Resten av Noreg - Sokn Gulen. Alle - Hantveit i GulenBilde - Kart - Tekst

Hantveit i Gulen

Bygdeskildring. Garden Hantveit i Gulen

Garden Hantveit (gnr 29) i Gulen.

Garden Hantveit ligg på nordsida av Austgulfjorden, om lag 1 km. nordaust for Oppdalsøyra. Bøane på garden ligg lunt mellom høge fjell der Hanntveitelva renn ut i havet. Fjella omkring gir livd for vind og vær og gir gode vosktervilkår på den lune og solrike staden. I følgje bygdeboka frå 1973 låg den einaste fruthagen i Gulen på denne garden.

Garden har i dag (2018) gardsnr 29 i Gulen kommune. Frå gamalt var det berre eit bruk på garden. I følgje bygdeboka vart garden delt i to før 1631, truleg på to brør. Det opprinnelege bruket fekk løpenr 159 i gammal matrikkel og deretter bruksnr 1. Det andre bruket fekk løpenr 160 og 161 i gammal matrikkel og seinare bruksnr 2. I bygdeboka frå 1973 er det ikkje nemndt flerie bruk på denne garden

Lars Bertelsen frå bruk nr 2, fødd 1796, overtok som brukar på Undertun i 1831 (?), og gifte seg med Johanne Nilsdatter Dingja 3.7.1832.