Oskar Tjugen
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.
12.3 Kristian Knutson Tjugen (1916)
Han Kristian gav seg til ei stund heime då han var vaksen og var alt frå barneåra til stor hjelp for mor si då ho var
ufør og hadde bruk for hjelp. Han gjekk Mindresunde Jordbruksskule og arbeidde på ein skofabrikk i Spjelkavik. Han er gift med Hjørdis Johansdtr. Mindresunde (1924). Dei kom heim til Tjugen og gjekk inn i arbeidet på garden i 1951, og skøyte fekk han i 1957.
Anders hadde teke til med å forbetre driftsbygningen og Kristian heldt fram seinare. Dei bygde ny låvebru med køyrebane og reiv bort dei tjukke murane under fjøsane, utvida sauefjøsen og fekk lagerrom til kålrot og poteter. I 1962 tok Kristian for seg stovehuset og bygde det opp i to fulle høgder. Kristian har og ført ein hard og utrøytteleg strid med steinen på Tjugen. Mange nye mål jord har kome under kultur i hans tid. Det er slitsamt, men det gjev stor glede og hugnad å sjå voksteren og framgangen. Det vart fleire dyr på båsen og meir å vende. Nye ting med siloar og mjølkemaskiner vart tekne i bruk. Og det siste er at tankbilen kjem på tunet og hentar mjølka inn til meieriet.
Framgangen gjer at det vert lettare på mange måtar, men arbeidsdagen vert likevel lang både for mannen og kona. Og Hjørdis har vore med både ute og inne, det er mangt som skal gjerast for å halde alt i stand på ein stor gard. Ho har og vore interessert i bondekvinnelaget,og ho har vore formann der. Kristian har vore interesert i ungdomslaget, og serleg har han skapt mykje moro med dei mange rollene han har hatt i skodespel som har vort framsynte. Dei har 3 born: Knut Johan, Kirstin Magny og Terje
Knut Johan Kristiansen Tjugen (1949) har gått yrkesskule i Førde, og vart bygningsmann. Han er gift med Lill Berit Martinsdtr. Nesje (1952). Dei tok til med Tjugen Camping i 1973. Han fekk skøyte på garden i 1983. Dei har borna Kristin Monica, Sølvi og Anders Helge.
Kirstin Magny Kristiansdtr. Tjugen (1954) har gått ungdomsskule. Var gift med Terje Vanberg (1973-1979) Han var stuert og reiste i utenriksfart. Dei kjøpte seg hus på Moelven i Utvik, og fekk dottera Merete. Kirstin Magny vart skild i 1979 og gifte seg oppatt i 1982 med Åge Myklebust frå Nordfjordeid. Dei har borna Kristian og Malin. Dei har hus og eigedom i Hovdebygda i Ørsta.
Terje Kristiansen Tjugen (1959) har gått yrkesskule i Stryn,jarn og metallinja. Han arbeider som sveisar på skipsverftet i Rovde, og har eige hus i Syvde. Han gifte seg i 1980 med Mona Vedlog frå Syvde, men dei er seinare skilde. Dei har eitt barn: Henning
|