Resten av Noreg - 4646 FjalerKart - Tekst

4646 Fjaler

Bygdeskildring. Fjaler kommune

Kartutsnitt for Sunnfjord som viser Fjaler kommune

Bygdene i Dalsfjord-regionen i Sunnfjord var frå gamalt av «Holmedal prestegjeld». I 1755 vart prestegjeldet delt i to til Indre Holmedal og Ytre Holmedal prestegjeld. Det siste vart ved innføringa av formannskapslovene i 1837 Ytre Holmedal kommune. I 1911 bytte Ytre Holmedal namn til Fjaler kommune, medan Indre Holmedal vart Gaular kommune.

Ved kommunereguleringa i 1964 skjedde ingen endringar i Dalsfjordregionen. Dette hadde samanheng med av vegnettet enno ikkje var bygd ut. Den store kommunereguleringa langs Dalsfjorden kom først i 1990, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden.