Loen sokn - Loen - Elvebakke - Asbjørn Jonsen DragesetDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Asbjørn Jonsen Drageset

Diverse_offisielt_gamalt 11. Asbjørn Drageset

«Fjordingens julenummer 1991.

Av Rolv Faleide

Asbjørn Drageset har teke til å dra på åra, og dess eldre vi blir, dess mindre har vi å sjå fram til. Då krydrar vi gjerne livet med å la tankane ta oss med attende til Den Gongen Då.

Eitt av dei første minna frå barneåra var alle dei tyske krigsbåtane som låg inne på Lo-bukta i 1914. Dette var inntrykk som feste seg. Saman med andre turistar frå mange land, gjekk hundretals marinegastar att og fram etter vegen. Ein dag kom dei marsjerande innover mot kyrkja. Ein av gastane hadde falle ned frå stor hogde og blitt drepen. No skulle han gravleggast i Loen. Fridtjof og eg leika på og langs vegen, men vart så skræmde at vi sprang og gøymde oss under det gamle bakeriet. Ikkje lenge etter sette båtane av stadi full fart ut over fjorden. Dei fekk venteleg ei våt grav, dei fleste av desse ungdomane om bord. Verdskrigen som skulle vare i over fire år, hadde byrja.

Vi budde trongt i Drageset-tunet. Far hadde krambu og mor dreiv bakeri, og ein skulle tru dei hadde meir enn nok å gjere. Likevel fekk dei elleve barn, eg er nr. seks i flokken, ein drukna, så vi var ti som vaks opp.

Eit barnlaust ektepar, Anne og Guttorm Oppheim, hadde eit rom i 2. høgda. Vi barna låg to i kvar seng, opp til seks på same rommet. Så kjøpte Anne og Guttorm gard på Bryggja. Då vart eg med dei, seks år gamal.

Eg hadde det godt, men måtte tidleg i tungt arbeid. Eg gjekk på Maurstad skule der Anders Solheim var lærar, og sonen hans, kunstnaren Erling Solheim, var ein av klassekameratane mine.

Lengta heim

Sjølvsagt lengta eg heim mang ein gong, og hadde kanskje slege meg til ro dersom eg hadde blitt heilt fastlåst. Men eg fekk reise heim til jul og gjekk rundt juletreet saman med mor og far og alle søskena.

Desse juleferiane var minne som sette seg fast i eit barnesinn og eg har tenkt på det mange gonger sidan: At foreldre kunne vere så hardhjarta. Men det var skikken i den tid at dei som hadde mange, skulle hjelpe dei som ingen hadde.

Dess eldre eg vart, dess tyngre vart det å forlate heimen og gå der ute på Bryggja saman med dei to «gamle». Då var eg tolv år, skreiv eg til far og sa at no skulle mi tid i eksil vere slutt. Dei to siste skuleåra gjekk eg med han Arne i Loa. Elles frakta eg varer frå kaia, hjelpte til på krambua og gjorde førefallande arbeid så som gutar flest.

Reiste til Skjeberg

Femten år gamal reiste eg til Skjeberg og fekk arbeid hos ein gartnar. Der låg eg på kne og planta og reinska heile sommaren.

Når grønsaker og blomar var ferdige til sal, gjorde vi alt i stand tysdags- og onsdagskveldane, for onsdag og laurdag var det torgdag i Sarpsborg.

Eg ordna opp med bæra, gubben sjølv hadde blomar og grønsaker. Han trudde meg godt. Han gav meg, ein stor hestehandlar-pung full av vekslepengar utan først å telje opp. Gode varer hadde vi alltid, og handelen gjekk fort og greit unna. Sidan bad han meg gå på kafe og få meg mat, pengar var der nok av i «hestehandlaren».

Dei tunge 5-øringane og anna vekslemynt hadde vi no bytt i lette, verdfulle papirpengar.

I Skjeberg fanst det ikkje eingong disco, så laurdagskveldane sat eg heime og kosa meg med hunden. Søndagane fekk eg låne sjefen sin sykkel og vitja då gudfaren min, Dagfinn Loen, som var lærar i nærleiken.

Ein søndag trødde eg like til Halden og rusla rundt på festningen utan at vaktene sa eit ord til meg.

Etter innhaustinga hadde ikkje gartnaren bruk for hjelp. Han betalte kr. 50,- pr. mnd., og eg reiste heim til Loen. Eldste bror min, Waldemar, var reist heimanfrå, og far sette pris på ei hjelpande hand.

