Lassebruket og Myrhaugbruket
Du er her nå:
|
Tur: Historisk vandring i Bødal Lassebruket og Myrhaugbruket . Lassebruket hadde husa sine i den øvste rekkja i klyngetunet i Bødal før 1905, men husa blei likevel tekne av båra. Ved utskiftninga i 1905 fekk Lassebruket hovudteigen sin på Nesodden, og der vart også heimen bygd opp på nytt. Ved ulukka i 1936 slo båra over Nesodden, og husa vart tekne også denne gongen. Forfattaren av boka "Lodalen fager og fårleg", Sigurd Nesdal, ovetok dette bruket etter ulukka i 1936. Myrhaug, vart etablert i 1914 ved frådeling frå bruk nr 6.Heimen vart etablert av Rasmus Samuelsen Bødal. Han var son på bruk nr 6, og overlevde ulukka i 1905.Oså husa på Myrhaug vart teken av båre ved ulukka i 1936. Anders Bødal frå Lassebruket overtok Myrhaugbruket i 1939. Han har i fleire år resit rundt og helde foredrag og vist lysbilete frå Lodalsulukka.
|