Resten av Noreg - Sokn Gulen. Alle - Dale i GulenBilde - Kart - Tekst

Dale i Gulen

Bygdeskildring. Garden Dale i Gulen

Garden Dale (gnr 51) i Gulen.

Garden Dale er den største garden i Dalsbygda og den eldste der, og bygda har fått namn etter han. Garden ligg godt til om lag i krysset der Dalsdalen møtest med Vyrkesdalen og Norddalen. Frå gamalt hadde "Dalingane" ålmenninng og naust på Dalsøyra. Den 22. mars 1863 vart garden utsett for ei fælsleg ulukke. På veg til barnedåp i Eivindvik gjekk båten ned og 9 menneskje få Dale omkom. I 1925 fekk brukarene på Dale,Vyrkjesdal og Nerdal retta ut Dalselva og slik at dei fekk tørrlagt 144 dekar jord.

Garden har i dag (2018) gardsnr 51 i Gulen kommune. Det ser ut til at garden har hatt 4 bruk så langt tilbake som bydeboka fortel. Desse bruka nadde løpern 215,216, 217 og 218 i gammal matrikkel og fekk bruksnr 1,2,3 og 4 i same rekkefølgje i ny matrikkel. Bruka ser ut til å ha vore omlag like store. I tillegg er det med eit bruk med bruksnr 5 i bygdeboka. Det vart skilt ut i 1928 får nausttomta som brukarane på Dale åtte på Dalsøyra.