Det mest forvitnelege for ein 15-åring den gongen var kan hende reisa austover: Med Fylkesbaatane til Bergen som tok tre døger, derifrå reiste eg med tog til Kristiania. Medan eg venta på toget nedover til Østfold, fekk eg tid til å oppleve folkemylderet på Karl Johan og til og med ta i Slottet.

På skule på Vereide

Vinteren 1925-26 gjekk eg på Vereide, eit skuleår eg minnest med glede.Eg var motivert, som dei seier i vår tid, det ordet var ikkje oppfunne på norsk den gongen.

Ledige kveldsøkter stiltra vi oss på tå over taket og gjekk på jentebesøk. Ein kveld vi var der, hadde styraren sett lys frå vindauget og kom og banka på døra. Vi breidde oss under dyna og hadde det storveges til vi høyrde lyden av trakking ute på gangen døy bort. Spennande for unge menn, og eg trur jentene tykte det same. Barnsleg uskuld og truskuld.

For nokre år sidan var vi på 60-års-treff på Vereide, og då fekk han Rasmus på Nesa, ein Kandal frå Breim og eg same rommet som «jentene våre» hadde den gongen. Då mimra vi godt frå ei tid då jenter og gutar ikkje hadde lov å sjå på kvarandre, men «Den gamle Adam» greidde dei likevel ikkje å ta knekken på.

Vi skulle heim til påske, og eg hadde berre 25 øre att. Ein Berstad frå Stryn og eg kjøpte eit lodd saman for 50 øre. Vi vann ein færing og rodde heim. Seinare betalte eg Berstad kr. 50,-, og båten var min.

Sommaren 1926 var eg mykje heime. Den gongen var her fisk på Lobukta, og bror min, Bjarne, og eg fekk oss kastenot og dreiv «storfiske».

Ut på nyåret 1927 reiste eg til farbror Øyvind i Selje og dreiv fiske der. Ei dramatisk hending var det ein gong vinden kom brått på og sende oss til havs. Då heldt vi på å setje livet til, Wald Drageset, seinare skjorte-fabrikant og eg. Lagnaden ville det annleis, to slike glupingar hadde nok ikkje samfunnet råd å misse.

Norske Kullkompagnie

På Nordfjordeid hadde Store Norske Kulkompagnie eit hyre-kontor. Konrad Tjugen og eg sykla dit sommaren 1927, men nei, der var ingen plass for arbeidsvilleg ungdom. Først og fremst ungdom med høg utdanning, utan arbeid og med stor gjeld fekk reise dit.

Canada i februar 1928

Framtidsdraumar hadde ungdomen den tid og, vi ville ikkje gje oss. Difor reiste vi til Canada i februar 1928, Alf Tjugen, Anders Hogrenning og eg. Knut Sande kom etter i -29. Frå Bergen tok vi beinvegen med «Bergensfjord» til Halifax. Åtte dagar tok turen, og der ombord hadde vi det så gildt at eg håpa vi aldri meir skulle sjå land.

Immigration Hall

I Immigration Hall gjekk vi spildrande nakne, hundretals unge menn, og vart granska både framme og bak før vi fekk fare vidare. Fann dei noko mistenkjeleg, vart vedkomande straks send i retur.

Ein straum av båtar kom frå Europa til Canada på den tid. Mange emigrantar var reine splinten å sjå til, vi norske var rimeleg pent kledde. Fire døger sat vi på toget vestover prærien til den vesle byen East End i staten Saskatchewan.

På toget aula det av kræmarar, alt var til sals, men ingen hadde pengar. Vi tok til å ane at det paradiset vi hadde drøymt om, fanst ikkje her. Alfred Sæten var farmar i East End, difor reiste vi dit. Eg fekk arbeid hos ein engelskmann i grannelaget. Han og kona budde i eit skyle, og det same gjorde eg.

Eg fekk utbetalt 100 dollar

Hestane hadde gått ute heile vinteren, og våronna skulle førebuast. Eg måtte hente dei heim og fore dei opp til den beinharde tida dei hadde i vente. 480 acres, dvs. 1920 mål var denne farmen. Traktorar fanst, men vi hadde berre hestar.

