ytre har mesteparten av utmarka si i Utigardsberget sør for garden, i Ravnefjellet og på sørsida av Kvanndalen.

    Ved rasulukkea i 1905 vart husa i Nesdal Ytre tekne av båra. Husa på garden vart bygde opp igjen lenger oppe, og inn mot grensa til Nesdal Indre. Dei nye tuna vart ikkje tekne ved rasulukka i 1936, og husa står framleis.

    Nesdal Ytre har i dag gardsnr 79 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 fekk garden matrikklenr 47 i Olden skipreide og hadde då 50 som gammalt matrikkelnr.

    78 Skortene

    Tilbake til Nesdal felles

    Det var to underbruk som vart kalla Skortene. Dei låg ytterst på neset mot vatnet på grensa mellom ytre og indre Nesdal. Det eine av desse høyrde til bruk nr 2 i Bødal og det andre til bruk nr 2 i Nesdal. Underbruket til Bødal låg truleg på den parten av Nesdal Indre som vart skilt ut og lagt til bruk nr 2 i Bødal ikring 1670, og som vart drive frå bruk nr 2 i Bødal til det 19. århundre.

    Underbruka kan være bytta om i Bygdeboka. Etter Audun Loen si vurdering var det husmannsplassen til Bendix Larsen Nesdal som høyrde til Bødal. Han var gift med Eli Olsdatter Brynestad, og ho var dottera til Ola Knudsen frå Bødal som var brukar på bruk nr 6 på Brynestad. I følgje bygdeboka var sonen til Bendix Larsen, Ola Bendixen, ugift og han flytta til søstera si på Sæten. Det var då naturleg at det var denne plassen Anders Kolbeinsen Bødal overtok og som vart bruk nr 4 under Indre Nesdal. Både bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok seier at bruk nr 4 hadde høyrt til Bødal. I følgje boka til Sigurd Nesdal skulle den andre bebygde plassen i 1905 høyre til Nesdal.

    80 Sæten

    Sæten ligg ved nederste enden av Lovatent. Innmarka ligg langs med Loelva på sørsida, og grensar i vest mot utmarka til Loen i Kvitefjellet. Garden Sæten har skogateigar både mot Loen og oppover langs med sørsida av Lovatnet.Utmarka på sørsida er delt av utmarka til garden Sande. Dette har samanehng med at utmarka legner oppe langs vatene høyrde til den histoirske garden Breng.

    Breng var frå gamalt ein eigen gard som i følgje segna hadde 2 bruk, men har i den tid vi kjenner til vore ein del av Sæten. Nordsida av Breng vert nytta som sæter for Sætabruka og dette er eit mykje nytta fotomotiv, medan sørsida er skogsteigar. Frå Breng er det flott utsikt oppover Lovatnet mot Kjenndalskruna.

    Sæten har i dag gardsnr 80 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 49 i Olden skipreide og hadde då 51 som gammalt matrikkelnr.

    81 Oppheim

    Oppheim ligg høgt oppe på ein vang over ovanfor garden Rake. Frå Oppheim er det flott utsyn utover fjoren, inn til Loen og inn til Olden (det vil seinare bli skaffa utsiktsbilde frå Oppheim).Innmarka ligg rett ovenfor Raksneset medna utmarka strekkjer seg heilt inn til grensa mot Loen. I vest grensar Oppheim mot utmarka til Rake og i eit lite hjørne mot sørvest grensar Oppheim også til garden Marså.

    Garden var i 1563 berre eitt bruk, men vart seinare delt opp i fleire bruk. Oppdelinga har variert ein del. I matrikkelen fra 1647 var det seks bruk, i matrikllen frå 1838 var det fem bruk, og i matrikkelen frå 1688 var det fire bruk. Plassane Håheim og Holene (Storstein) er på 1900-talet skilt ut som eigne bruk. I bygdeboka til Åland er det skrive meir om brukstalet.

    Oppheim har i dag gardsnr 81 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 4 i Olden skipreide og hadde då 3 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne frå 1886 fekk Oppheim gardsnr 4 i Indviken herred.

    82 Rake

    Rake ligg på eit nes inn mot Olde-bukta og Lo-bukta. På neset er det fyrtårn. Garden ligg langs med stranda frå grensa mot Loen i aust (Solvik) til grensa mot Marså og Strand i vest. I Nord grensar Rake mot Oppheim som ligg ovanfor. Frå Loen ser ein berre den delan av Rake som ligg på austsida av Raksneset med Solvik. I Solvik kan dei sjå sola heile året, medan garden Loen er utan sol i desmber og januar.

    Opphavleg var vel Rake 2 bruk, og fram til utskiftninga i 1869-70 var bruka samla i to tun oppunder bøgarden. Både i skattematrikkelen frå 1647 og matrikkelen frå 1838 hadde Rake 6 bruk. I matrikkeln fra 1886 var det 10 bruksnr. I seinare tid har det blitt skilt frå bustadtomer m.a. i Solvik.

    Rake har i dag gardsnr 82 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 3 i Olden skipreide og hadde då 2 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne frå 1886 fekk Rake gardsnr 3 i Indviken herred.

    83 Marså

    Marså ligg vestanfor innmarka til garden Rake. I nord grensar Marså mot utmarka til Rake og i nordaust grensar eit hjørne av garden mot Oppheim. Mot vest gresnar Marså mot garden Strand

    I alle matriklane som er lagt til grunn for denne omtalen (1647, 1838 og 1886) har garden berre eitt bruk. I bygdesoga ny utgåve (prenta 1973) er det lsita opp 9 bruksnr under Marså. Då er plassen Storekvia skilt ut som eige bruk med nr 5 og same eigar har bruk nr 6, Skogli Nedre. Ved fjorden er det skilt frå tomter.

    Marsaa har i dag gardsnr 83 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 2 i Olden skipreide og hadde då 5 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne frå 1886 fekk Marsaa gardsnr 2 i Indviken herred.

    84 Strand

    Strand ligg i den lange stranda mellom Marså og Stavneset (mot Stryn). Garden grensar mot fjorden i sør og mot fjellet i nord. I første del av det 17. århundre vart denne strekninga kalla Garpestranda.

    Garden har i matriklane frå 1647, 1838 og 1886 hatt 2 bruk

    Garden har i dag gardsnr 84 i Stryn kommune. I 1838 fekk garden matrikkelnr 1 i Olden skipreide, og hadde då også 1 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne fra 1886 fekk Strand gardsnr 1 i Innviken herred. Dette vart endra ved overføringa til Stryn i 1922.