Resten av Noreg - Sokn Fjaler. Alle - Sætenes i FjalerBilde - Kart - Tekst

Sætenes i Fjaler

Bygdeskildring. Garden Sætenes i Fjaler

Garden Sætenes (gnr 58) i Fjaler. Utsnitt som viser jordbruksarealet

Garden Sætenes ligg på Storevikneset mellom Gjelet og Mjelkevika, nord for Høgebakken, og med Dalsfjorden nordanfor seg. Dalsfjordbrua ligg knapt to kilometer vestanfor. Det er berre bruk nr 2 (inkludet nr 1) som er lagt inn i Lokhis. Bruket er teke med fordi slekta på Undertun har aner frå dette bruket via Orlaug Andersdatter som vart gift med Bertel Larsen på Undertun.

Namnet på garden er i dag Sætenes (bygdeboka for Fjaler) men er har også sett det skrive Setenes. I Bygdeboka for Gulen står det imidlertid at Orlaug kom frå Sætternes. I bygdeboka for Fjaler er det bekrefta at namnet Sætternes har vore nytta, m.a. i 1723.

Garden har i dag (2018) gardsnr 58 i Fjaler kommune. I følgje bygdeboka omfatta garden lnr 136-138 i gammal matrikkel. I Bygdegoka frå 1976 var det omtale for 5 bruksnr (1-5) på garden, og 2 husmannsplassar.

Frå gamalt var det først berre ein brukar seinare 2 brukarar. Det eine av desse bruka var delt i i 1736 og desse fekk løpenr 136 og 137 i gammal matrikkl og i dag bruksnr 1 og 2. Det andre bruket fekk løpenr 183. Dette bruket var delt i 2 bruk i 1849, Løpenr 138a (i dag bruksnr 3) og løpenr 138b (i dag bruksnr 4). Bruk med bruksnr 5 vart skilft frå bruk med bruksnr 3 i 1959. Dette var berre ei tomt som vart seld til Birger Andersson Sætenes frå bruk nr 2.

Det som står her om garden er henta frå den første utgåva av bygdeboka for Fjaler. Det er berre opplsyningar for bruk nr 2 som er oppdatert frå ny utgåer bind 4B frå 2003. I dagens gardskart (2018) tilhøyrer bruk nr 1 og 2 same eigar med 58/2 som hovednummer (sjekke om det står noko om samanslåing av desse bruka i den nye utgåva)