Eg horva med seks hestar som gjekk tre og ei halv norsk mil med tungt drag kvar dag, eg måtte sitje på. Sjefen køyrde såmaskinen med fire hestar. Eg måtte opp kl. halv fem, så det vart lange dagar.

Søndagane køyrde vi ut møk. Einaste frikveldane kunne vere laurdag. Då fekk eg låne ridehsten til East End og treffe kjenningar. Eg var lova 50 dollar for månaden, og ville ta ut alt på ein gong og sende 600 kroner heim til far for billetten. Men då hausten kom, øydela ei haglskur heile avlinga, så farmaren var like fattig som eg. Etter mykje fram og tilbake fekk eg utbetalt 100 dollar.

Montana

Eg reiste sørover til grensa mot Montana. Der budde eg i ei trekkfull hytte saman med ein vossing. Vi fekk låne eit gevær og skaut kaninar, såleis skaffa vi oss kjøt. Dei 100 dollarane gjekk også med til livsopphald. Denne vinteren -28-29 venta vi berre på at tida skulle gå.

Neste sommar var lik den førre, eit slit på farmen frå morgon til kveld. Om hausten flytte vi til Anders Hogrenning og fekk det godt, sjølv om vi ikkje fekk løn. Pengane eg sende heim til far, kjøpte han aksjar for i ein pelsdyrgard som gjekk konk, kunne like gjerne late dei fare med prærievinden. Hos Anders Hogrenning skaut vi kaninar og fekk 5 cent for kvart øyre vi klipte av og leverte på kommunehuset.

Sommaren 1930 gjekk eg ein dag og arbeidde ute på farmen. Då kom der ein T-Ford køyrande. Dei stogga og spurde om eg hadde pengar å låne dei. Dei skulle gifte seg, men hadde ikkje pengar til bensin og prest. Dette var Anders Muri (Sakris) og Dagny Sæten (Nigard). Dei vart verande i Canada all si tid, og pengane fekk eg att.

Måtte på sjukehus

Så vart eg sjuk, hadde frose mykje, og ingen ting fungerte. Eg måtte på sjukehus. Der fekk eg godt stell, men måtte låne pengar til lækjar og opphald. Eg kom meg litt føre, men tok av 20 kg på stutt tid. I februar 1932 vart eg erklært arbeidsufør på livstid, og styresmaktene ville ha meg vekk. På toget mot austkysten kom eg saman med all rampen vestfrå som og vart send heim.

Mykje livsvisdom kan ein høyre også blant slikt folk. Mange av desse var sikkert bra menneske som eit skakk-køyrt samfunn hadde sendt ut på skråplanet. Eg vart send til New York, skipa om bord i «Bergensfjord», vaska og barberte meg, tok på meg nyedressen og gjekk til bords med millionærar.

Kjøpte gamal Ford

I 1936 kjøpte eg ein gamal Ford for kr. 1.000,- og byrja lastebiltransport. Bilseljar Karl Dalen frå Alesund fekk sjå den vesle dukkevogna mi, og han baud kr. 1500,- i byte på ein Bedford til 10-12 tusen. Denne fekk eg på månadsavdrag.

Litt småkøyring vart det då dei bygde vegen i Lodalen, men taksten var berre kr. 3,- Loen -Stryn - Loen, og avdraga var store. Fullt lass Loen - Folkestad var kr. 30,-. Eg greidde likvel å betale bilen og dreiv i dette yrket til eg sula inn for åtte år sidan.

I 1943 gifte vi oss, Oddny Tjugen og eg. Vi bygde hus i Drageset-tunet. Oddny gjekk bort for nokre år sidan, og kveldane ligg eg her og lever oppatt, gleder meg over somt og angrar somt som dei fleste i alderdomen. No er eg lus på samfunnet, far pengar av Kongen kvar månad utan å legge to pinnar i kross. Til og med når bankane og næringslivet har stelt seg dumt, sit desse få oppsparte kronene rimeleg trygt. Det var ikkje slik i 1929.

---

Asbjørn Drageset på 83 års dagen

---

Familien John Drageset var stor. Dette biletet-er teke i 1919 og frå venstre ser vi her: Kellfrid (Kella) Tju- gen, Jorunn Bolseth, Lina Loen, Waldemar, Borgvy Sæten, Alfhild Sen og Asbjørn. Sitjande frå v: Mor sjølv, Brita f. Lyslo, Arnlaug, Solheim, Bjarne, Trygve og far sjølv, John Drageset.

---