Resten av Noreg - Sokn Gulen. Alle - Dingja i GulenBilde - Kart - Tekst

Dingja i Gulen

Bygdeskildring. Garden Dingja i Gulen

Garden Dingja (gnr 14) i Gulen.

Garden Dingja ligg ved botnen av en stor våg, Dingjavågen, som skjer seg inn frå Sognesjøen i sørasutleg retning. Ei kort elv, ca 700 meter, kjem ned frå Dingjavatnet til botnen av Dingjavågen. Dingjavatnet ligg 26 meter over havet. Det er truleg at det er elva Dingja som er opphavet til nament på staden. Frå gamlet vart nament skrive Dingen.

Garden har i dag (2018) gardsnr 14 i Gulen kommune. Garden hadde berre eitt bruk til 1748 (lnr. 99 deretter bruk nr 1). Då vart garden delt og det nye bruket fekk lnr. 100 i gamal matrikkelr og seinare bruk nr. 3. I 1877 vart 1/4 av bruk nr 1 delt frå og fekk lnr 99b i gammal matrikkel og bruksnr 2 i ny matrikkel. Seinare har det komet til flerie bruksnr på garden. På bruk nr 4 vart det bygt trevarefabrikk og kraftverk i elva Dingja. Ut over dette vare det vel helst å rekne som bustadtomter. Det har også vore fleire husmannsplassar på garden Dingja

Johanne Nilsdatter ,f. 1806, som gifte seg med Lars Bertelsen 3.7.1832, kom frå bruk nr 1